Referat
Kun høydepunkter
Hødd har verkeleg vist seg frå si beste side i sin første Adecco-kamp sidan 2008. Dei gjekk, som varsla av trenar Nilsen, friskt ut, og dei fekk også eit tidleg mål ved Haanes. Heimelaget dobla leiinga etter timen var spelt ved Klock, og fire minutt scora Adama Diomande det flottaste målet som har blitt laga på Høddvoll på lang tid. Bortsett frå ei to-tre farlegheiter hadd Bodø/Glimt lite å stille opp med, og om Kåre Ingebrigtsen skal føre sine spelarar til opprykk må dei opp fleire hakk til neste kamp. Takk for følget!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Fleire spelarar står klare.
90+3'
Frispark til Hødd i veldig god posisjon! Rett ved sekstenmeterstreken.
90+1'
Stensland kjem til eit innlegg som Nyland klarer å plukke etter litt problem.
90'
Glimt klarer ikkje å setje Hødd under noko særleg press her. Heimelaget jobbar heroisk.
87'
Haukås med eit innlegg som går bak mål.
86'
Latifu bommar totalt på eit innkast. Han kastar rett og slett ballen rett opp i lufta og ned i henda igjen!
86'
Steffen Moltu har blitt kåra til banens beste av ein lokal jury. Ikkje verst i debutkampen!
85'
Khalili mottek ei bra crosspasning og header ballen i mål, men assistendomaren vinkar av for offside!
85'
Latifu prøver å spele fri Kazeem i boksa, men pasninga blir for unøyaktig.
84'
Bodø/Glimt har hatt initiativet dei siste minutta, og dei nærmar seg ei scoring.
83'
Hødd rotar med eit innkast høgt oppe. Forn tek over ballen.
82'
Johansen får avslutta inne i boksa, men Hødd får blokkert.
80'
Hamoud kjem seg fri på høgrekanten inne i Hødd si boks, men han misser kontrollen over ballen og ein mogleg sjanse forsvinn.
77'
Redning på strek! Nyland er ute og bokser på eit Glimt-frispark, og returen prøvar Khalili å heade i mål frå 15-16 meter. Der står derimot Moltu og ryddar vekk ballen med hovudet.
75'
Kazeem og Diomande snurrar rundt med Glimt-forsvaret med lekre finter, men bortelaget får likevel ordna opp.
74'
Bodø/Glimt slit verkeleg med å kome til sjansar her. Men dei som kan si historie hugsar nok at gultrøyene har snudd 0-2 til siger her før! 3-2-sigeren kom i 2006, men det Glimt hadde då som dei manglar no, var ein viss Trond Olsen.
73'
Haukås lobbar ein ball inn i feltet, men Nyland har full kontroll og plukkar pasninga enkelt.
72'
Diomande blir spelt fri i bakrom, men under sterkt press klarer han ikkje å kome til avslutning. Bra jobb av Glimt-stopparen.
71'
Haanes blir felt, og Hødd tek over ballen. Frisparket blir teke kjapt.
71'
Frispark til Glimt. Hødd ordnar opp.
70'
Aram Khalili kjem til avslutning. Får ikkje skikkeleg klem på den, og Nyland har ein grei jobb.
69'
Diomande speler nesten Torset åleine gjennom. Berre ein kjapp Bodø-fot hindrar ei stor sjanse!
66'
Diomande kjem til avslutning frå kort hald, men ein Glimt-spelar får akkurat blokkert.
65'
Khalili vinn ein sjeldan hovudduell med Klock, men ingen medspelarar er der til å plukke andreballen.
64'
Bra sjanse for Glimt! Thomas Rønning får ein retur etter corneren, og frå 16-17 meter skyt han like over.
63'
Steffen Moltu slår Håvard Sakariassen i ein løpsduell, og stopparen får også eit innkast.
62'
Michael Haukås avsluttar frå distanse. Til side for Nyland i Hødd-buret.
61'
God sjanse for Hødd! Forn bommar nok ein gong på ei utboksing, og Klock får avslutta. Glimt får så vidt blokkert.
61'
Diomande er i ein springeduell med Rønning, og sistnemnte held på å rote det til for seg sjølv. Får så vidt gitt til corner.
59'
Kazeem er i ein duell med stoppar Rønning i Glimt sitt felt, og sistnemnte får frispark.
58'
Glimt prøver å spele i bakrom, men Khalili går i ein klar offside.
56'
1416 tilskodarar på Høddvoll i dag!
