TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare og ein flott 17. mai i morgon. Til lukke med dagen på førehand!
Avslutningar: 12-5. Avslutningar på mål: 6-0.
Hødd smadrar Åsane 4-0 etter å ha dominert gjennom heile kampen. Heimelaget leia allereie 3-0 etter ein halvtimes spel, og bortelaget makta aldri å kome tilbake etter dette. Eirik Ulland Andersen (2), Ole Amund Sveen og Jesper Törnqvist stod for scoringane. Dei blå frå Ulsteinvik legg seg dermed på 2. plass på tabellen, medan Åsane held fram med sin ferd nedover. Etter å ha trona øvst i 1. divisjon etter tre runder er dei no på 10. plass. Om ikkje Bergens-laget klarer å snu denne trenden blir dette ein veldig tung sesong.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+1'
Mork Kleppe i nok ein duell. Tapar den også, innbytaren.
90+1'
Det blir lagt til minimum to minutt denne omgangen.
90+1'
Nære på at Brandal blir spelt fri til høgre. Eit Åsane-bein kjem i vegen.
89'
Hjørnespark
Soltvedt slår hjørnesparket rett i nettveggen. Eit godt bilete på det Åsane har fått til i dagens kamp.
89'
Joachim Soltvedt dreg seg innover i bana og avsluttar via ein Hødd-spelar og over. Corner.
88'
Ulland Andersen med to blokkerte skotforsøk i løpet av kort tid. Er nok svært lysten på eit hattrick i dag, Hødd sin nummer 23!
87'
Spillerbytte
87'
Ingebrigtsen slår bra inn frå høgre, men Mork Kleppe står gøymd bak ein motspelar og kjem ikkje først på innlegget.
84'
Mork Kleppe prøvar å setje fart mot Åsane sin sekstenmeter, men glir. Har nok lyst til å vise seg fram her, ungguten.
83'
Spillerbytte
83'
Også Benjamin Mork Kleppe skal inn for Hødd.
82'
Pen opprulling av laget frå havegapet på Sunnmøre. Magnussen blir spelt fri til høgre og løftar ballen inn i boksa. Diverre treff han ingen andre i blått.
80'
Spillerbytte
79'
Soltvedt og Lassen med kvar si avslutning for Åsane, men begge forsøka blir blokkerte.
78'
Åsane hadde for øvrig ein ball i mål, men assistentdomaren vinka for offside allereie før kula hadde trilla i mål.
77'
Litt tekniske problem på Høddvoll. Alt skal virke greitt no.
71'
Spillerbytte
71'
Mål!
4-0
4-0 på Høddvoll! Corneren frå Aasbak er presis og Hødd sin finske kaptein kan enkelt stange inn nok eit mål for Hødd!
68'
Hjørnespark
Endar med ei halvslapp avslutning som trillar inn til Sanchez Olsen.
68'
Sveen blir spelt fri i bakrom, men blir sprunge opp av Åsane-forsvaret. Han legg så att til Myklebust som får eit skot blokkert. Corner.
67'
Soltvedt kjem seg heilt inn i boksa med ballen, men det flate innlegget hans blir reinska unna av Hødd-forsvaret. Der bør spelarane i oransje vere raskare inn i boksa!
64'
Spillerbytte
63'
Nesten at Karlsen finn Myklebust inne foran mål. Kaptein Wiik gjer derimot ein god defensiv jobb og ordnar opp.
60'
Heimelaget med ei grei opprulling. Den avgjerande pasninga frå Aasbak blir derimot altfor hard og går forbi alle i feltet.
59'
Hødd-trenar Sindre Eid er ikkje nøgd med det han ser av spelarane sine no. Mannen som alltid går med caps manar karane i blått til å arbeide hardare.
57'
Plutseleg vartar bortelaget opp med bra offensivt spel! Hødd er svært passive i presset og plutseleg kan Stephensen dempe med seg ballen inn mot Falch. Keeperen er derimot vaken og kjem raskt ut og stoppar innbytaren. Ikkje langt unna at kula går til ein Åsane-spelar etterpå heller.
57'
Vertane frå Ulsteinvik trillar ball og har god kontroll. Det skal seiast at dei heldt på å rote vekk ei 3-0-leiing mot Nest-Sotra også, men Åsane verkar ikkje å ha noko slikt i seg i skrivande stund.
55'
Soltvedt kjem i fint driv langs venstresida før han øydelegg det heile med noko eg er usikker på om er pasning eller skot. Det endar i alle fall med utspel frå Falch. Soltvedt svarer så med å kaste frå seg hanskane sine utover sidelinja. Om han brettar opp ermane også så kan dette bli farleg!
53'
2.034 tilskodarar på Høddvoll i dag. Godkjent det!
