Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Hødd vinn fortent 2-0 over Fredrikstad og tek ein meget viktig siger. Heimelaget tok leiinga kort tid før pause, og hadde eigentleg veldig bra kontroll etter dette. FFK var veldig tannlause offensivt og skapte knapt ein sjanse dei siste 45 minutta. Hødd tek dermed eit bra steg unna nedrykksstriden, medan Fredrikstad dett nokre hakk nedover på tabellen.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Nesten igjen for heimelaget! Sveen avsluttar frå distanse, men Masalin får fista kula over. Corner.
90+3'
Frispark til Hødd nede ved FFK sit eine cornerflagg. Dette endar med heimesiger.
90+2'
Veldig nære 3-0! Heimelaget slår for ein gongs skuld foran medspelarane og kjem til ein god sjanse. Diverre for dei blå sender Torset skotet utanfor.
90+1'
Innkast til dei blå. Dei klarer å ro i land dette.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
Hødd-trenar Sindre Eid er aggressiv på sidelinja og prøvar å mane spelarane sine til å drage i land dette.
89'
Bortelaget får avslutta, men forsøket blir blokkert.
89'
Hødd ser ut til å ha ein aversjon mot det å spele i rom. Gong på gong har dei hatt gode sjansar til å gjere det, men pasning på fot blir alltid føretrekt.
87'
Ingenting som tydar på at bortelaget skal kome med ein sluttspurt her.
86'
Aleesami kjem til innlegg frå venstrekanten, men diverre for bortelaget endar det berre hjå Hødd-stoppar Moltu.
85'
Innkast for heimelaget inne på FFK sin halvdel. Dei blå brukar sjølvsagt bra med tid.
83'
Bra sjanse for FFK! Eit innlegg blir sendt inn i boksa, men frå god posisjon klarer ikkje bortelaget å få avslutta på mål.
81'
Endeleg sit pasning og løp for Hødd, men då blir det vinka for offside. Den må ha vore hårfin.
79'
Hødd med fleire gode kontringssjansar, men samhandlinga sit ikkje godt nok og forsøka stoppar opp.
79'
Begge laga set innpå ein spiss.
77'
Altfor lavt slått av den tidlegare Brann-spelaren. Magnussen får heada unna.
77'
Frispark til FFK. Skal dei skape noko her? Holmvik står klar.
76'
Hødd skal gjere kampens første byte straks.
75'
Utruleg at bortelaget ikkje har gjort endringar her. Dei har ikkje fått til noko som helst framover i bana på lang, lang tid.
74'
Store rom for heimelaget å utnytte, men hittil har pasningane hit vore for unøyaktige.
73'
Lars Grorud, som var den uheldige, kjem seg til slutt på beina igjen.
72'
Hødd prøvar å setje i gong ei kontring, men domaren stoppar spelet i det ein FFK-spelar ligg nede i boksa.
71'
Holmvik slår inn frå venstre og Moltu sleivar den over eige mål. Svakt forsvarsspel. Corner.
70'
Det er framleis meir enn nok av tid for Fredrikstad å kome tilbake her, men dei får til null og niks framover i bana. Hødd har meget god kontroll i augneblinken.
69'
Disputt mellom Rafn og Magnussen. Domaren kjem til og får roa ned.
69'
Håkon Wibe Lund har fleire mann i oppvarming, og vil nok sende innpå nokre nye andlet innan få minutt.
67'
Hødd ser langt meir komfortable ut med ballen no enn dei har gjort på lang tid.
66'
Grodås overtek etter ei svak pasning.
66'
FFK kontrar.
65'
Fredrikstad er veldig tannlause offensivt og har ikkje skapt ein einaste sjanse etter pause.
64'
Veldig nære på at Sveen blir spelt åleine igjennom. Grorud gjer ein god defensiv jobb og klarer å kome før han på ballen.
62'
Bra opprulling av heimelaget. Innlegget frå Grodås blir derimot klarert til kast.
61'
Langpasning mot Shroot. Blir litt for lang for den tidlegare Stevenage-spelaren.
60'
Rafn prøvar å avslutte på volley etter ein crossar. Ufarleg for Falch.
59'
Langt meir liv i laga no. Hødd ser likevel ut til å ha bra kontroll. Fredrikstad kjem til få sjansar.
57'
Godt slått inn i boksa, men FFK får reinska unna.
57'
Aursnes står klar.
57'
Holmvik med ein dytt i ryggen på Magnussen. Frispark til heimelaget.
