TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Hødd 2 vinn 6-1 over Sogndal 2 i denne kampen om å unngå nedrykk frå 3. divisjon, og bergar med det plassen. Dagens bortelag må dessverre ta turen ned eit nivå. Sjølv om resultatet er valdsamt, så var det ikkje slik ut i frå spel og sjansar. Hødd var dødelig effektive og scora på fire av fem i 1. omgang. Etter kvilen heldt dei fram med å køyre overgangar, noko som skapte mykje trøbbel for gjestane. Sogndal 2 hadde på si side fleire enorme sjansar, men sleit med å få kula i nettet. Dei hadde tre stolpeskot, og i tillegg bomma Flataker åleine med keeper. Men, slik er fotballen av og til. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin dag vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (6-1)
90'
Spillerbytte
90'
Hjørnespark
Rett i ein Hødd-spelar. Dårleg slått.
90'
Hjørnespark
Endar med ein ny corner.
90'
Glimrande moglegheit for Hødd-trenar Arvid Moen Hansen å gje fleire spelarar nokre minutt på bana når dei leiar så stort, men det har altså berre blitt føreteke tre innbyte.
88'
Spillerbytte
88'
Hjørnespark
Endar med ei Hødd-kontring, men bortelaget jobbar bra heim og får stoppa forsøket.
86'
Flataker kjem seg ned til dødlinja og får lagt inn, men sjølv om Kazige er utspelt kjem det ingen andre i svart og får putta ballen i kassa.
84'
Stor sjanse for bortelaget! Konstali-Lødemel får ballen på bakerste stolpe, men klarer berre å heade svakt rett på Kazige. Den bør ende i nettet!
84'
Bortelaget prøvar seg med ein markkrypar, men Kazige er raskt nede og fangar ballen.
81'
Gult kort
Tek ei stygg takling på Roppen og får eit fortent gult kort.
81'
For ein sjanse for Hødd! Sundling kjem ut for å klarere ei bakromspasning men bommar totalt og gir Daniel Brandal ein alle tiders sjanse til å score. Utruleg nok klarer han ikkje å få ballen i det tome målet, men i staden sender han ballen i stolpen.
78'
Hjørnespark
Endar til slutt med eit innlegg som Hødd får klarert.
77'
Hjørnespark
Går via hanskane til Kazige, tverrleggaren og til ein ny corner.
76'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Mål!
6-1
Hødd scorar sitt sjette for dagen! Corneren frå Elveseter dalar over alle i feltet og ned på foten til Aske. Sonen til den tidlegare Hødd-spelaren Per Bernt Aske gjer ingen feil og bankar ballen i nettet. 6-1!
74'
Hjørnespark
74'
Eit Hødd-skot går via ein Sogndal-spelar og til corner.
74'
Hjørnespark
Hestetun får klarert.
74'
Heilt vanvittig at bortelaget berre står med eitt mål her. Dei har altså hatt tre stolpeskot samt at Flataker bomma åleine med keeper.
72'
Nytt stolpeskot for bortelaget! Sogndal 2 får avslutta frå god posisjon, men for tredje gong i kampen endar forsøket i stolpen. Returen går til innkast.
72'
Bra forsøk av Hødd! Håheim-Elveseter får tid og rom og prøvar å plassere ballen i krysset. Like utanfor!
71'
Konstali-Lødemel slår inn frå høgre, men Mulac får nikka vekk kula.
69'
Hjørnespark
Dett ned på hovudet til Mulac, men stopparen, som nettopp fekk A-kontrakt, headar ballen utanfor mål.
68'
Mindre som stemmer for Hødd offensivt no. Bortelaget med initiativet.
66'
Nytt stolpeskot for Sogndal 2! Det er fullt kaos i Hødd si boks og bortelaget får sendt i veg ei avslutning. Den går i stolpen og ut i feltet før Hødd får klarert.
66'
I skrivande stund er det altså Volda og Sogndal 2 som ser ut til å rykke ned. Det er dessverre for bortelaget lite som tyder på at dei kan snu dette.
62'
Hjørnespark
Stor sjanse! Blir teke kort før den blir slått inn. Inne i boksa ragar ein Sogndal-spelar høgast, men headinga går utanfor mål.
