TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 9-7. På mål: 5-3.
Heimelaget avanserer dermed til 4. plass på tabellen og er godt med i opprykkskampen. Bryne befinn seg derimot på 9. plass, med kortare veg til nedrykksplassane enn opprykksplassane. Det kan bli ein nervepirrande fotballhaust på Jæren om ikkje laget til Gaute Larsen snart byrjar å score mål. I augneblinken har dei spelt heile 360 minutt utan å få ballen i nettet.
Hødd vinn fortent 2-0 over Bryne etter ein relativt sjåverdig kamp. Med unntak av to store sjansar skjedde det ikkje så altfor mykje før kvilen, men i 2. omgang tok ting seg meir opp. Hødd pressa på, men måtte vente heilt til det siste kvarteret før det blei mål. Magnus Myklebust ordna både 1-0 og 2-0 og blei dermed dagens mann.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+1'
Nesten 3-0! Magnussen blir spelt åleine igjennom, men frå litt spiss vinkel chippar han ballen utanfor målet til Kristiansen. Ikkje like målfarleg som han ein gong var, 28 år gamle Magnussen.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
Slik ting ser ut no, har Hødd passert Sandnes Ulf på tabellen. Dei blå frå Ulsteinvik er dermed på 4. plass.
89'
Mykje liv i Blåsarane no. Dette ser ut til å gå vegen for laget deira.
86'
Mål!
2-0
Myklebust doblar leiinga med sitt andre mål for dagen! Den tidlegare Lillestrøm-spelaren blir spelt fri i boksa, og åleine med Kristiansen plasserer han ballen sikkert i mål. 2-0 og kampen ser avgjort ut!
85'
Gult kort
Khalili er for tøff i ein duell og får Bryne sitt andre gule kort i kampen.
84'
Spillerbytte
84'
Addo med ein dytt i ryggen på Magnussen, og Hødd får frispark midt på bana.
82'
Spillerbytte
82'
Bryne har for øvrig spelt 350 minutt utan å score mål no. Skal dei likevel klare å gjere det heilt på slutten her?
80'
Beite fyrer av frå distanse. Høgt over mål.
79'
Hødd ser ut til å bli snytt for straffe! Sveen kjem seg inn boksa med ballen, men blir halden i trøya. Heile stadion ropar, men domar Eskås vinkar spelet vidare. Det såg ut som ei tvilsam avgjersle.
78'
Hødd ser ut til å gå for scoring nummer to og avgjere kampen her.
78'
Hjørnespark
Khattab får rydda unna.
78'
Aursnes skyt ballen mot mål, men Addo får stupheada til corner.
77'
Frispark til Hødd midt på Bryne sin halvdel. Aursnes skal slå inn i boksa.
74'
Mål!
1-0
Der kjem til slutt scoringa! Myklebust får skjere innover mot midten av boksa med ballen og sender i veg eit velplassert skot som snik seg i mål ved den motsette stolperota. Kristiansen er i full strekk, men rekk ikkje bort. Dette bør opne for nokre interessante sluttminutt på Høddvoll!
71'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
70'
Michael Karlsen er derimot allereie ferdig med oppvarminga, og står klar til å kome innpå.
69'
Både Christoffer Aasbak og Joachim Magnussen varmar opp for Hødd.
69'
2.004 tilskodarar på Høddvoll i dag.
68'
Bryne pumpar ballar inn i Hødd-boksa. Heimelaget klarer derimot å klarere ved alle høva.
66'
Hjørnespark
Blir klarert, før Bryne også får eit frispark.
66'
Heltne med eit lavt og hardt innlegg frå venstre. Endar med corner.
64'
Spillerbytte
64'
Bøgild kjem til ei avslutning med hovudet. Langt utanfor.
63'
Godt forsøk av Hødd! Myklebust blir spelt fri på høgresida og chippar ballen inn framføre mål. Der kjem unge Beite springande, men headinga hans går derimot rett på keeper Kristiansen.
62'
Bryne roar ned spelet når dei har sjansen. Brukbar bra med tid på dødballane.
58'
Hjørnespark
Moltu stussar corneren utanfor. Ufarleg.
58'
Nesten for Hødd! Heltne skyt frisparket på mål, og keeper Kristiansen må raskt opp med nevane for å hindre ballen i å gå på mål.
58'
Heltne skal skru den inn med venstrefoten.
58'
Hødd får frispark like ved sekstenmetersstreken etter at assistentdomaren har vinka. Addo er syndaren, men slepp utruleg nok det gule kortet.
56'
Endar med ingenting. Litt meir Hødd no!
56'
Sveen skal prøve å kaste langt.
55'
Bryne får rydda unna. Innkast til Hødd.
55'
Frispark til Hødd i god innleggsposisjon. 22-23 meters hald. Skrå vinkel.
