TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Då er det over her på Grorud Arctic Match. Meinhard Olsen blir matchvinner for dei brunkledde! Første omgang var ei jamn affære kor begge lag kunne gått til pause med leiinga. Det gjorde det imidlertid ikkje, og laga gjekk mållause til pause. Ti minutt ut i andre omgang falt avgjersla. Meinhard Olsen vart sendt ut på bana av Vegard Hansen i håp om å kunne bikke oppgjeret i favør av Mjøndalen. Den unge klubbnomaden frå Færøyene sa seg einig i oppdraget frå Hansen og brukte få sekund på å sende MIF i føringa i det Appiah stussa eit utspark frå Kinn i bakrom. Den færøyske superinnbyttaren sitt mål vart også kampen sitt einaste. Bortelaget hadde god kontroll på eit ufarleg heimelag i 2. omgang. Vertane kan kun glede seg over at Skeid rakna i sluttminutta mot Åsane og tapte på overtid. Grorud får derfor ikkje noko lysglimt i den bekmørke bunnstrida, medan Mjøndalen får med seg tre etterlengta poeng heim.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+6'
Hjørnespark
Mjøndalen får klarert.
90+6'
Nytt hjørnespark. Det er vel det siste som skjer.
90+4'
Hjørnespark
Ikkje noko farleg frå heimelaget.
90+4'
Grorud får hjørnespark og sende opp keeper!
90+3'
Frispark
Tek den kort ved hjørneflagget.
90+1'
Grorud er desperate etter skåring, men greier ikkje kome til noko som skapar trøbbel for bortelaget.
90'
Det er lagt til 6 minutter overtid.
90'
Hjørnespark
Tek den kort for å drøye tid.
90'
Carson Pedersen taklar til hjørnespark for gjestane.
89'
To gule kort
Mistar hovudet i det han held igjen Kleppa som fossar framover med ballen. Lite gjennomtenkt.
88'
Frispark
Tek den kort.
86'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
82'
Frispark
Grorud-kapteinen ladar børsa, men forsøket går over målet til Kinn.
82'
Frispark til Hristov som susar forbi alt og alle før han blir stoppa på 25 meters hald.
80'
Frispark
Trillar ballen kort til Twum.
80'
Gult kort
Ser ut til å tråkke Ovenstad på foten.
79'
Det er lenge sidan Grorud har vore farlege. Mjøndalen med full kontroll slik det står no.
75'
Frispark
Kanonforsøk frå stopparen som skyt via stolpen og ut til femmeter.
75'
Gult kort
Held igjen Singh som har satt på turboen. Frisparket er på 25 meters hald.
74'
Spillerbytte
72'
Hjørnespark
Stokke lurar på bakre stolpe, men headinga frå spissen går utanfor.
72'
Meyer må heade eit innlegg til hjørnespark.
71'
Ovenstad avsluttar frå skrått hald, men Lillevik Kjellevold får avverga.
70'
Offside
69'
Mjøndalen kontrar i overtall, men Ovenstad gjer ikkje mykje ut av moglegheita i det han sleivar ballen utanfor buret til Lillevik Kjellevold.
68'
Frispark
Nakkim stangar den ut av feltet.
68'
Frispark til Grorud midt på Mjøndalen sin halvdel i ein posisjon som gjer at ein kan svinge den inn.
66'
Kristensen får avslutta under press, men Mjøndalen ofrar seg i feltet og blokkerar.
64'
Spillerbytte
63'
Akinyemi ligg nede med skade.
62'
Spillerbytte
62'
Kan Grorud svare Mjøndalen her då?
58'
Frispark
Treff Ovenstad som snublar og ballen går ut til femmeter.
56'
Mål!
0-1
Den færøyske spissen brukar ti sekund på å sende gjestane i føringa. Meinhard Olsen joggar inn på bana og får ballen aleine i bakrom i det Appiah stussar eit utspel frå Kinn i bakrom. Aleine med Lillevik Kjellevold gjer spissen ingen feil, og hamrar ballen i nettet. Det tok kanskje ti sekund frå han kom inn til han sendte MIF i føringa. Dette målet kan vel kanskje Vegard Hansen ta noko av æra for?
56'
Spillerbytte
56'
Spillerbytte
56'
Kristensen får avslutta frå 25 meters hald, men ballen går langt utanfor.
54'
Spelet er i gang igjen.
54'
Ovenstad blir liggande og vil ha frispark. Dommar stoppar spelet medan Grorud har ballen.
53'
Frispark
Tek den kort.
53'
Rolegare start på denne omgangen enn den vi hadde før pause. Mjøndalen har hatt mest ball, men er ufarlege så langt.
50'
Kapteinen er oppe etter litt sang frå den tilreisande fansen.
50'
Olsen Solberg blir liggande etter ein duell med Kristensen på Grorud.
49'
Offside
48'
Offside
48'
Kristensen får ballen høgt på heimelaget si høgreside og får slått hardt og flatt inn foran kassa. Diverre for heimelaget er ingen gulkledde i nærleiken av den.
46'
Grorud tek avspark. Ingen byttar på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det pause på Grorud Arctic Match på stillinga 0-0. Til tross for at måltavla har vore uforandra dei første 45 minutta av kampen har det ikkje vore keisamt. Mjøndalen starta best og gjorde Meyer og Akinyemi svimle i midtforsvaret til Grorud. Likevel våkna heimelaget utover i omgangen med gode kontringar og eit forsvar som tørte å stå litt høgare i bana. Kristensen har vore god for heimelaget og har skapt farlegheitar med raske fintar og ein uforutsigbar skuddfot. Mjøndalen tapte initiativet dei hadde til å begynne med og må heve seg om dei skal stikke av med tre poeng i kveld.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Gult kort
Fekk gult i forrige situasjon då han hindra Appiah i å kome framover i bana.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Offside
Enorm overgangsmoglegheit for MIF. Då er det svakt av Appiah å ikkje halde igjen løpet sitt, for då hadde han vore aleine med Lillevik Kjellevold...
