Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. På gjensyn!
Avslutningar: 20-6. På mål: 9-4.
Florø framstod på si side ikkje som eit 1. divisjonslag i dag, og dei skapte knapt ein sjanse verdt å nemne. No gjeld det for Terje Rognsø å riste av seg denne kampen og fokusere på seriespelet. Dei kan i alle fall ikkje halde fram slik om dei skal spelte på det nivået også i 2019.
Hødd slår Florø 1-0 etter mål i siste minutt av andre ekstraomgang! Det var eit vanvittig drama vi blei vitne til på Høddvoll i dag, og slike augneblinkar klarer nok aldri produsentane av 'Heimebane' å gjenskape. Ulsteinvikarane pressa og pressa og skapte ein drøss med store sjansar kampen igjennom, men dei makta rett og slett ikkje å få ballen i mål før Rise stilte inn siktet like før straffesparkkonkurransen tok til. Eit fullt fortent avansement.
Kamp slutt Slutt (1-0)
120'
No må Florø fram med ein gong!
119'
Rise slår ballen mot mål, men Storevik får boksa vekk.
119'
Nytt frispark til Hødd. I veldig god innleggsposisjon ved kanten av sekstenmeteren.
119'
Rise og Hødd kontrar, men innbytaren blir for egoistisk og rotar vekk ballen i staden for å sentre til ein medspelar.
118'
Storevik plukkar, men ein spelar i blått blir uansett avvinka for offside.
117'
Nytt frispark til Hødd. Skal bli slått inn i boksa frå midtstreken.
116'
Rise skyt rett på Storevik. Uvanleg svak dødball frå ungguten.
115'
Frispark til Hødd i god posisjon. Rise og Breimyr står klare.
113'
Osvold spring over halve bana med ballen, men maktar ikkje å få ballen inn i feltet.
112'
Heimelaget kontrar, men ein svært sliten Hagen sender innlegget utover sidelinja.
111'
Rise med mange sjansar til å spele igjennom andre, men litt for ofte vel Hødd sin nummer 10 å prøve å vere elgant i staden for effektiv.
110'
Saunes med eit skummelt innlegg som går forbi alle i feltet. Innkast til Hødd på andre sida.
107'
Rise skal kaste langt for heimelaget.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (0-0)
Første ekstraomgang over. Vanvittig at det ikkje har blitt Hødd-scoring her. Har mistbrukt sjanse på sjanse, blåtrøyene. Skal Florø stele dette heilt på tampen?
Pause Pause ekstraomganger (0-0)
105+1'
Rise med langt innkast for Hødd. Blir stanga unna ved første stolpe.
105+1'
Florø-keeperen blir liggjande etter duellen med Rise. Har utan tvil vore Florø sin beste spelar denne kampen, Jacob Storevik!
105'
Dobbeltsjanse for Hødd! Storevik reddar flott eit skot frå Hagen, men må gje retur. På den kjem Rise, men nok ein gong reddar målvakta.
104'
Det er framleis heimelaget som vil mest her. Florø klarer rett og slett ikkje å skape sjansar.
104'
Hødd vinn ballen høgt i bana og Hagen avanserer mot boksa. Avslutninga sender han over mål. Brukbar sjanse, det!
102'
Skummelt innlegg frå innbytar Callaku. Moltu stangar unna.
101'
Solheim-Olsen blir spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside. Like greitt, for avslutninga hans gjekk utanfor mål.
101'
Bortelaget med frispark. Blir lempa inn i boksa, men Alme kjem ut og plukkar utan altfor mykje problem.
97'
Ein Florø-spelar går i bakken i eiga boks, og bortelaget får frispark. Rett og slett feil avgjersle av domar Lystad.
97'
Mange trøytte bein utpå bana her, sjølvsagt. 'Rolig!' brølar Hødd-trenar Eid i det laget hans har gitt vekk ei tilsynelatande enkel pasning.
96'
Naustdal slår inn, men Alme plukkar greitt.
95'
Tøff duell mellom Moltu og Rotihaug. Sistnemnde får frispark.
94'
Marius Hagen site nede for Hødd. Har sprunge nokre kilometer for Hødd i dag. Forhåpentlegvis kjem han seg på beina att.
93'
Skot frå distanse frå gjestane. Rett på Alme.
92'
Så blir Rotihaug liggjande på matta.
91'
Rotihaug går i offside for bortelaget. Hødd stressar ikkje så mykje med å kome i gong med spelet no.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (0-0)
Det er klart for 30 nye minutt med fotball på Høddvoll. Rett og slett utruleg at ikkje Hødd har avgjort dette for lengje sidan. Dei har skapt ein haug med store sjansar, men ikkje klart å få kula i mål. No spørs det kven som satsar mest her.
