Referat
Kun høydepunkter
Hødd vinn til slutt fortent 3-0. Asker var svært gode i periodar, men klarte, i motsetnad til Hødd, ikkje å omsetje desse i sjansar. Heimelaget viste seg frå si beste side i store delar av kampen, og tilskodarane både her på Høddvoll og rundt om i Noreg for øvrig fekk sjå god fotball. Hødd tek dermed over tabelltoppen, direkte på TV! Asker er berre tre poeng bak, men er altså framleis på 6. plass. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+4'
Bækken prøvar ein lobb, men Nyland har full kontroll.
90+2'
Nytt innlegg som Mats Lyngen får heada unna. Ny corner.
90+2'
Martin Haanes med innlegg som blir blokkert.
90'
Lang pasning mot Chris Joyce som har blitt flytta opp, men spelaren blir avvinka for offside.
89'
Asker har hatt initiativet dei siste minutta no, men dei slit med å omsetje spelet og sjansane i scoringar.
88'
Solberg tek den kort til Sistek som skyt frå 6-7 meter. Nyland reddar bra, og får etter kvart fange den lause ballen også.
86'
Frispark til Asker på kanten av 16-meteren. Solberg er klar.
86'
Tømmernes er nære på å bli spelt fri, men Klock får sparka vekk ballen.
85'
Nyland rotar litt på eit Asker-innlegg, men U21-keeperen får rydda opp sjølv.
83'
Nære på 4-0! Hødd kontrar og Kazeem avsluttar rett på Cramer frå god posisjon. Corner.
79'
Heltne blir spelt fri, men blir avvinka for offside. Asker står svært høgt utan altfor mykje press på ballførar, men endå har ikkje Hødd klart å utnytte dette i 2. omgang.
76'
Latifi skyt, men langt over mål.
75'
Hødd trykkar bra på no, men slit med å omsetje dei mange sjansane i mål.
75'
Karlsen speler ut til Sandal som skyt hardt frå god posisjon, men Cramer reddar igjen. Stor sjanse.
74'
Joyce avsluttar, men Nyland reddar greitt.
73'
Ufatteleg at det ikkje står 3-0! Heltne Nilsen speler Michael Karlsen åleine gjennom, men spissen lobbar ballen over Cramer - men også utanfor. Der skal det vere scoring.
72'
Latifu blokkerer eit innlegg frå Joyce. Innkast høgt i bana.
70'
Frispark til Hødd midt på bana. Klock vinn duellen og headar til Diomande, men spissen får ikkje avslutta skikkeleg.
70'
Erik Sandal hinkar rundt etter ein smell.
70'
Brandal med eit farleg innlegg, men Solberg får overteke ballen.
69'
Innkast til Hødd høgt i bana. Det svingar valdsamt på Høddvoll no.
67'
Stian Rasch dreg seg flott innover og avsluttar like til side for Hødd-buret. Bra forsøk!
65'
Diomande spurtar elegant forbi Arneberg og stormar mot Asker-målet, men Askers nr 5 når att spissen og avvergar situasjonen.
64'
Robin Hellman blir takla hardt - men reint, av Heltne, og backen hinkar fælt etterpå.
63'
Farleg innlegg frå Asker. Hødd får rydda opp.
62'
Asker pressar på i augneblinken, men Torset blir felt og Hødd får roe ned litt.
59'
Hellman med innkast høgt i bana. Tømmernes slår inn, men ballen går via Klock og ut til ein corner.
57'
Kazeem speler flott til Heltne som vinn ein corner.
57'
Hødd vartar opp med bra spel igjen, og det heile endar med at Ruben Brandal lobbar like over Asker-buret.
56'
Sandal vel å skyte. Like utanfor.
55'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon. Sandal og Nilsen står klare.
53'
Hødd rundspelar Asker, men avslutninga frå Sandal blir ikkje bra nok. Like etter er det Diomande som får skyte, men bortelaget får blokkert.
51'
Nære på 3-0! Heltne blir spelt nydeleg gjennom, men Cramer er kjapt ute og reddar med beina.
51'
Tollås med eit gjennomspel som Nyland kjem kjapt ut og reddar.
50'
Torset speler flott inn til Diomande, men spissen er uheldig og sparkar ballen i si eiga hand. Frispark til bortelaget.
49'
Stor sjanse for Hødd! Sandal speler fri Torset som avsluttar frå god posisjon. Cramer reddar bra.
48'
Frispark til Asker. Nyland plukkar og mistar ballen, men er kjapp og får kasta seg over den igjen.
47'
Asker ropar på hands, men domar Borgersen vinkar det heile vidare.
47'
Sandal avsluttar frå langt hold, og Diomande er nære på å få med seg returen.
46'
Asker sparkar i gong den andre omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana igjen!
Det står 2-0 til heimelaget her på Høddvoll, noko som er noko ufortent sett ut i frå spel og sjansar. Asker har vore svært friske dei første 45 minutta, og Hødd har verkeleg vore på hælane i periodar. Men der Asker har vore ineffektive, har blåtrøyene vore litt meir presise. Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
43'
Asker prøvar å spele bak Hødd-forsvaret, men ballen blir for unøyaktig og Nyland kan fange den.
