TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Alt i alt vinn Hødd fortent, sjølv om Glimt også hadde mykje av spelet og mange gode moglegheiter. Sivert Nilsen ordna 1-0 rett før pause, og då Espen Standal ordna 2-0 i det 84. minutt trudde mange at dei blå skulle klare dette greitt. Men ei tvilsam straffe minuttet etter, som Jim Johansen ekspederte i mål, sørgja for at nervane på Høddvoll steig til himmels umiddelbart igjen. Til trass for bra press frå Glimt dei siste minutta klarde dei aldri å få ballen i mål, og eit ekstatisk heimepublikum kunne dermed juble for tre poeng. Takk for fylgjet!
Hødd har slått serieleiar Bodø Glimt på Høddvoll, og bodøværingane får dermed sitt første tap sidan april, samtidig som dei stoppar på 12 strake sigrar, ein unna rekorden på 13 på det nest øvste nivået i Noreg.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Tilleggstida er ute.
90+4'
Berglann spring og spring får å nå att ein ball, men må sjå den trille utover sidelinja. Utspel frå Lie.
90+3'
Rekdal står klar med frisparket.
90+3'
Spillerbytte
90+3'
Hødd drøyar tida fint no. Magnussen blir felt igjen, og dei blå får nok eit frispark.
90+2'
Nilsen står klar med frisparket.
90+1'
Gult kort
Feller Magnussen som er på veg framover med ballen. Stopp i spelet var akkurat det Hødd var ute etter.
90+1'
Utruleg spanande på Høddvoll no. Hødd såg ut til å kontrollere det heile inn, men ein tvilsam straffe ordnar altså spenning i kampen igjen.
90'
Spillerbytte
88'
Imingen slår inn frå venstre, og Glimt-spelarane står i kø foran mål. Diverre går dei i vegen for kvarandre, og Lie får utspel.
86'
Mål!
2-1
Lie går til høgre, og ballen til venstre. Sikker straffe frå Johansen, og no er det full kamp igjen på Høddvoll!
85'
No skjer det mykje her. Braaten går i bakken, og domaren dømmer straffe. Der ser Braaten ut til å ramle heilt av seg sjølv!
85'
Straffe!
No skjer det mykje her. Braaten går i bakken, og domaren dømmer straffe. Der ser Braaten ut til å ramle heilt av seg sjølv! Det såg ut som ei veldig tvilsam avgjersle av Lundby.
84'
Mål!
2-0
Har Hødd avgjort det? Standal vinn ballen ute ved sidelinja og stormar mot mål. Hødd kjem i overtal, men i staden for å passe til ein medspelar går Standal for skot - og sender det forbi Noring. Serieleiaren er i alvorleg trøbbel på Høddvoll.
84'
Glimt pressar og pressar, medan Hødd skapar dei største sjansane.
83'
Nære på for heimelaget! Standal spring frå Sane og stormar åleine mot Noring, men spissen får ikkje nok klem i avslutninga og Glimt sin sisteskanse reddar bra.
82'
Standal prøvar seg med ei avslutning. Ikkje langt utanfor.
82'
Jim Johansen prøvar ein lav avslutning i næraste hjørne. Lie har full kontroll på det ikkje altfor gode forsøket.
81'
Nesten for Hødd! Standal flikkar ballen til Rekdal, men frå god posisjon set innbyttaren ballen like utanfor mål. Der kunne Hødd ha teke eit stort steg nærare dei tre poenga.
78'
Spillerbytte
78'
Andreas Rekdal skal inn for Hødd.
77'
Nok eit Glimt-innlegg utan adresse. Denne gongen posta av Imingen.
76'
Gult kort
Domar Lundby meiner han drøyar tida og viser han det gule kortet. Vel strengt.
75'
Antwi slår inn, men Törnqvist stupheadar kula unna.
75'
Glimt har både Johansen og Braaten på bana no, to målfarlege spelarar med henhaldsvis åtte og seks mål så langt i serien. Til samanlikning har Hødd sin toppscorar, Espen Standal netta berre fem.
71'
Gult kort
Kjem altfor seint inn i ei takling på Magnussen og får eit korrekt gult kort.
71'
Spillerbytte
70'
Glimt pressar bra no. Vegard Braaten kjem til ei sjeldan avslutning, men sender den over. Glimt skryt på si heimeside av at dei sjeldan tapar med Braaten på laget, men i dag ser det ikkje altfor bra ut, sjølv om det er lenge igjen.
