TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet på Høddvoll for i år. Vi sjåast på Nye Høddvoll i 2015!
Hødd sørgjar for eit bra punktum med fyrverkeri no. Publikum hadde nok sett pris på at spelarane på bana også hadde varta opp med litt av det same!
Hødd-hymna 'Liten - men stor' blir no speld over høgtalaranlegget. Spelarane og støtteapparatet til Hødd har plassert seg ved midtsirkelen for å gi ein skikkeleg avskjed til gamle Høddvoll. 51 år med opp- og nedturar på den flotte grasmatta er over. Frå ny av er det Nye Høddvoll og kunstgras som tel.
1. divisjon 2014 er dermed over for Hødd og Bryne for denne gongen. Laget frå Ulsteinvik enda på ein skuffande 8. plass, medan Bryne hamna på plassen under.
Den siste offisielle kampen på Høddvoll er over. Det blei ein dårleg avskjed for Hødd, men Bryne sørgja i det minste for godt spel og mål. Dei vann til slutt 3-0 etter mål av Skartun, Undheim og Khalili.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+2'
Grei sjanse for Bryne igjen. Addo finn Skartun på 17 meter, og spissen dreg seg fri og avsluttar. Like utanfor.
90+1'
Nære på 0-4! Khalili prøvar seg på ein skikkeleg volley, men forsøket går på feil side av stolpen.
89'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling og får Hødd sitt første gule kort i kampen.
88'
Spillerbytte
87'
Mål!
0-3
Hødd-forsvaret søv, og Khalili kan enkelt heade inn 0-3 etter eit perfekt innlegg.
86'
Espen Standal vil for øvrig alltid stå i Hødd sin historiebøker. Han har nemleg scora Hødd sitt einaste Europa-cup mål. Det skjedd mot Aktobe i fjor, og Ulsteinvik-laget vann 1-0.
83'
Hjørnespark
Ingebrigtsen prøvar eit skot, men det blir blokkert.
83'
Spillerbytte
83'
Heile 14 Hødd-spelarar står i augneblinken utan kontrakt etter denne sesongen. Blant dei finn vi Shroot, Grodås, Törnqvist, Standal, Rekdal og Heltne.
81'
Grodås har vore Hødd sin beste spelar denne kampen, og nok ein gong involverer han seg bra offensivt. Eit flatt innlegg blir slått inn til Shroot, men briten får ikkje stokka beina og ballen går til utspel.
80'
Brukbar opprulling av Hødd, men innlegget frå Grodås blir for svakt.
78'
Frispark nummer to frå Shroot blir enkelt redda av Kristiansen.
77'
Shroot skyt først, men Khalili kjem for tidleg ut og Hødd får eit nytt forsøk.
77'
Gult kort
Får kortet etter å ha gått for nært på ein dødball.
76'
Spillerbytte
76'
Dødball til Hødd i god posisjon.
76'
Törnqvist vinn den første duellen etter avleveringa frå Heltne, men Bryne får så rydda opp.
75'
Frispark til Hødd midt inne på Bryne sin halvdel.
74'
Bryne jobbar godt i alle ledd og er flinke til å stoppe dei Hødd-angrepa som kjem.
73'
Heimelaget maktar ikkje å etablere noko særleg press her. Bryne har nokså god kontroll.
71'
Spillerbytte
70'
Hjørnespark
Moltu headar unna frå kort hald. Bra sjanse, det!
70'
Shroot får eit skot blokkert etter eit brukbart Hødd-angrep. Corner.
69'
Hjørnespark
Endar med null og niks.
67'
Blåsarane gjer sitt til å drage opp stemninga på Høddvoll. Ikkje altfor mykje positivt frå heimelaget denne første timen.
63'
Gult kort
Wemberg får kampens første gule kort etter taklinga på Beite.
63'
Unge Sondre Beite ligg nede etter å ha fått seg ein smell.
62'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
61'
Grimstad slår inn frå venstre, men forsøket går rett i hanskane til Kristiansen.
59'
Speaker opplyser om at Hallbjørn Hasund var den første målscoraren på denne bana i 1963. I dag får vi altså vite kven som blir den siste!
58'
Hødd rullar opp eit brukbart angrep, men avslutninga frå Sveen går mange meter utanfor buret til Kristiansen.
56'
Heimpublikum ropar på straffe i det Sveen går i bakken inne i Bryne sin sekstenmeter. Domar Gjermshus vinkar spelet vidare, men den situasjonen skal det bli spanande å sjå i reprise!
53'
Mål!
