TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Eg er på plass på Høddvoll om akkurat ei veke også, for då kjem Brann på besøk til Ulsteinvik. Det skjedde sist i 2012, då blåtrøyen vann NM-semifinala med 3-1 og etter kvart også tok den gjeve pokalen. Bergensarane har altså mykje å revansjere!
Fredrikstad vann sjansestatistikken 18-11 (7-6 på mål).
Det endar til slutt 1-1 på Høddvoll i denne første kampen på Nye Høddvoll, eit resultat Hødd bør vere mest fornøgde med. Dei blå opna med å ta ei tidleg leiing ved Wrele etter at ei FFK-klarering gjekk i svensken og i mål. Etter kvilen gira derimot Fredrikstad kraftig opp, og det var eigentleg berre ei tidsspørsmål for scoringa ville kome. Hødd gav frå seg alt initiativ og sleit med å hengje med, og i det 87. minutt enda det med eit mål imot då innbytar Burgos sette avslutta via ein høddspelar og i buret bak Falch. FFK klarde også å få endå ei avslutning i kassa, men diverre for dei tilreisande blei dei avvinka for offside.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Bortelaget set kula i mål etter dødball, men assistentdomaren er kjapt oppe og flaggar for offside. Heldige der Hødd! Heile støtteapparatet bryt ut i jublen, men kjem kjapt ned på jorda att.
90+3'
Dødball til Fredrikstad i fint hald for innlegg.
90+2'
Bortelaget trykkar på for mål nummer to her no!
90+2'
Hjørnespark
Hødd får reinska unna.
90+2'
Eit skot endar med corner for FFK.
90+1'
Nesten for FFK! Shaswari får avslutta frå fem meters hald, men Falch reddar.
90+1'
Minimum fire minutt tillegg her.
90'
Hjørnespark
Falch plukkar igjen.
90'
Bortelaget skyt i ein Hødd-spelar og ut. Corner.
89'
Skal Fredrikstad klare å snu dette no då? Hødd har sett slitne ut i delar av denne 2. omgangen.
87'
Mål!
1-1
Fredrikstad utliknar! Bortelaget fyller bra opp i Hødd si boks, og Burgos får avslutta via ein Hødd-spelar slik at Falch blir utspeld. Liten tvil om at FFK fortente det målet!
87'
Innlegg i Hødd si boksa. Moltu er rutinert og let ballen gå over seg og inn til Falch.
84'
Shaswari prøvar å leggje inn, men rekk ikkje gjere det før ballen har vore utover sidelinja. Utspel frå Falch.
82'
Spillerbytte
82'
Brann leiar no 2-0 over Strømmen i Bergen. Bergensarane skal for øvrig møte nettopp Hødd i neste runde.
81'
Heimelaget skal gjere sitt siste byte. Materialforvaltar Neil Le Clerq gir fjerdedomaren lappen med namnet.
79'
Bra opprulling av FFK. Sansara sitt innlegg blir derimot for luftig og dermed enkelt plukka av Falch.
78'
Hjørnespark
Blir heada like utanfor. Bra sjanse det også!
77'
Godt forsøk for FFK! Falch må ut i strekk for å forhindre eit skot i å snike seg inn. Corner.
76'
Hjørnespark
Er det på dødball det skal skje for bortelaget? Corneren dett ned i boksa, men dei blå får reinska unna.
75'
Fredrikstad trillar ball, men klarer på finurleg vis å spele den utover sidelinja. Liten tvil om at bortelaget sin offensiv har roa seg ned dei siste minutta. Kan dei få liv i den igjen på tampen?
74'
Aursnes slår frisparket rett i klypene til Masalin.
73'
Magnussen er på veg framover men får ein dytt i ryggen av Rafn. Heimelaget kan dermed drøye litt tid.
73'
2.245 tilskodarar på Høddvoll i dag.
72'
Spillerbytte
72'
Shaswari med eit innlegg frå høgre. Blir stussa unna av Hødd-forsvaret.
72'
Adaramola med eit bra innlegg etter at Karlsen misser kula. Falch er nok ein gong flott ute og snappar ballen.
70'
Hødd blir snytt for ein klar corner og FFK kan overta spelet igjen.
70'
Heimelaget har fått litt meir orden på sakene dei siste minutta.
