TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Heimelaget vinn altså 2-1 her på Høddvoll etter at Bodø/Glimt tok ei tidleg leiing. Hødd snudde i 1. omgang med to kjappe mål, og den andre omgangen bestod for det meste av at heimelaget låg lågt og satsa på kontringar. Glimt hadde ballen mykje, og skapte fleire gode sjansar - blant anna to i metallet. Liten tvil om at bortelaget fortente poeng i dag, og med meir effektivitet hadde dei også fått det. Hødd avanserer dermed til 11. plass på tabellen, mens Glimt dett ned på 7. Takk for følgjet!
Hødd klarer å stå imot eit vanvittig press, og dermed sikrar dei årets første trepoengar!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+7'
Ei dårleg pasning fører til utspel frå Nyland.
90+6'
Vanvittig press av Glimt her no.
90+6'
Klock slår mot Karlsen som held på kula ved cornerflagget.
90+5'
Nyland brukar bra med tid no.
90+5'
Aram Khalili kjem til avslutning igjen. Skotet skrur langt utanfor mål.
90+4'
Tre minutt att å spele. Her kan framleis alt skje!
90+3'
Gult kort
90+3'
Stor sjanse for Glimt! Khalili får stå åleine ved bakerste stolpe og heade, men Nyland vartar opp med ei klasseredning. For ein sjanse for bortelaget!
90+2'
Hjørnespark
Londak kjem opp!
90+2'
Saltnes slår lågt inn. Moltu gir corner.
90+2'
Det blir lagt til minimum seks minutt her som følgje av skada på Standal. Det er altså nok av tid for Glimt å få med seg poeng herifrå!
90+1'
Robertson slår inn og ein Glimt-spelar header like utanfor.
90'
Saltnes slår inn. Moltu header unna.
90'
Blir slått langt inn i boksa, men Nyland er trygg og held kula.
89'
Frispark til Glimt på eigen halvdel. Blir teke kjapt.
88'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
Svakt slått. Forbi alle. Hødd beheld kula.
87'
Bra sjanse for Hødd! Mork slår inn, og Aursnes snurrar rundt og avsluttar. Endar i corner.
86'
Mork gjer ein god defensiv jobb og vinn innkast for Hødd på eigen halvdel.
86'
Ørjan Engen Grimstad gjer seg klar for Hødd.
85'
Spillerbytte
84'
Hjørnespark
Skovgaard kjem på den, men rotar den utover sidelinja.
84'
Farleg innlegg mot Braaten. Moltu stupheadar til corner.
84'
Farleg innlegg mot Braaten. Moltu stupheadar til corner.
83'
Hjørnespark
Berg møtar ved første stolpe og stussar bakover, men ingen andre i gult er vakne på den. Kunne ha blitt farleg.
83'
Alle Hødd sine spelarar er inne på eigen halvdel no.
82'
Voldsomt trykk frå bortelaget her no.
81'
Stangskot! Ndiaye får eit innlegg på bakerste stolpe, men trass i at han har god tid på seg set han den berre i metallet. Glimt beheld kula, men klarer ikkje å få avslutta skikkeleg.
80'
Hjørnespark
80'
Hjørnespark
Slår farleg og lavt inn. Ny corner.
80'
Knarvik vinn ein corner.
80'
Glimt med initiativet her igjen no.
78'
Spillerbytte
78'
Knarvik går for skot. Over mål.
77'
Berg og Knarvik står klare.
77'
Heltne Nilsen feller Ndiaye i bra frisparkposisjon.
75'
Spillerbytte
75'
Lala ligg nede etter ein duell no. Svært mange som har kvilt seg på graset i dag.
74'
Gult kort
Får gult kort for protestar.
73'
Glimt vil ha straffe! Knarvik dett i feltet, men domaren vinkar spelet vidare. Knarvik er rasande! Det skal bli interessant å sjå den episoda i reprise.
73'
Vanvittig nære på sjølvmål! Berglann slår farleg inn, og Moltu er svært nær å setje ballen i eige mål. Nyland med ei kjemperedning.
72'
Berglann prøvar å kome seg forbi Latifu, men høgrebacken har nok ein gong kontroll og skjermar ballen ut til utspel.
71'
Tversoverpasning mot Ndiaye. Latifu har kontroll igjen.
70'
Det er heimelaget som fører dette oppgjeret no.
70'
Blir slått langt mot Klock som prøver å slå inn, men innlegget går bak mål.
