Referat
Kun høydepunkter
Hødd vinn fullt fortent 5-0 over HamKam etter ein kamp dei hadde kontroll på i nesten samtlege minutt. Laget frå Ulsteinvik tek dermed sin andre siger for året, mens HamKam dett nokre hakk på tabellen. 1. omgang var svært artig, medan den siste naturleg nok blei eit lite antiklimaks. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+2'
Standal prøvar eit brassespark etter frispark frå Sandal, men spissen blir avvinka for offside.
90+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
90'
Haanes prøvar eit umotivert skot frå langt hald. Eit godt stykke utanfor.
87'
Sildnes prøvar eit skot. Blir blokkert.
85'
Hødd rullar fint opp, og Sandal er nære på å spele fri Standal i boksa.
83'
Laber periode i kampen no.
82'
Lehne Olsen kjem seg inn i boksa, men blir stoppa før han får avslutta.
79'
Heltne slår frisparket inn i boksa, men HamKam får klarert.
77'
Heltne kjem seg fri på venstrekanten og skaffar Hødd ein corner.
76'
Stor sjanse for Hødd! Hogan klarerer rett i beina på Mork, men innbyttar klarer ikkje å putte ballen i mål.
75'
Sildnes dreg seg innover og avsluttar i ein Hødd-spelar og til corner.
73'
Bra moglegheit for bortelaget! HamKam kombinerer bra, og Gundersen avsluttar på direkten - ein meter utanfor.
72'
Gundersen kjem til ei slags avslutning. Den går via ein motspelar før den dalar ned til Nyland.
72'
Christian Mork gjer seg klar til å kome innpå for Hødd.
70'
Bra sjanse for Hødd! Helland og Sandal kombinerer fint, men den avgjerande avslutninga frå førstnemnde går over frå bra hald.
69'
Frispark til heimelaget midt på bana. Helland står klar. Han går for skot frå 35-36 meter. Over.
68'
Erik Sanbal forsøker seg frå bra posisjon. Rett på Hogan. Keeperen slepp kula, men når den att.
66'
Helland dreg seg inn mot mål og skyt langt utanfor. Der hadde han betre alternativ.
64'
Standal dreg seg innover og forsøkar eit skot frå spiss vinkel. Over.
63'
Frispark til HamKam. Lehne Olsen går for skot, men rett i muren.
63'
926 tilskodarar på Høddvoll i dag. Storparten av dei er nok fornøgde med det dei ser.
61'
Heimelaget kontrar og Heltne prøvar å finne Standal inne i boksa. Endar i corner.
59'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon.
57'
Gundersen forsøkar eit skot på direkten inne i boksa. Treff dårleg og ballen går feil veg.
57'
Frispark til HamKam midt på bana. Blir slått langt, men Hødd får ordna opp i første omgang.
55'
Sandal forsøkar ein stikkar til Standal, men er altfor hard på labben og Hogan får utspel.
55'
Hødd forsøkar ei kontring, men Sandal blir stoppa før han får sendt frå seg ballen.
54'
Innlegg i Hødd si boks. Forbi alle.
54'
Fortsatt ingenting som tyder på at det vil stoppe å regne. Spesielt Hødd si venstreside er vanskeleg å spele på.
52'
Frispark til Hødd midt på bana. Et lågt slått og blir beina unna ved første stolpe.
50'
Liten tvil om at bortelaget har kome ut med ei heilt anna innstilling etter kvilen.
48'
Stor sjanse for HamKam! Gundersen kjem åleine gjennom mot Nyland, men klarer ikkje overliste keeperen. Hødd-forsvaret får klarert returen.
48'
Berg Hansen prøvar å drage i gong ei kontring, men blir halden av Helland.
47'
Bortelaget prøvar å få til noko langs høgresida, men det endar berre i utspel frå Nyland.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står laga klare til å starte.
Hødd leiar fortent 4-0 etter ein feiande flott omgang. Blåtrøyene har dominert i samtlege minutt, og også vore svært effektive. HamKam har fått til lite i begge endar, og det må nok eit lite mirakel til om dei skal få med seg noko poeng herifrå i dag. Vi håpar likevel på mange mål også i 2. omgang.
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
45+1'
Frispark til Hødd.
44'
Stor sjanse for HamKam! Moltu feilreknar totalt, og Lehne Olsen kjem seg åleine gjennom mot Nyland. Frå litt spiss vinkel skyt han like utanfor åleine med Nyland.