69'
Aursnes slår flott inn i boksa, og kula blir stussa like utanfor av kaptein Törnqvist. God sjanse, det!
68'
Magnusssen blir felt og Hødd får frispark i bra innleggsposisjon.
68'
Hødd snappar ballen høgt i bana, men det avgjerande innlegget frå innbytar Magnussen blir altfor svakt og endar berre i fanget til Masalin.
66'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Nære på at Adaramola lukkast med ein stikkar bak Hødd-forsvaret.
66'
Nære på at Adaramola lukkast med ein stikkar bak Hødd-forsvaret.
65'
Fredrikstad med mykje ballinnehav hittil denne omgangen, men det utan å kome til noko særleg med sjansar.
64'
Hjørnespark
Nok ein gong er Falch sikker i luftromet og plukkar ballen.
64'
Nazaria på farta igjen i det han skyt via ein motspelar og ut.
63'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
63'
Nazari avsluttar via ein Hødd-spelar og til corner.
63'
Veldig nære at Karlsen klarer å flikke fri Sveen. Ei god FFK-takling stoppar den tidlegare Ham Kam-spelaren i å kome åleine igjennom.
62'
Moltu har fått seg ein smell, men klarer å hinke tilbake på plass i midtforsvaret. Fekk slått ut ei framtann i møtet med Strømmen, Moltu, så han er absolutt ein hardhaus!
61'
Aursnes med eit skot som blir blokkert etter ein Hødd-kast.
60'
Nystrøm med ei heading utanfor etter innlegg frå høgre. Ufarleg.
60'
Hødd maktar rett og slett ikkje å halde på ballen her no.
60'
Adaramola prøvar seg frå veldig langt hold. Ufarleg over Hødd-målet.
58'
Aasbak med kast for Hødd. Vel å bruke tid og roe ned.
58'
Adaramola dreg seg innover og hamrar til. Skotet blir blokkert.
57'
Hødd sleit også med å hengje med Strømmen i den første serierunda. Den gongen kom dei ifrå det utan baklengsmål, men om det held fram på same måten her skal dei få slite med å klare det.
56'
Falch stig til vêrs og plukkar bra. Litt for luftig den frå Åsheim.
56'
Frispark til bortelaget. Skal bli slått inn i boksa. Åsheim er klar.
54'
Hjørnespark
Bortelaget vil ha straffe! Ballen dett ned i feltet og FFK meiner at den er innom ei Hødd-hand. Domar Hauge vinkar spelet vidare og står i mot presset frå dei raude og kvite.
54'
Hødd slit med å hengje med no. Fredrikstad med høgt tempo.
53'
Dobbeltbyte av bortelaget.
53'
Spillerbytte
52'
Spillerbytte
52'
Bortelaget trykkar på no.
51'
Blir teke kort før Aursnes prøvar ein hælflikk igjennom. FFK får ordna opp.
50'
Dødball for Hødd.
50'
To Hødd-spelarar i bakken i løpet av kort tid. Heimefansen meiner at det har vore ein olboge frå ein FFK-spelar.
49'
Åsheim avanserer lengje med ballen og fyrer av frå skrått hald. Ikkje langt utanfor buret til Falch.
47'
Aasbak prøvar eit slags skot frå distanse. Høgt over mål.
47'
Hødd får frispark i finfin innleggsposisjon.
46'
No er vi i gong med den siste halvdelen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar 1-0 over Fredrikstad i denne første offisielle kampen på Nye Høddvoll. Wrele fekk æra av å bli den historiske målscoraren i det ei FFK-klarering gjekk i han og i mål. Etter dette har begge laga hatt bra med sjansar, men det utan å overliste målvaktene Falch og Masalin. Vi håpar dei siste 45 minutta byr på endå fleire scoringar!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Sansara prøvar å slå inn frå venstrekanten sin, men Myklebust gjer ein god defensiv jobb og får blokkert forsøket.
44'
Nære på for Hødd! Aursnes og Karlsen kombinerer flott og sistnemnde sender så i veg ein presis stikkar til Andersen. Hødd sin nummer 23 klarer derimot ikkje å overliste målvakta frå spiss vinkel.
42'
Hjørnespark
Johansen er heilt tilbake i eigen sekstenmeter og headar unna ballen.
