Referat
Kun høydepunkter
Hødd vinn fortent 3-0 over Alta. Heimelaget sjokkopna med tidlege scoringar i begge omgangane, og til tross for at Finnmark-laget hadde ballen ein del klarte dei sjeldan å truge Hødd som på si side var svært giftige på kontringar. Hødd har dermed karra seg opp på 4. plass, tre poeng bak andre opprykksplass, medan Alta framleis ligg på siste ståplass. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Stor sjanse for Alta! Ballen hamnar på bakerste stolpe der ein spelar i raudt får stå heilt åleine. Diverre for bortelaget skyt han høgt over.
90+2'
Heimelaget kontrar igjen, men Haanes blir litt for ubesluttsom og bortelaget overtek kula.
90+1'
Brandal kjem på løp og slår (litt for tidleg) inn mot Standal som ikkje har rukke å kome på plass framføre boksa.
89'
Dobbeltsjanse! Nome slår flatt inn og bortelaget får to forsøk på å få ei redusering. Ved begge høva blir ballen redda på strek! Svært nære der.
89'
Frispark til Alta nokre meter frå Hødd sin 16-meter.
87'
Mika Niskala med ei håplaus bakromspasning som går rett utover dødlinja. Det kan vel sjåast på som ei oppsummering av det Alta har klart i dag.
86'
Bortelaget evnar ikkje å setje Hødd under noko press. I staden er det heimelaget som er farlege på overgongane.
85'
Om Hødd held nullen i dag, blir det første gong sidan 1-0-kampen mot Bryne 17. juli at dei klarer det!
85'
Standal blir spelt fri, men pasninga er litt for hard og Efendic kan plukke.
83'
Hødd kontrar, og Ahmed er nære på å spele fri Sandal. Ein Alta-fot stoggar imidlertid forsøket.
78'
Haanes skuslar vekk ein kjempesjanse! Innbyttaren blir spelt heilt åleine med keeper, men i staden for å avslutte prøvar han å runde og Efendic får gitt corner.
78'
Sandal mistar ballen enkelt og Nome avsluttar kjapt. Via ein Hødd-spelar og til corner.
77'
Alta vinn innkast høgt i bana.
76'
Nære på! Sandal legg ballen over muren og Efendic må fiste til corner.
76'
Sandal med frispark.
75'
Petter Larsen dempar ballen på kneet og skyt langt over frå distanse.
73'
Håvard Nome skyt frisparket rett i muren. Alta sin dødballservitør har vore veldig lite treffsikker i dag.
72'
Frispark til bortelaget på omlag 25-26 meters hald.
71'
Heltne Nilsen spelar inn i boksa, men eit Alta-bein kjem i vegen.
70'
Det hastar for for Alta om dei skal få noko ut av denne kampen.
70'
Sandal slår tidleg inn, men Alta får ordna opp.
69'
Ahmed blir felt. Frispark til Hødd rett ved Alta sin sekstenmeter.
69'
Diomande blir noko overraskande verande på bana. Reint spissbytte for Hødd.
67'
Adama Diomande ser ut til å slite med noko.
67'
Karlsen prøvar å flikke fri Diomande, men forsøket klaffar ikkje.
66'
Nære på hattrick! Faysal Ahmed dreg seg elegant innover og skyt hardt mot mål. Efendic gjer ei god eihandsredning.
64'
Vegard Braaten dett i boksa og ropar på straffe, men domar Gya gjer nok rett i å ikkje blåse der.
63'
Hødd kontrar igjen, og Karlsen er nære på å finne Sandal i boksa. Berre eit Alta-bein kjem i vegen.
62'
1062 tilskodarar på Høddvoll i finevêret i dag.
61'
Nikolaisen prøvar å runde Brandal, men sistnemnte klarer også å blokkere innlegget.
60'
Faris Efendic med fleire avdriblingar på rad no. Fikst, men han bør nok passe seg litt også!
59'
Det er Alta som har initiativet her no. Hødd satsar på å ligge bakpå og satse på kontringar.
57'
Godt forsøk fra Alta! Petter Larsen klinar til frå 18-19 meter og Nyland får så vidt handa på den. Nære på der!
