Referat
Kun høydepunkter
Bryne vinn 1-0 i ein svært godt taktisk gjennomført fotballkamp. Tommy Bergersen sitt mannskap la seg lågt frå starten av, og når dei i tillegg fekk teke leiinga ved Ehiorobo etter 18 minutt, blei forholda endå vanskelegare for Hødd som med unntak av dei siste 10 minutta aldri klarde å bryte seg gjennom bortelaget sitt forsvar. Bryne har dermed sikra plassen, medan Hødd må finne seg i å 4. plassen. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+5'
Sivert Heltne Nilsen tek på seg keeperhanskane.
90+4'
Drama på Høddvoll! Bryne får moglegheita til å kontre, og keeper Nyland taklar ein Bryne-spelar hardt bakfra.
90+3'
Kim Nyborg ser at Nyland står langt ute og skyt frå distanse. Like utanfor.
90+3'
Innkast på Bryne sin halvdel for Hødd.
90+2'
Diomande har moglegheita til å dra seg innover, men han blir for avventa og mistar ballen.
90+1'
Bryne har ballen på Hødd sin halvdel no.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her på Høddvoll. Det er ikkje akkurat heimepublikummet nøgde med.
90+1'
Ahmed kjem seg laus fem meter frå mål, men då mister han konsentrasjonen og ballen.
90'
Sverre Larsen får gå heilt fritt fram mot mål, men avslutninga på Nyland blir for svak. Den burde han ha teke betre vare på!
89'
Frispark til heimelaget på eigen halvdel. Bryne vinn duellane utan problem.
88'
Innbyttar Nyborg viser fram god teknikk, men han blir også litt overivrig og mistar ballen.
87'
Innkast til heimelaget høgt i bana. Endar i ingenting.
82'
Utspel frå Nyland. Ebiorobo og Diomande kolliderer i ein duell, og domar Hansen stoppar spelet.
81'
Landro og Heltne får tilsnakk av domar Hansen. Kristiansen skal spele ut.
81'
Ahmed kjem seg heilt inn i boksa, men treff ingen medspelarar på innlegget. No køyrer Hødd kampen!
79'
Nesten utlikning! Sandal slår eit frispark inn i boksa, der Heltne Nilsen headar hardt mot mål. Keeper Kristiansen reddar flott.
79'
Frispark til Hødd. Blir slått inn til Heltne som headar inn framføre mål, men Bryne får rydda opp.
77'
Nære på for Hødd! Heimelaget klarer for ein gongs skuld å tråkle seg gjennom det gulkledde forsvarsleddet, men avslutninga til Diomande går over mål. Gjekk for kraft der.
77'
Sandal kjem seg fri i mellomrommet, men bommar med den avgjerande pasninga. Har ikkje vore mykje klasse å spore hos assistkongen i dag.
75'
Sandal prøvar å spele fri Heltne, men pasninga blir for hard.
75'
Langt framspel mot innbyttar Braaten. Nyland fangar.
74'
Helle lempar ballen inn mot Larsen i feltet, men pasninga er for høg og Hødd overtek.
74'
Bryne-spelarane brukar lang tid så ofte dei kan no.
72'
Hødd legg om til ein slags 4-4-2 no.
69'
Nilsen med frispark nokre meter inn på Bryne sin halvdel. Endar i hjørnespark.
68'
Bryne sine to spissar stressar Hødd høgt i bana, og heimelaget slit dermed stort med å etablere noko spel.
68'
Bryne kontrar, men Latifu klarer å stogge Helle såpass lenge at Hødd får teke over ballen.
67'
Med innbyttet av venstreving Vegard Heltne har Diomande teke over spissplassen til Karlsen, medan Ahmed har flytta seg over på høgrevingen.
65'
Diomande med ein stor sjanse. Skyt over frå kort hald. Hødd sin beste sjanse så langt!
61'
Ertzeid er nære på å få med seg ballen inn i Hødd si boks, men ein god defensiv jobb av Latifu hindrar ein eventuell sjanse.
60'
Bryne har framleis fullstendig kontroll her. Hødd har ikkje fått til noko av sitt sedvanlege offensive spel.
59'
Hødd er nære på å rulle opp, men pasninga frå Ahmed til Nilsen blir for unøyaktig.
