Referat
Kun høydepunkter
Det endar 1-1 her på Høddvoll etter ein spanande kamp. Eit Hødd-lag med 10 mann i store delar av kampen hadde god kontroll i 70 minutt, men dei siste 20 kom Alta mykje meir med, og sjansane dukka opp. Stoppar Jesper Törnqvist utlikna Pål Andre Helland si 1-0-scoring i det 84. minutt, og slutten av oppgjeret bølgja fram og tilbake. Ingen av laga er nok fornøgde med berre 1 poeng her i dag, men det er nok Hødd som bør føle seg mest snytt. Takk for følgjet!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Sandal avanserer framover og skyt - over mål.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her. Framleis nok tid til å få med seg tre meget viktige poeng for begge lag.
90+1'
Hødd kontrar, men innlegget frå Sandal blir enkelt klarert. No bølgjar det fram og tilbake her!
89'
Karlsen legg frisparket over mål.
89'
Det ser ut til at Karlsen skal prøve seg på frisparket. Skal han score med si første berøring?
88'
Hødd kontrar og Standal blir felt rett ved 16-meteren til Alta.
87'
Michael Karlsen står klar til å kome innpå for heimelaget.
87'
Ertsås blir spelt fri bak Hødd-forsvaret, men sender skotet i nettveggen. Bra forsøk.
85'
Alta held fram med å presse her.
84'
Corner frå motsett side no.
82'
Hødd med ein bra kontringssjanse, men Standal sløsar vekk sjansen i det han skal spele fri Sandal.
82'
Framleis meget spanande her på Høddvoll. Dette kan gå begge vegar.
81'
Langpasning mot Ertsås. Endar med utspel frå Urke.
80'
Sandal bles frisparket langt utanfor mål. Svakt slått.
80'
Balto handsar og lagar frispark i farleg posisjon i det same han kjem inn.
79'
Langpasning mot Mork. Altfor høg.
78'
1032 tilskodarar på Høddvoll i dag.
76'
Hødd går rett i ei kontring, og Helland vinn ein corner.
75'
Frisparket blir slått rett på Urke.
74'
Helland lagar frispark midt på eigen halvdel. Kan bli farleg.
74'
Litt meir liv i kampen no. Alta har vist at dei kan skape farlegheiter her.
72'
Bra sjanse for Alta! Bortelaget rullar bra opp, og Nikolaisen blir spelt fri på skrått hald. Avslutninga blir bra redda av unge Urke.
71'
Alta har ballen ein del i dette oppgjeret, men Hødd ligg lavt og har bra kontroll. Bortelaget må ha meir fart i det dei gjer om dei skal få til noko her.
70'
Slår den rett i næraste forsvarar. Svakt.
70'
Frispark i bra innleggsposisjon for Hødd. Helland står klar.
69'
Alta har ballen litt på Hødd sin halvdel, men det avgjerande innlegget frå Nilsson blir for svakt.
68'
Nikolaisen blir spelt fri, men blir korrekt avvinka for offside.
67'
Solberg med avslutning, men han plassserer den dårleg og Urke kan halde kula greitt.
66'
Alta-trenar Rune Berger vil ha meir tempo inn i laget sitt.
63'
Nome vinn ein duell med Heltne rett utanfor Hødd si boks, men ballen hamnar berre inne hos Urke.
62'
Lite som stemmer med samhandlinga i Alta-laget. Mange feilpasningar.
59'
Bra forsøk for Hødd! Heltne skjer innover frå venstrekanten og avsluttar, men Jarosinski reddar med beina.
59'
Helland med innlegg i boksa. Blir beina unna.
58'
Veldig lite som skjer på Høddvoll no. Hødd tek det roleg, medan Alta ikkje maktar å skape noko. Merkeleg lite aggressivitet å spore hjå bortelaget.
55'
Hødd kontrar, og Espen Standal vartar opp med ei kjapp avslutning innanfor boksa. Jarosinski reddar greitt.
53'
Helland dreg seg innover og avsluttar like utanfor. Bra forsøk.
53'
Helland prøvar eit kjapt innlegg. Blir heada unna.
51'
Hødd kontrar, og Standal vinn ein corner.
51'
Norbye med eit farleg innlegg. Forbi alle.
49'
Hødd har kome best i gong i starten av denne omgongen, men utan å skape noko av farlegheiter.
49'
Alta-fansen er for øvrig representert ved éin i dag, nemleg Kevin Aarvik Hestholm frå Hareid. Han gjer sitt ytterste for å støtte bortelaget, men blir til tider overdøyvd av heimefansen.