56'
Faysal Ahmed gjer ein god defensiv jobb og får samtidig frispark. Hødd sin nye nr 22 har nok imponert dei fleste på Høddvoll.
54'
Alta prøvar å satse framover, men slit i dei avgjerande fasene.
52'
Frispark til Alta midt på Hødd sin halvdel. Nome er klar. Slår lavt rett i muren. Svakt av Alta-spelaren igjen.
51'
Ahmed speler til Heltne Nilsen som får eit skot blokkert i boksa. Bra sjanse!
50'
Erik Sandal er frampå igjen, og denne gongen avsluttar Hødd sin nr 7 sjølv. Legg ballen godt over mål.
48'
Bortelaget med innlegg. Nyland plukkar lett.
48'
Hødd kontrar og Karlsen blir spelt fri på kanten av Diomande. Assistentdomaren vil det annleis og flaggar heilt korrekt av for offside.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar fortent 2-0 etter dei første 45 minutta. Heimelaget sjokkopna med å score to kjappe, og etter det sleit Alta lenge med å kome med å kampen. Dei siste fem minutta skapte dei raudkledde derimot fleire gode sjansar, så heimelaget bør langt frå føle seg trygge. Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Litt tekniske problemer mot slutten av omgangen, men lagene har gått i garderoben på stillingen 2-0 til hjemmelaget.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
42'
Bortelaget med eit farleg innlegg i Hødd si boks. Nære på at ein spelar i raudt kjem først på det!
41'
Håvard Nome slår svakt rett i nærmaste Hødd-spelar. Heimelaget kontrar, men Alta får ordna opp.
41'
Vegard Braaten skaffar laget sitt frispark nokre meter inn på Hødd sin halvdel.
39'
Hødd kontrar, men Sandal er uheldig når han skal slå inn i boksa, og Alta overtek.
37'
Nære på! Erik Sandal sendar frisparket i korthjørnet og Efendic må verkeleg strekkje seg for å forhindre nok eit mål.
37'
Erik Sandal står klar.
36'
Diomande blir felt av Overvik og Hødd får frispark i ein veldig interessant posisjon.
36'
Alta-angrepet stressar Hødd høgt oppe, og dei blå har byrja å gjere litt meir feil enn tilfellet var tidlegare i omgangen.
34'
Eit Alta-innkast skapar litt problem for høddarane. Ballen blir stussa i heimelaget sitt felt, men ingen av Alta sine spelarar kjem på den.
32'
Alta med litt press. Eit innlegg endar i hjørnespark.
30'
Fleire frå Finnmark har teke turen, og dei gjer sitt for å vekkje spelarane sine til liv!
28'
Hødd sin store formspelar, Erik Sandal, prøver å finne Ahmed på bakerste stolpe, men pasninga blir for upresis og det endar i utspel frå Alta-keeperen.
27'
Ludvigsen er nære på å kome seg fri, men Brandal er våken og får forhindra det. Alta har skapt minimalt så langt.
25'
Ein Alta-spelar vinn ein duell i Hødd sitt felt, men keeper Nyland plukkar nedfallsfrukta lett.
23'
Kjempebom av Ahmed! Sandal speler Faysal Ahmed åleine med Efendic, men den tidlegare Skeid-guten blir litt for fiks på det og sender chippen over mål.
23'
Alta held fram med å ha initiativet. Hødd ligg litt djupare enn normalt, sikkert ingen dum strategi med tanke på alle baklengsmåla dei har sleppt inn i det siste.
21'
Alta har ballen meir no, men har endå ikkje skapt nokre sjansar.
20'
Adama Diomande skyt frå distanse. Ikkje langt unna der heller!
20'
Magnus Nikolaisen får ballen innanfor sekstenmeteren, men han brukar for lang tid og heimelaget får rydda opp.
19'
Frispark til Alta midt på Hødd sin halvdel. Håvard Nome står klar. Går rett inn til Nyland. Dårleg utnytta.
18'
Det meste går Hødd sin veg hittil i denne kampen. Laget viser ei nøyaktigheit på pasningane som ein ikkje har sett makan til på Høddvoll på ei god stund.
17'
Heltne Nilsen slår det forbi alle og utspel frå Efendic.
16'
Reginiussen med obstruksjon på Sandal. Frispark til Hødd 10 meter inne på Alta sin halvdel.
