Referat
Kun høydepunkter
Hødd vinn fullt fortent 4-1 over Elverum og legg dermed press på Stabæk om den andre plassen som gir direkte opprykk. Det blir ei thrilleravslutning i toppen av Adeccoligaen. I botnen har det i dag derimot blitt klart at Elverum blir å finne på nivå tre neste år. Men med fleire lovande unge spelarar i rekkjene skal vi ikkje sjå vekk i frå at dei vil dukka opp ved seinare høve også. Takk for fylgjet, og ha ein fin fotballkveld vidare!
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+4'
Dobbeltsjanse for heimelaget! Både Moltu og Ertsås får avslutta, men ingen av forsøka går i mål.
90+4'
Aursnes med frispark. Skal det bli fem?
90+3'
Elverum skal ha honnør for at dei ikkje har gitt opp å kjempe her, sjølv om tapet og nedrykket allereie er ein realitet.
90+2'
Aursnes slår inn og heimelaget vinn den første duellen, før domar Toppe bles for frispark mot dei blå.
90+1'
Aursnes med frispark nokre meter inne på bortelaget sin halvdel.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
Aursnes kjem seg fri i mellomromet og prøvar eit skot, men han får lite kraft i det og Sandbuløkken har ein enkel jobb med å halde det.
88'
Brekke blir liggjande etter å ha fått ein olboge i ryggen i trekket før.
88'
Elverum kontrar og Rexhaj slår flatt inn i boksa. Hødd får renska unna.
88'
Lite kreativ som skjer her no. Heimelaget er sjølvsagt nøgde med ting slik dei står.
86'
Dei to mest målrike kampane Hødd har spelt hittil i år er for øvrig to 3-2-tap mot Fredrikstad og Ranheim.
85'
Aursnes prøvar å finne Tepuric utanfor boksa, men den unge hareidsdølen er altfor hard på foten og sender ballen rett inn til Elverum-målmannen i staden.
80'
Hødd kontrar ved Ertsås. Han skjer innover og avsluttar, men skotet går rett på Sandbuløkken.
79'
Hødd er tre poeng bak Stabæk etter denne runda, men høddarane har ein fordel i at dei har betre målskilnad. I skrivande stund har dei fem plussmål meir. Og det kan fort bli fleire også i dag!
78'
Då blir altså Elverum å finne i 2. divisjon neste år. Eit keisamt utfall for laget som har klatra som mykje divisjonsmessig dei siste åra.
77'
Nilsen og Svindland støyter saman midt på bana. Støtteapparatet må trø til.
74'
Frispark til heimelaget. Domar Toppe vel å gi Hødd frispark når han ser at forsøket til Sandal ikkje lukkast.
74'
Nære på igjen for Hødd! Sandal avsluttar frå utanfor boksa, og ballen går via ein motspelar og like utanfor. Sandbuløkken var totalt utspelt der.
73'
Hødd har for øvrig no scora tre mål på ein kamp for første gong denne sesongen. Den største sigeren hittil har vore på 2-0, blant anna mot Elverum.
69'
Standal med ein flott stikkar til innbytar Ertsås, men den tidlegare Molde-spelaren slurvar med medtaket og ballen trillar inn til Sandbuløkken.
65'
Eit langt innkast sender Standal mot mål, men Mbye gjer ein god defensiv jobb og får stoppa angrepet ved at han får frispark.
64'
Nok ei stor moglegheit for heimelaget! Og nok ein gong er det Hødd sin toppscorar, Espen Standal, som får sjansen. Åleine med Sandbuløkken vel han å pirke ballen forbi keeperen, men også forbi målet.
63'
Heimelaget trillar ball og gjer som dei vil no.
60'
1367 tilskodarar på Høddvoll i dag. Vêret må nok ta sin del av skulda for akkurat det.
60'
Hødd vartar opp med flott ein-touch-spel, men det avgjerande innlegget frå Torset endar i ingenmannsland.
