TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Eit skår i gleda for Hødd er derimot at to viktige spelarar må stå over den avgjerande kampen mot Mjøndalen. Både Fredrik Aursnes (5. totalt) og Erik Sandal (3. totalt) fekk gult kort i dag, og dermed må trenar Lars Arne Nilsen komponere laget sitt utan dei.
Dette er ståda for Hødd før den siste runda: Hødd rykkar opp direkte med siger borte mot Mjøndalen og poengtap for Stabæk heime mot Bodø/Glimt. Det kan også vere nok med uavgjort for Hødd dersom Stabæk tapar ettersom Hødd har betre målskilnad. 3. plassen, som gir to heimekampar i kvalifiseringa, er også trygga med siger, og mest sannsynleg uavgjort dersom HamKam ikkje vinn stort heime mot Ranheim. Dette blir ei svært spanande serieavslutning!
Dei første 45 minutta var relativt tame, med lavt tempo og eit heimelag som ikkje ville altfor mykje. 2. omgang var derimot meir fartsfylt, og Hødd viste at dei ville vinne. Scoringane kom ved Aursnes og Ulland Andersen, og til trass for nokre store Follo-sjansar på tampen greidde Hødd å gjere jobben.
Hødd er klare for minimum kvalifisering til opprykk til Tippeligaen! Follo må på si side spele i 2. divisjon neste år. Slik er fotballen.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Gult kort
90+3'
Det enda 1-1 i Ranheim-Stabæk. Bærumslaget kan dermed gjere jobben sjølv i den siste runda neste helg.
90'
Hødd rotar i forsvar og Follo får nok ein stor sjanse! Tveter skyt over frå bra posisjon. Skal heimelaget sleppe Follo inn i kampen igjen?
89'
Der skal Follo redusere! Karoliussen slår inn, og frå kort hald headar Cordeiro utanfor.
87'
Stor, stor sjanse for Hødd! Rekdal får servert kula langs bakken på bakerste stolpe, men frå kort hald avsluttar han rett på Larsen.
86'
Spillerbytte
85'
Heimelaget har full kontroll på kampen her. Follo får trille ballen litt, men slit med å skape sjansar.
84'
Spillerbytte
83'
Store problem med nettverket på Høddvoll. Om klubben til slutt skulle rykke opp til Tippeligaen, noko som vil medføre auka inntekter, er eit solid nettverk noko det absolutt bør investerast i!
76'
Mål!
2-0
Hødd doblar leiinga! Heimelaget kontrar og Sandal trillar fri Andersen som flott plasserer ballen i det lengste hjørnet.
75'
Spillerbytte
74'
Hjørnespark
Hødd får avslutta, men ikkje på mål.
73'
Nære på igjen for Hødd! Torset slår flatt inn, og Andersen får eit skot blokkert. Corner.
73'
Lita kanonade frå heimelaget. Follo får blokkert og klarert.
72'
Aursnes med frispark. Blir heada ut til innkast.
71'
Spillerbytte
71'
Gult kort
Er for sein inn i ei takling og får eit korrekt gult kort.
71'
No hardnar det til her.
70'
Kjempesjanse for Hødd! Espen Standal blir spelt fri, men åleine med Larsen set han ballen utanfor den lengste stolpen. Der bør det stå 2-0.
70'
Litt problem med nettverket på Høddvoll no.
67'
Gult kort
65'
Spillerbytte
64'
Hjørnespark
Azemi vinn duellen i boksa, men headar over.
64'
Tveter med eit farleg innlegg. Tornqvist headar unna.
62'
Gult kort
Prøvar å ta med seg ballen med arma og får sjå det gule kortet.
61'
Og no ligg Hødd på direkte opprykk til Tippeligaen!
60'
Mål!
1-0
Hødd går i føringa på Høddvoll! Heimelaget trykkar valdsamt på, og Follo klarer ikkje å stå i mot. Fredrik Aursnes får til slutt ballen på spretten i boksa, og avsluttar på halvvolley. Ballen går via tverrleggaren og i mål.