0-2
Bryne leiar med to mål! Landro gjer som den tilsvarande dødballen i 1. omgang, og legg kula inn på bakerste stolpe. Og som tidlegare i oppgjeret er Hødd-spelarane slappe i markeringa slik at Undheim får stanga kula i mål.
53'
Landro hinkar litt, men har bestemt seg for å ta dødballen.
53'
Frispark til Bryne i fin innleggsposisjon. Landro blir teke av Grodås.
53'
Hødd med mange ballmiss no. Bryne er samtidig hissige på kontringane, så det kan fort bli fleire mål for jærbuane her.
52'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
51'
Veldig nære sjølvmål på Høddvoll! Grimstad rotar det til med ei håplaus pasning, og Bryne stel kula og prøvar ei avslutning. Törnqvist kjem gliande inn, og er centimeter i frå å setje ballen i eige mål.
49'
Godt angrep av Hødd. Shroot speler fri Beite og får kula attende, men det påfølgjande skotet går utanfor. Robin Shroot er svært lysten på sitt 17. seriemål.
47'
Stor moglegheit for bortelaget! Tveita speler fri Khalili, men frå litt skrå vinkel set han ballen utanfor buret til Urke.
47'
Bryne stel ballen og kontrar.
46'
Heimelaget sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er begge laga på veg ut på grasmatta igjen. Vi er få straksar unna den siste omgangen på gamle Høddvoll!
Bryne leiar fortent på Høddvoll etter dei første 45 minutta etter eit flott mål av Oddbjørn Skartun. Laga har glimta til i små perioder, men stort sett har dette vore ein lite sjåverdig kamp hittil. Vi vonar at 2. omgang blir endå betre. Laga har trass alt ikkje noko press på seg.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Frispark for Hødd, men Törnqvist headar utanfor under hardt press når ballen blir slått inn.
43'
Ikkje langt unna for Hødd! Den 18 år gamle debutanten Sondre Beite kjem seg gjennom og prøvar eit skot. Det vinglar i lufta, men keeper Kristiansen får avverga.
41'
Hødd står høgt i presset, men Bryne speler seg flott ut.
39'
Nære på at Beite blir spelt fri i motsett ende. Kristiansen kjem ut og plukkar.
37'
For ein sjanse! Landro lempar frisparket inn mot bakerste stolpe der ein fullstendig umarkert Vevatne headar utanfor frå kort hald. Der skal det stå 0-2!
37'
Dødball til Bryne.
35'
Mål!
0-1
Bryne går plutseleg i føringa på Høddvoll! Nesten ut av ingenting får Skartun plass og tid, og spissen skrur ballen flott i mål frå 16-17 meters hald.
35'
Ingebrigtsen blir nok ein gong lurt og forbipassert av Tveita. Heldigvis for Hødd endar det med utspel frå Urke.
33'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
33'
Bortelaget prøvar å ta eit frispark kjapt. Eit innlegg blir sendt inn i Hødd si boks, men heimelaget får reinska unna.
33'
Nesten for Bryne. Tveita kjem seg overraskande lett inn i Hødd si boks, men han får aldri nok tid og rom til å få avslutta skikkeleg.
29'
Veldig laber periode i kampen no.
27'
Nære på at Tveita klarer å kome seg gjennom med ballen. Törnqvist forstyrrar så pass mykje at Urke får kome ut og snappe den.
25'
Det er faktisk Ingebrigtsen som slår inn, men forsøket frå backen blir enkelt klarert.
24'
Frispark til Hødd midt inne på Bryne sin halvdel.
20'
Heimelaget prøvar ein overgong, men gjennombrotspasninga til Beite blir litt for lang.
19'
Bortelaget med forsøk. Endar utanfor.
16'
Grodås kjem seg inn i boksa med ballen, men blir litt for uegoistisk og går for skot sjølv i staden for å leggje femogførti grader inn. Forsøket går i nettveggen.
12'
Heimelaget kombinerer bra, men når høgreback Ingebrigtsen til slutt får lagt inn får Bryne reinska unna.
11'
Vevatne får lagt inn frå venstre. Törnqvist får klarert.
10'
Hødd trykkar bra på og Shroot blir spelt fri inne i boksa. Briten prøvar eit kjapt skot, men bortelaget får blokkert.
9'
Ingebrigtsen med eit bra innlegg inn i boksa. Sveen regelrett bommar på kula frå bra posisjon. Hadde vore ein bra sjanse for Hødd.
8'
Dei raude og kvite har definitvt hatt initiativet her dei siste minutta.
6'
Hjørnespark
Moltu headar enkelt unna ved første stolpe.
6'
Khattab avsluttar via ein høddspelar og til corner.