52'
Hjørnespark
Rett i hanskane til Falch. Svakt slått.
52'
Soltvedt med eit innlegg som Moltu klarerer til corner.
52'
Ueland prøvar å skjere innover mot midten av Hødd si boks, men misser ballen altfor lett.
50'
God sjanse for Hødd! Karlsen får tid og rom inne i Åsane si boks og legg igjen ballen til Ulland Andersen. Frå perfekt hald avsluttar derimot kampens tomålsscorar høgt over.
50'
Ingebrigtsen kjem seg fri til høgre og får lagt inn i boksa. Aasbak prøvar å avslutte på direkten, men mislukkast.
48'
Tydeleg at gjestane vil prøve å rette på inntrykket etter 1. omgang her. Dei oransje er aktive i starten.
48'
Bjørkkjær på eit fint løp til høgre, men ballen som er meint for han er for hard og går utover sidelinja.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Åsane-spelarane er først ute på kunstgraset.
Hødd leiar 3-0 etter ein feiande flott omgang av dei blå. Eirik Ulland Andersen (2) og Ole Amund Sveen har stått for scoringane, og førstnemnde har også hatt eit frispark som gjekk i stolpen i tillegg. Åsane har vore fullstendig tannlause offensivt, og defensivt har dei også vore utan press på ballførar, noko som har ført til at heimelaget har kunna spelt seg fri i bakrom og avslutta frå utanfor boksa ved fleire høve. Om Bergens-laget ikkje klarer å betre seg til 2. omgang kan dette bli veldig stygge siffer.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+2'
Håkon Lorentzen med eit sjeldant skot for bortelaget. Langt utanfor.
45+1'
Andersen og Sveen kombinerer fint. Førstnemnde sender i veg eit skot som raskt blir blokkert.
44'
Senai Hagos får frispark imot seg og svarer med å tuppe ballen vekk. Åsane sin nummer 10 har allereie fått det gule kortet, og bør passe seg her.
43'
Ikkje langt unna at Myklebust klarer å bryste med seg ballen inn i gjestane sin sekstenmeter. Steen klarer derimot å skjerme kula inn til Sanchez Olsen.
40'
Hjørnespark
Nesten igjen for Hødd! Corneren blir teke kort og slått inn. Ein Hødd-spelar stussar den vidare og det er ikkje langt unna at ballen snik seg inn i det borterste hjørnet.
40'
Myklebust er nære ved å snappe ballen frå eit passivt Åsane-forsvar. Endar med corner.
38'
Fredrik Aursnes prøvar seg med eit skot frå distanse. Høgt over mål.
37'
Gult kort
Stoppar ein Hødd-spelar på veg framover og får eit soleklart gule kort.
36'
Gjestane blir regelrett kjempa i senk her. Det verkar ikkje som om spelarane i oransje har mykje tru på seg sjølve på kunstgraset i Ulsteinvik no.
35'
Heimelaget held fram med å presse på for endå eit mål.
33'
Mål!
3-0
Ole Amund Sveen gjer alt sjølv! Den tidlegare HamKam-spelaren får gå og gå av eit svært passivt bortelag, og når han kjem på skothald avsluttar han hardt i mål ved den næraste stolpen. 3-0 til Hødd, og dette byrjar å sjå stygt ut for Åsane.
31'
Gult kort
Kjem altfor seint inn i ein duell med Hødd-keeper Falch og får eit fortent gult kort. Kampens første.
31'
Hjørnespark
Ingenting farleg kjem ut av den.
31'
Eit Åsane-innlegg endar med corner.
28'
Mål!
2-0
Hødd går opp i 2-0! Ulland Andersen blir nok ein gong spelt fri bak Åsane-forsvaret. Haugesundaren får nok rom til å dempe ballen på brystet og avslutte på Sanchez Olsen, men keeperen gir ein retur som går rett til Andersen. Frå kort hald har han ein grei jobb med å banke ballen i nettaket.
27'
Det ser for øvrig ut til at Åsane-kaptein Jahn-Ove Wiik har fått shortsen krympa i tørketrommelen før han drog på kamp i dag. Slike store og utildekka lår har i alle fall ikkje underteikna sett på ei fotballbane sidan byrjinga av 90-talet.
26'
Kallavåg prøvar å slå inn frå høgre, men den tidlegare Vard-spelaren blir altfor hard på labben.
25'
Det blir spanande å sjå korleis Åsane vil respondere på dette. Dei har som tidlegare nemnd spelt tre kampar forut for kveldens oppgjer utan å score mål.
24'
Langt i frå ufortent at vertane går i føringa på Nye Høddvoll. Dei har styrt det meste av spelet og også hatt ei avslutning i metallet før målet kom.
21'
Mål!