68'
Hjørnespark
Rett i klypene til Noring.
68'
Antwi går inn på høgrebacken.
68'
Spillerbytte
68'
Nok eit bytte for bortelaget.
67'
Bortelaget kjem seg inn i boksa og får lagt inn, men assistentdomaren vinkar for offside.
67'
Glimt slit med å finne opningane i eit kompakt Hødd-forsvar.
66'
Stopp i spelet medan eit par spelarar får litt tilsyn frå det medisinske apparatet.
65'
No er det Imingen sin tur til å prøve å finne lagkameratane i boksa til Hødd. Det klarer han ikkje.
64'
Nok eit innlegg frå Berglann. Denne gongen treff han dårleg, og forsøket går bak mål.
63'
Sandal prøvar å stikke igjennom til Magnussen, men forsøket blir plukka opp av Noring.
62'
Berglann kjem seg nok ein gong til dødlinja og får lagt inn. Lie fangar ballen.
60'
Bodø Glimt lev farleg no. Dei har ballen ein del, men utan å kome til altfor mange sjansar.
59'
God sjanse for Hødd! Torset speler fri Andersen som legg ballen utover i boksa. Der kjem Sandal stormande, men Hødd sin nr 7 klarer ikkje å stokke beina skikkeleg og bommar totalt med avslutninga.
58'
Blir slått inn i boksa, der Sandal til slutt får avslutta, men over mål.
58'
Ulland Andersen med frispark for heimelaget. Det skal vel slåast langt.
57'
Redning på strek! Lie boksar eit innlegg rett ut i feltet, der den blir avslutta på mål av ein spelar i gult. Heldigvis for Hødd og Lie står Moltu på streken og dunkar ballen vekk.
57'
Jacobsen på eit veldig bra løp diagonalt bak Hødd-forsvaret, men pasninga frå Valtentin er for svak. Utspel frå Lie.
55'
Bortelaget kontrar. Imingen slår inn frå venstre, men rett i fanget til Lie.
55'
Magnussen slår lavt inn i boksa, men Sane får renska unna.
54'
1735 tilskodarar på Høddvoll i dag.
53'
Hjørnespark
Blir slått svakt rett i nettveggen.
53'
Godt forsøk for bortelaget! Eit innlegg glir gjennom Hødd si boks, og frå bra posisjon får dei gule avslutta. Lie gir ein farleg retur, men Nilsen får klarert til corner.
52'
Ingebrigtsen med farleg innkast for Hødd. Ballen dett ned foran mål, men ingen i blått rekk å få avslutta.
51'
Bra liv i Hødd sine supporterar, Blåsarane. Glimt sin Den Gule Horde er det derimot litt stillare med.
50'
Standal prøvar å springe i bakrom, men Sanse brassesparkar kula vekk.
48'
Magnussen prøvar å stusse Sandal igjennom. Bortelaget får klarert til kast.
47'
Jacobsen er for tøff i ein duell og får frispark imot. Han blir sjølv liggande igjen på graset etterpå, men kjem seg etter kvart opp.
46'
No spørs det kva slags strategi Hødd vel. I tidlegare kampar der dei har teke føringa har dei lagt seg bakpå og satsa på overgangar. Ikkje overraskande om det skjer også i dag.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
No kjem laga ut på bana igjen.
Hødd leiar 1-0 til pause over det rekordjagande leiarlaget Bodø Glimt. Etter ein roleg halvtime tok det seg kraftig opp dei siste 15 minutta. Begge lag har produsert gode sjansar, men det er altså heimelaget Hødd som har klart å omsetje til scoring, ved Sivert Heltne Nilsen. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Hødd-frispark. Törnqvist brukar bra med tid.
45+1'
Nære på at Hødd lukkast med ein overgang like etterpå. Standal finn ein framoverstormande Andersen i boksa, men sistnemnde får ein liten dytt og får dermed aldri skikkeleg tak i kula. Kunne ha blitt farleg, det.
45'
Konradsen står klar. Bankar den inn, men Moltu får klarert.
44'
Gult kort
Sparkar ned Berglann som er på veg framover. Soleklart gult kort.
42'
Mål!
1-0
Hødd går i føringa på Høddvoll! Eit innkast frå Ingebrigtsen blir stussa vidare inn i boksa, og der stupar Heltne Nilsen kula i mål. Den suverene serieleiaren ligg under i Ulsteinvik.
