Referat
Kun høydepunkter
Fredrikstad gjer slutt på tapsrekkja og tek ein solid siger her på Høddvoll. FFK hadde si beste periode i starten av 1. omgang, og det var også her dei fekk den einaste scoringa som kom i kampen, signert Robert Stene. Hødd var mykje med etter dette, men til trass for initiativ og mykje ballinnehav ville det seg ikkje på den siste tredjedelen av bana. Fredrikstad vann dermed ein skikkeleg forsvarskamp i eit forferdeleg Sunnmørs-vêr. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Stor sjanse for Hødd! Latifu speler fri Magnussen inne i boksa, men skotet hans går via ein motspelar og til corner.
90+4'
FFK har ballen med kort tid att å spele.
90+3'
Innkast til bortelaget på Hødd sin halvdel.
90+2'
Dette ser ut til å ende med Fredrikstad sin første siger på fire kampar.
90+2'
Nok ein spelar går i bakken inne i Fredrikstad si boks. Dei kvite får også frispark.
90+1'
Latifu legg frisparket inn i boksa, men bortelaget får rydda lett unna.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+1'
Frispark til heimelaget midt på FFK sin halvdel.
90'
Gueye prøvar seg endå ein gong, men skotet går høgt over mål.
88'
Stopp i spelet etter ein kollisjon i FFK si boks.
87'
Nesten 0-2! Gueye kjem til skot frå fin posisjon, men innbytaren sender forsøket like utanfor mål.
87'
Tepuric vil ha frispark like utanfor FFK si boks, men domar Steen seier nei.
83'
Aleesami med frispark i fin innleggsposisjon. Tepuric headar unna.
83'
Hødd skal gjere sitt tredje innbyte no.
83'
Tepuric blir avvinka for hands inne i FFK si boks.
82'
Omlag 10 minutt att å spele her. Hødd skapar ikkje all verda, og FFK forsvarer seg veldig bra.
82'
Bortelaget brukar bra med tid på dødballane no.
80'
Sandal slår farleg inn, og ballen blir stussa like utanfor. Corner igjen for heimelaget.
80'
Frispark i fin innleggsposisjon for Hødd.
80'
No fossregnar det i Ulsteinvik igjen.
79'
Nok eit farleg innlegg frå Latifu. Det hardtarbeidande Fredrikstad-forsvaret får renska unna igjen.
78'
Backen får att ballen og skyt den hardt inn foran mål. Ingen får avslutta.
78'
Latifu med innkast.
77'
Nære på for Fredrikstad! Aleesami gjer alt sjølv og driblar seg gjennom Hødd sitt forsvar før han tuppar kula like utanfor målet til Lie.
75'
Ertsås kjem til innlegg, men det går berre rett i klypene til Masalin.
74'
Latifu hiv ballen inn i boksa, men domar Steen har sett ei forseing og dømar frispark til FFK.
73'
Sandal prøvar å slå lavt inn, men FFK får blokkert til innkast.
71'
Latifu med innkast. Ballen hamnar etter kvart i returfeltet der Aursnes bankar den over på volley.
70'
Rune Ertsås skal inn for Hødd.
70'
Shaswari på farta igjen. Denne gongen sender han ei avslutning over mål.
69'
Nære på for Fredrikstad! Shaswari blir spelt fri, men Latifu gjer ein kjempejobb defensivt og spring opp spelar og vinn ball.
68'
Adaramola er for sein i ei takling på Nilsen. Frispark midt på FFK sin halvdel.
67'
Latifu med eit småfarleg innlegg. Går forbi alle i feltet.
64'
God sjanse for bortelaget! Ein spelar i kvitt kjem seg gjennom og forsøker ein chipp mot ein utrusande Lie. Ballen sprett like utanfor mål.
62'
Stor sjanse for Hødd! Sandal bankar ballen inn framføre mål, og Törnqvist er sikker på at han har scora i det han avsluttar frå kort hald. FFK har dermed flaksen på si side og ballen blir stoppa i ein spelar foran mål.
61'
Veldig nære på at Stene blir spele åleine igjennom. Jesper Törnqvist reddar Hødd med ei lang tå.
60'
Fredrikstad yppar seg og Stene kjem igjennom mot Lie. Vinkelen blir derimot for spiss, og angrepsspelaren får ikkje avslutta.
57'
Blir lempa inn i boksa, og ein FFK-spelar får stussa ballen ut til corner.