58'
Veldig komfortabelt for Hødd no. Elverum, som er 35 minutt unna definitvt nedrykk, har lite å kome med offensivt.
54'
Stor sjanse for heimelaget! Espen Standal blir spelt fri, men frå litt skrå vinkel klarer Sandbuløkken å stoppe forsøket. Corner.
54'
Ballen blir forlenge inn i boksa, men ingen får avslutta.
54'
Ingebrigtsen med kast for dei blå.
52'
Nære på at Ingebrigtsen finn Sandal med ein stikkar.
51'
Brandal med ei svak klarering, og det er ikkje langt unna at bortelaget skapar noko.
46'
Nesten for Hødd! Standal blir spelt fri, men blir såpass forstyrra at han sender avslutninga utanfor, via ein Elverum-spelar.
46'
Spelarane i kvitt tek avsparket.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då har dei to laga kome på bana att.
Fotballklubben Hødd får no utdelt pris for deira bruk av det nynorske skriftspråket av det Sunnmøre Mållag. Seansen blir for øvrig avslutta med 'Mellom bakkar og berg' som Ivar Aasen har skrive teksta til.
Hødd leiar fortent 1-0 over Elverum etter dei først 45 minutta her på Høddvoll. Det har ikkje vore nokon stor omgong, men dei blå har likevel hatt god kontroll. Vi vonar at spelet varmar meir enn vêret etter kvilen, og at vi får servert fleire scoringar.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Nok eit innkast for dei blå.
45'
Nære på! Törnqvist stussar og ballen landar på femmeteren. Diverre for heimefansen klarer ingen i blått å pirke den over mållinja.
45'
Fleire dødballar på rad for Hødd no. Skal dei doble før pause?
44'
Hødd-trenar Lars Arne Nilsen er ikkje altfor fornøgd med det han ser av laget sitt no. Nilsen var for øvrig i aksjon på bana sjølv tidlegare i helga, då han danna spisspar i lag med sin gamle Arsenal-helt Frank Stapleton i eit Manchester United-treff i Fosnavåg. Stapleton spelde som kjent for begge laga.
41'
Frisparket er for hardt slått og går rett utover sidelinja. I tillegg blir to Hødd-spelarar liggjande etter eit samanstøyt. Utspel frå Sandbuløkken.
41'
Frispark til dei blå langt inne på Elverum sin halvdel. Aursnes er klar.
40'
Og i det eg skriv det gjer Svindland ein brølar og misser kula djupt inne på eigen halvdel. Heldigvis for han og laget skuslar Torset bort ein eventuell sjanse for Hødd.
39'
Elverum sin 15 år gamle debutant Remi Andre Svindland har absolutt ikkje gjort seg vekk sentralt på midten i første omgang.
37'
Nære på at Eriksen får eit innlegg på panna midt framføre mål. Spissen blir dog avvinka for offside.
37'
Hødd sin innleigde keeper Andreas Lie slit med å få utsparka over midten av bana. Det fortel litt om kor sterk vinder er her.
35'
Blir småfarleg i det kula dett ned i feltet, men ingen i blått får avslutta.
35'
Sandal blir felt i det han skal flikke gjennom til Standal. Frispark til heimelaget midt på Elverum sin halvdel.
34'
Roleg periode i kampen no. Hødd har bra kontroll, og det vesle initiativet Elverum hadde har gått over.
31'
Aursnes slår bra inn, og Moltu headar via bakken og på mål. Sandbuløkken er under hardt press, men får boksa kula unna.
31'
Rekdal er på veg igjennom på venstresida, men blir hindra. Frispark til Hødd i fin innleggsposisjon.
23'
Törnqvist og Eriksen ser sitt snitt til å stele kula, men Moltu kjem hjelpande til og får klarert til innkast.
21'
Torset får ballen utanfor Elverum si boks, men har dårleg ballkontroll og misser kula.
21'
Litt meir Hødd igjen no.
