TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Bryne vinn fortjent 1-0 over Hødd på Høddvoll etter scoring av Marius Helle etter halvspelt 1. omgang. Dei første 45 minutta var jamne, med sjansar til begge lag. Etter kvilen klarde Bryne å drage ned tempoet, og Hødd fann sjeldan rytma. Ein kan no byrje å snakke om ei lita fotballkrise i Ulsteinvik, ettersom laget har seks poeng opp til trygg grunn. Bryne luktar på si side på kvalikplass no, ettersom dei avanserte til 7. plass på tabellen. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Hjørnespark
Nyland går opp igjen! Hødd får avslutta, og det endar i ny corner, men domaren bles av.
90+3'
Dødball for Hødd midt på bana. Klock vinn duellen, men får berre innkast til slutt.
90+2'
Hødd prøvar å slå langt, men Bryne ryddar greitt unna.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt i denne omgangen.
90+1'
Grimstad slår langt opp, men Lala øydelegg ved å vere i offside.
90'
Eitt minutt igjen av ordinær tid. Ingenting som kan minne om ein sluttspurt frå Hødd.
89'
Forsøket endar på nettaket, og Hødd si målvakt må ta den lange turen tilbake.
89'
Frispark for Hødd. Nyland kjem opp!
88'
Lala prøvar å slå inn, men forsøket blir blokkert.
85'
Spillerbytte
85'
Heltne Nilsen med et tøff takling på Helle. Bryne-spelaren blir sitjande på graset.
83'
Spillerbytte
83'
Hødd prøvar å trykke på no, men alt stoppar opp på den siste tredjedelen av bana.
82'
Lala gjer seg klar til å kome innpå for heimelaget.
81'
Hødd er nære på å rulle fint opp, men en svak touch av Sandal øydelegg.
79'
Nære på 0-2! Bryne kontrar og Bright er nære på å tåe ballen i mål frå fem meters hald.
79'
Hødd med frispark inne på Bryne sin halvdel. Sandal slår kort til Helland, men trøndaren maktar ikkje å få tak i kula.
78'
Spillerbytte
78'
Sandal slår bak Bryne sitt forsvar, men ingen andre i blått er med på den og bortelaget si målvakt får ordna opp.
76'
Heimelaget rullar fint opp, men innlegget frå Brandal går forbi alle.
76'
Bryne har fullstendig kontroll her. Hødd skapar svært lite.
75'
Hjørnespark
Risholt kjem først på den, men kjem ikkje skikkeleg over ballen og headinga går utanfor.
75'
Hødd rotar i forsvar, og Bright er nære på å få ballen åleine med Nyland. Målmannen ordnar opp.
74'
Brandal slår langt mot Karlsen. Kristiansen fangar.
74'
Venstreback Brandal forsøkar å skape ting sjølv, men går seg fast i det gulkledde forsvaret.
72'
Aursnes forsøkar eit framspel. Endar berre inne hos Kristiansen.
71'
Klock feilbereknar og Bright får ta ned ballen ved bakerste stolpe. Heldigvis for heimelaget får innbyttaren ikkje skikkeleg kontroll.
70'
973 tilskodarar på Høddvoll. Berre eit mindretal er fornøgde med det dei ser.
69'
Bortelaget med initiativet her. Hødd slit med det meste i augnebliken.
68'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
67'
Hjørnespark
Kjempesjanse for bortelaget! Innbyttar Bright får stå heilt åleine på bakerste stolpe og heade, men Karlsen står på streken og stoggar forsøket for Hødd.
66'
Vanvittig nære på sjølvmål! Klock skal klarere eit innlegg, men sender det i staden like over eigen tverrleggar.
65'
Spillerbytte
65'
Svært lågt tempo her no, noko som sjølvsagt passar bortelaget best.
65'
Endar i ingenting av farlegheiter. Bryne beheld kula.
64'
Midtsian med innkast på motsett halvdel.
64'
Hjørnespark
Nyland fistar unna.