56'
No dukkar jammen sola opp på Høddvoll også!
55'
Mange tøffe duellar på grasmatta no.
55'
Stor jubel på Høddvoll i det speaker annonserer at Manchester United har hamna under 4-3 mot Leicester. Majoriteten av dei jublande er mest sannsynleg fans av Liverpool.
52'
Nære på for Hødd igjen! Heimelaget rullar bra opp, men ei litt for svak avslutning frå Torset sørgjar for at bortelaget kan puste letta ut.
48'
Bra forsøk for Hødd! Aursnes slår inn mot bakerste stolpe, der Törnqvist tvingar fram ei bra redning frå Masalin på ei heading.
48'
Aursnes med frispark.
47'
Farleg innlegg for gjestane. Går gjennom heile Hødd si boks utan at nokon kjem på den.
46'
1346 tilskodarar på Høddvoll i dag.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No har laga kome ut på bana igjen.
Hødd leiar 1-0 etter det som har vore ein nokså tam omgong. Regnvêret har sørgja for vanskelege forhold, og det har dermed vore lite finspel å sjå. Heimelaget gjekk i føringa i det 39. minutt, då Robin Shroot banka inn eit frispark. Vi håpar på langt meir action og mål etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Nesten for FFK! Rafn slår hardt inn foran mål, og ballen går i ein Fredrikstad-spelar på bakerste stolpe. Ballen går derimot på feil side av stolpen.
45'
Frispark til bortelaget rett ved Hødd sin sekstenmeter.
43'
Godt forsøk for Hødd! Shroot skjer innover med ballen og prøvar å curle den i det lengste hjørnet, men den skrur ikkje kjapt nok og endar utanfor.
42'
Christian Berg prøvar å spele ei lav og hard pasning inn i Hødd si boks, men ingen i kvitt og raudt kjem på ballen.
41'
Dermed er Robin Shroot, som har landskampar for Nord-Irland sine aldersbestemte landslag, oppi i åtte scoringar denne sesongen. Ein ålreit statistikk med tanke på at han har starta i 14 kampar.
39'
Shroot står klar.
38'
Dag Alexander Olsen er FFK sin toppscorar i ligaen hittil i år med sine sju scoringar. Sju er talet også i Hødd, og både Robin Shroot og langtidsskadde Andersen har netta det antalet.
35'
Olsen avsluttar via ein motspelar frå distanse, og Falch må ut i full strekk - for å forhindre corner.
33'
Magnussen får avslutta på halvvolley etter eit frispark slått frå midtbana. Ufarleg utanfor.
32'
Veldig lite givande som skjer på Høddvoll no. Kaffien og sjokoladen som blei fortært for nokre minutt sidan har vore høgdepunkta for underteikna hittil.
27'
Veldig nære på at Olsen kjem seg åleine igjennom etter ei langpasning, men til trass for at han glir klarer Hødd-stoppar Moltu å få tak i ballen.
27'
Hødd-back Ingebrigtsen har slitt valdsamt dei første 25 minutta av kampen. Sansara og Holmvik har kome seg rundt på han sin kant ved fleire høve allereie.
24'
Holmvik legg inn frå venstre, og frå god posisjon avsluttar Olsen utanfor. FFK sin nummer 10 blir også avvinka for offside.
23'
Ikkje lett å få til noko konstruktivt på bana under slike forhold. Regnet lavar ned og fleire av spelarane slit med å halde seg på beina.
21'
Mange stopp i spelet og lite framdrift her no.
20'
Magnussen med ein etterslengar på Sansara. Frispark til bortelaget.
16'
Stene kjem i fint driv framover, men får for mange Hødd-forsvarar på seg og blir stogga.
15'
Vanvittig regnvêr på Høddvoll no. Underteikna slit med å halde PC-skjermen tørr!
14'
Shroot med skotforsøk. Ufarleg utanfor.
13'
Joachim Magnussen er tilbake på bana med plasterlapp og mest sannsynleg nokre sting på panna.
13'
19-20 frå Plankehaugen har teke turen til Sunnmøre for å støtte laget sitt. I lag med Hødd sine Blåsarane skaper dei bra liv, noko dei også gjorde kveld og natt til i dag, då dei hadde eit realt supportertreff med Blåsarane i sentrum av Ulsteinvik.
9'
Stor sjanse for FFK! Haitam Aleesami får stå heilt åleine på bakerste stolpe, men skotet blir meisterleg redda av Noreg sin U21-keeper Aslak Falch. Svak markering av resten av Hødd sitt forsvar, der.