42'
Sivert Heltne Nilsen med den eine svake avleveringa etter den andre. Akkurat no er det vanskeleg å forstå at han skal spele for Vålerenga neste sesong.
39'
Ulland Andersen med fripark for Hødd. Endar bak målet til Noring.
38'
Trippelsjanse for Glimt! Cornersparkt endar midt i boksa, og bortelaget får avslutta frå kort hald, men ein høddspelar reddar på strek. Den første returen blir så redda av Lie, før den tredje avslutninga blir banka like over mål. Ufatteleg at det ikkje blei scoring der!
38'
Hjørnespark
38'
Braaten prøvar å kome seg laus med ballen. Törnqvist sparkar den ut til corner.
37'
Kampen har teke seg meir opp no. Spesielt Hødd vågar litt meir framover i bana.
36'
Nok ein god sjanse for heimelaget! Eit innkast endar til slutt på bakerste stolpe der Ulland Andersen kjem til heading. Den er altfor laus, og keeper Noring får fange den lett.
35'
Hjørnespark
Går forbi alle.
35'
Dobbeltsjanse for Hødd! Brandal avsluttar frå bra posisjon, men Noring reddar. Standal lurar på returen, men bortelaget får så vidt rydda opp. Corner.
33'
Bodøværingane legg seg veldig djupt når Hødd har ballen. Braaten befinn seg øvst, på midtstreken.
32'
Bra sjanse for Hødd! Standal befinn seg plutseleg heilt åleine inne i boksa, men frå nesten daud vinkel går han for skot, som endar med innkast på motsett side.
31'
Bortelaget kontrar, men Konradsen speler bak Berglann og Hødd får i staden innkast.
29'
Berglann kjem seg nok ein gong forbi Ingebrigtsen og får lagt inn. Törnqvist headar unna.
27'
God sjanse for Glimt! Berglann sender ein innlegg inn i boksa, og det endar hos ein litt forfjamsa Jacobsen som avsluttar over frå bra posisjon. Det beste forsøket hittil i oppgjeret.
26'
Vi ventar framleis på at dette oppgjeret skal opne seg opp. Akkurat no er begge lag redde for å bli tekne i ubalanse og speler dermed på det trygge.
25'
Ulland Andersen med eit frispark som han ikkje klarer å få luft under, og bortelaget får klarert enkelt.
24'
Imingen stussar vidare avleveringa frå Berglann, men forsøket går over mål. Det næraste vi har vore så langt.
24'
Berglann står klar.
23'
Brandal med ei knødete felling av Richards. Frispark til bortelaget i fin innleggsposisjon.
22'
Imingen slår inn frå venstre, men Brandal får stussa kula vekk frå farleg sone.
22'
Torset med eit trøblete tilbakespel. Lie må klarere til kast.
21'
Småfint spel av Hødd. Andersen prøvar å leggje inn i ubalanse, og bortelaget får utspel.
19'
Ulland Andersen slår tidleg inn frå høgre, men Torset klarer ikkje å treffe ballen med hovudet.
19'
Berglann kjem seg fint forbi Ingebrigtsen og får banka ballen hardt foran mål. Der går den via ein Glimt-spelar og til utspel.
17'
Ingebrigtsen kastar, og ballen endar i returrommet hjå Ulland Andersen. Avslutninga hans blir blokkert.
16'
Keeper Noreng har som nemnt hatt god kontroll i luftrommet, men klareringane med beina har han slitt med hittil. Hans andre spark som endar med inkast i løpet av nokre få minutt.
15'
Etter ein bra start klabbar det litt meir for laga no. Mange frispark og stopp i spelet, og lite rytme.
14'
Ulland Andersen slår langt igjen på eit frispark, men også ved dette tilfellet har Noring oversikt og plass og plukkar kula.
13'
Richards set fart nok ein gong, men no er det han sjølv som sørgjer for at ballen endar utover kortlinja. Utspel frå Lie.
12'
Moltu vinn den første duellen og stussar bakover, men keepervikar Noreng plukkar også no lett.
11'
Ingebrigtsen skal kaste langt for Hødd.
10'
Vieux Sane klinkar til frå langt hald og får bra treff. Skotet går over mål, og AaFK-innleigde Lie har god kontroll.
9'
Nytt frispark for Hødd. Denne gongen midt på bana. Ulland Andersen slår langt opp, men Glimt-keeper Viktor Noring har ein enkel jobb med å halde kula.