64'
Grimstad er nære på å rote det til i eige felt med ei svak klarering. Corner til Bryne.
62'
Sandal med ein lobb igjennom til Standal. Hødd-spissen blir avvinka for offside.
62'
Helle med eit farleg innlegg som Nyland glepp. Heldigvis for heimelaget blir det avvinka for offside.
61'
Spillerbytte
60'
Hjørnespark
Heltne Nilsen får ordna opp ved første stolpe.
60'
Michael Karlsen står klar til å kome innpå for Hødd.
60'
Godt forsøk frå heimelaget. Aursnes får gå mot mål, og ungguten avsluttar like utanfor.
59'
Heltne prøvar å finne Sandal utanfor Bryne si boks, men eit gult bein kjem i vegen.
58'
Helland dreg seg innover og går for skot frå spiss vinkel og langt hold. Langt utanfor.
56'
Bra periode av heimelaget no.
55'
Hjørnespark
Heltne Nilsen set ballen i mål, men keeper Kristiansen ligg nede og Bryne får frispark.
55'
Stor moglegheit for Hødd! Erik Sandal får tråkla med seg ballen inn i Bryne si boks, men Kristiansen kjem kjapt ut og får blokkert skotet. Corner.
54'
Bortelaget kontrar og Landro kjem til avslutning utanfor Hødd si boks. Endar i ingenting.
53'
Hjørnespark
Blir slått lavt i næraste Bryne-forsvarar. Svakt utnytta.
53'
Bra innleggsforsøk frå Hødd som endar i corner.
52'
Frisparket endar hos Helland som kjem seg til dødlinja og får lagt inn til Heltne som headar i mål, men ballen har vore utanfor sidelinja.
51'
Frispark til blåtrøyene midt på bana.
49'
Litt avventande start på denne omgangen.
47'
Hødd har lege under til pause i tre av fire heimekampar så langt, og i ingen av dei tre klarde dei å kome tilbake og ta poeng.
46'
Heimelaget sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
No kjem laga på bana igjen!
Bryne leiar 1-0 på Høddvoll etter dei første 45 minutta. Begge lag har hatt sine periodar og sjansar, men bortelaget har vore knepent best.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Latifu prøvar å finne Kazeem bak Bryne sitt forsvar. Endar opp hos keeper.
44'
Lode med frispark. Rett inn til Nyland.
44'
Bryne med eit småfarleg frispark. Det blir slått langt mot Herrem som vinn duellen og headar inn til Risholt. Veteranen er nære på å kome til avslutning.
41'
God sjanse for ein overgong for Hødd, men Standal går svakt i offside.
40'
Stor sjanse for Hødd! Aursnes slår presist igjennom til Standal, men åleine med Kristiansen frå spiss vinkel går han for å setje den i mål med utsida av foten, og skotet går like utanfor.
37'
Aursnes med ei pasning fram mot Standal, men Hødd sin spiss får eit dårleg touch og Bryne tek over.
36'
Langt framspel mot Bryne si boks, og det er ikkje langt unna at Standal får snappa ballen framføre Kristiansen.
35'
Fernandes dreg seg innover i Hødd si boks og avsluttar, men forsøket blir blokkert. Massivt press frå bortelaget no!
35'
Hjørnespark
Hødd får klarert, men Bryne beheld kula.
34'
Stor sjanse for Bryne! Bortelaget tek corneren kort og rullar fint opp. Helle tvingar fram ei kjemperedning av Nyland.
33'
Hjørnespark
31'
Nære på at Larsen og Herrem klarer ein vegg inn i Hødd si boks. Den avgjerande pasninga blir for unøyaktig.
29'
Hjørnespark
Blir teke kort, og endar til slutt med eit svakt bakoverspark av kaptein Klock. Ufarleg.
29'
Dei 5-6 tilreisande frå B-Gjengen er sjølvsagt strålandes fornøgd med at laget deira har teke leiinga her.
