Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide og assistent Nikolai Løken Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
For Hødd sin del ser det derimot bekmørkt ut no. Laget har blitt regelrett knust i fleire heimekampar og botnstriden kjem nærare og nærare. Det er liten tvil om at klubben snart må ta ei eller anna form for grep.
Bærum er dermed med i kampen om kvalikplassane for fullt, og storsigeren her på Høddvoll i dag kan bli god å ha når alt skal oppsummerast til slutt. Laget har like mange poeng som Fredrikstad og Kristiansund, men langt svakare målskilnad.
Bærum knusar Hødd 4-0 på Høddvoll etter ein kraftig leksjon i effektivitet. Bortelaget leia 3-0 allereie etter 39 minutt, og etter dette klarde Hødd aldri å kome skikkeleg inn i kampen igjen. Blåtrøyene skapte enkelte gode sjansar, men klarde ikkje det viktigaste: å score på sjansane. Bærum-nykomar Tokmac Nguen fekk æra av å score sitt første for klubben heilt på tampen.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+3'
Nesten redusering for Hødd. Brandal slår presist inn frå venstre, men Magnussen headar svakt utanfor frå bra posisjon.
90'
Hødd pressar, men verken Sveen eller Wrele klarer å få kula på mål.
89'
Det er nok ikkje mykje tvil om at Hødd-trenar Sindre Eid vil bli kraftig diskutert etter det som ser ut til å ende med nok eit stortap på heimebane. Klubben har ikkje hatt for vane å sparke trenararen når det går imot, men det skjedde i 2008 då Sture Fladmark fekk fyken etter å ha ført klubben til nedrykk.
86'
Warshaw prøvar eit skot, men forsøket går nokre meter utanfor.
84'
Hødd sin supportergjeng, Blåsarane, viser seg som dei med mest stå-på-vilje på Høddvoll og syng framleis for å støtte laget sitt.
77'
Trass i at Bærum ser ut til å få tre poeng her i dag, så klarer dei ikkje å avansere på tabellen. Det sørgjer den svake målskilnanden deira for. Det vil nok dermed glede trenar Morten Tandberg stort om dei klarer å halde på resultatet her.
74'
Moltu rotar i eigen sekstenmeter og er ikkje langt unna å forære endå eit mål.
70'
Magnussen stussar fri Hjelmeseth, men innbytaren klarer ikkje å få avslutta skikkeleg. Tendensar i Hødd-laget.
69'
Grodås var i aksjon etter smellen, men sit no nede på grasmatta igjen. Det spørs om han ikkje må gi seg.
67'
Bærum har ein annan nykomar på laget også, nemleg Tokmac Ngue som har kome på lån frå Strømsgodset. Han befinn seg framleis på benken.
66'
25 år gamle William Robert 'Bobby' Warshaw kjem dermed inn til sin debut for Bærum. Amerikanaren har kome gratis får den svenske klubben GAIS.
64'
Veldig laber periode i kampen no.
59'
Stor sjanse til Hødd! Sveen avsluttar på halvvolley etter eit innlegg frå Magnussen, og forsøket går via foten til Shroot og like over frå kort hald. Nord-iren burde hatt seg ei scoring no.
57'
Bærum har hatt ballen litt dei siste minutta, men utan å kome til nokre farlegheiter framover i bana.
54'
Bra opprulling av Hødd, men innlegget til Ingebrigtsen blir blokkert.
53'
Magnussen kjem seg fri på sin venstrekant og får lagt inn, men dei gulkledde får rydda opp.
52'
Shroot, ein av få som verkar å få til noko offensivt på Hødd, vendar bort nokre spelarar og avsluttar. Ballen skrur nokre meter utanfor målet til Flasza.
50'
Blir slått inn i boksa, men Hødd får reinska greitt unna.
50'
Frispark til Bærum midt på Hødd sin halvdel.
49'
Hødd prøvar seg litt i starten her, men slit med å vere kreative nok.
48'
1416 betalande tilskodarar på Høddvoll i dag.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bærum leiar heile 3-0 over Hødd til pause på Høddvoll. Det har eigentleg vore nokså jamt i banespelet, men den store skilnaden har vore effektiviteten. Bærum har scora på dei forsøka dei har hatt, medan Hødd ikkje har makta det. Dette er den femte gongen Hødd ligg under på heimebane, og i ingen av dei fire føregåande har dei makta å kome tilbake. Likevel, vi håpar det blir ein fartsfylt og målrik kamp også etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45'
Shroot prøvar å plassere kula i det lengste hjørnet. Bra forsøk frå nord-iren, men diverre må han sjå kula gå utanfor.
43'
Bærum har på si side vore dødelege effektive denne kampen. Dei har omsett alle dei store sjansane deira i mål.
