TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
For å vinne fotballkampar må ein score mål, og det klarde ikkje Hødd i dag til trass for meir enn nok av sjansar. Heimelaget førte store delar av kampen, men var altfor ineffektive. Bryne forsvarte seg på si side godt, og i det 84. minutt dukka toppscorar Oddbjørn Skartun opp og sikra Bryne sin femte 1-0-siger på rad mot Hødd. Takk for fylgjet, og ha ein god sommar vidare!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Bryne ser ut til å klare dette.
90+3'
Ballen dett ned hos Brandal som prøvar eit skot frå veldig vanskeleg hald. Utspel frå Kristiansen.
90+3'
Sandal skal slå langt opp.
90+3'
Hødd prøvar å slå langt, men Bryne står godt imot.
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
89'
Spillerbytte
88'
Hjørnespark
Ballen dett ned midt i feltet, men ingen i blått rekk å kome på den. Bryne får klarert, men Hødd beheld kula.
87'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
Blir slått mot bakerste, men Bryne får rydda unna.
86'
Tobias Nygård Vibe står klar til å kome innpå for heimelaget.
86'
Framleis nok tid for Hødd å kome tilbake her, men lite har stemt offensivt i det siste.
84'
Mål!
0-1
Historia gjentek seg, og Bryne går i opp i 1-0! Skartun får ei bakromspasning og spring greitt ifrå Moltu. Åleine med Lie bankar spissen ballen i nettaket.
83'
Dei fire siste oppgjera mellom laga har enda med 1-0 til Bryne. Skal laget frå Jæren klare det også i dag, eller vil Hødd snu den vonde trenden?
81'
Ertzeid si første involvering er dårleg. Innbytaren fører ballen rett ut til innkast.
79'
Spillerbytte
79'
Hjørnespark
Er farleg slått, men ingen får avslutta skikkeleg på mål.
78'
Spillerbytte
78'
Sjanse for Hødd igjen! Helland får avslutta litt lavare denne gongen, men no er det Kristiansen som står i vegen. Corner.
78'
Spissen Robin Hjelmeseth står klar til å kome innpå for Hødd. Rune Ertsås, som mest sannsynleg skal ut, har hatt nok av sjansar til å kunne kome i målprotokollen i dag, men han har vore sørgjeleg ineffektiv.
76'
Bra sjanse for Hødd! Ertsås kjem seg åleine igjennom, men Kristiansen kjem kjapt ut og får avverga forsøket.
76'
Nære på at bortelaget får avslutta inne i boksa, men Sandal gjer ein god defensiv jobb og får blokkert skotet.
75'
Landro med innkast for Bryne.
75'
Vanskeleg å spå korleis dette vil ende. Begge lag skapar sjansar, men begge er også svært ineffektive.
73'
Nære på for Bryne! Tveita gjer alt og dreg med seg ballen utover i bana før han avsluttar mot motsett hjørne. Kula snik seg like utanfor.
72'
Hjørnespark
Törnqvist får avslutta, men headinga går utanfor.
72'
Sandal prøvar å trille fri Latifu på høgresida, men Andersen gjer ein god defensiv jobb og får rydda unna.
71'
Helland avsluttar endå ein gong frå spiss vinkel. Skotet bør ikkje skape noko særleg problem for Kristiansen, men målvakta klarer likevel å gleppe kula. Ingen i blått kjem først på returen.
68'
Kampen er inne i ei litt laber periode no. Hødd fører framleis kampen, men er ikkje gode nok på den siste tredjedelen.
66'
Latifu sender eit innlegg inn i boksa. Nære på at ein spelar i blått kjem først på det.
65'
Også Bryne viser at dei kan setje opp gode angrep. Ulland Andersen får ei flat pasning utanfor boksa, men som Sandal sender han avslutninga over mål.
64'
Stor sjanse for bortelaget! Etter klabb og babb i Hødd si boks får Khalili avslutta. Lie er kjapt nede og gjer ei god redning.
63'
Endå ei opprulling av heimelaget, men Sandal sender femogførtigraderspasninga over mål.
62'
Ulland Andersen får avslutta, men ein spelar i blått får blokkert.
59'
Smått utruleg at vi endå ikkje har fått scoring i denne kampen. Begge lag har hatt fleire gode sjansar.
58'
Sandal står klar med frisparket sjølv. Blir lempa inn i boksa, men Hødd får ingenting ut av det.
58'
Gult kort
Held igjen Sandal som er på veg framover i bana.
57'
Hødd rullar fint opp nok ein gong, men også ved dette høvet endar avslutninga der den ikkje skal. Utspel frå Kristiansen.
55'
Helland prøvar seg frå langt hald og spiss vinkel, men forsøket går over.
