Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Avslutningar: 8-9. På mål: 2-2.
Det endar 1-1 mellom Hødd og Bryne i sesongens første kamp på Høddvoll. Hødd hadde som venta ballen mest, men det var bortelaget frå Jæren som skapte dei største sjansane. Eirik Ulland Andersen ordna 1-0 på eit frispark i 2. omgang, men gjestane utlikna få minutt etterpå ved Oddbjørn Skartun. Begge laga viste seg fram positivt til tider, så det skal bli spanande å fylgje dei gjennom sesongen.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Urke slår langt opp. Siste forsøk.
90+3'
Skummelt innlegg i Bryne si boks. Høidahl klarer å få vekk ballen.
90+3'
Det blir lagt til minimum fire minutt denne omgangen.
90+2'
Ikkje altfor mykje kreativt som skjer på bana no. Dette ser ut til å ende med poengdeling.
89'
Venstrebacken slår frisparket rett utover sidelinja. Svak dødball.
89'
Aasbak står klar.
89'
Sereba involvert for første gong i kampen. Blir felt og skaffar Hødd frispark i god innleggsposisjon.
86'
Spelarar frå begge lag ligg nede med skade etter tøffe taklingar. Domar Hauge let det meste gå no.
84'
For dei musikkinteresserte kan vi nemne at Didrik Sereba er bror til Nicolay Sereba frå rapduoen Nico og Vinz.
82'
Det er definitivt heimelaget som har trykket her no.
82'
Bra spel av Hødd, men Shroot brukar altfor lang tid med ballen inne i boksa og bortelaget får ordna opp.
79'
Wembangomo med ei rein, men knallhard takling, på Skartun. Endar med hjørnespark.
78'
Skaasheim prøvar å finne Shroot inne i boksa, men pasninga frå den innleigde Sogndal-backen blir for vanskeleg.
77'
Nykomar Didrik Sereba får beskjed frå trenar Eriksen om å intensivere oppvarminga på sidelinja.
73'
Nære på for Hødd igjen! Aasbak får ein retur i boksa, men skotet blir blokkert. Ny corner.
72'
Bra spel av Hødd! Ulland Andersen får avslutta etter fint spel, men skotet blir blokkert til corner. Nære på, det.
71'
Heimelaget prøvar å trengje igjennom Bryne-forsvaret, men gjestane frå Jæren forsvarar seg godt.
71'
Laber periode i kampen no. Både Hødd og Bryne har fleire spelarar i oppvarming, så det spørs om det ikkje må litt friskt blod inn for å få fart i laga igjen.
67'
Skaasheim med eit stygt balltap for Hødd, og Kastrati stormar mot mål med ballen. 21-åringen prøvar å curle kula inn i det lengste hjørnet, men er langt unna å treffe.
64'
Brukbart forsøk av heimelaget! Aasbak treff til slutt på eit innlegg, men det påfølgjande hovudstøytet frå Vestvatn går til side for mål. Kom svært lett til der, Hødd sin nummer 21.
61'
Ingenting å seie på at Bryne fekk seg eit mål her. Dei har vore klart vassast offensivt i oppgjeret så langt.
59'
Bøgild på farta igjen, men Hødd-forsvaret klarer å få reinska opp.
58'
Bryne har hatt dei feitaste sjansane i oppgjeret, men så er det altså Hødd som tek leiinga. Dette er likevel langt frå over.
56'
Aasbak og Andersen står klare.
56'
Shroot blir felt rett utanfor Bryne sin sekstenmeter og Hødd får frispark i bra posisjon.
55'
Heimelaget med eit skotforsøk som går rett på Høidahl. Ufarleg.
55'
Ballen blir slått lågt inn i feltet, men Høidahl kjem ut og boksar den vekk. Godt keeperspel.
54'
Frispark for Hødd i bra innleggsposisjon. Aasbak står klar.
53'
For ein sjanse for Bryne! Mads Bøgild kjem mutters åleine med Urke i Hødd-buret, men målvakta reddar flott. Der skal det vere scoring!
53'
Fleire ekshøddarar har for øvrig teke turen til Ulsteinvik for å sjå kamp. Verken Fredrik Aursnes (Molde) eller Victor Grodås (Sogndal) har nok blitt veldig imponerte av sitt gamle lag så langt i oppgjeret.
51'
Mykje uorden i Hødd-forsvaret. Ingen av fjorårets midtstopparar speler i dag, både av sportslege og disiplinære grunnar. Moltu er suspendert, medan Törnqvist befinn seg på benken.
50'
Det er gjestane frå Jæren som har byrja også denne omgangen best.
48'
Nære scoring for Bryne! Holmvik prøvar seg frå distanse, og Urke må reagere kjapt for å fiste kula over mål.
48'
Bryne med frispark som blir slått inn i boksa. Hødd får klarert, men bortelaget beheld ballen.
46'
Heimelaget sparkar i gong andre akt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge laga har entra kunstgraset og vi er straks i gong med den andre halvdelen.
Det står 0-0 til pause etter ein relativt artig 1. omgang. Bryne opna klart best og hadde også eit frispark i tverrleggaren. Etter dette tok Hødd meir over, men sjølv om dei hadde ballen mykje kom dei ikkje til så altfor mange moglegheiter. Det gjorde derimot Bryne, og bortelaget var nære ved fleire høve utover i omgangen også. Vi gler oss til dei siste 45 minutta og forhåpentlegvis kjem det nokre scoringar då.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Bortelaget med eit forsøk som endar med corner.
43'
Godt forsøk for heimelaget! Shroot får dempa ballen på kassa og sendt av garde ei avslutning, men ballen snik seg like til side for mål. Hødd sin beste sjanse i oppgjeret.