1-0
Hødd går i føringa! Aursnes slår flatt opp mot Karlsen som flikkar ballen nydeleg igjennom til Ulland Andersen. Sanchez Olsen kjem ut og er ikkje langt unna å stoppe skotet, men ballen trillar likevel inn i buret. Ulland Andersen sitt fjerde ligamål for sesongen er eit faktum.
19'
Nesten for Åsane! Niklas Lerpold får plutseleg ein ball inne i Hødd si boks, men diverre for gjestane klarer han rett og slett ikkje å treffe den med hovudet. I staden kan Falch overta.
18'
Bortelaget med ei avslutning. Er vanvittig nære ved å treffe cornerflagget.
18'
Fredrik Aursnes dempar ballen på brystkassa like utanfor Åsane si boks og prøvar eit skot, men han klarer ikkje å vente lenge nok med å fyre av og ballen går over målet til Sanchez Olsen.
17'
Ulland Andersen prøvar seg nok ein gong, men skotet blir stoppa.
16'
Nære på for Hødd! Ulland Andersen plasserer frisparket flott, men diverre for han går ballen i stolpen og ut i feltet. Kallavåg jaktar returen, men klarer ikkje å få hovudet skikkeleg på den. Til slutt endar det heile med eit skot utanfor frå distanse frå ein spelar i blått.
15'
Ulland Andersen og Aasbak står klare.
15'
Frispark til Hødd i veldig god posisjon for skot. 17-18 meters hald.
12'
Vertane rotar litt i forsvar, men keeper Falch er vaken og kjem ut og får rydda opp.
12'
Mykje misnøye mot kampleiaren frå heimelaget sine spelarar og supporterar hittil. Borgersen har i alle fall lagt lista høgt.
10'
Hjørnespark
Bra slått, men keeper Sanchez Olsen får fista unna.
10'
Det meste har skjedd på venstrekanten for heimelaget så langt. Venstreback Aasbak går villig på løp, men hittil har det ikkje resultert i sjansar for dei blå.
8'
Aasbak finn Sveen i fin posisjon for innlegg, men sistnemnde blir avvinka for offside.
8'
Hødd trykkar på etter kastet og Aursnes får avslutta frå god posisjon. Diverre for det unge talentet kjem det ein oransje spelar i vegen.
7'
Aasbak skal kaste langt for Hødd.
6'
Nesten heile stadion ropar på frispark utanfor Åsane sin sekstenmeter, men domar Borgersen ristar på hovudet.
5'
Bjørkkjær prøvar å leggje inn frå høgre, men Aasbak blokkerer.
4'
Svakt slått. Ulland Andersen headar lett unna.
4'
Dødball til bortelaget midt inne på Hødd sin halvdel.
3'
Åsane har i alle fall sju supportarar til stades på tribunene.
2'
Fleire tøffe duellar i starten her.
Avspark Start 1. omgang
Kveldens oppgjer blir det tiande møtet mellom laga i nyare tid. Tala for dei ni første er 7-0-2 i favør Hødd. Dei møttest sist i NM i 2013, og då vann blåtrøyene ein knapp 1-0-siger. Sist Åsane vann var i 1994, det året Hødd faktisk rykka opp til Tippeligaen.
No kjem laga på bana anført av kveldens hovuddomar Kim Rune Borgersen.
For Åsane har Rune Gravdal, Damian Sanchez Olsen, Simen Lassen og Magnus Nyborg gått ut. Inn har Sverre Bjørkkjær, Seina Hagos, Stian Nygard og Håkon Lorentzen kome.
Heimelaget gjer to endringar til batalja på Nye Høddvoll i dag. Joachim Magnussen og Joakim Wrele har gått ut sidan sist, sistnemnde på grunn av for mange gule kort. Inn har Michael Karlsen og Torbjørn Kallevåg kome.
Åsane sjokkopna på si side med tre strake sigrar, før dei etter det har spelt fem utan å vinne. Kjetil Knutsen sitt mannskap er med andre ord svært lystne på å ta med alle tre poenga heim til Bergen i dag.
Sindre Eid sitt Hødd har variert litt i prestasjonane så langt, men 4-3-1 på dei åtte første er likevel ganske bra. Forma er likevel god, for blåtrøyen har to sigrar på dei tre siste.
Kveldens oppgjer i Ulsteinvik låg lenge an til å bli ein skikkeleg toppduell, men dei siste resultata gjekk ikkje den rette vegen for laga. Hødd makta berre uavgjort 0-0 borte mot Levanger, medan Åsane står med to strake tap og tre kampar på rad utan å ha laga mål. Dei to motstadarane befinn seg i skrivande stund på henhaldsvis 4. og 7. plass.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Åsane, direkte frå Høddvoll. Det er 16. mai og fotballens nasjonaldag i Noreg!