Referat
Kun høydepunkter
Hødd tek årets første siger i årets første kamp på Høddvoll. Heimelaget var klart best i store delar av oppgjeret, men siste halvdel av 2. omgang yppa HamKam seg bra og fekk si redusering. Til slutt greidde likevel ulsteinvikarane å ro dei tre poenga heilt inn til land, til stor jubel frå heimefansen. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+3'
Hødd med ballen no. Dette ser dårleg ut for Kamma.
90+2'
Rekdal får seg ein smell og blir liggande. Tida jobbar for Hødd no.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
Lie er på bærtur og ein stuss er nære på å snike seg over han og i mål. Heldigvis for Hødd rekk han tilbake.
89'
Skal HamKam klare å ta poeng heilt på slutten her?
89'
Hødd kontrar, og Standal avsluttar langt utanfor.
88'
Akeem Latifu blir kåra til dagens spelar over speakeranlegget her på Høddvoll. Vel fortent, det!
85'
Frisparket blir slått inn i boksa, og heimelaget får etter kvart corner.
84'
Frispark til Hødd i grei innleggsposisjon.
84'
Sandal prøvar eit skot, men bortelaget jobbar bra og får kjapt blokkert.
83'
Heltne kler faktisk på seg igjen, og Rekdal er den som skal inn.
82'
Tønne prøvar eit slags skotinnlegg. Det endar med innkast til Hødd på motsett side.
81'
Nervøs stemning blant heimefansen på Høddvoll no. HamKam køyrer kampen i augneblinken!
79'
Ein spelar går i bakken og Staberg gir nok ei straffe! Idris sender Lie til venstre og ballen midt i mål. Det er kamp igjen på Høddvoll!
79'
Kjempesjanse for Kamma! Nedrebø får stå nokså åleine i boksa og sender ei heading rett i stolpen, før den går i ryggen på Lie og blir klarert.
79'
Vegard Heltne gjer seg klar for heimelaget.
77'
Nære på 3-0! Latifu kjem seg nok ein gong fri på høgrekanten, og backen legg femogførti grader inn. Der kjem Sandal stomande, men den elles så treffsikre strategen skyt himmelhøgt over.
76'
Hagen finn Nedrebø inne i boksa, og sistnemnde forsøkar eit skot. Det blir blokkert. Det er HamKam som styrer her no!
74'
Stor sjanse for HamKam! Lie feilbereknar og Nedrebø får heada ballen inn foran mål. Der stig Tønne til vêrs og headar like over.
73'
Erik Sandal kjem seg på beina att.
72'
Sandal får seg ein smell i ein duell og går i bakken.
72'
Helland og Latifu kombinerer bra igjen, og tomålsscoraren prøvar seg på skot frå veldig spiss vinkel. Øvernes boksar forsøket unna.
71'
Dahle er nære på å snike seg forbi Moltu inne i boksa, men Hødd-stopparen får rydda opp til slutt.
70'
1502 registrerte tilskodarar på Høddvoll i dag. Det er slettes ikkje verst!
69'
Standal og Magnussen kombinerer fint, men innlegget frå sistnemnde blir for upresist og går forbi alle.
67'
Sjølstad hinkar rundt og må nok byte.
67'
Sjølstad slår ei pasning og går rett i bakken. Det ser nok ut som ei god gamaldags krampe. Eventuelt har han meir lyst på ein varm dusj i dette iskalde vêret!
66'
Sandal prøvar å spele fri Standal på ei berøring, men forsøket blir for unøyaktig og endar opp inne hjå Øvernes.
64'
Andreas Lie held på å rote det til! Keeperen sender eit tilbakespel rett i Nedrebø, før ballen snik seg like utanfor mål.
62'
Bortelaget med ei farleg stupheading. Avslutninga når derimot aldri fram.
61'
Den nigerianske høgrebacken Akeem Latifu har dermed allereie dobbelt så mange scoringar i år som i heile fjorårssesongen!
58'
Törnqvist blir halde i drakta, og Hødd får straffe!
58'
Oddbjørn Lie slår frisparket rett i nevane til tvillingbror Andreas.
57'
Lie med frispark midt på bana.
55'
Standal får seg ein smell og går i bakken.
55'
HamKam med initiativet her no.
