TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin måndagskveld vidare!
Avslutningar: 11-12. På mål: 4-6.
Det endar 2-2 på Høddvoll etter ein veldig spanande kamp mellom dei nedrykkstruga laga Hødd og Fredrikstad. Bortelaget tok leiinga to gongar ved henhaldsvis Kapidzic og Flo, men heimelaget kom tilbake ved begge tilfella. Wrele kriga inn 1-1 medan Kallevåg plasserte ballen i krysset til 2-2. Ingen av laga er nok fornøgde med berre eitt poeng, men ettersom dei var nokså jamngode er det nok eit greitt resultat.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Beite med tid og rom inne i boksa til å slå innlegg, men ungguten sender det over mål.
90+3'
Bortelaget med dødball på eigen halvdel. Brukar bra med tid.
90+3'
Vestvatn slår inn i boksa. Rett i klypene til Kristiansen.
90+2'
Hødd har mykje ball no. Jaktar på opningar i FFK-forsvaret.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Framleis nok tid til ei scoring!
90'
Spillerbytte
90'
Mensah involvert for første gong. Ei håplaus pasning til utspel frå keeper.
89'
Ein FFK-spelar ligg nede inne i Hødd si boks. Kapidzic er det vel.
88'
Ikkje mange minutt att å spele her. Skal vi få ein vinnar heilt på tampen?
88'
Hjørnespark
Endar med ingenting av farlegheiter.
87'
Hjørnespark
Kjempesjanse for bortelaget! Ein spelar får avslutta frå kort hald, men Urke kjem ut og reddar meisterleg.
87'
Veldig nære for bortelaget! Eit frispark blir lempa inn i boksa, og det er berre så vidt at Urke får fista kula vekk.
85'
Spillerbytte
85'
Så er det heimefansen som ropar i det Beite får ei arm i ryggen inne i FFK si boks. Domar Hansen er i alle fall konsekvent her!
83'
Ndiaye sit nede lengje etter situasjonen, men kjem seg til slutt på beina.
82'
FFK er i harnisk! Ndiaye set fart inn i boksa, men blir dytta over ende av ein Hødd-spelar. Alle i kvitt ropar på straffe, men domar Hansen let vere å blåse. Den der vil nok bli diskutert!
80'
Berre ti minutt att av ordinær tid å spele. Det ligg definitivt ei scoring i lufta. Men til kven?
79'
Hjørnespark
Kristiansen kjem ut og plukkar kula. Bra keeperspel.
79'
Kallevåg fyrer av igjen. Via ein FFK-spelar og til corner.
78'
Hatakka med eit håplaust tilbakespel som Flo nesten snappar. Urke kjem ut og bankar ballen langt unna.
77'
Moltu stangar unna.
76'
Risholt med dødball.
76'
Tydeleg at Mjelde går for alle tre poenga her! Også Hødd har vore angrepsvillige i denne andre omgangen.
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Beite prøvar å dra seg forbi innbytar Sansara, men mislukkast og riv i staden backen over ende.
74'
Nære på at Kapidzic får tråkla seg fri med ballen. Hødd får rydda opp.
72'
Bra forsøk av Hødd! Aasbak er tilretteleggjar igjen og serverer Beite inne i boksa. Ungguten tek med seg ballen på ei berøring og avsluttar. I nettveggen. Mange på Høddvoll jublar for det dei trur er scoring.
71'
Begge venstrebackane som starta kampen, Aasbak og Tønne, har altså fått to målgjevande pasningar kvar. Ikkje verst!
70'
Hatakka slår inn frå høgre, men Akinyemi stangar unna.
68'
Mål!
2-2
Og Hødd kjem tilbake! Aasbak slår inn til Kallevåg som står på FFK sin sekstenmeter. 23-åringen dempar ballen perfekt og avsluttar på den andre berøringa. Ballen fyk i krysset forbi ein sjanselaus Kristiansen. 2-2!