54'
Glimt er mykje meir aggressive no, men dei slit med å kome til sjansar.
53'
Hamoud kjem til innlegg, men backen får ikkje eit godt tilslag, og Nyland kan ta ballen.
51'
Heimelaget speler i bakrom, men Forn er kjapt ute og fangar ballen. Våkent av Glimt sin målmann.
51'
Glimt får ei bra overgangsmoglegheit, men Johansen er unøyaktig og Klock får rydda opp.
50'
Hødd trykkar på, og Hamoud må trå til fleire gongar.
48'
Jim Johansen med frispark for Glimt. Ballen dalar over alle, og Per Verner Rønning kjem åleine på bakerste stolpe. Dessverre for Glimt treff han ikkje ballen skikkeleg med hovudet.
48'
Diomande avsluttar frå 15-16 meter, og sjølv om Forn gir ein liten retur, ser han ut til å ha kontroll.
47'
Latifu kjem flott fram på venstrekanten, og Kazeem avsluttar utanfor.
46'
Heimelaget startar med ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Håvard Sakariassen kome på bana som førstemann. Kåre Ingebrigtsen har altså allereie teke grep!
Då står det 1-0 til heimelaget på Høddvoll etter dei første 45 minutta. Hødd sjokkopna, og kom til fleire store sjansar det første kvarteret. Det heile roa seg så ned, før Hødd pressa på dei siste 5-6 minutta av omgangen. Bodø/Glimt har vore svært tafatte framover, og den einaste sjansen som er verdt å nemne kom på ein dødball etter 27 minutt. Kåre Ingebrigtsen må nok gi sine spelarar nokre velvalde ord om Bodø-laget skal heve seg. Likevel, det står berre 1-0 til Hødd, så det er ein veldig spanande omgang vi har i vente!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her på Høddvoll.
45'
Kazeem og Latifu kombinerer flott på høgrekanten, men innlegget frå sistnemnte blir for enkelt for Ivar Forn i Glimt-målet.
44'
Kazeem får ballen inne i Glimt sin sekstenmeter, og på halvvolley skyt han like over. God moglegheit for Hødd!
43'
Torset kjem på avslutning frå fem meter, og berre ein kjapp reaksjon frå ein Glimt-spelar hindrar 2-0!
42'
Diomande blir dytta bakfrå, og no er det Heltne Nilsen og Hødd som får frispark.
41'
Heltne Nilsen er nære på å få tråkla seg gjennom, men Glimt-forsvaret får avverga.
40'
Brandal går i ryggen på ein Glimt-spelar, og bortelaget får nok eit frispark. Jim Johansen finn nesten Khalili på fem meter, men spissen er tidelar for seint ute.
38'
Nok ein dødball. Glimt og Thomas Jacobsen. Moltu headar unna.
36'
Haanes i bra innleggsposisjon, men han slår ballenn håplaust bak mål.
34'
Sandal kjem til avslutning etter duellen i feltet, men Glimt er kjapt ute og blokkerer.
33'
Sandal finn nesten Kazeem i bakrom, men Forn er vakent ute. Heimelaget får likevel eit frispark pga ei takling i det pasninga blei slått. Heltne Nilsen igjen!
33'
Glimt prøvar å kontre, men Moltu er vaken og forhindrar overgangen.
32'
Forn bommar totalt når han skal bokse frisparket frå Nilsen, og Kazeem får etter kvart avslutta. Ballen blir redda på streken!
31'
Frispark i bra innleggsposisjon for Hødd. Rett ved hjørneflagget.
30'
Erik Sandal skyt eit godt stykke utanfor på halvvolley. Første farlege heimelaget har skapt på 20 minutt.
29'
Nilsen med frispark for Hødd. Fem-seks meter inn på Glimt sin halvdel. Glimt får ordna opp i første omgang.
27'
Stor sjanse for Glimt! Per Verner Rønning slår eit frispark, og Eek set verkeleg Nyland på prøve. Glimt-spelaren stussar ballen, og ein overraska keeper får såvidt lempa den over stanga.
26'
Etter total Hødd-dominans det første kvarteret, er det no Bodø/Glimt som har initiativet i kampen. Men dei gule har framleis til gode å skape ein god sjanse.
25'
Hamoud driblar av tre mann og prøver ei bakromspasning mot Karlsen. Uheldigvis for Glimt blir den for unøyaktig.
22'
Thomas Jacobsen med frispark. Ruben Kenneth Brandal blir felt, og Hødd får frispark. Bortelaget har ikkje klart å utnytte dei mange dødballsituasjonane så langt i kampen.