42'
Ein hittil anonym Ulland Andersen ordna nok ein corner for Hødd.
42'
Aursnes med eit frispark som bortelaget får ordna opp i.
41'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling og får kampens første gule kort.
40'
Hjørnespark
Åsheim får to innleggsforsøk, men Hødd får reinska unna ved begge høva.
39'
Olsen tek med seg ballen inn i Hødd sin sekstenmeter og bankar til. Ballen går via ein spelar i blått og inn til Falch.
38'
Aasbak har fått seg ein smell og ligg nede på matta.
37'
Karlsen får tid og rom og prøvar eit skot frå 17-18 meter. Ballen skrur seg til side for buret til Masalin.
36'
Åsheim slår svakt rett inn til Falch.
35'
FFK med dødball. Skal lempast inn i boksa.
33'
I den andre kampen som blir spelt i 1. divisjon i kveld leiar no Brann 1-0 over Strømmen.
32'
Aasbak med eit godt innlegg frå venstre. Sansara får hovudet på ballen og sender den vekk frå næraste Hødd-spelar.
31'
Hjørnespark
Dett ned i midten no, men FFK får beina ballen unna.
31'
Bra opprulling av Hødd. Karlsen sender ballen til Aasbak som prøvar eit skot. Det blir blokkert til hjørnespark.
31'
Den første halvtimen på Høddvoll er unnagjort. Laga har vore relativt jamngode med kvar sine perioder. Hødd er likevel det einaste laget som har fått ballen i mål.
28'
Hjørnespark
FFK får klarert ved første stolpe, men Hødd beheld trykket. Til slutt blir det eit slags skotforsøk frå død vinkel. Masalin ryddar opp.
27'
Hjørnespark
Blir stanga unna ved første stolpe før Hødd får igjen ballen og prøvar på nytt. Nok ein gong får FFK rydda opp.
26'
Nesten for Fredrikstad! Törnqvist rotar det til med ein ballmiss midt på bana, og Johansen får storma mot mål. Han slår inn foran kassa der ein medspelar kjem stupande. Forsøket går like over mål.
25'
Hjørnespark
Endar med null og niks.
25'
Aasbakk slår eit frispark inn i boksa, men FFK får klarert til corner.
23'
Endar med ingenting.
23'
Ingebrigtsen med kast.
23'
Blir slått inn i boksa. Masalin brukar neven og får ballen vekk.
23'
Hødd med dødball i bra posisjon for innlegg.
22'
Nazari prøvar å finne Johansen i bakrom, men pasninga frå svensken blir for unøyaktig.
21'
Fredrikstad med eit bra initiativ her no.
20'
Hjørnespark
Nesten for FFK! Hammar headar rett på mål, men ein spelar i blått står i vegen og beinar kula unna. Bortelaget beheld trykket, men nok ein gong får Hødd ordna opp.
19'
Bortelaget får slått kula inn i Hødd sin sekstenmeter. Falch fistar unna.
18'
Olsen prøvar å leggje inn. Aasbakk får blokkert.
17'
Myklebust avanserer med kula og avsluttar. Via ein motspelar og inn til Masalin.
15'
Ingebrigtsen skal kaste langt. FFK får klarert, men heimelaget beheld ballen.
13'
Hjørnespark
FFK får klarert før Sveen bankar til på direkten frå utanfor boksa. Rett i ein motspelar.
13'
Sveen med eit veldig langt løp som til slutt endar med at han skaffar laget sitt eit hjørnespark.
12'
Bra liv frå både Blåsarane og Plankehaugen innleiingsvis.
12'
Sola ligg bak nokre skyer no, og dermed har det umiddelbart blitt mykje kaldare på stadion. Alt er som i gamle dagar altså!
11'
Nazari prøvar å leggje inn i boksa, men utføringa er svak og det endar i staden med utspel frå Falch.
10'
Johansen går i bakken i midtfeltet og FFK får frispark. Kunne ha blitt ein overgang for bortelaget, der.
9'
Hjørnespark
Endar med ingenting. Hødd beheld kula.
9'
God sjanse for Hødd! Høgreback Ingebrigtsen får tid og rom til å skyte og sender i veg ein susar som Masalin får fista over.
9'
Bortelaget har hatt problem med å hengje med når Hødd set opp farta.