55'
Hødd med ein god sjanse. Aursnes kjem inn i boksa, men i staden for å avslutte sjølv prøvar han å sentre til ein medspelar. Eit Bryne-bein kjem derimot i vegen og ballen blir gitt tilbake til keeper Kristiansen. Heimepublikummet ropar på tilbakespel, men domar Eskås seier nei.
53'
Aursnes prøvar å drage i gong ein overgang, men ungguten klarer ikkje å finne ein medspelar og bortelaget kan overta.
52'
Det er Bryne som har opna denne 2. omgangen klart best.
51'
Hjørnespark
Også den avleveringa er bra, men ingen i raudt er hissige nok inne i boksa og Hødd kan overta ballen.
51'
Hjørnespark
Går farleg inn i feltet, men Hødd får klarert. Ny corner.
50'
Nære på for Bryne! Ballen dett plutseleg ned i beina på Tveita, men frå god posisjon klarer han ikkje å overliste Falch som nok ein gong reddar flott.
49'
Toppscorar for Hødd i ligaen er for øvrig suspenderte Eirik Ulland Andersen med sine 10 mål. For Bryne sin del er det Oddbjørn Skartun som har netta flest, med åtte scoringar.
48'
Hjørnespark
Går i nettveggen. Svakt slått.
47'
Sveen bryt fint eit Bryne-angrep, men i staden for at heimelaget kan setje i gong ei kontring får gjestane kontroll på situasjonen igjen.
46'
Bryne sparkar i gong den andre halvdelen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem spelarane inn på bana igjen!
Det står 0-0 til pause etter det som har vore ein ikkje altfor sjåverdig kamp hittil. Det har vore lite velspelt og nokså sjansefattig, men laga har likevel hatt ein stor sjanse kvar utan at ballen enda i mål. Vi håpar at både vêret og spelet varmar meir etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Wemberg prøvar eit skot som går utanfor. Ufarleg.
45+1'
Nytt frispark til Bryne. Halvvegs inne på Hødd sin halvdel.
45'
Ballen blir slått inn i boksa frå langt hald, men Moltu får stanga unna.
45'
Dødball til bortelaget. Holmvik står klar.
43'
Gjestane frå Jæren med innlegg, men det blir i staden vinka for offside.
41'
Ikkje mykje spanande som skjer på Høddvoll no. Blåsarane gjer likevel sitt til å halde stemninga oppe.
39'
Khattab med ein smart chipp bak Hødd sitt forsvar. Endar dessverre for bortelaget berre opp i nevane til Hødd-keeper Falch.
38'
Aursnes med dødball midt på bana. Lempar ballen opp i feltet, men nok ein gong får dei raudkledde reinska unna.
37'
Hjørnespark
Holmvik kjem først på den med foten, men sender ballen utanfor. Eigentleg ein bra sjanse, det! Holmvik er i alle fall frustrert over eigen prestasjon og skrik ut.
37'
Sveen med ein stygg miss i forsvar. Bryne får corner.
36'
Landro med innlegg. Heimelaget får klarert.
35'
Hjørnespark
Blir teke kort og endar i null og niks.
35'
Hødd kjem på ein god overgang, men det heile stoppar opp nok ein gong. Heimelaget er derimot heldige og får ein corner.
34'
Vertane er veldig omstendelege i pasningsspelet og tempoet er deretter. Bryne rekk dermed å omstille seg defensivt.
30'
Litt meir action i oppgjeret no.
30'
Hjørnespark
Altfor langt slått og det blir utspel for Hødd i staden.
29'
Hjørnespark
Endar i ein ny corner.
29'
Bortelaget med eit skot. Corner.
29'
Stor sjanse for Hødd! Heile Høddvoll ropar på straffe når ein spelar i blått går i bakken inne i Bryne si boks. I staden får Shroot avslutta frå kort hald, men ein spelar får redda på streken.
28'
Blir lempa inn, men Bryne får klarert.
28'
Frispark til Hødd ved midtsirkelen.
27'
Gult kort
Wemberg kjem for seint inn i ei takling og får kampens første gule kort.
26'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
25'
For ein sjanse for Bryne! Ein spelar i raudt får stå på femmetersstreken og avslutte med hovudet, men Falch reddar forsøket med ei fantastisk redning. Kampens første gode sjanse, det.
22'
Hjørnespark
Heltne finn kaptein Törnqvist, men finnen kjem ikkje nok over ballen og headinga går over mål.
22'
Myklebust prøvar å chippe ballen inn i feltet. Hjørnespark.
22'
Innkast til Hødd høgt i bana. Ingen Ingebrigtsen til å kaste langt no.
22'
Hødd har hatt eit par gode overgangsmoglegheiter hittil, men ved begge høva har dei teke for lite risiko i pasningsspelet og det heile har stoppa opp.
19'
Det meste skjer på midten her. Ingen av laga har makta å truge dei to sekstenmeterane endå.
