TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Hødd vann skotstatistikken med 15-8 (7-5 på mål).
Heimelaget vinn fortent etter mykje godt spel, men samtidig hadde Brann nok av sjansar til å kunne kjempe om poenga her. Blant anna hadde Brann to store sjansar rett før Hødd fekk 2-0-scoringa. Med utlikning der hadde det blitt ein heilt annan kamp. Hødd tek ein stor skalp i dag, og vil nok få flust av sjølvtillit inn i laget. For Brann sin del må dei få dette ut av systemet raskt og nullstille seg. Ein lag som skal kjempe om opprykk kan ikkje gå på mange slike smellar.
Hødd har slått Brann 3-0 på Høddvoll!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Larsen riv ned ein motspelar på veg framover, men slepp utruleg nok å få sitt andre gule kort.
90+2'
Hødd trillar ball dei siste minutta her.
90+1'
Berre to minutt tillegg denne omgangen.
90'
Spillerbytte
90'
Også Erik Sandal skal inn for Hødd.
89'
Karadas prøvar å leggje inn frå høgre. Rett på Falch.
87'
Spillerbytte
87'
Brann-forsvaret er elendige i presset og Ingebrigtsen får avansere så mykje han vil. Backen prøvar eit skot, men sender det svakt rett på Horwath.
85'
Ungguten Sondre Beite står klar til å kome innpå for Hødd.
84'
I metallet frå Brann! Larsen prøvar eit slags skot som til slutt endar i oversida av tverrleggaren før det går ut.
84'
Heile Høddvoll trur det er scoring! Sveen får ballen rett utanfor Brann sin sekstenmeter. Han sender i veg ein markkrypar som nærast snitrar stolpen på feil side.
83'
Sjølvsagt bra med liv i Blåsarane no. Brann-fansen sit dermed heilt rolege i seta sine.
81'
Ny stor Brann-sjanse! Castro kjem seg heilt inn på fem meter med ballen, men Falch kjem raskt ut og pressar innbytaren til å sende skotet utanfor. Ufatteleg at Brann ikkje har scora i kampen!
80'
Hødd kontrar. Sveen set fart og prøvar å chippe ballen inn i feltet, men forsøket blir stogga.
79'
Spillerbytte
77'
Huseklepp prøvar å springe i bakrom, men pasninga når aldri fram.
77'
Myklebust med ein susar. Ballen skrur seg like utanfor Horwath sitt høgre kryss.
76'
Det spørs kor lengje Brann-trenar Rikard Norling sit trygt i sjefsstolen om laget skulle gå på fleire slike smellar i tida framover. I dag har Brann rett og slett blitt nedkjempa overalt på bana.
74'
Ikkje langt unna at Myklebust får avslutta frå sju meters hald. Ein Brann-forsvarer får blokkert.
73'
Nære på at Karlsen og Myklebust klarer å kombinere seg gjennom Brann sitt forsvar. Ein spelar i raudt får derimot ei tå på kula.
72'
Brann-keeper Horwath var sjanselaus på dei to første scoringane, men burde nok ha gjort det betre på 3-0-målet. Han fekk ein hanske på kula, men klarde likevel ikkje å hindre den i å gå inn.
71'
20 minutt igjen for Brann å kome tilbake på her. Dei skapar såpass bra med sjansar, så her er ingenting avgjort endå.
69'
God sjanse for Brann! Ein heilt umarkert Huseklepp får avslutta frå god posisjon, men Falch reddar flott. Nære redusering der!
67'
Mål!
3-0
Det nærmar seg utklassing på Høddvoll! Aursnes får ta med seg ballen utan å bli pressa, og sender i veg eit skot som duppar over Horwath og i mål. 3-0 til Hødd over opprykksfavoritten Brann!
66'
Hjørnespark
65'
Hjørnespark
Nære på for Brann! Barmen ristar av seg markeringa, men headar over frå god posisjon. Nesten scoring, det!
65'
Godt forsøk for heimelaget! Ein høddar klemmar til frå distanse, men Horwath klarer å få stoppa det harde skotet.
65'
3003 tilskodarar på stadion. Ny rekord på Nye Høddvoll.