60'
Nære på ny redusering! Ein Sogndal-spelar får avslutta, men Kazige får nokre fingrar på ballen før den går i stolpen og ut. Returen blir forsøkt sendt på mål, men Hødd ryddar unna.
59'
Hjørnespark
Endar etter kvart opp i klypene til målvakt Kazige.
58'
Hjørnespark
Endar med ny corner.
57'
Spillerbytte
57'
Gult kort
52'
For ein enorm bom! Flataker kjem mutters åleine med Kazige men går berre for kraft og sender ballen utanfor mål. Der rotar han vekk ein 100%-sjanse!
52'
Problemet for Sogndal 2 er sjølvsagt dei store roma Hødd vil få offensivt om dei sender fram laget. Men dei må uansett prøve.
50'
Mål!
5-1
Sogndal 2 reduserer! Erik Flataker får plutseleg tid og rom og avsluttar sikkert forbi Kazige som ikkje rekk å reagere. 5-1!
48'
Mål!
5-0
Hødd 2 held fram med å køyre over bortelaget! Sogndal 2 prøvar å presse høgt, men mislukkast totalt og dermed blir det store opningar for Hødd framover. Etter hurtig overgongsspel trillar Daniel Brandal ballen inn foran mål til Andreas Brandal som scorar sikkert.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd 2 leiar heile 4-0 over Sogndal 2 i denne nedrykksduellen på Høddvoll. Heimelaget har vore enormt effektive, og fire mål på fem sjansar er meget imponerande. Samtidig må det leggjast til at bortelaget har forsvart seg ganske dårleg og gitt Hødd 2 mykje rom å boltre seg i. Likevel, vertane frå Ulsteinvik har vist fram mykje bra angrepsspel, i sær ved overgangane. Sogndal 2 verkar ganske fortapte no med tanke på å overleve i divisjonen, men det er framleis 45 minutt att å spele og mykje kan skje. Her er det berre å glede seg til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
45+1'
Hjørnespark
Hødd vinn ballen og kontrar.
45'
Frispark
Frispark i farleg posisjon. Distansen er ca 16,3 meter. Anders Nord skyt rett i muren.
44'
Brandal dreg seg innover og avsluttar med venstrefoten, men skotet blir raskt blokkert. Sogndal har hatt veldig store problem på si venstreside. Hødd-spelarane har fått veldig mykje rom her.
43'
Borgthorsson prøvar å tråkle seg gjennom forsvaret, men misser ballen.
41'
Hjørnespark
Kazige får boksa unna.
41'
Hjørnespark
Endar med ny corner.
40'
Mål!
4-0
No renn måla inn på Høddvoll!. Gjerde trillar til Notanes Brandal som plasserer ballen elegant i krysset. Sundling har ikkje nok rekkevidde der. 4-0!
38'
Mål!
3-0
Sogndal står høgt ettersom dei har corner, men Hødd vinn ballen og set fart framover. Johansen speler fri Aske som stormar framover i banen. Til slutt får Dimmen Roppen ein grei jobb med å plassere ballen forbi Sundling. Svakt keeperspel ettersom skotet går rett under han.
37'
Hjørnespark
36'
Mål!
2-0
Hødd doblar leiinga på eit langskot! Målvakt Sundling rekk ikkje å reagere og blir berre ståande og sjå på at avslutninga frå Håheim-Elveseter fyk inn heilt nede ved stolpen. No ser det mørkt ut for Sogndal 2!
34'
Vi observerer for øvrig at det ligg to ballar attmed Sogndal sitt mål, men ingen attmed Hødd sitt. Så får ein tolke det slik ein vil.
33'
Flataker får tilsnakk etter gjentatt klaging. Også trenar Krosshaug er misfornøgd med at Hødd tilsynelatande har tilgang på få matchballar.
25'
Frispark
Borgthorsson slår inn til Flataker som bommar med headinga. Det blir derimot ein fin leveranse til Nundal som avsluttar på direkten. Dessverre for bortelaget endar ballen høgt over mål.
25'
Ein Sogndal-spelar går i bakken utanfor Hødd si boks, men domar Tronstad let spelet gå.
