Referat
Kun høydepunkter
Avslutningar: 8-8. På mål: 3-4.
Heimelaget frå Ulsteinvik tek dermed sin første siger på fem kampar, medan Follo no har to tap på rad. Det skiljar likevel berre ni poeng frå direkte opprykk til nedrykk, så ting er framleis vidope i 1. divisjon!
Dette var ein kamp som kunne ha enda på ulikt vis. Hødd gjekk opp i både 1-0 og 2-0 i 1. omgang, men det var stort sett Follo som hadde ballen og initiativet gjennom kampen. Dei klarde også å redusere like før pause, men til trass for fleire gode sjansar etter kvilen klarde dei ikkje å kome à jour. Også heimelaget hadde sine moglegheiter, men oppoffrande Follo-spelarar kom støtt i vegen.
Hødd vinn 2-1 over Follo etter ein svært underhaldande og spanande kamp! Laget frå Ulsteinvik avanserer dermed til 2. plass på tabellen.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+3'
Rekk gjestane endå ein sjanse?
90+3'
Dalseth prøvar seg på eit slags innlegg, men det endar i nettveggen.
90+2'
Follo med ballen no.
90+2'
Keeper Falch med utspel. Han brukar sjølvsagt bra med tid på det.
90+1'
Nesten for Hødd! Aasbak slår ein frispark inn i boksa, men på bakerste stolpe kjem Magnussen litt for seint og rekk berre å avslutte bak mål.
90+1'
Mimimum tre minutt tilleggstid på Høddvoll.
90'
Kjempesjanse til Follo! Akinyemi får på finurleg vis lurt med seg ballen inn i Hødd si boks, men åleine med Falch er han under hardt press og i ubalanse og klarer ikkje å få avslutninga på mål.
88'
Nære på for Hødd! Myklebust blir spelt fri inne i boksa, og berre eit fantastisk blokkering frå Memishi hindrar mål. Hødd må i staden nøye seg med ein corner.
87'
Heimepublikummet er definitivt nervøse her.
85'
Nære på igjen for gjestane. Aasbak med ei forløysande klarering for Hødd.
84'
Fredrik Levorstad skal straks inn for bortelaget.
84'
Ruud Tveter prøvar seg på eit langskot. Rett på Falch som boksar unna.
82'
Ulland Anderser skjer innover mot midten av Follo sin sekstenmeter og avsluttar over - via ein motspelar. Corner.
81'
Ti minutt igjen av ordinær tid å spele på Høddvoll. Eg lovde fleire scoringar etter pause, men vi har endå til gode å få sjå det, trass i fleire gode sjansar til begge lag.
80'
Dobbeltforsøk for Hødd. Først blir ei avslutning frå Myklebust blokkert, før Ingebrigtsen sender returen høgt over mål.
79'
Innlegg frå gjestane. Rett i fanget til Falch.
78'
Framleis ingenting som tydar på at Follo-trenar Eriksen skal gjere nokon endringar på sitt lag.
78'
Heimelaget kjem på ein overgang, men skotet frå Myklebust blir blokkert.
76'
Sjølvsagt veldig spanande på Høddvoll i augneblinken. Begge lag med gode scoringssjansar.
75'
Innbytar Magnussen prøvar seg i motsett ende. Vender seg fri og prøvar å plassere ballen i motsett hjørne. Endar utanfor.
74'
Stor sjanse for Follo! Vestvatn gjer som han vil og driblar seg fri inne i heimelaget si boks. Han prøvar eit skot i det lengste hjørnet men forsøket går like utanfor.
73'
Ulland Andersen og Aasbak kombinerer seg på utsøkt vis inn i Follo si boks, men klarer til slutt ikkje å kome til avslutning. Kunne ha blitt vakkert!
71'
Nære på at Sveen får tråkla med seg ballen inn mot mål. Endar med corner.
70'
Rasch slår hardt og lågt inn foran mål, men ingen rekk fram på den. Smart tenkt av Follo sin nr 9, men diverre fyl ingen av lagkompisane opp.
69'
Frispark til Follo i bra posisjon. 6-7 meter frå hjørnet av Hødd sin 16-meter.
68'
Sveen kjem til skot frå bra posisjon, men Rasheed reddar nokså greitt.
68'
Memishi går i bakken inne i Hødd sin sekstenmeter, men blir vinka opp av domaren.
66'
Joachim Magnussen får instruksjonar på sidelinja og skal straks inn for Hødd.