67'
Spillerbytte
67'
Kan Hødd klare å kome tilbake for andre gong i kampen? Med tap i dag ser det stygt ut med tanke på å overleve i divisjonen. I alle fall når ein veit kor svak borteforma deira er.
65'
Spillerbytte
64'
Mål!
1-2
FFK er på ny opp i leiinga! Flo får eit presist innlegg frå venstre, stig til vêrs og headar ballen i ein boge inn i det lengste hjørnet. Urke er heilt utspelt der. 1-2!
63'
Nok eit bra forsøk av Hødd! Sjølstad klemmer til frå 17-18 meter, men skotet går i ein motspelar før den hamnar rett i fanget til ein liggjande Kristiansen. Kunne fort ha blitt utspelt der, målvakta.
62'
Kallevåg snappar ballen og slår inn, men innlegget blir altfor luftig og Kristiansen plukkar lett.
61'
Oppgjeret vippar veldig fram og tilbake. Begge lag med store sjansar til å score, men hittil er det mållaust i 2. omgang.
60'
Nære på for bortelaget! Brix slår presist inn, men Kapidzic klarer ikkje å styre headinga på mål frå kort hald.
60'
Hødd får blokkert både ein og to gongar.
60'
Frispark i god posisjon for FFK.
59'
Gult kort
Er for sein i ein duell for n-te gong i dag og får eit veldig fortent gult kort.
59'
Vertane vartar opp med bra ein-touch-spel, men det avgjerande innlegget frå Hatakka blir for hardt og går forbi alle i feltet.
57'
Nok ein god Hødd-sjanse! Igjen er det Sereba som finn Shroot, men også ved dette tilfellet sender den tidlegare Stevenage-spissen ballen like utanfor mål.
56'
Kjempesjanse for Hødd! Sereba slår presist inn til ein umarkert Shroot inne i boksa, men utruleg nok klarer ikkje briten å treffe mål med headinga.
55'
Hjørnespark
Dett ned i feltet, men ingen i blått får avslutta.
55'
Magnussen får gå og gå med ballen før han avsluttar. Via ein motspelar og til corner. Godt forsøk!
54'
Akinyemi feller Shroot midt på bana. Også han slepp det gule kortet.
53'
Brix set fart og stormar mot mål, men blir takla like før han når sekstenmeteren. Kunne ha blitt farleg det.
52'
Tønne får avslutta etter ei svak klarering av Magnussen. Rett på Urke.
51'
Hatakka riv Ndiaye over ende, men slepp det gule kortet. Har lagt lista høgt i dag, domar Hansen.
50'
Keeper Kristiansen rotar veldig med eit tilbakespel og er ikkje langt unna å forære kula til Shroot. Han klarer til slutt å få klarert til kast.
48'
Mange feilpasningar frå begge lag i starten av denne omgangen.
46'
Hødd startar med ei langpasning mot Magnussen. Vingen vinn duellen, men sender berre kula til ein FFK-spelar.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er laga tilbake på bana att.
Det står 1-1 på Høddvoll etter ein artig, om ikkje velspelt, 1. omgang. FFK starta best og tok også leiinga ved Kapidzic etter ein fin stikkar av Tønne. Hødd svarte derimot umiddelbart då Wrele stanga inn ein presis corner frå Aasbak. Begge lag bør vinne, så forhåpentlegvis slepp dei seg endå meir lause etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Hjørnespark
Urke prøvar å bokse, men sender berre ballen rett ut i feltet. Der får etter kvart Ndiaye avslutta, men senegalesaren sender skotet på feil side av stolpen.
45+1'
Like før hadde Magnussen eit godt innleggsforsøk som gjekk rett over ein Hødd-spelar i feltet.
45'
Wrele med ei kynisk felling midt på bana. Er heldig som slepp det gule kortet.
45'
Ndiaye prøvar eit skot, men Hødd får blokkert.
44'
Ulrik Flo rundar enkelt Moltu og legg flatt inn i boksa, men ingen andre i kvitt rekk fram på ballen.