54'
Aram Khalili prøvar seg på ein halvvolley frå bra posisjon. Utanfor.
53'
Hjørnespark
Magnussen får avslutta med hovudet, men forsøkt skapar lite problem for keeper Kristiansen.
52'
Hjørnespark
Endar etter kvart med at Sandal bankar ballen mot mål, men ein Bryne-spelar får blokkert igjen. Ny corner.
52'
Hødd speler seg elegant igjennom Bryne sitt forsvar, men Helland brukar for lang tid på avslutninga og bortelaget får blokkert.
50'
Hjørnespark
Godt slått, men Khalili headar unna.
50'
Magnussen skjer innover og avsluttar via ein motspelar og til corner.
50'
Khalili slår kula inn framføre mål, men Latifu er kald og roleg og brystdempar ballen inn til eigen keeper.
49'
Hødd har byrja best også i denne omgangen.
47'
Bra forsøk for Hødd igjen! Sandal sender i veg ei flott gjennombrotspasning mot Helland, men frå spiss vinkel sender den komande Rosenborg-spelaren ballen over mål.
46'
Hjørnespark
Moltu får stanga unna.
46'
Nesten for Hødd! Ertsås får ein sjanse rett etter avspark, men spissen brukar for lang tid og skotet blir blokkert.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pauseunderhaldning på Høddvoll i dag består for øvrig av trim. Ein instruktør prøvar å få sunnmørspublikummet på stadion til å bevege seg, men det spørs om ikkje svart kaffi og mòr i brød freistar meir for enkelte.
Det står 0-0 til pause på Høddvoll etter 45 artige minutt hittil. Hødd har vore klart best totalt sett, sjølv om også Bryne hadde ei farleg periode i starten av kampen. Begge lag har skapt store sjansar, men utan å få utteljing så langt. Vi håpar 2. omgang blir like underhaldande!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Khalili prøvar seg med ei heading frå seksten meter, men får hverken klem eller retning på forsøket.
43'
Gult kort
Stoppar ei Bryne-kontring ved å gi ein dytt.
43'
Latifu skal kaste langt for heimelaget.
42'
Hødd trillar ball no, men Bryne ligg kompakte bakover.
40'
Godt forsøk for heimelaget igjen! Medtaket sit for Ertsås og spissen rykkar seg også laus. Avslutning i lengste hjørne går derimot like utanfor.
39'
Blir teke kort og Helland får att ballen og avsluttar - rett i ein Bryne-spelar.
39'
Helland med nytt frispark for Hødd.
38'
Stor, stor sjanse for Bryne! Hødd rotar i forsvar og Skartun kjem seg åleine igjennom før han sender avslutninga like over mål.
37'
Skartun skyt på direkten frå god posisjon, men forsøket endar over målet til Lie.
36'
Aursnes prøvar seg frå distanse, og ballen treff nokre spelarar på sin veg og lagar problem for Kristiansen. Keeperen får likevel rydda unna, før Latifu skyt returen i nettveggen.
35'
Hjørnespark
Farleg slått, men bortelaget får ordna opp. Innkast på motsett side.
35'
Helland skyt lågt inn framføre mål. Corner.
34'
Frispark til Hødd i bra posisjon.
34'
Gult kort
Kjem valdsamt inn i Latifu. Soleklart.
33'
Latifu kjem seg fri etter nokre runddansar og får lagt inn. Magnussen blir så litt for hardhendt inne i boksa og Bryne får frispark.
31'
Nok eit godt forsøk for Hødd. Latifu hamrar eit innlegg framføre mål, men Moltu maktar ikkje å styre kula rett veg. Utspel frå Kristiansen.
30'
Helland kjem til innlegg frå høgre, men Bryne får stanga unna. Innkast.
28'
Frispark til Hødd eit stykke inne på bortelaget sin halvdel. Sandal brukar for mykje kraft og ballen endar inne med Kristiansen.
27'
Ulland Andersen prøvar seg med ein susar frå langt hald. Godt over målet til Lie.
25'
Stor sjanse for Hødd! Magnussen kjem seg nok ein gong fri til venstre, og pasninga inn i boksa er også bra. Ertsås er derimot ikkje like presis med avleveringa, og skotet går over mål.
23'
Helland og Aursnes kombinerer fint. Sistnemnde prøvar eit skot, men bortelaget får blokkert.
22'
Magnussen dreg seg fri, men er i ubalanse når han skal skyte og Kristiansen får ein grei jobb med å fange ballen.
21'
Etter ei periode med Bryne-dominanse er det Hødd som har teke over no.
18'
Hjørnespark
Farleg slått, men heimelaget er under press og får ikkje avslutta.