8'
Hjørnespark
Domaren har sett noko i boksa og gir frispark til Hødd.
8'
Richards tek med seg ballen oppover i bana, og Brandal må gi corner.
7'
Begge lag har byrja friskt her og er angrepsvillige.
6'
Konradsen kjem fram på venstrekanten, men misser ballen ut over sidelinja.
5'
Dårleg slått, og Hødd kontrar. Standal går i bakken, men domar Lundby vinkar spelet vidare.
4'
Hjørnespark
Det går litt tid før corneren blir teke. Domaren må gi tilsnakk.
3'
Hødd kjem farleg fram på venstrekanten, men innlegget inn i boksa når aldri fram til ein spelar i blått.
3'
Begge lag må for øvrig klare seg utan delar av trenarapperatet i dag. Både Hødd sin hovudtrenar, Lars Arne Nilsen, og Bodø Glimt sin assistenttrenar, Aasmund Bjørkan, er i Oslo på UEFA Pro A-lisenskurs og må fylgje kampen på andre måtar.
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga på bana!
Dagens domar er Martin Lundby. Han blir assistert av Frode Ølmheim og Øystein Simon Ytterland.
Her i Ulsteinvik er det ein fantastisk vêr. Sola skin, og temperaturen ligg på 19-20 grader. Det gledar nok også dei tilreisande frå Bodø, som har funne seg til rette både på stå- og sitjetribuna.
Vi kan også bli vitne til ei historisk hending på Høddvoll i dag, for om Bodø Glimt skulle ta nok ein trepoengar betyr det at dei blir det første laget nokon gong som har vunne 13 strake sigrar på det nestøvste nivået i Noreg.
Jan Halvor Halvorsen får ikkje stille med sitt beste mannskap i dag, for både Papa Alioune Ndiaye og Ibba Laajab blei utviste i førre kamp mot Elverum og må sone i dag. Inn for dei har Thomas Jacobsen og Vegard Braaten kome.
Hødd-trenar Lars Arne Nilsen må unnvere Victor Grodås, Vegard Heltne og Fredrik Aursnes til dette oppgjeret. Dei to første er ute med skade, medan Aursnes fekk sitt tredje gule kort for sesongen i førre runde og dermed er suspendert i dag.
Hødd har klart seg greitt mot Bodø Glimt dei siste åra, og her på Høddvoll står dei med to strake sigrar: 2-1 i 2012 og 3-0 i 2011. Totalt på dei ni gongane dei har møttest sidan 1995 har det enda 6-1-2 i favør gultrøyene. Her på Høddvoll har dei ein siger (3-2 i 2006) og ein uavgjort (0-0 i 1995) å vise til. Møtet mellom laga tidlegare i sesongen enda med 1-0 til laget til Jan Halvor Halvorsen etter mål av Laajab.
Dagens heimelag Hødd har altså ei enorm oppgåve framføre seg, men dei som kjenner laget veit at dei ofte hevar seg i det verkeleg store oppgjera. Dei siste åra har dei blant anna hamla opp med lag som Brann, Sarpsborg, Tromsø, Haugesund og nettopp Bodø Glimt.
Bodøværingane har på si side som kjent berre tapt poeng i fire kampar av 21. Dei står med utrulege 12 strake sigrar, og vi må heilt tilbake til april for å finne den siste gongen dei enda opp med null poeng. Heime på Aspmyra har dei vunne 11 av 11, medan på det på framande baner har blitt 6-2-2.
Etter ei dårleg periode har Hødd byrja å sanke litt meir poeng i det siste. Dei skuffa lenge på heimebane, men etter tre strake tap her har dei vunne dei to siste, mot henhaldsvis Sandefjord og Strømmen. På dei seks siste har blåtrøyene 2-1-3.
Før dagens oppgjer ligg Hødd frå Ulsteinvik på 7. plass på tabellen med 33 poeng og 10-3-8 hittil. Til samanlikning har Bodø Glimt svært solide 17-2-2 og 53 poeng så langt.
Bodø Glimt er i ufatteleg god form for tida, og med ei soleklår leiing på 14 poeng til neste lag på tabellen er det ikkje lenge om å gjere før opprykket er sikra. Hødd jaktar også dei gjevaste plassane på tabellen, og med tre poeng i dag kan dei absolutt vere med å kjempe heilt inn.
Hei og velkomen til livedekninge av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Bodø Glimt, direkte frå Høddvoll!