43'
Hødd sin elendige heimestatistikk held altså fram. Kritikken mot trenar Sindre Eid vil nok auke endå meir no, ettersom det er tydeleg eit negativt mønster på gong. Alt tyder på at Hødd vil gå på sitt femte heimetap på 10 kampar.
37'
Bærum kontrar og Aalbu forserer langs høgrekanten og legg inn. Lagkamerat Nervold er derimot ikkje rask nok, og ballen trillar forbi.
34'
God sjanse for Hødd! For ein gongs skuld prøvar heimelaget å spele langs bakken, og det endar med at Törnqvist finn Shroot i god posisjon inne i boksa. Avslutninga frå nord-iren blir derimot for veik, og går rett på Flasza.
32'
Nervold kjem seg fri på venstrekanten og prøvar å leggje inn, men venstrefoten er ikkje presis nok og heimelaget får rydda greitt unna.
28'
Bærum er nære på å kome seg fri bak høddforsvaret, men ein hardtkjempande Grodås får ordna opp.
27'
Flasza plukkar greitt, i tillegg til at det blir vinka av for offside.
26'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon.
24'
Nervold knusar ein halvslapp Ingebrigtsen i ein løpsduell og får lagt inn i boksa, men diverre for dei tilreisande er ikkje ein gulkledd spelar først på den.
22'
Anders Aalbu har vunne fleire hovudduellar på rad no, men slit med at ingen av medspelarane plukkar nedfallsfrukta.
22'
Hødd er litt meir aggressive i presset no.
20'
Bra sjanse for Hødd! Sveen lurer Bærum-forsvaret og er heilt åleine igjennom i det han får ein høg crossar. Den tidlegare Ham-Kam-spelaren prøvar å stussa kula over Flasza og i mål, men det er ikkje nok van Persie-finesse i utføringa og forsøket endar over mål.
19'
Mange ballmiss frå heimelaget no, men sjølv om Bærum prøvar å utnytte dei kjapt, er dei like unøyaktige.
17'
Nok ein gong kjem altså Hødd under på heimebane. I dei fire føregåande kampane blåtrøyene har hamna under her har dei ikkje klart å svare, og dermed tapt. Det skal bli spanande å sjå om dei klarer å snu den negative trenden her i dag.
12'
Bra spel av bortelaget. El-Masrouri blir speld fri på venstrekanten og slår flatt inn. Hødd får så vidt klarert. Corner.
10'
Sjølv om laget hans slit, så er Hødd sin nummer 11, nord-iren Robin Shroot, i god form. Den tidlegare Stevenage-spelaren har fem mål på dei fire føregåande kampane.
7'
Roleg opning på kampen. Hødd har hatt nokre spede forsøk framover.
7'
Det blir spanande å sjå korleis bortelaget vil klare seg utan LSK-klare Pellegrino. Han enda på 10 mål på 18 kampar denne sesongen og vil bli sakna. Dagens angrepsduo, Aalbu og Nervold, har henhaldsvis fire og to mål kvar hittil i år.
4'
Standal prøvar å drage i gong eit angrep, men misser kula altfor lett.
3'
Bærum sin Kristoffer Tollås har for øvrig ei fortid i nettopp Hødd. Her var han på utlån frå AaFK, og på den eine sesongen han var der blei han toppscorar.
1'
Vêret i Ulsteinvik er for øvrig fantastisk, med sol og relativt lite vind i forhold til korleis det var i natt.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga har no kome ut på grasmatta, og kampen er straks i gong!
Bærum er i langt betre form, med 4-0-2 på dei seks siste. Begge dei to siste seriekampane har blitt vunne. På bortebane har dei 3-1-5.
Heimelaget er i variabel form om dagen. Førre runde gav dei frå seg to poeng på overtid mot Ullensaker/Kisa, medan dei i runda før blei smadra 4-1 av Mjøndalen her i Ulsteinvik. Heimeforma har vore elendig denne sesongen, og laget til Sindre Eid står berre med to sigrar her hittil.
Bærum-trenar Morten Tandberg har også litt å tenkje på ettersam den viktige spissen Amahl Pellegrino har forlete klubben til fordel for Eliteserien og Lillestrøm.
Heimelaget manglar blant anna Fredrik Aursnes og Erik Sandal til denne kampen. Joachim Magnussen og Ole Amund Sveen er også usikre.
Hødd har hatt eit bra tak på Bærum, og står med fire strake sigrar. Kampen i vår enda 1-0 etter eit seint mål av kroatiske Franjo Tepuric.
Det er to tabellnaboar som møtest i Ulsteinvik i kveld. Bærum ligg best ann på sin 7. plass, medan Hødd befinn seg på plassen under. Fire poeng skiljar dei.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Bærum, direkte frå Høddvoll!