18'
Ballen endar ute i returfeltet hjå Sandal som bankar den like over - via ein motspelar.
18'
Latifu skal kaste langt for Hødd.
17'
Hjørnespark
Ballen dalar ned i feltet, men ingen får avslutta skikkeleg.
15'
Ertsås kjem seg fri til høgre, men innlegget går forbi alle.
14'
Bryne kjem på ei kontring, men eit elendig innlegg av Tveita spolerer sjansen. Der hadde bortelaget fleire spelarar høgt i bana.
14'
Törnqvist får stussa innkastet, men ingen andre i blått kjem på ballen når den dalar ned. Bryne overtek.
13'
Latifu med innkast for Hødd.
12'
Det er heilt klart Bryne som har initiativet her no.
10'
Hjørnespark
Kjempesjanse for Bryne! Khalili får stige åleine til vêrs og heade, men Lie er kjapt nede og får fista unna ballen. Nære på for bortelaget der!
10'
Bryne speler seg bra fram, og eit innlegg endar i corner.
9'
Brukbar sjanse for Bryne! Skartun får stå åleine inne i feltet, men avslutninga er ikkje hard nok og Lie får fanga kula utan altfor mykje problem.
8'
Oddbjørn Skartun spring seg laus og får avslutta, men Latifu kjem kjapt til og får kasta seg framføre skotet.
7'
Hjørnespark
Endar i ingenting farleg.
6'
Hjørnespark
Nære på! Kaptein Tørnqvist møteer, og ballen går via ein motspelar og i stolpen! Ny corner.
6'
Nok ein god sjanse for Hødd! Magnussen spring seg fri til venstre og finn Helland framføre mål. Trøndaren si avslutning blir blokkert. Corner.
6'
Lode med langt innkast. Blir klarert.
4'
Helland skjer innover frå motsett kant, men innlegget blir stanga unna. Hødd har kome best i gong her.
2'
God sjanse for Hødd! Ein spelesugen Rune Ertsås skjer innover og hamrar ballen like over målet til Kristiansen.
1'
Hødd spelar mot høgre i første omgang.
1'
Dagens domartrio består for øvrig av Martin Lundby, Kjetil Andersen og Runar Langseth.
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga på bana!
Bryne har gjort nokre endringar sidan førre kamp mot HamKam. Ut har Baldvinsson og Khattab gått, medan Eide Møster og Ulland Andersen har kome inn.
For Hødd manglar Espen Standal,Vegard Heltne og Victor Grodås. Det fører blant anna til at Rune Ertsås gjer ein sjeldan kamp frå start for Hødd. Den tidlegare Molde-, Velje- og Alta-spelaren har framleis til gode å overbevise i sin nye klubb.
Dei to laga har møttest 28 gongar sidan 1991. Bryne har vore det klart beste laget totalt sett, med 15-5-8. På Høddvoll står raudtrøyene med fire strake sigrar, og vi må heilt tilbake til 1998 for å finne siste gongen Hødd vann på eigen stadion. Førre sesong vann Bryne begge oppgjera med 1-0.
Gaute Larsen sitt mannskap har på si side 6-4-2 hittil. Borte frå Bryne stadion har dei 2-4-0, noko som betyr at laget frå Jæren faktisk ikkje har tapt på framandt gras så langt i seriespelet. På dei seks siste i ligaen har dei 3-2-1, altså det same som Hødd. Dei står også med to strake sigrar, henhaldsvis mot Vard Haugesund og HamKam.
Laget frå Ulsteinvik har 8-2-4 hittil. Heime på Høddvoll har det enda 4-0-2. Forma er grei, med 3-2-1 på dei seks siste. Førre kamp enda med ein krutsterk 2-0-siger borte mot Sandefjord.
Hødd har også overraska positivt i Adeccoligaen denne sesongen, og blåtrøyene er heilt oppe på 3. plass på tabellen, tre poeng bak leiarlaget Bodø/Glimt. Bryne finn vi nokre hakk ned på oversikta, men Jærens superlag har berre samla fire poeng færre enn dagens motstandar. Ting er som vanleg jamt i den nestøvste divisjonen, altså.
Heimelaget Hødd går ei spanande tid i møte, for i løpet av dei komande vekene vil laget gjere sin debut i ei internasjonal turnering. Som vinnar av NM i fjor går laget inn i 2. runde av kvalifiseringa til gruppespelet i Europa League. Motstandaren vil vere samanlagtvinnaren av oppgjera mellom Aktobe frå Kazakhstan eller Gandzasar Kapan frå Armenia. Hødd sin elddåp vil vere den 18. juli her i Ulsteinvik. Returoppgjeret i Asia vil gå 25. juli.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Bryne på Høddvoll!