Pause Etter ordinær tid (0-0)
90+3'
Det bølgjer fram og tilbake her på Høddvoll. For ei spenning!
90+2'
Nesten for bortelaget! Ballen går inn i feltet, og det er like før ballen blir styrt i mål.
90+2'
Bortelaget prøvar ei kontring, men det endar utan noko av farlegheiter.
90'
Ny stor sjanse for Hødd! Breimyr slår inn, men Storevik reddar meisterleg headinga frå Moltu.
90'
Frispark for Hødd midt på bana.
89'
Rise blir spelt fri av Hagen, men blir avvinka for offside. Hårfint.
88'
Det einaste bortelaget ser ut til å ha å kome med er nokre svært svake innlegg. Rett og slett vanskeleg å sjå at dei speler i divisjonen over Hødd etter kva laga har prestert i dette oppgjeret.
85'
For ein sjanse for Hødd! Heimelaget kontrar og plutseleg har Osvold spelt fri Hagen inne i boksa. Midtbanespelaren prøver å plassere ballen i det lengste hjørnet, men ballen skrur like utanfor. Der bør han score!
83'
Bortelaget med eit sjeldan innlegg. Rett i fanget til Alme.
82'
Solheim-Olsen jaktar langpasning i bakrom. Alme kjem raskt ut og plukkar. Har ikkje blitt testa skikkeleg hittil, Hødd sin unge keeper.
81'
Peter Aase med kampens svakaste avslutning. 20 meter utanfor på halvolley. 'Du ekje noke go' syng Blåsarane.
79'
Saunes med eit innlegg som går via ein motspelar og til corner.
78'
Bra trøkk frå heimefansen Blåsarane også no!
76'
Lite plan over det Florø driv med offensivt.
75'
Så er det plutseleg langt meir liv i ulsteinvikarane igjen.
74'
Nære på at Naglestad får sentra igjennom til Rise. Florø får klarert.
72'
Med Rise inn på bana får Hødd no ein svært god dødballfot inn.
71'
Så er det den andre vingbacken som slit på Hødd. Sundgot har fått seg ein smell og ruslar av bana.
69'
Bendik Rise skal straks innpå for vertane.
69'
Dette kan gå begge vegar. To jamne lag utpå bana no.
68'
Naglestad går tøft inn i Storevik etter at målvakta har fanga ballen. Unødvendig av spissen, som nok er heldig som slepp det gule kortet.
67'
Florø set fart og Cone får avslutta i Hødd sin sekstenmeter. Svakt skot frå innbytaren som Alme enkelt reddar.
66'
Brukbar sjanse for Hødd! Hagen kjem seg inn i boksa med ballen, men forsøket går via keeper og utanfor. Corner.
64'
Langt mellom moglegheitene på Høddvoll no.
62'
Så er det Solheim-Olsen som blir flagga av for offside.
61'
Naglestad blir spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside.
60'
Litt av futten ser ut til å ha gått ut av Hødd no. Florø er meir med i kampen.
59'
Reksten med langskot. Endar mykje til side for målet til Alme.
57'
Mange tøffer duellar på kunstgraset på Høddvoll no.
56'
Det ser ut som om heimelaget må gjere eit innbyte.
56'
Naglestad avsluttar ufarleg over mål.
56'
Frispark til Hødd.
53'
Eid med innlegg frå høgre. Osvold når nesten fram på det.
51'
Hødd held fram på same vis som før pause. Svært angrepsvillige og farlege på dødballar og innlegg.
46'
Stor sjanse for Hødd! Saunes får ballen i returromet etter eit langt innkast og ungguten bankar til. Forsøket blir bra stoppa av Storevik.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er klare igjen på bana no!
Det står 0-0 til pause på Høddvoll, men det er heimelaget Hødd som har vore det klart beste laget. Heile tre avslutningar har enda i metallet, så det er heilt utruleg at vi ikkje har fått sjå mål her. Om Florø skal makte å ta seg vidare her må dei heve seg fleire hakk, for det dei leverte dei første 45 minutta var langt frå godt nok. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Hødd med to innlegg i løpet av kort tid. Begge blir klarerte av gjestane.
44'
Heimelaget kontrar, men Hagen blir for ubesluttsom og misser ballen lett.
43'
Domar Lystad nøyer seg med å gje tilsnakk til begge to.
42'
Osvold kjem for seint inn i ei takling på Reksten, og sistnemnde svarar med å knipe Osvold i nakken.
40'
Kastet frå Eid dett ned i feltet, men ingen i blått kjem først på det.