46'
Innkast like ved cornerflagget for Hødd. Endar med nok eit innkast.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No har laga kome på bana igjen.
To Hødd-lag blir heidra for innsatsen under Norway-cup her på Høddvoll. Ei bronse pg eit sølv var det Hødd oppnådde under turneringa.
Hødd leiar fortent 1-0 etter ein svak, men spanande omgang. Hødd fekk ei tidleg utvisning då keeper Ørjan Nyland felte ein Alta-spelar på veg gjennom, men bortelaget klarte ikkje å utnytte overtalsspelet. I staden var det ulsteinvikarane som heldt fram med å styre kampen, og då Helland sette inn 1-0 på eit frispark var det ikkje anna enn fortent.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Stor sjanse for Hødd! Heimelaget kontrar, og Helland sendar ballen inn på bakerste stolpe der Heltne og Standal går i vegen for kvarandre slik at det berre endar med utspel.
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
45'
Frispark til Alta midt på bana. Dei beheld ballen i laget.
44'
Klock med ei lang diagonalpasning mot Heltne. Josefsen får beina kula unna.
43'
No er det Hødd som får ein dødball. Blir teke kjapt, men endar berre med eit innkast for bortelaget.
42'
Frispark til Alta eit stykke inne på Hødd sin halvdel. Nome slår lavt inn, og Brandal kan enkelt heade unna.
40'
Solberg ligg nede etter ein duell. Han kjem seg på beina til slutt.
40'
Ertsås blir spelt fri i bakrom, men blir korrekt avvinka for offside.
39'
Urke skikkeleg involvert for første gong. Eit farleg innlegg blir fista unna.
38'
Heltne med ei nydeleg bakromspasning til Standal, men til trass for eit godt nedtak kjem ikkje spissen til avslutning.
36'
Latifu med ei hårreisande feilpasning rett utanfor eiga boks. Nikolaisen forsøkar eit skot, men det blir blokkert.
35'
No har Hødd fått kampen inn i sitt spor igjen, og det er Alta som må fram og prestere.
31'
Standal er i nok ein tøff duell, og denne gongen får han frispark. Midt på Alta sin halvdel.
31'
Nikolaisen kjem seg fri inn i Hødd-boksa og forsøkar eit kjapt skot. Null problem for Urke.
29'
Klock trur han har kontroll i eiga boks og lar ballen passere forbi seg. Der kjem ein Alta-spelar stormande og er nære på å skape noko.
28'
Veldig svak periode i kampen no, med lavt tempo og lite god offensiv samhandling.
27'
Nilsson med innkast høgt i bana. Endar med utspel frå Urke.
26'
Alta har ballen ein del no.
25'
Tornqvist med eit svakt framspel. Endar med utspark frå Urke.
24'
Sandal med frispark. Prøvar å ta det kort til Helland, men sistnemnde er ikkje vaken og det endar med utspel frå Jarosinski.
23'
Hødd speler altså med 10 mann resten av denne kampen. Keeper Ørjan Nyland blei også utvist førre sesong, men då på overtid i 2. omgang. Det blir interessant å sjå om Alta kan utnytte dette. Førebels har dei ikkje lagt noko meir press på Hødd, som styrer kampen i augneblinken.
22'
Brandal med innlegg. Backen blir samtidig vinka av for offside.
21'
Espen Standal ligg nede etter ein duell. Alta er sporty og speler ballen ut over sidelinja.
20'
Frispark til Alta nokre meter frå hjørneflagget. Endar i ingenting.
19'
Helland skjer innover og avsluttar, men skotet skrur feil veg.
19'
Heltne er på veg framover, og dett overende. Eskås vinkar spelet vidare.
18'
Frispark til Alta på eigen halvdel. Blir sendt utanfor dødlinja til utspel frå Urke.
16'
Alta med frispark i bra posisjon. Dujilo får to forsøk på seg, men sender det første i muren og det andre utanfor.
13'
Helland blir overraska når han får ballen åleine i Alta si boks, men han bommar med nedtaket og bortelaget får klarert.
12'
Bra forsøk for Alta! Solberg får eit innlegg i boksa, men headinga går like utanfor. Kampens beste sjanse hittil.
11'
Nikolaisen prøvar å dra seg inn i Hødd si boks, men blir enkelt stogga av Heltne Nilsen.
9'
Rune Ertsås med innlegg frå venstre. Ørjan Nyland plukkar enkelt.