54'
Nære på at Sildnes får med seg ballen forbi Hødd-forsvaret. Eit blått bein kjem i vegen.
51'
Bjerke med innlegg mot Hødd si boks. Lie må gi corner.
50'
Hødd held fram med å trykke på også etter scoringa.
50'
Brandal slår inn, men Asani headar unna.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 mellom Hødd og HamKam etter dei første 45 minutta. Heimelaget har vore klart best, men ikkje klart å score på sjansane sine. Bortelaget kom meir med før kvilen, så slik det ser ut no er dette oppgjeret nokså ope.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Frispark for Hødd. Forsøket frå Sandal går utanfor.
45'
Nære på 0-1! Ein retur hamnar utanfor boksa, og ein HamKam-spelar sender i veg eit skot som Lie må ut i full strekk på.
44'
Frispark til HamKam midt på bana. Lie står klar.
44'
Hødd pompar ballar inn i Kamma si boks, men bortelaget klarer å få renska unna.
42'
Innlegget skrur forbi alle i feltet og endar med utspel frå Lie.
42'
Frispark til bortelaget i bra posisjon for innlegg. Sildnes er klar.
41'
Stor sjanse for Hødd! Standal blir spelt åleine igjennom, men under hardt press maktar han ikkje å halde avslutninga nede og kula fyk over mål.
41'
Bra spel av bortelaget. Tønne slår inn frå venstre på direkten, men ein Sildnes i ubalanse går i bakken i boksa og får ikkje avslutta.
39'
Briskebybanden ser ut til å vere representerte med 8-9 mann på Høddvoll i dag. Så langt har verken spelet til laget deira eller vêret varma noko.
39'
Øvernes med frispark på eigen halvdel. Det endar med utspel frå Lie på den andre sida. Det bles friskt på Høddvoll, altså!
36'
Helland med nok eit frispark. Han går for kraft og sender kula langt utanfor mål.
35'
Helland med nok eit langt innkast. Det endar med corner for dei blå.
34'
Helland prøvar å gjere ting åleine, men ballen skrur feil veg og går nokre meter utanfor HamKam-kassa.
32'
Frisparket blir teke kjapt, men Hødd får ikkje noko ut av det.
30'
Ikkje langt unna for HamKam! Latifu ser ut til å ha kontroll på ei langpasnig, men han feilbereknar og Tønne blir spelt åleine igjennom. Lie er derimot vaken og kjem raskt ut og taklar kula unna.
29'
No høljar regnet ned på Høddvoll.
27'
Helland lempar ballen høgt i lufta, og vinden er ikkje langt unna å føre den på rett plass. Øvernes kan sjå kula snike seg utanfor.
27'
Frispark til heimelaget i normalt sett fin innleggsposisjon. Det spørs kva vinden vil gjere no!
25'
Nære på for Hødd! Standal avsluttar i næraste, men Øvernes får gitt til corner.
21'
Litt laber kvalitet på kampen no. Hødd sin offensiv har roa seg.
20'
HamKam kjem på sin første farlege visitt. Eit innlegg blir sendt inn i boksa, men heimelaget får klarert.
19'
Småfint spel av Hødd. Helland øydelegg angrepet med eit dårleg touch til slutt.
16'
Helland legg frisparket hardt over mål.
16'
Helland og Sandal står klare.
16'
Frispark til Hødd i veldig bra posisjon.
15'
Hødd har regjert i dette oppgjeret så langt, og HamKam sine spelarar slit med å kome seg over på dei blå sin halvdel.
14'
Sandal kjem på eit fint driv, men held for lenge på ballen og forsøket hans blir blokkert. Midtbanestrategen går så i bakken og blir liggjande litt.
13'
Hødd held oppe trykket og ein farleg ball blir slått i boksa. Ei laus heading skapar litt hovudbry for Øvernes, men keeperen har bra kontroll.
12'
Latifu skyt frå distanse. Via ein motspelar og til corner.
11'
Magnussen går i bakken, men Staberg gjer nok rett i å ikkje blåse straffe der.
11'
Standal blir spelt åleine igjennom, men blir korrekt avvinka for offside.
9'
Langt og farleg framspel mot Standal. Øvernes er vaken og kjem kjapt ut,
8'
Innkastet blir stussa farleg inn i boksa, men ingen andre i blått luktar den og bortelaget får rydda unna.