27'
Hjørnespark
Bryne får klarert, i tillegg til at dei får frispark.
26'
Mål!
0-1
Bryne scorar først på Høddvoll! Fernandes får ballen på høgresida, tek ei kjapp finte og slår inn til Helle i Hødd si boks. Han får stå åleine og ta ned pasninga, før han bankar den inn forbi Nyland.
25'
Midtsian med frisparket. Skal lempast inn i Hødd si boks.
25'
Gult kort
Får ballen i handa midt på bana i det Bryne prøvar å setje i gong ei kontring. Såg ikkje ut til å vere med vilje.
24'
Herrem skjer innover mot Hødd sitt mål, men finn ingen med pasninga si.
23'
Langt framspel mot Herrem bak Hødd sitt forsvar. En våken Nyland kjem tidleg ut og fangar kula.
22'
Standal pressar Risholt høgt i bana, men endar berre opp med å lage frispark.
20'
Hjørnespark
Blir heada unna ved første stolpe. Hødd får til slutt innkast.
20'
Heltne Nilsen finn Heltne. Han skaffar Hødd corner.
19'
Hjørnespark
Blir teke kort, og Landro får tilbake ballen og får lagt inn. I feltet går ein Bryne-spelar overende, men domar Toppe vinkar spelet vidare.
19'
Helle forsøkar å slå inn. Endar i corner.
19'
Blir enkelt heada unna, før Brandal nesten skyt ned ein måse som flaksar høgt over stadion.
18'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon. Sandal skal slå inn.
17'
Bryne har teke over meir no. Mykje fram og tilbake i dette oppgjeret.
16'
Stolpeskot! Geir Andre Herrem kjem til avslutning for Bryne, men i staden for å finne nettmaskene endar ballen opp i stolpen.
16'
Fernandes kjem seg fri i veldig bra posisjon, men i staden for å passe til ein betre plassert medspelar går han feil veg og mistar kula.
15'
Sandal fossar framover med ballen, men treff ingen med pasninga når ikkje fram.
14'
Kazeem får nesten ballen åleine gjennom, men rutinerte Risholt får ordna opp.
12'
Brandal prøvar å finne Aursnes bak Bryne sitt forsvar. Pasning og løp stemmar ikkje overens.
10'
Hødd har kome best i gong på Høddvoll. Laget har initiativet i augnebliken, mens Bryne ligg nokså djupt i bana.
8'
Stor sjanse for Hødd! Latifu speler Kazeem flott fri, og vingen sender i veg eit innlegg som Heltne headar like utanfor frå god posisjon. Kampens beste forsøk hittil.
8'
Latifu med ei bra crosspasning mot Heltne. Vingen får teke ned kula, men Landro kjem kjapt til og får forstyrra.
6'
Ei roleg innleiing på kampen. Ballen har vore mykje sentralt i bana.
5'
Grimstad med ei lang diagonalpasning mot Heltne. Blir for høg.
5'
Standal med eit greitt forsøk. Bortelaget får avverga.
4'
Bryne med eit langt framspel. Klock har kontroll.
3'
Herrem vinn innkast høgt i bana. Blir teke kort, men Hødd får frispark.
1'
Standal pressar Lode, men midtstopparen ordnar greitt opp og skjermar ballen utover sidelinja.
1'
Bryne startar oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Det er fantastiske forhold på Høddvoll. Det er sol og god temperatur. Vind er her dog derimot som vanleg.
Dagens dommer er Petter Kristiansen Toppe frå Bergen Nord FK. Han blir assistert av Jim Andre Alnes Dyb frå Giske IL og Øystein Simon Ytterland frå Valder IL.
Bryne sine 11: Kristiansen - Midtsian, Lode, Risholt, Landro - Larsen, Stokkeland, Stenersen - Herrem, Helle, Fernandes.
Hødd stiller for øvrig slik i dagens kamp: Nyland - Brandal, Grimstad, Klock, Latifu - Sandal, Aursnes, Heltne Nilsen - V. Heltne, Standal, Ahmed.