59'
Hødd med eit trykk no.
59'
Blir slått farleg inn i boksa, og Larsen misser på mottaket. Hødd får ikkje avslutta, men beheld ballen.
58'
Hødd på ein halvhjarta overgang. Er heldige og får corner.
58'
Hjørnespark
Endar i ingenting. Hødd får innkast.
58'
Spillerbytte
58'
Hødd på ein halvhjarta overgang. Er heldige og får corner.
57'
Hjørnespark
Moltu stangar unna.
57'
Neste for bortelaget! Follo rullar bra opp, og Reier skyt via ein høddspelar og til corner.
56'
Heimelaget kontrar og Sandal speler fri Magnussen til venstre. Han øydelegg det heile med ei dårleg berøring.
55'
Brandal skal inn for Hødd.
55'
Azemi vendar kjapt opp og avsluttar høgt over.
54'
Ulland Andersen bankar frisparket over.
53'
Frispark i bra posisjon.
53'
Gult kort
Feller Sandal på veg framover.
52'
Endar med utspel frå Larsen.
51'
Aursnes med dødball midt på bana.
50'
1840 tilskodarar på Høddvoll i dag.
50'
Litt meir aggressivt heimelag no.
49'
Follo vartar opp med ei offsidefelle og rykkar ut med laget. Dermed blir det vinka for offside på ein drøss av høddspelarar.
49'
Frispark til heimelaget eit godt stykke inne på Follo sin halvdel.
46'
Azemi på lang løpetur. Endar med god skjerming frå Moltu og utspel frå Urke.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana igjen!
Det står 0-0 til pause på Høddvoll etter ein tam omgang. Heimelaget gav Follo initiativet frå start av og satsa sjølv på kontringar. Det resulterte i nokre gode sjansar til begge laga, men nervøsiteten er til å ta og føle på her. Dei fleste andre resultata har gått Hødd, men ikkje Follo sin veg. Slik det ser ut no hjelp det ikkje med Follo-siger her dersom Ullensaker/Kisa (2-0) og Vard Haugesund (1-0) vinn. Vi gler oss til ein meget spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Andersen går for skot. Utanfor.
45'
Aursnes og Andersen står klare.
45'
Magnussen blir dytta i ryggen og går i bakken. Frispark i bra innleggsposisjon for Hødd.
44'
Grodås med eit bra innlegg som sneiar luggen på Standal inne i boksa.
43'
Hjørnespark
Heimelaget får reinska unna. Follo beheld ballen.
43'
Neste for Follo! Levorstad skjer innover og avsluttar, og Urke må gjere ei god einhandsredning. Corner.
41'
Laber periode i kampen. Roleg tempo og ein del feilpasningar.
39'
Aursnes slår inn i boksa, men keeper Larsen kjem fint ut og fangar. I tillegg får han frispark etter å ha fått ein spelar i blått i kroppen.
38'
Nok eit kast frå Ingebrigtsen. Småpanikk i feltet. Endå eit innkast endar det med.
37'
Både sol og regn på Høddvoll no. Samt frispark til heimelaget.
36'
Frisparket frå Rasch går gjennom muren og like til side for mål. Grei moglegheit, det!
36'
Rasch står klar.
35'
Frispark til bortelaget i bra posisjon. 17-18 meters hald. Litt skrå vinkel.
35'
Levorstad prøvar å slå inn. Ingebrigtsen blokkerer.
34'
Gult kort
Kjem inn med strak fot i ei takling. Klart gult kort.
33'
Den første halvtimen har blitt unnagjort, og det er ein småmerkeleg kamp vi har vore vitne til her. Hødd har bestemt seg for at Follo skal få ha ballen, medan dei sjølve ligg med alle mann på eigen halvdel og satsar på kontringar.
31'
Blir slått langt opp, og Urke stig til vêrs og boksar ballen vekk.
30'
Tveter blir felt og Follo får frispark ti meter inne på Hødd sin halvdel.