43'
Sandal prøvar å vippe fri Vegard Heltne inne i HamKam si boks, men mislukkast. Liten tvil om at Hødd-spelarane har fått tilbake sjølvtilliten no.
42'
Helland kjem seg fri og får lagt inn. Bortelaget får så vidt klarert.
40'
Hødd rullar fint opp, og til slutt får Latifu avslutta - over.
37'
Helland dreg seg innover og avsluttar via ein motspelar og til corner.
37'
V. Heltne blir spele åleine igjennom, men blir korrekt avvinka for offside.
34'
Frispark til bortelaget litt inne på Hødd sin halvdel. Jevne Hagen skal slå den inn i feltet. Hødd får klarert.
34'
Helland er tilbake på bana, mens Hagen blir frakta bort på båre.
33'
Vegard Skogheim ropar spelarane sine til seg og tek ein liten peptalk. Det er nok på sin plass, for HamKam har ikkje fått til stort i dag.
31'
No er det Hødd sin Helland som ligg nede etter ein duell.
29'
Heltne Nilsen stoppar ei kontring kynisk, men slepp å sjå det gule kortet.
28'
HamKam sin Kristoffer Hagen har fått seg ein kraftig smell og blir hjelp av bana. Han såg ikkje ut til å ha det bra.
26'
Frispark for Hødd i veldig bra posisjon. Erik Sandal får to forsøk på seg, men det første går i muren og det andre utanfor.
23'
Gigasjanse for Hødd! Heimelaget kontrar og ein HamKam-spelar dett slik at Standal kjem heilt åleine mot Hogan. Keeperen held seg på beina og gjer det vanskeleg, men spissen får likevel avslutta. Skotet blir redda på streken.
23'
Bra press frå bortelaget. HamKam kjem til fleire avslutningar, men alle blir blokkerte.
21'
Lehne Olsen prøvar å drage seg innover mot mål. Blir stoppa.
20'
Latifu dreg seg fram langs høgresida. Innlegget går langt bak mål.
19'
Bra sjanse for Hødd! Sandal forsøkar seg med ein markkrypar frå bra posisjon. Like utanfor.
18'
Jevne Hagen med eit ekkelt tilbakespel til keeper Hogan. Hødd vinn innkast.
17'
Bortelaget framme på ein vistt. Eit innlegg frå venstre hamnar i klypene på Nyland.
15'
Liten tvil om at Hødd har starta denne kampen best. HamKam har hittil ikkje skapt noko som helst, og også hatt meir enn nok med å forsvare seg.
14'
Innkast for bortelaget høgt i bana. Hamnar inne i feltet, men Moltu får beina ballen unna.
13'
Det er foreløpig ok speleforhold, men det er likevel ein tendens til at ballen heng fast i graset på grunn av overflatevatn.
12'
Akeem Latifu med eit slapt forsøk frå langt hald. Laangt utanfor.
11'
Heimelaget vinn innkast høgt i bana.
11'
Brandal prøvar å finne Standal bak HamKam sitt forsvar. Det mislukkast.
8'
Dette er faktisk den første gongen denne sesongen at Hødd har scora først i ein kamp. Skal dette vere starten på ei bra periode for heimelaget?
8'
Hødd rullar bra opp og Heltne Nilsen får ei femogførtigraderspasning. Han avsluttar, men bortelaget får blokkert.
4'
Helland finn Standal inne i boksa, men spissen får ikkje kontroll på ballen og Hogan kan fange den.
3'
Frispark til Hødd eit stykke inne på bortelaget sin halvdel.
3'
Hødd kjem på ein bra overgang, men Sandal ventar for lenge og HamKam får avverga.
2'
Nære på at Hagen blir spelt fri bakk Hødd sitt forsvar. Moltu skjermar kula utover sidelinja.
1'
Lang ball mot Nedrebø. Nyland kjem ut og klarerer.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er Bjørn Hansen frå Kolbotn IL.
Begge laga har kome på bana no.
Det er forferdeleg speleforhold i Ulsteinvik. Det er vind og store mengder regn. Med andre ord har sommaren kome til Sunnmøre.
HamKam ligg på 9. plass med 3-3-3 så langt.
Hødd er i desperat poengnaud om dagen, då Ulsteinvik-laget ligg på 15. plass med berre 1-0-7 hittil. Blåtrøyene står også med fem strake tap.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og HamKam!