I Hødd-troppa til dagens kamp er det eit namn som skil seg ut. Reservekeeper Ole Monrad Alme er med med dei a-laget i offisiell kamp for første gong, og det i ungdomsskulealder! Alme er 1996-modell og går i 10. klasse.
For Bryne har Geir André Herrem kome inn for Kris Bright på den eine vingen. Bright startar på benken.
Begge lag gjer få endringar på startoppstillinga i høve forrige kamp. For Hødd har det blitt gjort eit reint midtstopparbyte. Ørjan Engen Grimstad har kome inn for Steffen Moltu, då sistnemnde hadde ein svak kamp sist mot Ullensaker/Kisa. Moltu laga blant anna to straffespark imot, og var elles involvert i mange andre negative situasjonar. Michael Karlsen er også, mot all forventing, med i troppa. Han startar oppgjeret som innbytar.
Bryne må greie seg utan Øyvind Braaten, Kim Robert Nyborg og Tommy Eide Møster, medan Esben Ertzeid og Henning Romslo skal vere klare for spel igjen.
Heimelaget manglar Victor Grodås til denne kampen, og mest sannsynleg blir ikkje Michael Karlsen klar heller. Sistnemnnde har slitt med ein strekk den siste tida.
'Hødd er alltid en vanskelig motstander. Vi slo dem borte i en av de siste seriekampene i fjor høst, men slet med dem i La Manga nå i vinter. At de har hatt en svak sesong så langt, gjør nok at de mobiliserer ekstra foran søndagens kamp. Vi møter et godt lag som jeg tror har underprestert i år' var ein av Bryne-trenar Tommy Bergersen sine uttalingar til Jærbladet før kampen.
'Ein nøkkelkamp. Ingen tvil om det. Med siger får vi kontakt med midtsjiktet. Taper vi, så ligg vi ned i der' uttalar hovudtrenar Lars Arne Nilsen til Vikebladet Vestposten før kampen. 'Det gjeld å halde skuldrene nede. Dette er ein viktig kamp. Vi slo Bryne klart på La Manga (4-0), men då spelte vi ein kjempekamp, samtidig som dei sleit med sitt. Bryne har eit godt tak på Hødd her oppe. Dei har vel vunne dei tre siste på Høddvoll. Dei har eit godt mannskap, så det blir ein tøff kamp. Men før eller seinare må vi ha marginane på vår side.'
Sidan 1991 har laga møttest mange gongar, då begge har stort sett vore fast inventar i 1. divisjon. På dei 27 kampane har det enda 13-5-9 i favør Bryne. Førre sesong vann begge laga kvar sin bortekamp 1-0. Dei møttest også i oppkøyringsfasa til årets sesong på La Manga, og der slo Hødd til med ein solid 4-0-siger. Hødd sin største siger sidan 1991 var 5-1 i 1997, medan Bryne slo til med 6-1 i Hødd sin nedrykkssesong 2008.
Også Bryne har hatt ein veldig variabel start på sesongen. På deira sju første kampar har det enda 2-2-3. Førre kamp blei vunne med 3-1 heime mot Bærum. Borte frå Bryne Stadion har laget til Tommy Bergersen fortsatt til gode å vinne denne sesongen, då dei har 0-1-2 på dei tre første forsøka.
Hødd har hatt ein forferdeleg start på sesongen, og laget frå Ulsteinvik har berre 1-0-5 på dei seks første kampane. Dei resultata har ført til at blåtrøyene før denne runda ligg på 15. plass, fire poeng opp til første sikre plass. Hødd har spelt gode kampar innimellom, men også slitt stort i begge endar av bana. Offensivt har effektiviteten vore dårleg, samtidig som dei har sleppt inn flest mål av alle lag i 1. divisjon. Heime på Høddvoll har det enda 1-0-2, og den eine sigeren kom mot opprykkskandidat Bodø/Glimt.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Bryne!