64'
Larsen prøvar å skru ballen inn i feltet, men er for hard på foten og forsøket går rett utover sidelinja.
63'
Rikard Norling har brukt opp alle sine tre innbyte no. Med 0-2 å ta igjen må ein berre satse alt framover.
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
62'
Hødd får klarert før bortelaget får avslutta. Diverre for dei raude går skotet langt utanfor.
61'
Larsen gjer seg klar.
61'
Huseklepp blir felt av Ingebrigtsen og Brann får frispark i god innleggsposisjon.
60'
Castro og Karadas gjer seg klare til å kome innpå.
59'
Sveen dyttar ein motspelar på veg framover over ende, men slepp det gule kortet.
58'
Bortelaget står høgt og stressar Hødd-forsvaret. Ikkje alle i blått ser ut til å takle det like godt, men enn så lengje så har det gått bra.
57'
Ikkje langt unna at Ulland Andersen blir spelt fri bak Brann-forsvaret for tredje gong. Berre eit svakt medtak øydelegg.
56'
Gult kort
Myklebust blir første Hødd-spelar med kort i kampen. Den tidlegare Lillestrøm-spelaren sitt andre for sesongen.
53'
Mål!
2-0
Få sekund etter at Brann har bomma på to store sjansar så scorar Hødd! Eirik Ulland Andersen får nok ein gong med seg ballen forbi Brann-forsvaret, og nok ein gong overlistar han Horwath frå kort hald. 2-0 til Hødd!
53'
Dobbeltsjanse for Brann! Først får Fredrik Haugen masse tid og rom til å avslutte, men Falch får redda det harde skotet. Returen hamnar så hos Barmen som utruleg nok set ballen utanfor det nesten tome buret. Der skal Brann score!
52'
Eirik Ulland Andersen kjem seg inn i boksa med ballen, men blir så effektivt stoppa av Brann-forsvaret.
51'
Larsen kjem i fint driv, men klarer ikkje å få fram den avgjerande pasninga.
50'
Hødd-keeper Aslak Falch har sola i augo denne 2. omgangen. Burde kanskje hatt seg ein caps, den norske U21-spelaren.
49'
Karlsen i duell, men den tidlegare Ranheim- og Rosenborg-spissen blir avvinka for offside.
48'
Larsen er nære ved å opne Hødd sitt forsvar, men ei lang tå frå Hødd-stoppar Moltu får avverga situasjonen.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Brann skal gjere eit tidleg byte. Kristoffer Barmen står klar.
No kjem laga på bana igjen!
Litt moro på Høddvoll når Hødd sin mediesjef, Lars Petter Rønnstad, står plassert rett ved vasspreidaren når den går av. Den sympatiske mannen tek det med eit smil og får ein velfortent applaus frå publikum.
Heimelaget Hødd leiar fortent 1-0 over Brann etter at den første halvdelen av kampen er unnagjort. Blåtrøyene har vist stor innsats og har vore angripsvillige når sjansen har bydd seg. Det har ikkje vore flust med sjansar i kampen, men dei som har vore har heimelaget stått for. Om Brann skal få poeng her i dag må dei nok gir opp litt. Samtidig veit ein at Hødd har vore gode i 1. omgang og påfølgjande svake i 2. omgang i begge dei to første kampane. Trenar Sindre Eid har ei viktig rolle i garderoben når for å unngå at det skal skje nok ein gong.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Heimelaget med eit skot som snik seg eit godt stykke over gjestane sitt bur.
45+2'
Av spelarar som har hatt ei fortid i både Hødd og Brann kan vi trekkje fram Geir Hasund. Han har 206 kampar og 127 mål for Hødd, og 34 scoringar på 113 opptredenar i den raude trøya. I fylgje rapportane blir også namnet hans framleis sunge på Brann stadion, i tillegg til at ein lokal fotballklubb, Hasunds Hund, har teke namnet sitt frå kultlegenda.
44'
Brann prøvar å angripe med få berøringar på ballen, men presisjonen stemmer ikkje på den strøkne matta og det heile stoppar opp.