16'
Hødd pressar framleis veldig på her. Alta har nok ikkje kome seg frå sjokkopninga endå.
15'
Nok ein god Hødd-sjanse! Sivert Heltne Nilsen klemmar til frå 16-17 meter og Faris Efendic må varte opp med ei god redning for å forhindre endå meir nettsus.
14'
Blir teke kort til Heltne Nilsen. Hødd held fram med å presse.
14'
Hødd vinn innkast høgt i bana.
13'
Utruleg nære 3-0! Strømsgodset-klare Diomande driblar seg fri frå fleire Alta-spelarar og vrir ballen like utanfor Efendic sin høgre stolpe.
9'
For ei kontring! Hødd vinn ballen på eigen halvdel og Diomande sender ei presis pasning forbi Alta-forsvaret til Michael Karlsen. Trønderen viser eit flott overblikk og speler fri Ahmed som kjem stormande på bakerste stolpe. Åleine med Efendic gjer han ingen feil. Dette blir ei veldig tøff oppgåve for Alta!
9'
Petter Tiller Larsen klarer nesten å tråkle seg gjennom Hødd-forsvaret. Ikkje langt i frå at han klarer det!
8'
Langt framspel mot Karlsen. Går berre inn til Efendic.
6'
Erik Sandal skyt via ein motspelar og til corner! God sjanse.
5'
Hødd går rett i angrep igjen, og Ahmed er nære på å spele fri Karlsen.
3'
Sandal speler fri Faysal Ahmed som blir sklidd over ende. Ser klar ut den!
1'
Hødd sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga på bana!
Dagens domar er Ole Gya. Han blir assistert av Hallvard Røe og Jon Ophuus.
Alta har gjort nokre endringar sidan førre kamp. Eirik Erlandsen, Petter Larsen og Magnus Nikolaisen er nye andlet i lagoppstillinga.
Hødd har byrja å få ei lengre skadeliste enn det som har vore tilfellet før i sesongen. Dag Roar Ørsal, Fredrik Klock, Thomas Lid Kleppe og Vegard Heltne er alle ute. Det som derimot er positivt for laget er at nykomaren Faysal Ahmned gjer sin heimedebut i dag.
Førre oppgjer mellom laga enda med 2-2, etter at Hødd rota vekk to leiingar. Alta sitt siste mål kom så seint i det 87. minutt, så ulsteinvikarane har nok lyst på revansje.
Hødd og Alta har møttest sju gongar i offisielle kampar i nyare tid. På dei kampane har Alta hatt eit lite overtak totalt sett. Finnmark-laget har 3-2-2. Hødd har tre kampar på rad utan siger, og den største nedturen kom utan tvil i nedrykksåret 2008, då dei gule og blå vann med utrulege 7-2. Vegard Braaten netta heile fire gongar i den kampen, og seier nok heller ikkje nei takk til å gjere det same i dag! Men for å yte Hødd rettferdiheit bør vi vel nemne at dei har vunne over Alta med endå større siffer, nemleg 6-0 i 2003.
Sjølv om Hødd endå ikkje har sikra fornya kontrakt i Adeccoligaen, så betyr nok denne kampen endå meir for Alta som er svært utsett til på tabellen. Berre betre målskilnad enn Strømmen gjer at Rune Berger sitt lag er på 'sikker' grunn. Alta har 2-1-3 på sine seks siste, og dei vann også førre kamp mot Løv-Ham (2-0). Borte frå Finnmarkshallen har dei klart 3-3-4, det er først og fremst på eigne trakter dei har skuffa.
Hødd, som var det verkeleg store overraskingslaget i vårsesongen, er no inne i ein betre stim enn det som var tilfellet for nokre veker sidan. Blåtrøyene står med to sigrar på rad, noko som har ført dei opp på ein 7. plass på tabellen. Heimepublikkumet på Høddvoll vonar nok også at laget deira skal varte opp med like bra fotball som dei gjorde i den TV-sendte kampen mot Ranheim førre helg (5-2). På dei seks siste har Ulsteinvik-laget 3-0-3.
Det er fantastisk vêr i Ulsteinvik i dag, med sol og blå himmel. No er det berre opp til dei 22 på bana å gjere resten av dagen bra!
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Alta!