65'
Bra kombinasjonar av bortelaget. Innlegget frå Bwamy går derimot rett i fanget til Falch.
63'
Litt meir Hødd no.
63'
Etter ein flott 1. omgang av offensive Skogmo har heimelaget fått litt meir kontroll på han etter kvilen.
62'
Hødd kontrar men Kallevåg blir avvinka. Pasninga frå Ulland Andersen må kome langt tidlegare der.
61'
Aasbak får lagt inn frå venstre, men Kallevåg klarer ikkje å setje avslutninga på mål. Utspel frå Rasheed.
58'
Vertane har hatt fleire gode kontringsmoglegheiter, men for få mann blir med framover og Follo rekk å kome i balanse gong på gong.
56'
Sveen meg ei stygg takling på ein motspelar. Er heldig som slepp det gule kortet der, den tidlegare HamKam-spelaren.
54'
Bra sjanse for Hødd! Heimelaget kombinerer bra på høgresida og ballen blir slått femogførti grader inn i boksa. Der kjem ein spelar i blått springane, men han treff ikkje ballen reint og gjestane får ordna opp.
52'
Hødd er veldig baktunge no. Lengje sidan dei har hatt ein spelar mot motsett banehalvdel.
51'
Bortelaget er mest aggressive i starten her, og trenar Hans-Erik Eriksen verkar fornøgd med det han ser av spelarane sine.
51'
1919 tilskodarar på Høddvoll i dag. 1919 er også skipingsdatoen til Hødd!
48'
Grei sjanse for Follo! Bwamy skjer innover frå høgre og avsluttar med venstrefoten. Falch reagerer derimot raskt og boksar unna skotet.
48'
Ulland Andersen jagar eit tilbakespel og Rasheed må reagre kjapt for å avverge situasjonen.
46'
Vertane med avsparket.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er alle spelarane ute på kunstgrasmatta igjen.
Hødd leiar 2-1 over Follo etter det som har vore ein artig kamp på Høddvoll så langt. Begge laga har vore angrepsvillige og teke sjansane som har bydd seg. Sveen og Aasbak ordna 2-0 for Hødd før Bwamy reduserte for Follo like før pause. Eg blir svært overraska om det ikkje kjem fleire mål i denne kampen!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
44'
Follo reduserer på ei flott kontring! Heimelaget får først stoppa ei framoverretta pasning, men gjestane fyl opp og Akinyemi blir spelt fri til venstre. Hødd-spelar Torset misser markeringa si inne i boksa og Bwamy får dermed ein grei jobb med å avslutte i mål når tversoverpasninga frå Akinyemi kjem. Ny spaning i kampen!
44'
Ingebrigtsen med eit småskummelt innlegg frå høgre. Follo får rydda unna.
43'
Bwamy skjer innover med ballen med det påfølgjande skotet blir blokkert. Brukar for lang tid, der.
42'
Follo held fram med å trille, men klarer ikkje å skape sjansar mot eit kompakt Hødd-forsvar.
42'
Målet var for øvrig Christoffer Aasbak sitt første for Hødd etter at han kom frå Byåsen før denne sesongen.
38'
36'
Nok ein gong kjem Skogmo til innlegg frå sin høgrebackposisjon. Sveen klarerer til corner.
35'
Skummelt innlegg frå høgresida til gjestane. Ballen går like forbi Ruud Tveter inne i boksa.
34'
Frispark til Folloe på Hødd sin halvdel. Blir teke kort.
34'
Ingebrigtsen slår inn frå høgre, men bortelaget får klarert.
31'
Lite skotvilje blant bortelaget sin spelarar hittil. Dei skjer støtt innover i bana med ballen, men går alltid for pasning i staden for å prøve lukka sjølv. Det kan bli litt for forutsigbart.
29'
Skogmo kjem seg nok ein gong fint fram på høgresida. Det er dårleg kommunikasjon mellom Moltu og Falch, så førstnemnde må gi til corner.
27'
Bwamy blir forsøkt spelt fri i bakrom. Kula endar i staden opp i hanskane til Falch.
26'
Ei svak klarering av Moltu sørgjar for at Akinyemi får avslutta frå grei posisjon. Ballen går via nokre spelarar og Falch får ein enkel jobb med å halde den.
25'
Bortelaget kjem på ei kontring, men Moltu og co får rydda opp.
23'
Heimelaget får ballen i mål, men assistentdomaren er raskt oppe med flagget og signaliserer for offside. Myklebust med eit fantastisk dribleraid i forkant av Kallevåg si avslutning.