43'
Hjørnespark
Magnussen klarerer ved første stolpe.
43'
Ndiaye kjem i full fart inn i Hødd si boks, men Urke kjem ut og får klarert til corner.
42'
Hatakka med ein god sjanse til å slå inn, men finnen treff svakt og forsøket blir blokkert.
41'
Sereba med eit slags skot. Langt over mål.
40'
Stor sjanse for Fredrikstad! Kapidzic blir spelt fri bak Hødd sitt forsvar, men Urke kjem ut og gjer målet mindre. Målvakta reddar med ein flott manøver. Nesten 1-2 der!
37'
Kristian Brix på farta igjen i det han prøvar ei avslutning på halvspretten. Godt utanfor mål.
37'
Brix tek den kort til Wembangomo som kjem stormande. Den innleigde Sarpsborg-spelaren slår inn i boksa, men Hødd får rydda unna.
36'
Ny dødball til gjestane. Kristian Brix står klar.
34'
Hødd vinn ballen midt på bana og Sereba set i gong ei slags kontring. Det endar etter kvart med at han avsluttar høgt over målet til Kristiansen.
32'
Litt protestar frå bortelaget sine spelarar på måten målet kom på, men domar Hansen har uansett godkjent scoringa.
30'
Mål!
1-1
Kaptein Joakim Wrele stangar inn utlikninga! Corneren frå Aasbak er presis, og svenske Wrele stig til vêrs, litt hjelpt av ryggen til ein FFK-spelar, og headar ballen kontant i nota. 1-1 på Høddvoll!
29'
Ein spelar i kvitt ligg nede på kunstgraset og vi får ein stopp i spelet.
29'
Hjørnespark
28'
Nære på at Kapidzic blir spelt fri inne i Hødd si boks igjen. Denne gongen trøblar han dessverre med nedtaket og ballen fyk ut til utspel frå Urke.
28'
Ingenting å seie på at Fredrikstad har gått i føringa her. Har villa mest og også skapt det som har vore av sjansar.
25'
Mål!
0-1
FFK går i føringa! Bortelaget snappar ballen høgt i bana og Tønne sender i veg ein presis stikkar til Kapidzic. Åleine med Urke gjer dansken ingen feil og puttar ballen i mål.
24'
Tønne slår inn frå venstre. Forbi alle i Hødd si boks.
23'
Aasbak slår inn sjølv, og det er ikkje langt at heimelaget får avslutta.
22'
Aasbak blir felt og Hødd får frispark i finfin innleggsposisjon.
21'
Hjørnespark
Dett ned i feltet, men ingen får avslutta.
21'
Via muren og ut. Bortelaget beheld likevel ballen.
21'
Så er det Hødd sin Wembangomo som blir litt for heit i toppen i ein duell. Frispark i veldig god posisjon for FFK. 18 meters hald.
19'
For ein sjanse for bortelaget! Wembangomo rundar Magnussen som ei kjegle og ballen hamnar til slutt hos Flo som avsluttar høgt over mål frå veldig god posisjon.
19'
Hatakka med eit hardt innlegg frå høgre, men Magnussen treff ikkje ballen med det påfølgjande forsøket på volley.
18'
Urke blir sett under press av Kapidzic, men målvakta klarer til slutt å få takla ballen vekk.
17'
Fredrikstad har vore best det første kvarteret av oppgjeret, med ein stor sjanse å vise til. Hødd har endå ikkje klart å etablere noko eige spel.
15'
Hjørnespark
Farleg slått, men forbi alle i feltet. Vinden hjalp nok godt til der.
12'
Ndiaye snurrar rundt med Hatakka og får avslutta frå skrått hald. Utanfor målet til Urke.
12'
Westgaard med nokre enkle pasningsfeil hittil i kampen. Så langt har det ikkje enda med brot imot.
11'
B. Wembangomo prøvar å kome seg forbi Aasbak, men Hødd-backen taklar ballen unna.
10'
Shroot kjem til ei slags avslutning inne i boksa, men briten treff dårleg og ballen berre humpar inn til Kristiansen.