69'
Gult kort
68'
Knarvik med frispark. Tek det kjapt.
68'
Heltne Nilsen forsøker eit skot, men treff dårleg og ballen trillar inn til Londak.
68'
Hødd har ballen høgt på Glimt sin halvdel no.
67'
Salten prøvar å slå inn, men mislukkast. Latifu skjermar så ballen utover sidelinja.
65'
Hjørnespark
Dobbeltsjanse for Hødd! Både Heltne Nilsen og Mork får moglegheita til å avslutte inne i boksa, men ingen får fullklaff.
65'
Nære på at Brandal får med seg ballen inn i boksa. Corner.
64'
Heimelaget er litt meir med no, og klarer å halde litt på kula.
64'
Sandal slår kjapt inn, men ballen går forbi alle, og i tillegg blir det vinka offside.
63'
Berg med ei hand i andletet på Sandal som dette i bakken. Frispark til Hødd i bra posisjon for innlegg.
63'
Mork og Hødd er framme på ein visitt, men innbyttaren klarer ikkje å sende ballen inn foran mål.
62'
Fortsatt stort press frå bodøværingane. Hødd ligg farleg langt tilbake.
59'
Hødd blir pressa langt tilbake no, og må passe seg om dei framleis vil behalde leiinga i denne kampen.
59'
Sane prøvar å skape noko på høgrekanten, men mislukkas.
58'
Saltnes med innkast. Knarvik prøver å lure med seg ballen inn i boksa, men blir stoppa.
58'
Bortelaget køyrer oppgjeret her no.
57'
Tverleggarskot! Berglann skyt frå langt hald - rett i metallet. Den hadde ikkje Nyland teke om den gjekk litt lavare.
56'
Gult kort
Aursnes med ein ettersleng. Får det nok for gjentekne forseingar.
55'
God moglegheit for Hødd! Heimelaget kontrar, og Sandal spelar ut til Heltne som legg den inn foran mål igjen. Sandal får den tilbake og prøvar å plassere den forbi Londak. Glimt-keeperen gjer ei god redning.
53'
Bra sjanse for Glimt! Ndiaye rullar ut til Braaten som prøver å plassere den lavt i motsatt hjørne. Forsøket går like utanfor.
53'
Knarvik skyt den hardt og lavt mot mål, men ingen kjem på den og endrar retning, slik at den går rett til Nyland.
53'
Aursnes med ein høg fot, og frispark til Glimt i bra posisjon.
52'
Glimt kontrar, og Berglann prøver å finne Ndiaye. Ein Hødd-spelar kjem i vegen.
51'
Langt framspel mot Hødd si boks. Latifu skjermar den greitt utover linja.
50'
Spillerbytte
50'
No er han av bana, og spelet kan fortsette. Mork skal inn.
50'
Espen Standal ligg framleis nede. Han må nok diverre gi seg.
48'
Domar Tennøy signaliserer at det må kome ei båre inn på graset til Standal.
47'
Standal ligg framleis nede og får behandling.
47'
Nære på for Hødd. Lala speler Heltne presist igjennom, og vingen slår flatt inn framføre mål. Der kjem Standal stormande, men han når ikkje fram og kolliderer så med Londak.
46'
1049 tilskodarar her på Høddvoll i dag.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er laga på veg ut på bana igjen.
Hødd leiar 2-1 over Bodø/Glimt etter det som har vore ein artig 1. omgang. Vegard Braaten sendte Glimt i leiinga etter ni minutt, men scoringar frå Sandal og Lala snudde det for Hødd. Vi ser fram til ein spanande andre halvdel!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+3'
Ndiaye kjem ut på bana etter ei pustepause på sidelinja.
45+2'
Ndiaye ligg nede etter ein angiveleg smekk i ansiktet.
45+1'
Bortelaget med initiativet her no. Hødd ligg lavt og satsar på overgongar.
44'
Knarvik klarer ikkje å løfte den skikkeleg, og Brandal kan klarere utanfor boksa.
43'
Knarvik med frispark.
43'
Fredrik Aursnes får tilsnakk etter å ha kome forseint inn i ei takling på Ndiaye.
42'
Sandal forsøkar ei bakromspasning mot Standal, men sistnemnte forstår at han har gått i offside og stoppar opp.
41'
Fikst spel frå Hødd. Sandal er nære på å tre igjennom Heltne.
41'
Det blir teke kjapt, og ei pasning blir sendt opp mot Braaten som ikkje klarer å styre den på mål.