41'
Så er det Sogndal-innleigde Eirik Skaasheim som prøvar å leggje inn. Blir blokkert.
40'
Bortelaget brukar veldig lang tid ved dei fleste dødballsituasjonar no.
38'
Kastrati prøvar å banke ballen inn i feltet, men forsøket endar bak mål.
37'
Bryne-keeper Jonas Høidahl brukar lang tid ved utspela.
35'
Blåsarane gjer sitt for å skape liv på tribunene på Høddvoll. Nokre sjeler har også teke turen frå Jæren. Dei er ikkje mange, men har til gjengjeld med seg mange banner.
32'
For ein sjanse for Bryne! Heimelaget klarer ikkje å få klarert, og plutseleg får Skartun avslutte frå fem meters hald. Utruleg nok set han skotet over kassa.
31'
Skartun har fått seg ein smell og må ta ein pust i bakken.
31'
Christoffer Aasbak får nok ein gong god tid til å slå inn frå venstrekanten, men nok ein gong når ikkje forsøket fram.
30'
Etter at Bryne var best dei første 10 minutta er det no Hødd som verkeleg køyrer kampen her.
28'
Robin Shroot får teke ned ballen inne i Bryne sin sekstenmeter, men blir avvinka for offside.
27'
Skartun dempar ballen flott og prøvar å chippe igjennom til spisskollega Bøgild, men han blir for hard på foten og ballen går inn til Urke i Hødd-buret.
25'
Shroot går og går med ballen inne i Bryne si boks, men klarer ikkje å finne kvadratmeteren han treng til å få fyrt av garde eit skot.
24'
Hødd har vunne ballen i gunstig posisjon ved fleire høve, men den påfølgjande samhandlinga framover i bana har ikkje stemt godt nok endå.
21'
Myklebust går i bakken inne i Bryne sin sekstenmeter, men domar Hauge vinkar spelet vidare. Det var sikkert ei grei avgjersle.
20'
Aasbak prøvar eit innlegg frå venstre, men mislukkast. Han får så att kula og prøvar eit skot på direkten med utsida av foten, men avslutninga går over.
16'
Myklebust med innlegg frå høgre, men gjestane får klarert.
15'
Sjølstad med eit grusomt balltap midt på bana. Bryne kjem så i overtal, men heimelaget klarer å stoppe kontringa. Det endar likevel med corner.
12'
Myklebust finn ein umarkert Ulland Andersen inne i boksa, men sistnemnde brukar for lang tid og bortelaget får rydda opp.
11'
Dei første 10 minutta er unnagjorte på Høddvoll, og det er bortelaget Bryne som har vore klart best. Dei har også hatt den største sjansen - eit frispark i tverrleggaren.
9'
Skartun jaktar eit slapt tilbakespel frå Aasbak, men Urke klarer å få klarert. Ikkje patent forsvarsspel av heimelaget så langt i oppgjeret.
6'
I tverrleggaren! Frisparket blir løfta over muren og keeper Urke, men går rett i metallet og ut. Veldig nære scoring på Høddvoll! Godt forsøk av Patrick Byskata.
5'
Frispark i svært farleg posisjon for Bryne! 17-18 meters hald.
5'
Så er det Hødd som går i angrep, men det heile stoppar opp når Magnus Myklebust går i offside på pasninga frå Ulland Andersen.
3'
Greitt forsøk for Bryne! Fitim Kastrati får avslutta etter ein god dødball, men kula snik seg like til sider for mål. Kastrati debuterer for øvrig for Bryne i offisiell kamp i dag.
3'
Gjestane med frispark.
Avspark Start 1. omgang
Jan-Lennart Urke står for øvrig i mål for Hødd i dag. Fjorårets førstekeeper Aslak Falch gjekk til Vålerenga før sesongen. I tillegg er Fredrik Aursnes og Ole Amund Sveen borte frå Hødd-laget i 2015.
Begge laga har no kome ut på kunstgraset og vi er kort tid unna avspark. Kveldens domer er for øvrig Steinar Hauge frå Bjarg IL.
Møta mellom laga førre sesong enda med to sigrar til Hødd. Det blei 2-0 her på Høddvoll og 4-1 på Jæren. Året før det gjekk det derimot verre for blåtrøyene her i Ulsteinvik, då Bryne varta opp med god fotball og 3-0-siger.
Bryne enda på si side lenger ned på tabellen, og det var berre med eit naudskrik at klubben heldt seg i divisjonen. Gaute Larsen har derimot fått halde fram i jobben og målet for dei komande åra er klart: Bryne skal opp i den øvste divisjonen i løpet av dei komande fem sesongane. Klubben har ein ung snittalder, samtidig som fleire av desse har aldersbestemte landskampar. Ante Knezovic og Fitim Kastrati er blant dei nye spelarane for laget frå Jæren.
Mykje har skjedd i Ulsteinvik sidan førre sesong enda på tragisk vis med eit brent panenkastraffespark og exit i kvalifiseringskampen om opprykk mot Jerv. Hans Erik Eriksen har teke over som hovudtrenar etter at Sindre Eid gav seg etter to sesongar. Den tidlegare Follo-trenaren har teke med seg ein spelestil som kan kle blåtrøyene frå Sunnmøre og også nokre av sine gamle spelarar frå klubben som rykka ned med eit naudskrik. Øystein Vestvatn og Didrik Sereba blei med på flyttelasset, og i tillegg er Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim og Fredrik Sjølstad nye andlet på "Vollen" i Ulsteinvik.
Hei og velkomen til livedekning av årets første seriekamp på Nye Høddvoll. Endeleg er OBOS-ligaen 2016 i gong!