57'
Sandal og Hødd med ein bra overgangssjanse, men midtbanestrategen vendar feil veg og misser ballen.
56'
Keeper Anders Kristiansen med eit dårleg utspel. Rett utover sidelinja.
56'
Martin Nordbye kjem fri på høgrekanten sin, men til trass for at han har mykje tid på seg, sender han innlegget forbi alle.
55'
Hødd vinn innkast høgt i bana.
54'
Bortelaget kontrar, men Moltu er vaken og får hindra ei farleg pasning.
54'
Diomande blir felt og vil ha frispark like utanfor Bryne si boks, men domar Hansen vinkar spelet vidare.
53'
Bryne har framleis bra kontroll på dette. Spelarane i gult er kjapt oppi høddarane, og Lars Arne Nilsen sitt lag har skapt minimalt så langt i kampen.
52'
Gulowsen får ballen bak Hødd-forsvaret, men med Nyland på halvdistanse klarer han ikkje å heade kula på mål. Kunne fort ha endt annleis den!
50'
Steffen Moltu prøvar eit hælspark midt på eigen halvdel. Endar med at han mistar ballen og må lage frispark. Landro slår inn, men Diomande får heada unna.
48'
Frispark til bortelaget eit godt stykke inne på Hødd sin halvdel. Landro slår inn og Risholt får stussa ballen mot mål. Etter kvart får også Larsen ballen i returrommet, men avslutninga hans går utanfor. Brukbare sjansar det!
46'
No er det Bryne som må ha den skarpe sola i augo. Kanskje kan det vere utslagsgivande?
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana att!
Bryne leiar 1-0 etter den første omgangen her på Høddvoll. Bortelaget har vore kompakte og disiplinerte, og Hødd har berre kome til ein sjanse. Forhåpentlegvis vil heimelaget kome ut med ein ny iver etter kvilen, slik at vi får sjå litt meir offensiv fotball.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Nære på 0-2! Landro er presis nok ein gong og finn Risholt på 6-7 meter. Veteranen headar rett på Nyland.
45'
Latifu med obstruksjon på Helle. Frispark til Bryne like ved cornerflagget. Landro er klar.
45'
Diomande skjer innover og avsluttar. Over nok ein gong.
44'
Bryne har ein bra sjanse til å kontre, men ei dårleg pasning frå Ertzeid øydelegg.
42'
Hødd sin keepertrenar Ronny Osnes fortel til ANB at han ikkje er fornøgd med det laget presterer. 'Vi må ha meir bevegelse foran ballførar', er det han etterlyser.
41'
Sandal kjem seg fri på venstrekanten, men blir sprunge opp av dei gule og får dermed aldri lagt inn.
39'
Nilsen skyt over via ein Bryne-spelar. Corner.
38'
Midtsian får lagt inn etter at Bryne har rulla elegant opp, men Hødd får stanga unna.
37'
Landro speler til Ertzeid som kjem stormande mot mål. Midtbanespelaren skyt eit godt stykke over på direkten.
35'
Sandal vinn ballen høgt i bana, men innlegget hans er upresist og fyk forbi alle.
34'
Helle slår hardt inn, men Torset vinn ballen. Bryne sin venstrekanten har gjort sine saker bra så langt i oppgjeret.
32'
Diomande prøvar å tråkle seg gjennom Bryne sitt forsvar, men den Strømsgodset-klare spelaren blir effektivt stoppa. Vi har sett svært lite til storscoraren så langt.
30'
Ballen blir lempa inn i feltet, men Bryne får ordna opp. Hødd beheld kula.
29'
Karlsen blir felt. Frispark til heimelaget eit stykke inn på Bryne sin halvdel.
29'
Midtsian kjem seg fri langs venstrekanten og får lagt inn framføre mål. Der står Brandal og får rydda opp.
28'
Frispark til heimelaget midt på bana. Heltne Nilsen slår heilt inn til Kristiansen som uforstyrra får gå opp og plukke.
27'
Marius Helle avsluttar frå nærast liggjande posisjon. Over Hødd-buret.
24'
Hødd slit med å få rytme og tempo inn i spelet sitt.
22'
Innkast for bortelaget igjen. Endar med at Brandal klarerar i ein spelar i gult og Hødd overtek.
21'
Bryne som er best på Høddvoll i augneblinken. Vinn ballen ofte.