9'
Brukbar sjanse for Hødd. Sereba skjer innover og avsluttar over mål. Bra forsøk av den tidlegare Follo-spelaren.
7'
Bortelaget kjem på ein farleg visitt, men Flo og co får ikkje avslutta.
5'
Nesten! Brix slår inn mot bakerste stolpe, men Kapidzic headar like utanfor.
4'
Dødball til Fredrikstad i farleg posisjon for innlegg.
4'
Kallevåg prøvar å slå inn i boksa, men ballen skrur berre inn i fanget til Kristiansen.
2'
FFK pressar høgt og vinn ballen kjapt to gongar, men Hødd får rydda opp til slutt.
Avspark Start 1. omgang
Det er også veldig kjekt at ein bra bataljon av Fredrikstad-supportarar har teke turen til Høddvoll for å støtte laget sitt. Dei er representerte med 20-30 stykke, og fleire av dei har også tilbragt delar av helga i Ulsteinvik, i broderleg samhald med Blåsarane.
Blåsarane feirar med litt pyroteknikk, og dermed går brannalarmen på Høddvoll! Forhåpentlegvis startar oppgjeret når det skal likevel.
Det blir ein skikkeleg brødreduell i kampen, då Hødd sin Hugues og FFK sin Brice, begge med etternamn Wembangomo, startar i kvart sitt forsvar. Hugues er eldst og har spelt 20 av Hødd sine ligakampar i år. Brice kom på si side til Fredrikstad i august på lån frå Sarpsborg, og har fire kampar totalt. Han har også vist seg fram offensivt med to målgjevande pasningar.
Hødd og Fredrikstad har møttast 19 gongar sidan 1966, då begge laga var i den øvste divisjonen. 11-5-3 er statistikken, i favør laget frå Plankebyen. Ulsteinvik-laget har derimot hatt betre kontroll dei siste åra, og har vunne to av dei fire siste. Motsett oppgjer tidlegare denne sesongen enda med 1-0 til Fredrikstad etter eit tidleg mål av Adam Straith.
Mons Ivar Mjelde tok over Fredrikstad i august, og det har gått over all forventning. På dei fire kampane han har leia laget har den tidlegare Brann-spissen vunne tre og spelt ein uavgjort. Laget har også scora 12 mål på desse, nesten like mykje som dei scora på alle dei 19 føregåande kampane der dei putta fattige 14 scoringar. Borteforma er derimot ikkje all verda, og vi må tilbake til 19. juni for å finne sist gong dei vann vekke frå Fredrikstad.
Laget til Steinar Lein har nok eit sterkt ynskje om at laget hans skal vise seg frå ei langt betre side enn kva dei gjorde førre ligakamp. 8-3-tapet for Ullensaker/Kisa vekte merksemd i heile fotball-Noreg og var også den mest målrike kampen på dei to øvste nivåa sidan Molde sin 12-1-siger over Mandalskameratane i 2007. Hødd har vore elendige på bortebane gjennom heile sesongen, og har berre eitt (!) poeng på 11 oppgjer på framandt gras. Her på Høddvoll har det derimot gått langt betre, og laget har sigra i åtte av 12 kampar og står med fem strake trepoengarar.
Det ligg som vanleg an til ei skikkeleg thrilleravslutning på OBOS-ligaen, og for Hødd og Fredrikstad sin del handlar det berre om å unngå å rykkje ned. Heimelaget ligg på plassen over nedrykksstreken med berre to poeng meir enn Ull/Kisa. Fredrikstad har like mange poeng, 27, men langt betre målskilnad enn Hødd. Det er altså heilt nødvendig at begge lag vinn i dag, og det bør opne opp for ein spanande fotballkamp.
Hei og velkomen til livedekning av det meget viktige oppgjeret mellom Hødd og Fredrikstad, direkte frå Høddvoll!