6'
Robin Shroot er for øvrig ein av mange i Hødd som er på utløpande kontrakt. Med den forma han har vist i det siste vil det vere rart om ikkje større klubbar legg seg etter han.
5'
Unge Sondre Beite med ei bra involvering i det han sender i veg ein stikkar mot Shroot. Briten er ikkje kjapp nok og bortelaget overtek.
4'
Frispark for bortelaget. Blir slått inn i boksa, men Hødd får ordna opp.
3'
Roleg opning på kampen.
1'
Bryne sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Akkurat i det spelarane skal sparke i gong det heile byrjar det å regne på Høddvoll. 'Gamle myter om Hødd-vêr og slikt' syng dei i cupfinalesongen 'Stolt på Ullevaal'.
Briten Robin Shroot blir kåra til årets spelar av Hødd sine supportarar. 16 mål på 22 kampar er meir enn god nok grunn til det!
Blåsarane stiller med futt og konfette ved innmarsjen. Banneret '1963-2014' blir også halde opp.
Domar denne morgonen er Anders Gjermshus frå Hamar IL.
Begge laga står no klare til å kome innpå grasmatta. Den siste marsjen inn på graset på Høddvoll nokon gong for Hødd!
31 gongar har Hødd og Bryne møttest i nyare tid. Jærbuane har vore klart best her med 17 sigrar mot Hødd sine åtte. Seks har enda uavgjort. Møtet tidlegare denne sesongen enda 2-2, og vi må faktisk heilt tilbake til 2011 for å finne sist Hødd vann mot Bryne. Siste Hødd-siger her på Høddvoll kom i 1998, så det er liten tvil om at dette har vore ein god arena for jærbuane.
Sindre Eid fekk til slutt skikk på laget sitt, for etter at dei lengje var ustabile har forma i det siste vore upåklagleg. Dei har ein 8. plass på tabellen, men den dårlege målskilnaden gjer at det må eit mirakel til for at Ranheim skal bli forbigått. Det er først og fremst her på gamle Høddvoll at det har gått trått i år, for berre 5-3-6 på dei 14 første kampane har gjort sitt til at laget ikkje klarde å forbetre 3. plassen frå i fjor. Forma er bra, med 4-1-0 på dei fem siste.
Laget frå Jæren ligg på 9. plass på tabellen, på plassen bak Hødd. Bryne kan derimot ikkje klare å avansere på tabellen, ettersom Ulsteinvik-laget har fire poeng meir. 12-3-14 og 39 poeng er statistikken etter dei første 29 kampane. 5-2-7 er tala på bortemøta. Etter ei strålande periode med fire sigrar (inkludert mot Tromsø), verkar laget å ha sleppt seg litt ned dei siste kampane. Det har blitt to strake tap med heile 1-9 i målskilnad. Bryne har sjølvsagt lyst til å avslutte sesongen på ein positiv måte, så forhåpentlegvis får vi ein open og artig kamp.
Bryne har, som Hødd, allereie sikra plassen i divisjonen. Laget til Gaute Larsen stiller med ni av dei 11 spelarane som starta i det skrekkelege 5-0-tapet for Mjøndalen førre helg. Marius Lode og Robert Undheim er nye i ellevaren, medan Andreas Ulland Andersen og Tommy Eide Møster er ute av startoppstillinga.
Begge laga er ute no, og spesielt på Hødd er det nokre spanande endringar. Ungguten Sondre Beite debuterer for Hødd, og han skal ha eit høgt potensiale. I tillegg gjer Henrik Grimstad sin første kamp frå start av for Hødd. Han har nokre innhopp frå før. I tillegg får målvakta Jan Lennart Urke ein sjeldan kamp i buret.
På stadion blir det no gjennomført ein tur ned minnenes gate, med intervju med gamle heltar og avspeling av dei klassiske Hødd-låtane som har blitt komponert opp i gjennom åra.
Heimelaget frå Ulsteinvik er i full gong med å byggje nytt stadion, og ettersom det skal stå heilt ferdig til sesongstart 2015, er kampen i dag av det historiske slaget. Den ofte så frykta grasmatta blei opna 30. juni 1963, og har altså blitt brukt i 51 år. Spelarar som Kjetil Hasund, Åge Hareide, Jan Åge Fjørtoft, André Nevstad og Ørjan Håskjold Nyland har alle kjempa ut duellar blant grastustane her, men no skal det naturlege dekket altså bytast ut med kunstgras og kampane skal spelast på eit større anlegg like ved den noverande 'gamlebana'.
Hei og velkomen til 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Bryne. Det er duka for den siste kampen på ærverdige Høddvoll!