40'
Frispark til Glimt midt på Hødd sin halvdel.
40'
Bortelaget står høgare i bana no, noko som kan gi gode kontringsmoglegheiter for Hødd. Standal har vore på farta og skapt trøbbel for Skovgaard allereie.
37'
Hjørnespark
Heltne Nilsen møter på første stolpe og prøvar å forlenge den i mål. Grei muligheit, det!
37'
Sandal skyt fra langt hald. Via Saltnes og til corner.
34'
Mål!
2-1
Hødd har snudd det! Nykomaren får ein flikk frå Heltne og plasserer ballen forbi Londak. Lala gjer sitt andre mål for sesongen.
34'
Bra moglegheit for Hødd! Heltne får ein litt heldig ball og klinkar til på direkten. Londak vartar opp med ei bra beinparade.
34'
Braaten med ein dytt i ryggen på Klock. Frispark.
32'
Hødd har heilt klart initiativet her no. Glimt ligg djupt med Braaten som den einaste framme når heimelaget har kula.
30'
Spillerbytte
29'
Bra sjanse for Glimt! Imingen kjem seg fri på kanten sin og får slått inn, og Ndiaye får etter kvart avslutta. Skotet snik seg like utanfor.
28'
Hjørnespark
Ender i ingenting.
28'
God muligheit for Hødd! Sandal skyt eit presist frispark, men ein god Londak forhindrar at skotet snik seg inn i vinkel.
27'
Gult kort
Feller Standal som er på veg framover.
27'
Frispark til Hødd i veldig bra posisjon.
25'
Langpasning mot Standal, som tydeleg blir halden i det han prøver å kome seg forbi Skovgaard.
23'
Mål!
1-1
Hødd svarer med ei flott scoring! Ei langpasning blir slått opp mot Glimts sekstenmeter, og Lala får flikka til Sandal som elegant plasserer den i det lengste hjørnet bak Londak.
23'
Imingen får gå heilt ned til Hødd si dødlinje og slå inn, men heimelaget får klarert.
21'
Eit frispark blir slått mot Braaten som får vendt seg og avlsutta, men skotet går godt tilside for mål.
21'
Heltne får tilsnakk etter å ha dytta vekk ballen. Vingen har allereie gult kort, og bør passe seg for slikt.
20'
Langt framspel mot Lala, men kula endar berre inne hos Londak.
19'
Heltne Nilsen misser ballen midt på banen og blir liggande. Nyland sparkar den utover sidelinja slik at han kan få tilsyn.
18'
Hødd har ballen mykje no, men Glimt ligg kompakte bakover og har bra kontroll på heimelaget.
18'
Lang diagonalpasning mot Heltne som prøver å heade ned til Sandal, men indreløparen når ikkje ballen.
15'
Hødd framme på visitt, men heimelaget blir avvinka for offside.
14'
Stor sjanse for Glimt! Berglann passerer Latifu enkelt og slår femogførti grader inn til Ndiaye som breisidar den utanfor fra bra posisjon.
14'
Heltne vinn ballen frå Jacobsen og utfordrar, men backen kjem seg tilbake og får ordna opp.
12'
Hjørnespark
Londak forlengar den til innkast.
11'
Hjørnespark
Sandal får to forsøk på seg, og Glimt gir den fjerde corneren på rappen.
11'
Hjørnespark
Blir klarert til endå eit hjørnespark. Frå motsett side no.
11'
Hjørnespark
Endar i ein ny corner.
11'
Nære på at Hødd lukkast med eit angrep. Skotforsøket blir blokkert, og heimelaget får corner.
9'
Mål!
0-1
Bortelaget går i føringa! Braaten får ei presis pasning i bakrom og dreg seg innover mot Nyland. Han vender av Klock og vrir ballen forbi Nyland.
9'
Glimt-spelaren får framleis behandling på sidelinja.
7'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling på Jacobsen.
7'
Lala prøvar å flikke Standal igjennom. Forsøket blir stogga.
5'
Brandal prøvar å finne Standal. Braaten headar unna.
3'
Kjapp pasning i bakrom mot Standal. Endar heilt inne hjå Londak.
2'
Erik Sandal går for mål og blæs den eit par meter over buret til Londak.
2'
Frispark til Hødd i brukbar innleggsposisjon.
1'
Hødd prøvar seg med eit par lange oppspel i starten. Bodø/Glimt får klarert.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Fredrik Klock og Hødd får no utdelt pris for årets fair play-lag i 2011.