44'
Hjørnespark
Kinn får ein handske på ballen før Ovenstad klarerar.
44'
Twum taklar Kristensen og ballen trillar ut til hjørnespark for vertane.
43'
Hjørnespark
Kristensen får klarert ut frå feltet.
43'
Moldskred prøver å legge inn, men ein liggande Akinyemi får avverga til hjørnespark.
41'
Frispark
Trillar den kort.
39'
Etter hardt Grorud-press får Osenstad avslutta i ubalanse. Diverre for heimelaget er det ufarleg då han sleivar den eit godt stykke utanfor.
35'
Offside
Sveen headar den over.
35'
Hjørnespark til gjestane.
34'
Frispark
Tek den kort.
33'
Offside
Hristov er litt hissig på grauten.
32'
Offside
Ein lang ball frå Nakkim i bakrom mot Singh blir avvinka for offside.
32'
Frispark
Trillar den kort til ein medspelar.
32'
Singh får ballen frå 28 meters hald på halvvolley. Tanken han har om drøymeskåring blir kjapt fantasi i det ballen flyg ti meter over mål.
30'
Hjørnespark
Heimelaget får klarert.
30'
Twum er på farta og Hristov må takle ballen til hjørnespark for bortelaget.
28'
Frispark
Tek den kort.
28'
Kristensen er eit angrep aleine for heimelaget! Denne gongen tek han med seg ballen inn frå venstresida og får satt Kinn på prøve frå 16 meters hald. Keeper er med på notane og får avverga.
26'
Moldskred avsluttar utanfor frå drøye 20 meter.
25'
Frispark
Spelar ballen kort.
24'
Frispark
Slår ballen opp mot Benjamin Stokke som ikkje får flikka ballen vidare.
23'
Grorud er mykje meir med i matchen no.
23'
Frispark
Tek frisparket kort.
22'
Frispark
Tek den kort.
21'
Hjørnespark
Det kan sjå ut som Meyer sender heimelaget i føringa, men dommar bles for hands.
20'
Ness er oppe på venstresida og legg inn. Kinn får ein hanske på ballen og slår til hjørnespark.
19'
Ballen blir droppa til Grorud.
18'
Frispark
Går rett i Benjamin Stokke som står i muren. Spissen blir liggande og spelet stoppar.
18'
Gult kort
Kristensen blir løpt ned utanfor 16-meteren medan ballen er langt unna. Frispark til Grorud i god posisjon.
17'
Frispark
Bankar den høgt i bana.
17'
Kristensen får avslutta aleine med Kinn etter eit herleg raid frå Grorud, på returen kjem Hristov og får avslutta. Kinn er med på notane og får avverga.
13'
Hjørnespark
Stokke kjem til avslutning, men ryggsekken er tung og ballen går i retning Veitveit.
13'
Hjørnespark til gjestane. Singh er aggressiv i presset og Meyer har ikkje anna val enn å gi bort den.
10'
Frispark
Han skyt, men forsøket er svakt og går høgt over målet til Kinn.
10'
Grorud kontrar med full fart, men blir hindra på 25 meters hald. Frispark.
7'
Hjørnespark
Jokke svingar den inn, og etter mykje klabb og babb kjem Singh til skudd. Det er frå god posisjon, men går rett på Grorud si sisteskanse.
7'
Singh bommar aleine med Lillevik Kjellevold frå fem meters hald! For ein sjanse!
6'
Mjøndalen med enormt overtak det siste minuttet. Singh hælsparkar ballen til Ovenstad som bankar til på halvvolley. Skuddet er knallhardt, men går rett over krysstanga. Der kunne det brått stått 0-1!
4'
Ovenstad får lagt inn, men Meyer klarerar for heimelaget.
4'
Singh sleivar ein ball inn til Lillevik Kjellevold.
1'
Frispark
Stangast ut av feltet.
1'
Frispark høgt oppe på Grorud si høgreside.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane entrar bana og vi er klar for dei første 45 minutta mellom to lag som må begynne å vinne!
Det er litt overskya på himmelen, men likevel med ein god temperatur i lufta i Oslo-Øst i kveld.
Grorud har slitt defensivt denne sesongen. Berre Stjørdals-Blink på sisteplass har måtte sjå fleire ballar gå i nettet bak seg. Det blir spennande å sjå korleis dei legg seg mot eit bortelag som ser ut til å gå offensivt til verks om ein skal ta startoppstillinga i betraktning.
Vegard Hansen er nok interessert i å snu den håplause formen til 3050. Det kan sjå ut som dei køyrer ei tre-backslinje frå start. Framover i bana finn ein mykje offensiv kraft som kan skape trøbbel for vertane.
Det er to lag med mykje motgang som skal gjere opp om poenga her på Grorud Arctic Match i kveld. Etter serieleiing og paradasjemars i begynnelsen av sesongen, har pila peika nedover for dei brunkledde. Dette gjer at MIF ligg nedanfor kvalifseringsplassane på tabellen. Grorud kjempar på si side ein kamp for å overleve, men det ser ut til å bli ein tøff oppgåve for Groruddalen sine håpefulle. Fasit etter 14 spelte kampar er 14. plass. Null sigrar, seks uavgjorte og åtte tap.
Hei, og velkomen til denne livedekninga av oppgjeret mellom Grorud og Mjøndalen i OBOS-ligaen.