29'
Blir stussa til corner, før domaren bestemmer seg for å blåse frispark mot heimelaget.
29'
Ingebrigtsen med kast for Hødd.
27'
Standal tapar den første duellen før Sandal får eit skot blokkert. Follo overtek kula.
26'
Aursnes er klar.
26'
Frispark til Hødd nede ved det høgre cornerflagget.
26'
Heimelaget ligg usedvanleg djupt her. Liten tvil om at det er ein bevisst strategi. Follo har i alle fall hatt initiativet så langt i kampen.
24'
Follo trillar ball.
22'
Stolpeskot! Heimelaget kontrar, og Standal dreg seg fri og avsluttar - rett i stolpen. Utruleg nære for dei blå, der!
21'
Hjørnespark
Urke boksar unna igjen.
21'
Småskummelt Follo-innsvingar. Urke får fista til corner, via ein medspelar.
20'
Hjørnespark
Trippelsjanse for Hødd! Heimelaget kjem til fleire avslutningar, to av dei ved Sandal, men alle blir blokkert før ballen til slutt går over mål.
19'
Magnussen med farleg innlegg frå høgre. Endar i corner.
19'
Stor jubel på Høddvoll når speaker opplysar at Ranheim har teke leiinga mot Stabæk!
17'
Stor sjanse for Follo! Bortelaget trillar ball, og Pedersen blir spelt fri til venstre. Han prøvar eit skot, men sender det like utanfor.
17'
Fitim Azemi blir spelt igjennom, men Urke kjem kjapt ut og fangar ballen. Bra keeperspel.
16'
Som endar med at Follo får tak i kula, samt får frispark. Heimelaget har vore svake på overgangane hittil.
15'
Hjørnespark
Endar i Hødd-kontring.
15'
Robin Rasch sender i veg eit nokså slapt langskot som Urke bør ha god kontroll på, men keeperen gir ein uventa retur og ballen dett rett ut i boksa. Heldigvis for han får heimelaget klarert.
14'
Reier med innkast.
13'
Sandal og Ulland Andersen prøvar ein vegg, men pasninga frå førstnemnde blir for unøyaktig og Follo får innkast.
11'
Hødd ligg med alle 11 på eigen halvdel når Follo har ballen. Bortelaget har hatt ballen klart mest innleiingsvis.
11'
Standal kjem seg laus bak Follo-forsvaret igjen, men denne gongen misser han ballen, før han lagar frispark imot.
9'
Reier prøvar å drage seg framover mot Hødd si boks med ballen, men Ingebrigtsen gjer ein god defensiv jobb og stoppar ballen.
7'
Stor sjanse for Hødd! Standal jagar i bakrom, og keeper Larsen kjem ut for å avverga. I staden endar keeperen opp med å feilberekne, og Hødd-spissen kan avslutte på ope mål frå langt og veldig skrått hald. Kula trillar i nettveggen.
7'
Bortelaget sine spelarar finn kvarandre veldig lett på grasmatta her. Dei blå spring mykje i mellom i augneblinken.
6'
Follo kjem til heading inne i boksa, men det er veldig lite kraft i avleveringa, og Urke plukkar lett.
5'
Bortelaget har kome klart best i gong her.
3'
Hjørnespark
Urke boksar ut i returromet, før ein Follo-spelar avsluttar utanfor. Brukbar sjanse, det.
3'
Går over næraste Follo-forsvarar og dett ned i boksa. Diverre for dei blå går den utover sidelinja.
2'
Innkast til heimelaget.
1'
Follo tek avspark. Hødd snappar kula kjapt.
Avspark Start 1. omgang
No står begge laga klare på matta!
No blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' spelt over speakeranlegget her på Høddvoll. Vi er 10 minutt unna kampstart!
Her i Ulsteinvik er det brukbare forhold for ballsparking. Det er 10-11 grader, overskya, men også litt vind.