8'
Joachim Magnussen slit med eit kutt og må inn i garderoba for å få behandling.
8'
Gode takter frå heimelaget dei siste minutta.
8'
Frisparket blir teke kort til eit område det står tre spelarar i blått, men ingen av dei er er på hogget og det endar i staden med ei halvslapp avslutning.
7'
Aursnes står klar med ballen.
6'
Grodås blir felt og Hødd får frispark rett utanfor FFK sin sekstenmeter.
5'
Aursnes med kampens første avslutning. Rett på Masalin frå utanfor sekstenmeteren. Den finske målvakta har god kontroll på forsøket.
4'
Olsen med eit småskummelt innlegg frå venstre etter at Hødd-kaptein Törnqvist rotar med ei klarering.
2'
Det er skikkeleg sunnmørsvêr i Ulsteinvik, med høljregn og nordavind.
1'
Eit innlegg frå Holmvik blir heada unna av Moltu.
1'
Bortelaget går rett i strupen på Hødd frå start av.
Avspark Start 1. omgang
FFK skal spele mot venstre og Hødd mot høgre.
No kjem laga ut på bana til flaggvaiing frå bortefansen og blå bluss frå heimefansen!
Håkon Wibe Lund har også sitt å stri med på skadefronten, og Håvard Åsheim, Steffen Nystrøm, Nicolay Solberg og Simen Standerholen er alle uaktuelle på grunn av skader. I tillegg er unge Ludvig Begby vekke på landslagsoppdrag.
Heimelaget manglar fleire spelarar til dagens oppgjer. Eirik Ulland Andersen er ute for resten av sesongen, medan Erik Sandal, Benjamin Mork Kleppe og Andeas Rekdal er skadde. I tillegg er Vegard Heltne suspendert etter for mange gule kort.
Hødd har opplevd noko av klubbens storheitstid i lag med nettopp Fredrikstad. Laget frå Ulsteinvik, anført av landslagsspelar Kjetil Hasund, hadde fleire år på det øvste nivået i Noreg på 60- og 70-talet. Oppgjera mot FFK blei som regel tapt den tida, og den hittil einaste sigeren mot dei kom i 1972, då laget vann 2-1. Fredrikstad vann det motsette oppgjeret 2-1 i april, og i fjor vann dei også begge. Hødd har med andre ord ikkje historia på si side i dag.
Fredrikstad har vist seg som eit nokonlunde bra bortelag gjennom sesongen, og dei kvite og raude har vunne seks oppgjer både heime og borte. Hødd tenkjer nok også med frykt på at FFK har vunne fire av dei fem seinaste på framandt gras.
Det er faktisk på Høddvoll dei blå frå Ulsteinvik har svikta mest i år. Det elles så vanskelege fortet har i fleire kampar blitt ei leikegrind for dei tilreisande motstandarane. 18 av 30 poeng har faktisk blitt teke på bortebane, og berre tre av 12 heimekampar har enda med siger. Tre av dei fire siste har enda med tre- eller firemålstap, og i tillegg blei Hødd smadra 5-0 i den TV-sendte kampen mot Tromsø på måndag.
Kva så med Fredrikstad? Dei ligg rett nok i ein grei posisjon med tanke på kvalifiseringsplassane, men det er langt opp til Sandefjord og Tromsø på dei to øvste plassane. Samtidig lurer også Kristiansund på 7. plass, berre to poeng bak laget frå plankebyen. Også Håkon Wibe Lund sitt mannskap har behov for alle tre poenga her i dag for å befeste og eventuelt forbetre sin posisjon.
Både Hødd og Fredrikstad har hatt ein skuffande sesong, og spesielt er dette merkbart i Ulsteinvik. Etter å ha ride på ei positiv bølgje dei to siste sesongane med cupgull i 2012 og 3. plass og nesten Tippeliga-spel i fjor, samt pågåande bygging av ny stadion, var optimisma stor på Sunnmøre på starten av 2014. Men under den nye trenaren Sindre Eid har Hødd framstått som ustabile og utan eit etablert spel. Oppturane har blitt avløyst av nedturar, og laget befinn seg ikkje altfor langt unna nedrykkssona no. Dei har rett nok seks poeng meir enn Alta på øvste nedrykksplass, men når ein kjenner til forma til Hødd i år er det tydeleg at absolutt alt kan skje på dei seks siste kampane. 3 poeng på eige gras i dag hadde vore svært kjærkoment.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Fredrikstad, direkte frå Høddvoll!