19'
Stor sjanse for Hødd! Ingebrigtsen kastar langt og Törnqvist stussar. Inne i boksa kjem Standal stupande og headar like utanfor.
19'
Sandal kjem seg fri i mellomromet, men gjennombrotspasninga mot Rekdal er altfor svak og bortelaget får ordna opp.
18'
Framleis bortelaget som yppar seg her. Merkeleg at Hødd gav frå seg initiativet så snart scoringa kom.
15'
Eriksen snappar ballen frå ein Hødd-spelar og går for eit tidleg skot. Ikkje langt utanfor, det.
13'
Elverum med eit lite initiativ her no.
11'
Der kjem sonen til trenar Lars Arne Nilsen seg på beina att, og oppgjeret er i gong igjen.
10'
Sivert Nilsen ligg nede og vi har ein stopp i spelet.
8'
Sandal blir spelt åleine igjennom og avsluttar like utanfor, men assistentdomaren er oppe med flagget og vinkar for offside.
7'
Brukbar sjanse! Stoppar Tom Vidar Martinsen går for kraft og bankar frisparket like utanfor buret til Andreas Lie.
6'
Frispark til bortelaget i veldig bra posisjon!
3'
Torset skjer innover og legg til Standal. Han legg att til Sandal som bankar ballen ut, via ein motspelar.
1'
Sandal prøvar seg med ein markkrypar frå distanse. Ikkje langt utanfor.
1'
Hødd sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg ut på bana, anført blant anna av maskoten Nikolai Løken Eide, som dei fleste kjenner som sonen til ANB sin livereportar Sebastian Eide.
I Ulsteinvik har hausten verkeleg gjort sitt inntog, og det er mykje regn og vind.
I oppgjeret mellom laga tidlegare i sesongen, enda det med 2-0-siger til Hødd. Espen Standal og Erik Sandal scora mål i kvar sin omgang, i tillegg til at Akeem Latifu, som no er leigd ut til AaFK, bomma på straffe.
Elverum har også måtta gjort fleire omrokkeringar sidan sist, og laget er i Ulsteinvik med berre 13 spelarar tilgjengeleg. Noko anna oppsiktsvekkjande er at dagens bortelag stiller med ein 15-årig debutant i dag. Remi Andre Svindland speler til vanleg i 4. divisjon, men har i dag blitt kasta rett inn i startoppstillinga. Til lokalavisa Østlendingen seier han blant anna at: '– Det blir først og fremst moro. I fjor satt jeg og så Hødd i cupfinalen, i år skal jeg spille mot dem i Adeccoligaen. Det hadde jeg aldri trodd.'
Heimelaget har fleire mann utilgjengelege i dag, og uheldigvis for Hødd er dei alle kantspelarar. Vegard Heltne er skada, medan Eirik Ulland Andersen er suspendert. I tillegg har Joachim Magnussen slite litt i det siste, men den gode nyhenda for blåtrøyene er at han er med på benken.
Elverum sin siste trepoengar kom derimot i midten av august. Etter det har dei spelt seks kampar og berre sanka eitt fattig poeng. Det kom førre runde, då det blei 2-2 mot HamKam i Elverum.
Hødd er i veldig bra form om dagen, og spelarane til Lars Arne Nilsen har 4-1-0 på dei fem siste. Her på Høddvoll har dei verkeleg funne forma igjen, og 8-0-4 er fasiten hittil. Førre kamp tok dei ein solid bortesiger mot Kongsvinger.
Dagens kamp er spesiell for begge lag, men for to heilt ulike grunnar. Hødd kjempar overraskande nok i toppen av tabellen i det sesongen nærmar seg slutten, og med tre poeng i dag vil dei vere berre tre poeng bak Stabæk som innehar den andre plassen som gir direkte opprykk, bak suverene Bodø/Glimt. Elverum står på si side overfor ei heilt anna problemstilling, då dei med tap i dag vil vere definitivt klare for nedrykk til 2. divisjon.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Elverum, direkte frå Høddvoll stadion i Ulsteinvik!