43'
Hødd-keeper Nyland brukar god tid på utspela no. Hødd vil nok gjerne halde på tomålsleiinga inn til pause.
41'
Nedrebø har god tid på venstrekanten sin, men likevel slår han berre innlegget inn til Nyland.
41'
Brandal med innlegg. Går bak mål.
40'
Torset og Kazeem speler vegg, men sistnemnte blir for fiks og vel å drible endå meir i staden for å avslutte. Dermed trillar ballen ut over sidelinja.
38'
Nære på 3-0! Heltne får eit innlegg i boksa, men åleine med Cramer får han eit dårleg treff og avslutninga går utanfor. Hawaii-fotball her no!
37'
Stor sjanse for Asker! Latifu spelar svakt tilbake til Nyland og Joyce snappar ballen. Han blir pressa utover, og frå skrått hald skyt han utanfor.
36'
At Hødd leiar 2-0 må seie å vere ganske flatterande. Asker har vore det beste laget totalt sett.
34'
Hødd spelar fleire kortpasningar inne i Asker si boks, og Sandal blir til slutt felt. Såg ut som eit klart straffespark.
33'
Hødd med ei flott opprulling. Nære på at Sandal får spelt Heltne åleine gjennom.
32'
Bra sjanse for Hødd! Vegard Heltne kjem til avslutning i bra posisjon, men tuppar skotet over mål. Nære på der.
32'
Stian Solberg skubbar ned Kazeem, og Hødd får frispark i bra posisjon. Blir teke kjapt men endar i ingenting.
31'
Tollås avanserer, men avsluttar rett i Armin Sistek.
30'
Stort press frå bortelaget no. Hødd slit med å kome seg unna eiga sone.
30'
Asker rullar opp fint, men pasninga til Rasch blir for unøyaktig.
25'
Solberg kjem seg fri på venstresida, men slår den bak mål. Gode tendensar frå bortelaget no.
24'
Nok eit frispark til Asker. Blir teke kjapt, men ballen går ut over sidelinja.
24'
Diomande vinn ballen i farleg posisjon, men klarer ikkje å kome til ei skikkeleg avslutning.
23'
Hødd med frispark. Heltne Nilsen slår det for langt og Klock kjem ikkje skikkeleg over kula når han skal heade.
22'
Hødd kontrar, men Latifu slår innlegget langt bak mål sjølv om han har bra med tid.
21'
Bortelaget held fram med å trykke Hødd no.
20'
Brandal feller Tollås og Asker får frispark i bra posisjon. Tollås slår den håplaust bak mål. Presisjonen på dødballane til Asker har tapt seg.
19'
Stor sjanse til Asker etter strålande spel! Rasch blir spelt gjennom, men får ikkje dreis på avslutninga.
18'
Frispark til Asker i god posisjon. Solberg slår den rett i muren. Dårleg utnytta.
17'
Anders Nedrebø med eit veldig godt innlegg. Nyland er høgt oppe og får fista ballen unna Rasch før han plukkar den igjen.
16'
Stor sjanse for Hødd! Latifu slår inn og Diomande headar over frå veldig god posisjon.
14'
Heltne startar og avsluttar eit bra angrep for Hødd. Corner.
13'
Hødd og Asker har forresten møttest tre gongar før, og alle oppgjera har vore jamne. I 2007 var dei begge i 2. divisjon, og då vann Asker 1-0 heime, medan det enda 1-1 på Høddvoll. Dei spelte mot kvarandre på La Manga før årets sesong også, og då enda det 2-2.
12'
Asker prøvar seg, men Torset taklar bra og ordnar opp.
11'
Det er sjølvsagt svært utfortent at Hødd har teke leiinga her. Asker har som sagt styrt det meste og hatt fleire gode sjansar.
9'
Det har vore ei vanvittig opning av Asker så langt. Hødd har ikkje hengt med i det heile teke, og kvittrøyene har fått gjort slik dei har villa.
8'
Petter Lindstad avsluttar like over. Nyland ser ut til å ha kontroll.
7'
Rasch vinn nok eit hjørnespark.
6'
Innkast høgt i bana for Asker.
5'
Stian Rasch dreg seg utover og avsluttar bra! Nyland gir nok ein corner.
4'
Sistek skjer innover og Nyland må gi corner. Asker har byrja veldig bra!
2'
Asker prøvar seg igjen, men sjølv om Brandal glir og dett, så klarer ikkje kvittrøyene å utrette noko.
1'
Armin Sistek med dagens første forsøk etter rot i Hødd-forsvaret.
Avspark Start 1. omgang
Heimelaget skal starte med ballen.
Asker har skaffa like mange poeng, men er nede på 6. plass på grunn av dårlegare målskilnad.
Både Hødd og Asker var nyopprykka til denne sesongen, men det har ikkje verka slik på måten dei begge har klart seg så langt. Hødd var faktisk serieleiar før førre runde, men eit tap mot HamKam førde til at Ulsteinvik-laget ramla ned på 4. plass på tabellen med 21 poeng.
Kampen startar ekstra tidleg i dag pga at den blir sendt direkte på NRK2. Det er fleire år sidan det sist blei vist direktesendt kamp på Høddvoll.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Asker! Vi har hatt litt problem med nettverket her på Høddvoll, men no ser ting ut til å vere i orden.