8'
Erik Sandal avsluttar eit langt angrep med eit skot rett på Jarosinski. Lett for målmannen.
6'
Hødd har teke initiativet her i starten.
5'
Helland legg frisparket like over. Bra forsøk frå trøndaren.
5'
Sandal og Helland står klare.
4'
Heltne Nilsen blir dytta overende bakfrå av Ertsås. Frispark i grei posisjon for Hødd.
4'
Lang ball mot Ertsås. Blir for høg for Alta-spelaren.
3'
Innlegg frå Helland. Blir klarert til corner.
2'
Helland kjem til avslutning, men skotet blir blokkert.
1'
Alta sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Hødd speler mot høgre den første omgangen.
No helsar spelarane på kvarandre, og vi er få minutt unna domar Espen Eskås sitt fløytesignal!
No blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' spelt over speakeranlegget her på Høddvoll. Spelarane kjem straks på bana.
I lokalavisene her på Sunnmøre blir det fokusert mykje på at Hødd vil revansjere det grusomme 5-0-tapet tidlegare i sesongen. Christian Reginiussen, Magnus Nikolaisen (2), Svein Ove Thomassen og Mate Dujilo scora måla. Hødd blei fullstendig overkøyrde dei første 50 minutta, og kom seg heller ikkje noko særleg inn i kampen etter dette, forståeleg nok.
Begge laga er godt i gong med oppvarminga no.
Det er greie speleforhold i Ulsteinvik. Sola stikk fram bak nokre skyer, medan det er ein laber bris med 6 m/s. Temperaturen ligg på 13-14 grader.
Dagens domartrio består av Espen Eskås frå Haslum IL, Kenneth Johansen frå Borgar IL og Runar Langseth frå Levanger FK.
Også Alta gjer ei einskild endring. Svein Ove Thomassen går ut, og Håvard Nome kjem inn.
Hødd gjer éi endring sidan førre kamp mot Sandefjord. Vegard Heltne har kome inn for Christian Mork.
Alta startar med desse: Jarosinski - Josefsen, Tornqvist, Dujilo, Norbye - Reginiussen, Nome - Nilsson, Solberg, Ertsås - Nikolaisen.
Då er begge laga ute. Hødd stiller med desse 11: Nyland - Latifu, Klock, Moltu, Brandal - Heltne Nilsen, Aursnes - Helland, Sandal, V. Heltne - Standal.
Alta vil forsøke å signere dei to finske spelarane Toni Lindberg og Ville Taulo, men dei blir ikkje klare til dagens kamp. Elles melder Altaposten at laget til Rune Berger har hatt ei god treningsveke og at dei har ei sterkt ynskje om siger i dagens oppgjer.
Hødd har eit par usikre spelarar til denne kampen. I følgje Sunnmørsposten har viktige Erik Sandal kjent antydingar til ein strekk, medan også Kazeem Ahmed er tvilsam.
Hødd og Alta har møttest ni gongar sidan 2003, og statistikken på desse er 4-2-3 i favør dagens bortelag. Det er som regel laget som har hatt heimebane som har stukke av med sigeren, og på Høddvoll har det enda 3-0-1. Fleire av oppgjera mellom desse laga har vore svært målrike, og vi kan i tillegg til 5-0-kampen tidlegare i år trekkje fram 7-2 til Alta i 2008 og 6-0 til Hødd i 2003.
Alta står med fattige éin siger så langt på 15 forsøk. Den kom faktisk nettopp mot Hødd, og det med valdsame 5-0. Vi må derimot heilt tilbake til slutten av april for å finne denne, noko som betyr at laget til Rune Berger har spelt 11 seriekampar utan siger. På dei seks siste står dei med 0-2-4.
Heimelaget Hødd er i bra form om dagen. 1-0-tapet mot Sandefjord i førre runde var det første på åtte kampar i serie- og cupsamanheng for ulsteinvikarane. I serien står dei med 2-3-1 på dei seks siste. Så langt på Høddvoll i år har dei 4-1-3, og vi må tilbake til 20. mai for å finne det siste tapet her.
Viktigheita av dagens kamp kan ikkje understrekast nok. Begge lag er god planta i nedrykksstriden, og før dagens runde ligg dei begge under streken. Det ser lysast ut for Hødd, som ligg på 13. plass med 15 poeng etter 4-3-8 så langt. Alta ligg to hakk ned, på 15. plass, med berre 1-6-8 hittil. Altaværingane har 9 poeng etter halvspelt serie.
Hei og velkomen til livedekning av det viktige Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Alta!