39'
Nesten for Hødd! Hagen slår eit godt innlegg i boksa, og det er ikkje langt unna at ein Florø-spelar stussar kula i eige mål.
38'
Bra opprulling av Hødd, men det avgjerande skotet frå Naglestad blir altfor svakt og går høgt over mål.
37'
Heimelaget med forsøk frå distanse. Rett i Storevik sitt fang.
34'
Veldig nære på at Saunes blir spelt fri inne i boksa. Ballen går derimot heilt inn til keeper Storevik.
27'
Florø strevar verkeleg offensivt. Dårleg samhandling og preg av spelarar med lite tru på seg sjølve.
26'
Eit par småskumle Florø-innlegg på rappen. Hødd får rydda opp i første omgang.
24'
Nytt innlegg frå Eid. Gjermundstad får klarert.
23'
Ny brukbar sjanse for Hødd. Nysigneringa Markus Naglestad skur ballen like over mål. Endar på nettaket. Har fortid i lag som HamKam, Sandefjord og New York City, spissen.
21'
Heimelaget held fram med å trykke på offensivt. Florø har meir enn nok med å klare å stå imot.
19'
Eid og Husa i ein liten disputt etter at førstnemnde nærast har lagt seg på ballen.
18'
Florø får klarert kastet, men berre ut til Saunes som avsluttar utanfor frå brukbar posisjon.
17'
Daniel Eid, son av trenar Sindre Eid, med innkast for Hødd.
17'
Så er det Naglestad som bankar til i motsett ende. Rett i Stefan Aase.
16'
Ndour avsluttar via ein motspelar og på mål. Enkelt for Alme å halde det forsøket.
15'
Florø har hatt store problem defensivt, noko som og nemnde før avspark. 11 baklengsmål på dei tre siste seriekampane seier sitt. Heller ikkje framover i bana har dei bydd på noko.
15'
For ein start på kampen av Hødd. Tre store sjansar, og alle har enda i metallet! Vanvittig at dei blå ikkje har scora mål her.
10'
Naglestad slår dødballen inn i boksa, men treff dårleg og ballen humpar inn til keeper Storevik.
9'
Stefan Aase feller Saunes og Hødd får frispark.
9'
Heimelaget har opna kampen veldig friskt, og det utan trenar Helana Mikkelsen på benken!
6'
Stor sjanse til Hødd! Vertane flyttar opp laget på eit langt innkast, og til slutt får Wrele avslutta frå distanse. Skotet går i stolpen og ut.
6'
Sundgot på farta igjen. Kjem seg inn i boksa med ballen, men innlegget blir blokkert.
5'
Så kjem det innlegg frå Hødd sin venstrekant. Godt forsøk, men forbi alle.
4'
Daniel Eid med eit veldig godt innlegg inn i Florø si boks. Ein av heimelaget sine spissar klarer derimot ikkje å få stokka beina raskt nok og ein potensielt stor sjanse uteblir.
2'
Ballen endar til slutt inne i boksa. Breimyr beina den vekk.
1'
Bortelaget med innkast.
Avspark Start 1. omgang
Dagens to motstandarar møttest i cupen også i 2014, og då blei Hødd regelrett smadra. Florø gav seg ikkje før det stod 5-1 på resultattavla.
Begge laga er ferdige med å helse på kvarandre, og vi er få straksar unna avspark.
Florø har imponert mange dei siste åra og 8. plass i OBOS-ligaen i 2017 var eit meget sterkt resultat for det nyopprykka laget. 2018 har derimot starta svakare, og laget ligg på 11. plass etter fire poeng på dei fem første kampane. Dei står med tre strake tap og grusomme 2-11 i målskilnad. Dermed er nok lysta på ein opptur i cupen stor. 1. runde baud derimot på store problem, og laget måtte ha ekstraomgangar for å slå Fjøra. 2-2 var resultatet etter ordinær tid.
Mange i Ulsteinvik drøymer nok også om at Hødd skal gjenta det dei klarde i 2012, då dei slo Tromsø i NM-finalen på straffespark og til slutt kunne løfte pokalen til vêrs. Det andre hinderet på vegen til å klare det blir altså Florø.
Heimelaget Hødd er nede i 2. divisjon etter fleire sesongar på det nest øvste nivået. Nedrykket kom i siste serierunde i 2016, og i fjor var dei aldri nære å kome seg opp på direkten. 2018 har heller ikkje starta på optimalt vis, med fire poeng på dei tre første kampane. Ulsteinvikarane overbeviste heller ikkje resultatmessig mot Volda i 1. runde, men 1-0 var nok til å ta seg vidare.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Florø, direkte frå Høddvoll. Det er klart for 2. runde av NM og det som forhåpentlegvis blir ein spanande kamp!