21'
Aasbak med eit hardt innlegg frå venstre. Rasheed er fint ute og fangar.
21'
Vertane pressar på etter innkast og ein åleineståande Törnqvist får lagt inn foran mål frå kort hald. Ballen går derimot berre i beina på stopparkollega Moltu og inn til Rasheed.
19'
Gjestane gjer mykje bra med ballen, men hittil har det stoppa opp ved Hødd sin sekstenmeter ved alle tilfella.
17'
Nære på at Myklebust blir spelt åleine igjennom. Rasheed kjem raskt ut og fangar ballen foran beina på den tidlegare Lillestrøm-vingen.
17'
Målet var for øvrig Sveen sitt andre på like mange kampar. Han scora også seint i 1-1-oppgjeret mot Sogndal førre laurdag.
16'
Den scoringa kom ut av nesten ingenting. Follo har hatt mest initiativ i oppgjeret hittil og såg eigentleg ut til å ha avverga Hødd-kontringa før Sveen så fekk tak i ballen.
13'
Skogmo rundlurar oppassaren sin og prøvar eit hardt innlegg. Det endar i nettveggen.
11'
Som venta har bortelaget hatt ballen mykje dei første minutta.
10'
Nære på at Ulland Andersen når ei langpasning bak Follo-forsvaret.
10'
Også her får gjestane rydda unna. Hødd må starte på nytt.
9'
Bortelaget får stanga unna til corner.
9'
Aasbak skal slå inn frå grei posisjon.
8'
Hødd sin høgreback Ingebrigtsen er på eit lite dribleraid og skaffar laget sitt frispark.
8'
Mykje stillingskrig dei første minutta. Ingenting som har likna på ein sjanse endå.
7'
For Follo er Misim Memisi og Christian Bwamy nye i startoppstillinga sidan det fæle 4-1-tapet heime for Bryne førre kamp.
6'
Hødd bryt fint ved Kallevåg, men Follo-spelarane er disiplinerte og kjem seg raskt nok tilbake.
4'
Sindre Eid gjer for øvrig tre endringar på laget som klarde 1-1 mot Sogndal. Aslak Falch har sone ferdig etter å ha blitt utvist mot Sandnes Ulf og erstattar Ole Monrad Alme i buret. Elles er viktige Fredrik Aursnes suspendert. Bendik Torset har kome inn for han. Aller fremst har også Michael Karlsen blitt teke vekk til fordel for Torbjørn Kallevåg.
1'
Follo sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Hødd sin midtstoppar Steffen Moltu får ei merksemd for å ha passert 200 kampar for klubben.
I Ulsteinvik er det, som mange andre plassar i landet, fin temperatur og optimale speleforhold.
Rohit Saggi er kveldens hovuddomar. Han blir assistert av Runar Langseth og Mads Hagerup-Lyngvær.
Vi ventar no på at dei to laga skal entre kunstgrasmatta.
Kveldens to motstandarar har møttest åtte gongar i 1. divisjon sidan 2005. Klubben frå Akershus har vore klart best her og vunne fire mot Hødd sin eine siger. Tre har enda uavgjort. Hødd sin trepoengar kom derimot i det siste møtet mellom laga, då dei vann 2-0 her på Høddvoll i 2013. Follo vann i Ulsteinvik både i 2005 og 2009.
5-4-5 på dei 14 første oppgjera tyder også på at Follo er veldig ustabile, og i skrivande stund ligg dei på 9. plass på tabellen, seks plassar bak dagens motstandar. 1-2-3 er fasisten på dei seks seinaste kampane deira, noko som tyder at forma ikkje er all verda.
Det er to lag som i utgangspunktet likar å spele ambisiøs fotball som møtest i Ulsteinvik i dag. Hødd har vist seg fram ved fleire høve og blant anna slått opprykksfavoritten Brann 3-0 her på Høddvoll. Mannskapet til Sindre Eid har derimot vore for ustabile, og spesielt i det siste har det vore tungt for høddsupportarane. Dei er utan siger på dei fire siste oppgjera, men klarde likevel å få ein liten opptur etter tre strake tap ved å klare ei sein utlikning borte mot serieleiar Sogdal. 3-2-2 er tala her på Høddvoll, og dei står også med to strake tap her.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande 1. divisjons-oppgjeret mellom Hødd og Follo, direkte frå Høddvoll!