22'
Hamoud prøvar ei bakromspasning til Khalili, men spissen går i offside. Vi har sett svært lite til Glimt si nye signering så langt.
19'
Nok eit frispark til Glimt. Johansen sender opp ballen som Nyland boksar, men det blir samstundes dømt offside på ein spelar i gult.
19'
Kazeem Ahmed avsluttar frå langt hald. Går nokre meter utanfor.
19'
Det har rett og slett vore klasseskilnad mellom laga så langt. Hødd har verkeleg trykka på offensivt, og kome til fleire store sjansar. Bodø/Glimt har rett nok kome meir med dei siste par minutta.
18'
Erik Sandal ligg nede etter å ha fått ein ball i hovudet. Han kjem seg raskt på beina att.
17'
Frispark til Glimt. Sender opp stopparane. Jacobsen er klar. Dårleg slått, og Nyland får til slutt ballen.
16'
Anders Karlsen avsluttar frå distanse. Går like til side for mål. Beste bortelaget har skapt så langt.
15'
Nok en bra sjanse for Hødd! Latifu slår inn, og Diomande kjem til avslutning med hovudet. Via ein Glimt-spelar og corner.
13'
Nok eit frispark til heimelaget. Nilsen sender opp ballen som treff Moltu, men han får ikkje nok klem i ballen og Forn har ein enkel jobb.
12'
Enorm sjanse for Hødd! Glimt rotar i forsvar, og Erik Sandal kjem åleine med Forn. Avslutninga går rett på målmannen og til innkast. Utruleg nære 2-0!
11'
Hødd tek over ballen etter frisparket og kontrar, men venstreback Brandal mister kontrollen og kula går ut over sidelinja.
11'
Bra innleggsposisjon for Glimt. Eit stykke inn på Hødd sin banehalvdel.
9'
Nok eit frispark. Midt på bana. Heltne Nilsen sender den opp i feltet igjen, men denne gongen sprett ballen i bakken og over alle.
8'
Torset får nok ein sjanse, og frå 16-17 meter skyt han utanfor på halvvolley. Hødd trykkar valdsamt på mot Glimt!
7'
Sandal skyt i god posisjon. Forn må varte opp med ei bra redning!
5'
10-15 medlemmar frå Den Gule Horde har teke turen til Høddvoll i dag. Hødd sine Blåsarane, er langt betre representerte.
4'
Skotforsøk frå Hødd. Enkelt for Forn.
3'
Jim Johansen legg inn frå venstre, og stoppar Klock beinar ball mot mål. Heldigvis for Hødd får han ikkje kraft i den.
3'
Diomande kjem fram på venstrekanten, men klarer ikkje å legge skikkelig inn.
2'
Frispark til Glimt på eigen banehalvdel. Endar i ingenting.
1'
Da er Adeccoligaen i gong her på Høddvoll!
Avspark Start 1. omgang
Bortelaget skal starte med ballen.
Då står laga klare til å kome inn på stadion!
Kim Rune Borgersen, Kjell Gunnar Midtlyng og Halvard Røe er dagens dommarar.
Akeem Latifu og Steffen Moltu debuterer for Hødd i obligatorisk kamp i dag, mens Erlend Robertsen hos Bodø/Glimt gjer sin første seriekamp. Han har frå før eitt cupinnhopp.
Begge laga går for siger i dag. Hødd-trenar Lars Arne Nilsen seier til Sunnmørsposten at 'Vi går for seier mot Bodø/Glimt og vi vil klinke skikkelig til i den første seriekampen. Vi kommer til å gå offensivt ut.' Kåre Ingebrigtsen er ikkje mindre snau, og uttalar til glimt.no at 'Vi har et godt lag, og er i stand til å slå alle lagene i Adeccoligaen. Vårt mål på søndag er å få med oss alle tre poengene hjem til Bodø, ikke å underholde publikum på Høddvoll.'
Då har begga laga kome på bana for å varme opp litt. Vi kjem tilbake med lagoppstillingane så kjapt dei blir klare.
Det er greie forhold for kamp i Ulsteinvik, med skya vêr og omlag 8 grader. Det er også ein del vind. Bana skal vere rimeleg tung å spele på, så det spørs kven av laga som taklar det best.
Bodø/Glimt si tropp inneheld desse: Verner Rønning, Karl Morten Eek, Morten B. Johannesen, Thomas Jacobsen, Thomas Rønning, Michael Haukås, Christian Berg, Anders Karlsen, Erlend Robertsen, Jim Johansen, Aram Kahlili, Daniel Stensland, Håvard Sakariassen. Altså ingen Runar Berg, sjølv om Glimt si heimeside varsla dette for to dagar sidan!