7'
FFK ynskjer å svare umiddelbart her. Eit par brukbare avslutningsforsøk. Falch ordnar opp.
4'
Mål!
1-0
Heimelaget med ei tidleg leiing! Joakim Wrele blir historisk i det han blir den første målscorar nokon sinne på Nye Høddvoll! Magnus Myklebust gjer eit meget bra førearbeid i det han dreg seg inn i boksa og chippar kula mot mål. Bortelaget får så ein fot på ballen, men klareringa går berre rett i svenske Wrele og i mål.
4'
Midtbanetalentet Fredrik Aursnes set fart, men blir felt.
4'
Småskummelt innlegg av bortelaget. Hødd får ordna opp.
3'
Netan Sansara slår inn i Hødd si boks, men Falch plukkar enkelt.
2'
Greit forsøk av bortelaget. Henrik Kjelsrud Johansen ser at keeper Aslak Falch står langt ute og prøvar eit skot frå veldig langt hald. Utanfor.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane tek eit siste kampbrøl før domar Steinar Hauge bles det heile i gong.
No kjem dei to laga på bana!
Bana har no blitt offisielt opna ved at ordførar Jan Berset har sendt ei mengde blå ballongar i vêret.
Hødd-hymna 'Liten - men stor' rungar no over speakeranlegget på Høddvoll. Vi er få minutt unna kampstart!
Nye spelarar på Håkon Wibe Lund sitt lag er blant andre Straith, Nazari (lån fra Malmø FF), Kjelsrud Johansen (lån fra Odd BK), Hammar (lån fra Malmø FF), Burgos (lån fra MLS), Abenzoar (Hønefoss BK).
Ulstein Mannskor syng i augneblinken den flotte songen 'You'll Never Walk Alone', brukt av blant andre Borussia Dortmund og Celtic i fotballsamanheng.
I tillegg til nemnde Myklebust er også Michael Karlsen tilbake i Hødd. Han hadde eit veldig bra 2011 der han scora masse mål, men når ting gjekk tyngre året etter bestemte han seg til slutt for å returnere til Trøndelag. Andre nye fjes i Hødd er Christoffer Aasbak og Torbjørn Kallevåg.
Nye Høddvoll stadion er på god veg til å fyllast, og når sola i tillegg skin ligg det meste til rette for ei flott oppleving før folket på tribunene. Ein del frå Fredrikstad sin supporterklubb, Plankehaugen, har også teke turen, og saman med Hødd sine Blåsarane har dei lada opp på den lokale puben i forkant.
Hødd og Fredrikstad har kjempa mange bataljar gjennom åra, fleire av dei på 60- og 70-talet då begge klubbane var på det øvste nivået. 16 gongar har dei møttest sidan 1966 og totalt på desse har det enda 10-4-2 i favør klubben frå Østfold. Blåtrøyene frå Ulsteinvik vann faktisk det siste møtet i fjor, då Robin Shroot og Victor Grodås, som begge no er i Sogndal, laga kvart sitt mål.
Fredrikstad fekk tøff motstand også i deira første kamp, i det opprykksfavoritten Brann kom på besøk. Erik Huseklepp sendte bergensarane i føringa tidleg i oppgjeret, men ei overtidsscoring av Henrik Kjelsrud Johansen sørgja for poengdeling.
Hødd fekk ein perfekt start på sesongen med 1-0-sigeren over Strømmen på bortebane. Magnus Myklebust scora kampens einaste mål i hans comeback i klubben. Den tidlegare Lillestrøm-spelaren var i Hødd frå 2002 til 2004 og scora 30 mål på 67 kampar.
På stadion har det vore program ei god stund allereie, og klubben har fått vist fram både det lokale musikkorpset og fleire av dei aldersbestemte laga. I stunda fram mot kampstart blir det også litt av kvart som skal skje.
Det splitter nye anlegget i Ulsteinvik ligg berre ei langpasning frå gamle Høddvoll. Den tidlegare hovudbana blei først teken i bruk i 1963 og har vore arena for dei fleste gode Hødd-minna sidan klubben blei skipa i 1919. Men etter over 50 års bruk har no altså gras blitt bytta ut med kunstgras.
Hei og velkomen til livedekning av Hødd-Fredrikstad. Det er klart for den første offisielle kampen på Hødd sin nye stadion!