57'
Hødd får nok eit frispark. Denne gongen er det også hald for skot.
56'
Det er heilt klart Hødd som har initiativet her no.
55'
Magnussen kjem seg fri inne i boksa, men innlegget blir blokkert. Nok ein corner til Hødd.
54'
Moltu får avslutta, men skotet blir blokkert til corner.
53'
Sandal med frispark midt inne på Fredrikstad sin halvdel.
52'
Mange dårlege pasningar frå begge lag her no.
50'
Latifu prøvar å finne Tepuric, men kroaten glir og ballen sprett inn til FFK sin keeper.
49'
Fin bakromspasning mot Tepuric, men ballen sprett fort og endar med utspel frå Masalin.
48'
Brandal misser ballen høgt i bana, men bortelaget klarer ikkje å utnytte det bra nok.
47'
FFK trillar ball her no.
46'
Der er vi endeleg i gong!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Andreas Lie er treig ut av garderoba, medan resten av spelarane står klare.
Hødd ser ut til å leggje om til 4-3-3 no.
Hødd sitt J19-lag, som vann gull under Norway Cup tidlegare i veka, blir hylla her i pausa på Høddvoll.
Fredrikstad leiar 1-0 over Hødd på Høddvoll etter mål av Robert Stene. FFK var klart best dei første 25 minutta men etter dette tok Hødd heilt over, og skapte fleire gode sjansar. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Adaramola prøvar seg frå distanse. Ikkje langt utanfor.
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt denne omgangen. Det hastar om Hødd skal klare å svare før pausa er der.
45'
Erik Sandal med ei tøff takling, men han er heldig og slepp det gule kortet.
42'
Rafn dreg seg fint fri på høgrekanten, men innlegget hans er ikkje godt nok og endar bak mål.
38'
Nok ein god sjanse for Hødd! Spelarane i blått står nærast i kø inne i FFK si boks, men når Vibe til slutt får ballen bankar han den utanfor. Hødd køyrer oppgjeret no!
37'
Nesten for Hødd! Ballen dett perfekt ned til Sandal i returromet, men den gode volleyen blir flott stoppa av Masalin. Corner.
36'
Latifu med innkast høgt i bana.
36'
Nære på for FFK! Robert Stene blir spelt åleine igjennom, men er uheldig og får ballen i hælen. Dermed får Hødd rydda unna.
35'
Fine Hødd-kombinasjonar. Det flate innlegget frå Sandal blir beina vekk.
34'
Sandal med nok eit frispark. Midtbanestrategen slår kula himmelhøgt og utanfor. Dårleg utnytta.
33'
Nesten for Hødd. Ballen dett ned i feltet og ein fomlande Masalin slepp kula til Brandal. Han får ikkje avslutta skikkeleg og Hødd endar opp med ein corner i staden.
31'
Sandal står klar.
31'
Tepuric blir teke bakfrå og Hødd får frispark i fin innleggsposisjon.
31'
Aursnes med skotmoglegheit, men han brukar for mange berøringar og forsøket blir blokkert.
30'
Hødd med initiativet her no.
28'
Blir slått inn i boksa, men FFK får rydda unna.
28'
Sandal med frispark nokre meter inne på Hødd sin halvdel.
28'
Hødd prøvar å svare umiddelbart, men Tepuric får ikkje avslutta. Han ropar på straffe, og endar også i ein liten disputt med Grorud.
24'
Bortelaget med innkast høgt i bana. FFK kjem til eit par avslutningar, men begge blir blokkerte.
24'
Fredrikstad vinn ballen ofte no. Hødd slit med å etablere noko eige spel.
23'
Stor sjanse for FKK! Rozhat Shaswari kjem seg heilt åleine gjennom etter eit veggspel, men avslutninga er ikkje altfor bra og Lie får stoppa forsøket med ei beinparade.
21'
Tepuric vinn nok ein hovudduell, men denne gongen får han frispark imot seg.
20'
Brandal kjem til innlegg frå venstre, men Masalin stig til vêrs og fangar kula greitt.
20'
Fredrikstad har vore klart best her dei første 18-19 minutta. Hødd slit til tider med å hengje med, og dei blå gjer også fleire feil med ballen.
17'
Ein delegasjon på 40-50 supporterar har teke turen frå Fredrikstad for å fylgje laget sitt. Imponerande!
15'
Vibe prøvar å slå langt opp, men forsøket endar berre hjå FFK-keeper Jon Masalin.