Hødd si tropp til kampen består av Ørjan Nyland, Jan Lennart Urke, Akeem Latifu, Steffen Moltu, Fredrik Klock, Ruben Kenneth Brandal, Ørjan Engen Grimstad, Sivert Nilsen, Martin Haanes, Emil Viddal, Bendik Torset, Erik Sandal, Pape Formose Mendy, Kazeem, Adama Diomande, Michael Karlsen, Espen Standal og Christian Mork, i følgje lokalavisa Vikebladet Vestposten. I tillegg til nemnte Grodås og Ørsal, manglar Hødd Thomas Lid Kleppe og Vegard Heltne.
Glimt har spelt åtte treningskampar i år, og høgdepunktet blant desse var nok 3-1-sigeren over Rosenborg i februar. Generalprøva enda derimot med tap 1-2 heime for Ranheim. Totalt enda det 4-3-1 for Bodø/Glimt i oppkøyringsfasa. 15-6 var fasiten målmessig.
Dagens heimelag har valt å møte betre motstandarar i treningskampane denne sesongen enn det som har vore tilfellet før. Mot Sogndal, Molde og AaFK tapte laget hhv 0-2, 0-3 og 1-3. På La Manga blei det uavgjort både mot Asker (2-2) og Nybergsund (0-0). Statistikken totalt etter alle kampane blei 4-2-4. I målprotokollen enda det 30-13 (godt hjelpt av ein 14-0-siger mot ein svak tyrkisk motstandar).
Bodø/Glimt har også gjort ein del endringar i stallen. Blant anna har Karl Morten Eek (tilbake frå lån i Løv-Ham), Jim Johansen (frå Strømsgodset) og Aram Khalili (frå Start) kome inn. Blant dei som har forlete Ingebrigtsen sin stall finn vi Thiago Martins, Stefan Johansen, Anders Konradsen og Pavel Londak (på lån).
Hødd har mest sannsynlig den yngste snittalderen i årets Adeccoliga, og over halvparten av spelarane i troppa har gått i klubbens akademi. Nye spelarar denne sesongen er Michael Karlson frå Rosenborg, Victor Grodås frå Lillestrøm (son til ikkje ukjende Frode), Akeem Latifu (Hødd har teke over Strømsgodset sin låneavtale med nigerianske Akwa United FC), Steffen Moltu frå Skarbøvik og Dag Roar Ørsal (henta tilbake frå Haugesund). Av desse er Grodås og Ørsal utilgjengelege i dag på grunn av skader.
Den tidlegare landslagsspelaren Kåre Ingebrigtsen er framleis sjef for Glimt, ein jobb han har hatt sidan november 2007. Som assistent har Cato André Hansen i år blitt henta inn. Han har som kjent vore ein viktig spelar for Bodø-laget før.
Sture Fladmark var trenar for Hødd sist dei var i Adeccoligaen, men etter den katastrofale utviklinga den sesongen tok etter kvart Lars Arne Nilsen og Einar Magne Skeide over. Førstnemnte er framleis hovudtrenar i Hødd, med den tidlegare stopparkjempa Sindre Eid som sin assistent.
Bodø/Glimt har vore svært utstabile dei siste åra. Så seint som i 2008 tok dei ein veldig sterk 4. plass i Tippeligaen, to poeng bak bronsjemedalja, før dei sesongen etter rykka ned med god margin. Adeccoliga-sesongen i fjor var nære på å ende med kvalifisering om opprykk, og dei enda til slutt eitt fattig poeng bak den viktige 5. plassen. Glimt var på nest øvste nivå også i 2006 og 2007.
På andre forsøk i 2. divisjon klarte Hødd å ta heile steget i fjor. Det var lenge ein hard kamp med Kristiansund og Skeid om opprykket, men til slutt enda Ulsteinvik-laget på topp med fem poeng meir enn lag nr 2. Hødd var i Adecco-ligaen også i 2008, men til trass i ein god start enda laget som soleklar tabelljumbo med berre 14 poeng på dei 30 kampane. Hødd er uansett tilbake der dei høyrer heime. Blåtrøyene er trass alt det laget med flest kampar på nest øvste nivå i Noreg!
Hei og velkomen til livedekning av kampen mellom Hødd og Bodø/Glimt. Endeleg er det 1. divisjonskamp på Høddvoll igjen!