19'
Skartun har enda på høgresida og prøvar å finne ein lagkamerat inne i Hødd si boks. Forsøket endar i staden i fanget til målvakt Falch.
18'
Heltne kjem i bra fart og har mykje rom, men blir for avventande og skuslar vekk kula.
15'
Bryne med kampens første avslutning. Rett på Falch.
14'
Ein småskummel stuss igjennom til Skartun, men Moltu får eit bein i vegen.
13'
Fredrik Aursnes med ei nydeleg dragning i det han set i gong eit angrep. Ungguten frå Hareid er svært ettertrakta, men har altså vald å bli i Hødd, i alle fall ut denne sesongen.
10'
Tveita med eit godt og hardt innlegg frå høgre. Snitrar luggen på Skartun.
9'
Og no har det byrja å tordne i Ulsteinvik også.
9'
Den omskolerte høgrebacken Ole Amund Sveen prøvar eit innlegg. Bak mål.
6'
Hødd med eit lite initiativ i starten her. Bryne har så langt forsvart seg godt.
6'
Det regnar framleis kraftig på Høddvoll, noko som har ført til at Hødd-legender som Kjetil Hasund og Jon Gjerde har funne seg ein plass på pressetribuna i staden. Det spørs om ikkje strofa 'Gamle myter om Høddvêr og slikt' frå cupfinalesongen i 2012 om dei tøffe høddarane får seg ein liten knekk her!
2'
Aursnes med eit godt innlegg frå venstre. Gjestane får klarert.
2'
Holmvik slår det rett inn til Falch. Svakt utnytta.
1'
Bryne med frispark.
Avspark Start 1. omgang
No kjem dei to laga ut på bana, anført av kveldens domar, Espen Eskås.
Hødd har ein nykomar på innbytarbenken i franskmannen Darnel Situ. Han er 23 år og har tidlegare blitt sett på eit stort talent og vore ynskja av fleire storklubbar, og i tillegg var han ein favorittspelar for mange på det populære dataspelet Football Manager ei periode. I walisiske Swansea var han frå 2011 til 2014, men midtstopparen fekk aldri ein kamp der. Før han no kom til Hødd på ein gratis overgang har han prøvd lukka i danske AGF.
Hødd-hymna blir no spelt på stadion, og vi er kort tid unna å sjå spelarane marsjere inn på kunstgraset på Nye Høddvoll.
Laga har møttest totalt 33 gongar sidan 1991. Raudtrøyene har vore klart best her, og leiar statistikken 18-6-9. Førre sesong vann laget 3-0 her på Høddvoll (mål av Skartun, Undheim og Khalili), men Hødd fekk sin revansje tidlegare i år med 4-1 på Bryne stadion (Ulland Andersen 2, Kallevåg og Aursnes scora for Hødd, Landro for Bryne). I det oppgjeret tok dessutan Bryne leiinga først, men blåtrøyene frå Ulsteinvik slo kraftig tilbake.
Bortelaget frå Jæren har på si side ikkje vunne sidan 2. august då dei slo Kristiansund 2-0 heime. Sidan det har det blitt to bortetap og to 0-0-kampar på eige gras. Dei slit spesielt offensivt, med berre eitt mål på dei fire siste.
Hødd er som tidlegare nemnt variable, noko også forma tilseier. På dei seks siste har det blitt 3-0-3. Dei har vunne to strake bortekampar, men samtidig blitt smadra 4-0 av Levanger sist dei var i aksjon her på Høddvoll.
Vêret i Ulsteinvik er ikkje all verda å skryte av. På Høddvoll er det som vanleg vind, og no har det også byrja å regne.
Bryne befinn seg på si side på 9. plass, men avstanden opp til kvalifiseringsplassane er berre på skarve tre poeng. 7-6-8 har det blitt hittil på dei første 21 kampane.
Heimelaget frå Ulsteinvik har vore svært ujamne i prestasjonane denne sesongen, men ettersom det også er tilfellet med dei fleste andre laga befinn dei seg framleis på den øvste delen av tabellen. 10-4-7 er tala så langt, noko som gir ein 5. plass på tabellen. Med 34 poeng har dei fem poeng opp til den næraste direkte opprykksplassen.
Gaute Larsen stiller på si side med nøyaktig dei same 11 som spelde uavgjort 0-0 mot Åsane førre søndag. Bryne-trenaren har for øvrig fått velje frå ein skadefri stall.
Trass i at laget til Sindre Eid tok ein meget sterk bortesiger mot Sandnes Ulf på måndag, har det blitt gjort eit par endringar på mannskapet som startar oppgjeret. Michael Karlsen har blitt vraka medan Eirik Ulland Andersen sonar karantene etter for mange gule kort. Inn kjem det unge talentet Sondre Beite og den heimatvendte briten Robin Shroot.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande 1. divisjons-oppgjeret mellom Hødd og Bryne, direkte frå Høddvoll!