20'
Midtsian med innkast. Hødd får klarert først, men Bryne beheld ballen.
17'
Dødballen blir teke kjapt, men Ertzeid får ikkje lagt inn.
16'
Innkast til Bryne høgt i bana. Marius Helle blir etter kvart felt og bortelaget får frispark i bra posisjon.
16'
Torset skyt frå langt hald, men Gulowsen får blokkert kjapt.
15'
Bryne har fått intensiteten meir opp no, slik at dei stressar heimelaget til å gjere feil.
13'
Den sterke sola ligg lågt no, noko som gjer tilhøva vanskelege for fleire av spelarane.
10'
Hødd med frispark. Sandal lempar ballen inn i feltet, men Kristiansen plukkar greitt. Tre spelarar støyter også saman og domaren stoppar spelet ei lita stund.
9'
Kai Risholt får et presis innlegg og klarer å få hovudstøytet på mål, men han får ikkje nok kraft i headinga og Nyland kan plukke. Bryne sitt beste forsøk hittil.
7'
Hødd har styrt det meste hittil. Bryne har hatt meir enn nok med å rydde unna.
6'
Bra forsøk for Hødd! Sandal speler Ahmed fri med ei nydeleg tversoverpasning, og vingen dreg seg innover og avsluttar frå skrått hald. Kristiansen må gi corner.
4'
Latifu får slått inn til Diomande som styrer avslutning med hovudet utanfor. Beste forsøket til no.
4'
Sandal skyt frå distanse. Over.
3'
Brandal med innlegg. Gulowsen beinar unna.
2'
Bortelaget med eit farleg tilbakespel. Sandal er nære på å snappe.
1'
Bryne sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
No har laga kome på bana!
Hødd sin midtbaneslitar Bendik Torset feirar jubileum i dag. Larsnesingen speler nemleg sin 100. kamp for Ulsteinvik-laget.
For Bryne er det eit stort slag at tidlegare Viking-spelar Tommy Høiland er ute med ei skade skulder etter eit samanstøyt på trening. Betre nyhende er det då at Vetle Gulowsen er tilbake etter skade, medan Efe Ehiorobo er tilbake etter å ha sona suspensjon. Begge går rett inn i startellevaren.
Det er ingen nye skadar i Hødd-troppa sidan sist, men framleis er altså Fredrik Klock, Thomas Lid Kleppe og Dag Roar Ørsal. Mest sannsynleg misser alle tre resten av sesongen.
Hødd og Bryne har møttest 33 gongar sidan 1965. På desse har Hødd vunne 11, Bryne 17, og fem har enda med poengdeling. Med unntak av Bryne sin sterke 6-1-siger i 2008 har dei siste oppgjera mellom laga vore nokså målfattige. Hødd har berre scora fem gongar på dei ni siste møta, medan Bryne har netta 12. Førre kamp mellom laga enda med Hødd-siger 1-0 på Bryne Stadion etter nettkjenning av Michael Karlsen.
Bryne ligg før denne kampen på ein keisam 8. plass, eit godt stykke unna på topp- og botnstrid. Etter 25 spelte har Tommy Bergersen sitt lag 9-9-7 og 36 poeng. Dei har 2-3-1 på dei seks siste, og dei er utan tap på dei fire siste. Tre av desse har rett nok enda med poengdeling. Laget har vore solide bakover, men samtidig har dei berre scora eitt mål i snitt på dei fire føregåande oppgjera.
Det ser lyst ut med tanke på spel i den nestøvste divisjonen for begge laga neste år også, og med mykje poeng på dei fem siste kampane kan Hødd melde seg på i opprykksstriden også. Ulsteinvik-laget ligg før denne kampen på 6. plass med 11-7-7 og 40 poeng, seks bak dei to laga på opprykksplassane. Heime på Høddvoll har blåtrøyene 7-2-3 på 12 kampar. Dei har vunne dei to siste her (Alta og Randaberg), og totalt på dei seks siste kampane har Lars Arne Nilsen sitt mannskap 3-1-2. Tre av dei fire siste har blitt vunne.
På Høddvoll er det flotte forhold for fotball. Temperaturen ligg på 13-14 grader, og titt og ofte kikar sola fram frå bak skyene.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Bryne!