Dagens domartrio består av Jan Morten Tennøy (Nore Neset IL), Øystein Simon Ytterland (Valder IL) og Jim Andre Alnes Dyb (Valder IL).
No står laga klare til å marsjere ut på grasteppet!
Det er også to endringar på bortelaget til denne kampen. Wemberg, Nordberg er utilgjengelege og har gått ut til fordel for Braaten og Skovgaard.
Hødd sitt trenarteam har gjort veldig mange endringar sidan førre kamp mot Strømmen. Aursnes, Lala, Standal og Heltne har kome inn for Torset, Helland, Karlsen og Ahmed. Fredrik Aursnes gjer sin debut i dag, berre 16 år og fire månader. Fra før har han faktisk rekorden som yngste spelar og målscorar som har spelt på seniornivå i Noreg. Den rekorden tok han for Hareid IL berre 14 år og fire månader gamal!
Bodø/Glimt startar med desse: Londak - Imingen, T. Braaten, Skovgaard, Jacobsen - Ndiaye, Berg, Knarvik - Sane, Berglann, V. Braaten
Hødd stiller med desse: Nyland - Brandal, Moltu, Klock, Latifu - Sandal, Aursnes, Nilsen - Heltne, Standal, Lala.
Då er laga i full gang med oppvarminga her på Høddvoll. Det er flotte forhold for fotball her i Ulsteinvik, med sol og 8-9 varmegrader. Litt vind er det, riktig nok.
Også bortelaget må gjere nokre endringar til dagens kamp. Både Krister Wemberg og Tom Erik Nordberg slit med sjukdom og skadar. Dermed er det forventa at Thomas Braaten gjer sin seriedebut etter å ha vore ute i seks veker. I tillegg vil anten Thobias Skovgaard eller Vieux Yakhya Sané bekle den andre stopparplassen.
Hødd-trenar Lars Arne Nilsen må klare seg uten Victor Grodås, Pål André Helland, Martin Haanes og Eirik Heltne. I tillegg er det venta at det blir gjort fleire endringar i startellevaren etter dei svake prestasjonane så langt. I følgje rykta skal Espen Standal og Vegard Heltne vere aktuelle for å starte dagens oppgjer.
Det har også vore fleire utskiftningar på Aspmyra i år. Blant anna har viktige Mounir Hamoud forlete klubben, medan nye andlet er Tommy Knarvik, Vieux Yakhya Sané, Vegard Braaten og Krister Wemberg, for å nemne nokre.
Det har vore ein del utskiftningar på Høddvoll før denne sesongen. Adama Diomande, Pape Formose Mendy, Dag Roar Ørsal og Faysal Ahmed er blant dei som har forsvunne, medan Pål Andre Helland, Fredrik Aursnes, Elias Nonso Lala er nye andlet. I tillegg har tidlegare publikumsfavoritt Kazeem Ahmed returnert etter eit mislukka opphald i tyrkisk fotball.
Dei to klubbane har møttest seks gongar sidan dei begge var i Tippeligaen i 1995. Bodøværingane leiar den statistikken klart, med 4-1-1 samanlagt. Dei har likevel ein del å revansjere i dag, då dei blei smadra 3-0 her på Høddvoll i åpningskampen i fjorårssesongen. Torset, Klock og Diomande stod for nettkjenningane den gongen. Bodæ/Glimt fekk rett nok tatt ein del igjen, då dei vann 3-1 i Bodø seinare på året. Rønning (2), Haukås og Karlsen stod for måla i den kampen. Møta mellom laga brukar som regel å vere målrike, og på dei nemnde seks kampane har det blitt putta totalt 22 scoringar. Forhåpentlegvis vil også dagens kamp by på noko av det same!
Bodø/Glimt har opna 2012 langt betre enn Hødd, og Cato Andrè Hansens lag ligger på 5. plass etter 3-3 borte mot Bærum og 1-0 hjemme over Alta.
Dagens heimelag har fått ein svak start på sesongen, med tap i dei to første kampane. Åpningrunda her på Høddvoll blei tapt 2-0 mot Kongsvinger, medan årets første bortekamp enda med 2-4 for Strømmen. Desse resultata har gjort det til at ulsteinvikarane ligg på 15. plass før denne tredje runda.
Hei og velkomen til livedekning av adeccoligaoppgjeret mellom Hødd og Bodø/Glimt!