7'
Nok eit innkast høgt i bana for heimelaget.
6'
Sandal får vendt opp utanfor HamKam si boks og avslutta. Rett på Øvernes.
5'
Standal kjem til skot inne i boksa, men han er under hardt press og forsøket går over. Liten tvil om at Hødd har kome best i gong her!
3'
Helland med innkast. Bortelaget får klarert, før Hødd vinn ein corner.
1'
Bra sjanse for Hødd, rett frå avspark! Standal får ballen i grei posisjon og avsluttar like utanfor.
Avspark Start 1. omgang
Ein interessant duell i dagens kamp er møtet mellom brødrene Andreas og Oddbjørn Lie. Dei har faktisk spelt mot kvarandre ein gong før også, då i ein NM-kamp mellom dagens heimelag og AaFK. Keeper Andreas er som kjent utleigd frå ålesundslaget.
Dagens hovuddomar er rutinerte Per Ivar Staberg. Han blir flankert av Runar Langseth og Jim Andre Alnes Dyb.
Det byrjar å fyllast opp på Høddvoll til trass for eit lite gjestmildt vêr. Hødd melder på sine nettsider at dei har hatt ein auke på 59% i forhold til sesongkortsalet i fjor. Det betyr 946 selde kort.
HamKam har hatt store problem med å ta poeng på Høddvoll i nyare tid, og på seks kampar står dei faktisk utan siger. 5-1-0 er tala som blåtrøyene har å vise til.
På totalt 22 offisielle kampar sidan 1970 har det endt med 10-4-8 i favør HamKam. Førre sesong vann laga kvar sin heimekamp. Kamma sikra tre poeng med 2-0, medan Hødd knuste til å vann heile 5-0, eit oppgjer som snudde den vonde trenden laget var i den perioda.
Hødd tapte den tvsendte kampen mot Fredrikstad 2-3 i den første runde, men sjølv om det blei 0 poeng varta blåtrøyene opp med bra offensivt spel og kom tilbake etter å ha vore under 0-2. HamKam har møtt Stabæk (2-2 heime) og Ullensaker/Kisa (2-1 hittil).
På tabellen finn vi Hødd på 13. plass, men det er altså etter berre ein spelt kamp etter to utsetjingar hittil. HamKam finn vi på 5. plass med 1-1-0.
HamKam gjer to endringar på laget sidan møtet deira med Ullensaker/Kisa på søndag. Ut har Bjerke, Hagen og Solhaug gått, medan Aalmen, Sjølstad og Nedrebø har kome inn på laget til Vegard Skogheim.
Då er laga ute, og Hødd gjer nokre endringar sidan siste spelte kamp, som var cupoppgjeret mot Brattvåg. Ein skadd Grodås har gått ut til fordel for Brandal, medan Aursnes har kome inn for Rekdal på midtbana. Fremst har Standal kome inn for V. Heltne.
Då er vi live frå Høddvoll, og dei to laga er godt i gong med oppvarminga. Det har regna kraftig i Ulsteinvik dei siste timane, i tillegg til kraftig vind. Bana ser likevel ut til å vere grei, då den er relativt hard og vatnet har ikkje lagt seg på graset.
Det er tilbake til kvardagen for cupheltane frå Ulsteinvik. Målsetjinga til trenar Lars Arne Nilsen verkar å vere å få laget endå høgare på tabellen, og kanskje ha ein kvalikplass innan rekkjevidde. Og om laget klarer å byggje vidare på dei gode augneblinkane frå 2012, kan det absolutt vere mogleg å få til. Som vanleg er det også vanskeleg å spå korleis HamKam vil gjere det, men ein skal ikkje sjå vekk i frå at den tradisjonsrike klubben vil hevde seg bra utover sesongen.
Denne kampen skulle eigentleg bli spelt 14. april, men tele i bana og regnvêr gjorde at kampen måtte utsetjast. Det var også lenge usikkert om det verkeleg blei kamp i dag, men etter nok ei synfaring blei det konkludert med at dette var forsvarleg. Elles blei som kjent Hødd sin bortekamp mot Follo, som skulle gå førre helg, også utsett.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom regjerande NM-mester Hødd og HamKam. Endeleg blir sesongen sparka i gong også på Høddvoll!