Dagens hovuddomar er Kim Rune Borgersen. Han blir assistert av Runar Langseth og Tom Kenneth Sandvold.
No marsjerer alle Hødd sine aldersbestemte lag ut foran hovudtribuna på Høddvoll. Det gror godt også i dei yngre rekkjene i Ulsteinvik.
Hødd og Follo har møttest sju gongar før, og dagens heimelag har faktisk aldri gått sigrande av bana. 4-3-0 er statistikken. Follo har vunne både 4-1 og 4-2 på Høddvoll. Oppgjeret mellom laga tidlegare i sesongen enda med 2-2 på Ski stadion etter at Hødd leia 2-0 til pause etter mål av Moltu og Magnussen. Follo kom derimot sterkt tilbake, og i det 89. minutt utlikna Azemi etter at Markegård først reduserte. Ulsteinvik-laget blei også redusert til 10 mann etter at Bendik Torset blei utvist i det 74. minutt.
Medan Hødd si form har vore dalande dei siste kampane, har Follo opplevd det motsette. Dei fleste trudde klubben var på full fart ned i 2. divisjon, men tre strake sigrar har gitt fornya håp i Akershus-klubben. Dei lyseblå har i tur og orden slått Kongsvinger (2-1), Elverum (5-0) og Strømmen (3-0).
Hans Erik Eriksen har også endra litt på laget sitt. Jens Kristian Skogmo er ute, medan Benjamin Dahl Hagen har kome inn.
Då er begge laga ute. Hødd-trenar Lars Arne Nilsen gjer ei endring sidan sist. Joachim Magnussen har fått rista av seg skada og startar i staden for Andreas Rekdal. I tillegg har Victor Grodås fått fornya tillit på venstrebacken, sjølv om Ruben-Kenneth Brandal har sona ferdig karantena si. På keeperplass finn vi også Jan Lennart Urke, som vaktar buret resten av året etter Andreas Lie si skade.
Hødd har, etter ei veldig bra perioda, fått ein liten formdupp no. Etter fire sigrar på fem kampar har dei no spelt to utan tre poeng. Mest skuffande av dei var kanskje heimekampen mot Kristiansund, der Hødd skusla vekk mange store sjansar og berre enda opp med 1-1. Den påfølgjande kampen, borte mot Bryne, gjekk endå dårlegare, og nok ein gong førde ineffektivitet til at det gjekk dårleg. Laget frå Jæren vann til slutt 3-1.
For Follo er berre siger godt nok i dag. Hans-Erik Eriksen sine spelarar MÅ ha tre poeng i dag for å ha mogleheit for å unngå spel i 2. divisjon i 2014. Laget ligg på nestsiste plass, fire poeng bak Vard Haugesund, Kongsvinger og Ullensaker/Kisa. I den siste kampen skal Follo ut mot Sandefjord på heimebane. Dei tre andre laga framføre Follo på tabellen skal alle ut i tøffe oppgjer i dag, så dei lyseblå har ein gyllen moglegheit no.
Hødd jaktar opprykk, og med Stabæk sin kollpaps dei siste oppgjera er også direkte opprykk absolutt innan rekkjevidde. Blåtrøyene befinn seg tre poeng bak laget frå Bærum, men med ein klart betre målskilnad (ti plussmål mot Stabæk sine fem). Samtidig som Hødd møter Follo skal Stabæk ut i ein meget tøff bortematch mot Ranheim, så rollene kan vere snudd om før den aller siste runda, der Mjøndalen-Hødd og Stabæk-Bodø/Glimt går av stabelen. I tillegg må ein ikkje gløyme at også HamKam lurar bak Hødd, med same poengsum, men eitt fattig plussmål mindre. Dette blir ei ulideleg spanande avslutning!
Både Hødd og Follo har alt å spele for i dag, og eit betre utgangspunkt for ein fotballkamp enn det finst ikkje. Derimot er utfordringane til dei to laga av ein totalt ulik karakter.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Follo. Det er klart for årets viktigaste kamp for Høddvoll!