14'
Brandal slit med å få kontroll over kula på venstrekanten sin. To gongar i løpet av dei siste par minutta har han måtte sjå den trille ut av bana.
13'
Adaramola med eit farleg innlegg, men Hødd-forsvaret får renska unna.
11'
Det regnar framleis kraftig her på Høddvoll, noko som betyr at ballen går veldig fort langs bakken.
10'
Hødd står igjen med berre eit par mann og misser ballen, men Rafn klarer ikkje å få kontroll over den og Hødd får nok eit innkast.
9'
Latifu og Tepuric kombinerer fint på høgrekanten, men innlegget frå førstenemnde blir klarert. Hødd får innkast.
7'
Bra press frå Fredrikstad no.
5'
Blir slått langt, men Jesper Törnqvist headar unna.
4'
Frispark til bortelaget midt på bana.
4'
Brandal kjem seg nesten fri med ballen på Hødd sin venstrekant, men det endar i staden med at FFK får innkast.
3'
Franjo Tepuric gjer sin heimedebut i dag. Kroaten blei klar for Hødd i førre veke, og gjorde sine saker bra i sin første kamp, borte mot Vard Haugesund. Den tidlegare Slaven Belupo- Istra 1961-spelaren scora allereie etter 15 minutts spel.
1'
Hødd startar med ballen. Blåtrøyene speler mot venstre i første omgang.
Avspark Start 1. omgang
I Ulsteinvik er det no eit forferdeleg vêr, med kraftig regnfall og vind.
No har laga helst på kvarandre, og vi er kort tid unna kampstart.
Dagens domar er Kai Erik Steen. Han blir assistert av Christian Falbach og Frode Ølmheim.
FFK manglar blant anna Ole Jørgen Halvorsen som har gått til Odd Grenland. Men ei gladnyhende er at kaptein Lars Grorud er tilbake i midtforsvaret.
Tidlegare denne veka blei det klart at Hødd mistar viktige Sivert Heltne Nilsen til Vålerenga. Overgangen går ikkje i orden før til neste år, så Hødd får framleis bruke han. I tillegg har Pål Andre Helland gått til Rosenborg. Han sin siste kamp var mot Aktobe i Kasakhstan. Elles manglar Hødd Vegard Heltne og Victor Grodås til denne kampen.
Sidan 1966 har Hødd og Fredrikstad møtt kvarandre 13 gongar, og Fredrikstad har vore klart best, noko statistikken 8-4-1 tilseier. Sist Hødd vann var i 1972. Her på Høddvoll har det enda 1-2-3 på seks møte.
Hødd og Fredrikstad møtte kvarande på Nye Fredrikstad Stadion heilt tilbake i første runde, i ein kamp som var TV-sendt. Aleesami og Gueye sendte FFK opp i 2-0, før Standal og Heltne Nilsen førde Hødd ajour. På overtid fekk så Fredrikstad straffe, og den ekspederte Halvorsen i mål til 3-2 for FFK.
Heller ikkje forma til Hødd er noko å skryte av, sjølv om dei ligg på ein akseptabel 7. plass. 27 poeng etter 8-3-5 så langt er fasiten. På dei seks siste kampane i ligaen har dei 1-3-2. Dei står med to kampar utan siger. Sist dei klarde det var borte mot Sandefjord 24. juni, då ulsteinvikarane vann 2-0.
Begge laga kjempar om å få liggje toppen av tabellen, men det er ikkje tvil om at Fredrikstad, som var venta å rykkje direkte opp igjen til Tippeligaen, har skuffa hittil i sesongen. Laget til Lars Bakkerud ligg før denne kampen på 9. plass med 22 poeng etter 7-1-8 hittil. Forma til FFK om dagen er elendig, og laget står med tre strake tap og 1-9 i målskilnad. Førre runde gjekk dei på eit pinleg 0-1-tap heime mot Follo, men assistenttrenar Håkon Wibe Lund forsikrar til klubbens heimeside at laget har rista av seg skuffelsen og er klare for kampen mot Hødd.
Hødd har hatt ei småturbulent periode i det siste, med deltaking i Europa League mot Aktobe frå Kasakhstan. I tillegg til lang reisetid og ei lei sak med visumnekt var det tydeleg at laget i førre seriekamp bar preg av dette. Hødd rotar vekk ei 2-0-leiing borte mot botnlaget Vard Haugesund, men klarde til slutt å i det minste berge det eine poenget.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Fredrikstad!