43'
Hjørnespark
Endar til slutt med utspel frå Falch.
42'
Hjørnespark
Larsen får to forsøk. Det første blir enkelt klarert ved første stolpe, men det andre er betre og Falch må til med ein beinparade for å få kula vekk.
40'
Gult kort
Larsen blir første spelar med det gule kortet.
40'
Larsen kjem til innlegg frå høgre, men er litt for hard på foten og sender ballen forbi alle i feltet.
39'
Nære på for heimelaget igjen! Hødd køyrer ein overgang, og ei svak klarering frå bortelaget endar med at Sveen får ballen på halvspretten. Den tidlegare HamKam-spelaren klinkar til og sender ballen like til side for Horwath sin stolpe.
37'
No blir det spanande å sjå korleis Brann skal respondere her. Hødd tok for øvrig leiinga både mot Strømmen og Fredrikstad, og var nære ved å rote vekk poeng i begge dei oppgjera.
33'
Mål!
1-0
Hødd tek leiinga på vakkert vis! Heimelaget speler raskt på få berøringar, og Aursnes sender i veg ein stikkar som snik seg gjennom heile Brann-forsvaret. Ulland Andersen har sprunge seg fri og mottek ballen nokre meter unna Horwath. Frå kort hald har vingen ein grei jobb med å plassere kula i mål.
31'
Huseklepp med eit ufarleg innlegg frå venstre som går rett i fanget til Falch.
31'
Aursnes prøvar å drage seg fri utanfor Brann si boks, men misser kontrollen over kula.
27'
Ole Amund Sveen prøvar seg frå langt hald. Ballen skur fleire meiter utanfor.
27'
Aasbak misser ballen farleg på veg framover. Heldigvis for han er det futt i lagkamerat Fredrik Aursnes i kveld, og Hødd sin nummer 22 vinn tilbake ballen for dei blå.
26'
Moltu med ei håplaus klarering rett i beina på Demir. Svensken prøvar seg frå distanse, men skotet går ufarleg rett på Falch.
25'
Blåtrøyene snappar kula like utanfor Brann sin sekstenmeter, men samhandlinga mellom Aursnes og Karlsen er ikkje på topp og det endar i staden med utspel frå Horwath.
23'
Vi er halvvegs i første omgang, og dette har vore ein ganske sjåverdig oppgjer hittil. Begge lag ynskjer å angripe med fart, og det har i tillegg vore bra trøkk i duellspelet.
20'
Myklebust kjem seg inn i boksa og får avslutta, men skotet er utan kraft og går rett på Horwath.
20'
Sveen med ein kraftig ettersleng på Larsen. Også denne hendinga let Døvle passere. I tillegg svarer Larsen med å dytte på Hødd-spelaren. Domaren har lagt lista svært høgt i starten her. Det spørs om han klarer å vere like konsekvent vidare i kampen.
19'
Demir med ei stygg takling på Aursnes, men utruleg nok gir ikkje domar Døvle han det gule kortet.
16'
Endar med eit svakt skot rett på Falch frå Larsen.
16'
Huseklepp kjem i full fart for Brann.
15'
Heimelaget kjem på ein overgang, men Karlsen øydelegg det heile med ei svak pasning rett utover sidelinja.
14'
Hjørnespark
Hødd får klarert.
13'
Heimelaget lempar inn i boksa, men Horwath får boksa unna.
13'
Hjørnespark
Acosta får heada unna. Hødd beheld ballen.
13'
Magnussen med ein flott vending inne i Brann si boks. Han prøvar eit slags skot, men bortelaget får blokkert til corner.
12'
Fredrik Haugen får tilsnakk etter å ha vore for tøff i ein duell.
11'
Larsen slår hardt inn, men keeper Falch får fista unna.
11'
Brann med dødball i god posisjon.
10'
Nesten for heimelaget! Aursnes får nok ein sjanse til å slå inn, og det gjer han veldig bra. Törnqvist stig til vêrs og tvingar fram ei god redning frå Horwath med hovudstøytet sitt.
9'
Hjørnespark
Brann får rydda unna først, men Hødd beheld ballen.