23'
Nytt innlegg frå Sogndal sin nummer 3 som går rett i klypene til Kazige. Har fortsatt til gode å bli sett på prøve, Hødd-målvakta.
19'
Nytt innlegg frå Konstali-Lødemel. Han slår rett i fanget på Kazige før han ropar ut nokre gloser som ikkje passar seg på ein sundag klokka tolv.
18'
Hødd kjem til ei ny bra avslutning! Sundling reddar og returen går til ein Hødd-spelar som tydeleg er i offside. Han viser derimot heilt klart at han ikkje vil ta ballen, men i staden for at bortelaget tek ballen lar dei ein ny Hødd-spelar ta den før dei byrjar å rope offside. Nære på at det endar med nok ein sjanse.
13'
Hjørnespark
Gode sjansar for bortelaget! Nord tek corneren kort og får tilbake ballen. Han slår den flatt inn foran mål, men sjølv om bortelaget får avslutta to gongar får dei ikkje kula i nettet.
11'
Mål!
1-0
Hødd går i føringa! Frisparket blir slått inn i feltet, der Sogndal får klarert. Dei klarer derimot ikkje å få ballen langt nok vekk, for i returromet står Brandal og ventar. Han legg ballen til rette og plasserer ballen elegant i det lengste hjørnet. 1-0 og ein kjempeopning på kampen for Hødd!
11'
Heimelaget med frispark.
10'
Martin Håheim-Elveseter og Oliver Eliassen Aske er for øvrig Hødd 2 sine toppscorarar i seriespelet hittil. Begge står med ni nettkjenningar kvar.
7'
Andreas Televik, son av Hødd-legenda Geir Televik, prøvar seg med ein stikkar mot Aske. Altfor upresist av Hødd sin nummer 27.
5'
Hødd misser ballen i det forsvaret er på veg ut, men heldigvis for dei er Nundal i offside.
5'
Lang ball mot Aske i bakrom, men Sundling kjem ut og har god kontroll.
3'
Lødemel slår inn frå venstre. Mulac beinar ballen vekk på femmeteren.
2'
Sogndal-benken ropar raskt "To touch". Tydeleg at dei vil ha tempo i oppgjeret.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga står no klare på kunstgrasbana på Høddvoll. Det er sol, kaldt og litt vind.
Laga møttest i Sogndal heilt tilbake i første serierunde. Det enda med herlige 3-3 etter at Hødd snudde 0-3 til 3-3 med tre mål dei siste fem minutta!
Sogndal sitt A-lag gjorde på si side unna 1. divisjons-kampen i går, då det blei grusomme 0-3 heime for KFUM Oslo. Det betyr dermed at trenar Nils Tore Krosshaug kan stille med litt meir erfarne spelarar. Blant anna var Nundal, Nord, Flataker, Borgthorsson og Steinset alle på bana då Hødd og Sogndal møttest her på Høddvoll førre helg. Det er med andre ord ei tøff oppgåve som ventar for Hødd sine unggutar.
Heimelaget stiller svært ungt i dag ettersom Hødd A-lag har ein svært viktig kamp borte mot Raufoss klokka 15. Store delar av troppa består av spelarar frå Hødd sine talentfulle 2005- og 2006-kull. Dei mest rutinerte i startoppstillinga er Fjørtoft, Gjerde og Brandal, alle fødde i 2003.
Dagens kamp er særs viktig for begge lag. Det er siste serierunde, og både Hødd 2 og Sogndal 2 kan rykke ned til 4. divisjon om alt går imot i dag. Heimelaget er i best posisjon før avspark ettersom dei ligg på trygg grunn med 26 poeng. Sogndal 2 er poenget bak, men under nedrykksstreken på grunn av svak målforskjell. Bortelaget bør ha poeng i dag, men samtidig er mykje avhengig av resultata i kampane Eidsvold Turn-Volda og Førde-Elverum. Heile fem lag kjempar mot å rykke ned i lag med Raufoss 2, og det bør opne opp for ei nervepirrande avslutning!
Hei, og velkommen til Firda sin livedekning av oppgjeret Hødd 2 - Sogndal 2! Vi skal følgje denne kampen minutt for minutt, direkte frå Høddvoll!