9'
Hødd sine supporterar, Blåsarane, gjer sitt for å lage god stemning på stadion. Også dei tilreisande har laga bra med liv innimellom.
8'
Larsen med ein fin stikkar mellom beina på ein Hødd-spelar og bak heimelaget sitt forsvar. Dessverre for bortelaget blir det vinka for offside.
7'
Bortelaget prøvar ei kontring.
6'
Aursnes med frispark inne på Brann sin halvdel. Blir teke kort.
5'
Hjørnespark
Acosta får tak i ballen inne i feltet, men Törnqvist gjer ein god jobb og får ordna opp.
5'
Larsen med eit fint dribleraid for Brann. Corner til bortelaget.
4'
Hjørnespark
Blir teke kort til Myklebust som legg igjen ballen til Aursnes. Det unge talentet bankar til på direkten, men skotet skrur til side for mål. Halvsjanse.
4'
Sveen med eit lurt løp bak Brann sitt forsvar. Vinn ein corner for heimelaget.
2'
Jokim Wrele med kampens første skot. Er nære på å treffe eit vindauge i ei leiligheitene bak stadion.
1'
Hødd med avspark. Vinn eit innkast høgt i bana.
Avspark Start 1. omgang
No er alle klare på kunstgraset. Få sekund til det heile er i gong!
Ein del har teke turen til Høddvoll for å støtte laget i dag. I alle fall 60 stykke har funne seg eit sete på borteseksjonen på stadion, inkludert nokre lokale med ei forkjærlegheit for klubben i raude drakter.
Vi ventar no på at dei 22 spelarane, anført av kveldens domar Trond Ivar Døvle, skal entre den grøne matta.
Lagoppstillingane blir annonserte på stadion no, og vi er ikkje mange minutt unna kampstart!
For Brann manglar blant andre viktige Marcus Pedersen og Piotr Leciejewski, som begge er ute med skade.
Hødd-trenar stiller på si side med nøyaktig dei same 11 som starta i opningskampen av Nye Høddvoll sist måndag. Blant spelarane den tidlegare Hødd-stopparen må unnvere, finn vi Joachim Magnussen og Vegard Heltne.
Norling gjer for øvrig éi endring på laget sidan sist. Fredrik Haugen kjem inn for Jorge Alejandra Castra Salazar.
Brann ligg ein plass over Hødd på tabellen, på 6. plass. Laget til Rikard Norling har møtt dei same to laga som ulsteinvikarane har, og som Hødd har dei slått Strømmen (2-0) og spelt uavgjort (1-1) mot Fredrikstad.
Hødd har møtt Strømmen (1-0 borte) og Fredrikstad (1-1) hittil. Laget har imponert i begge 1. omgangane i desse oppgjera, men samtidig vore veldig svake etter kvilen. Mot Fredrikstad var dei heldige som ikkje tapte.
Sidan 1969 har Hødd og Brann møttest 12 gongar. Flest oppgjer var det på slutten av 60- og byrjinga av 70-talet, då Hødd hadde nokre sesongar på øvste nivå. Laget frå Sunnmøre var i Tippeligaen også i 1995 og vann då faktisk begge oppgjera mot Brann. På gamle Høddvoll blei det 1-0, medan det i Bergen blei 2-1. Statistikken over alle kampane sett under eitt er 5-4-3 i favør Brann. Hødd har likevel berre to tap på dei åtte siste møta med bergensarane.
Kveldens kamp er ei reprise av NM-semifinalen mellom Hødd og Brann frå 2012. Mange bergensarar hadde teke sigeren på førehand og allereie booka hotell i Oslo på finaledagen, men eit heiltent Hødd-lag sende Brann-laget heim med 3-1 i bagasjen. Ting byrja rett nok oppskriftsmessig for bergensarane då Zsolt Korcsmar sende dei i leiinga tidleg i 1. omgang, men mål av Fredrik Aursnes, Pål Andre Helland og Kjell Rune Sellin sørgja i staden for at sunnmørslaget kunne juble til slutt. Eventyret enda også som kjent med at Hødd tok ein sensasjonell siger også i finala mot Tromsø.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Hødd og Brann på Nye Høddvoll!