Referat
Kun høydepunkter
Joshua King fekk for øvrig sin Champions League-debut for Manchester United i dag. Han kom inn i det 85. minutt, men klarte, til trass for iherdig jobbing, ikkje å løfte United noko.
Galatasaray vinn 1-0 mot eit reserveprega Manchester United og tek med det eit steg mot avansement frå Gruppe H. Kampen var ikkje av det minneverdige slaget, men begge laga hadde sine periodar. Men om ein ser kampen under eitt er det nok fortent at tyrkarane vann.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Heimelaget med ballen no. Dette endar med tre poeng til tyrkarane.
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen.
90'
Hernandez speler til King som slår inn. Endar med corner.
90'
Hernandez skyt via ein motspelar og inn til Muslera.
89'
Nære på at Macheda kjem til avslutning. Eit oppoffrande heimelaget får blokkert.
89'
Bra trykk frå United no!
88'
Frispark til United midt på Galatasaray sin halvdel.
88'
Melo får stå fritt og skyte, men rett på Lindegaard.
87'
Young er i aksjon skikkeleg for først gong. Misser ballen.
86'
King prøvar å dra opp tempoet og jobbar energisk.
85'
Norske Joshua King kjem altså inn til sin Champions League-debut for Manchester United!
85'
No kjem han!
83'
United maktar rett og slett ikkje å skape noko her. Inntoget av Young og Macheda har tilført minimalt.
80'
Jones prøvar å dra opp tempo, men blir såpass forstyrra at han får frispark.
78'
Vanvittig nære 2-0! Altintop avsluttar hardt, men ballen går rett i tverrleggaren og ut i feltet igjen. Då har begge laga hatt eit skot kvar i metallet.
77'
Veldig laber periode i kampen no.
76'
Macheda prøvar å slå inn, men det heile endar berre med utspel frå Muslera.
76'
Frisparket blir slått inn i boksa, men Yilmaz avsluttar utanfor.
75'
Rafael lagar frispark, og ein overspelande Yilmaz prøvar å lure på han gult kort nr to. Domaren gjer rett i å berre gi frispark.
74'
To bytte frå Ferguson, men ingen King. Men framleis er håpet til stades!
74'
Welbeck jagar ein ball i bortelaget si boks, men endar opp med å lage frispark.
73'
Heimelaget skal ut mot Braga på bortebane i den siste runda, medan hovudutfordrar CFR Cluj skal til Old Trafford. Med siger i dag kan altså tyrkerane ta eit langt steg mot avansement.
72'
God stemning på stadion, sjølvsagt. Skal Galatasaray klare å ta sjølvsagt Manchester United, på sjette forsøk?
70'
Inan ligg nede etter ein duell. Stopp i spelet.
67'
Manchester United har spelarar som Ashley Young og Federico Macheda, i tillegg til vår eigen Joshua King, på benken. Får vi sjå ein av dei i næraste framtid?
66'
Eboue kjem seg ned til dødlinja og chippar ballen framføre mål. Der får Rafael klarert.
66'
Riera kjem seg heilt fri på venstrekanten og får lagt inn, men ingen andre er med på den.
65'
Inan skyt, men rett i næraste United-spelar.
65'
Welbeck med eit hardt innlegg. Blir klarert, men United beheld kula. Fin periode for bortelaget no.
64'
Yilmaz blir teke hardt av Anderson, men domaren vinkar spelet vidare.
62'
Nære på for United igjen. Endar i corner.
62'
Cleverley slår inn, men over alle.
61'
Eboue kjem seg fri og avsluttar via Jones og på mål. Lindegaard stoppar forsøket.
60'
Anderson prøvar seg frå distanse, men som vanleg når brasilianaren skyt er det ufarleg. Muslera ligg nede og ventar på ballen.
59'
Bra sjanse for United! Bortelaget kontrar og Welbeck speler fri Hernandez i bra posisjon. Mexicanaren brukar derimot for lang tid og skotet blir blokkert. Burde ha avslutta på første der.
57'
Heimelaget sine spelarar torer å sleppe seg meir lause no. Eitt og anna hælspark dukkar opp.
56'
Dermed har Manchester United hamna under for fjerde gong i løpet av dei fem første rundene av denne sesongens Champions League! Skal dei klare å kome tilbake og snu til siger for fjerde gong også?
53'
Stor sjanse for heimelaget! Yilmaz får bra treff, men Lindegaard vartar opp med ei veldig god redning. Corner for heimelaget.
53'
Hernandez går i bakken etter eit angiveleg slag i ansiktet. Handa til Galatasaray-spelaren treff han nok, men at han skulle få så vondt er det vanskeleg å tru.
52'
United med ballen no.
52'
Buttner blir felt av Altintop. Frisparket blir teke kjapt.
50'
Yilmaz prøvar å flikke igjennom til Elmander, men ballen når ikkje fram. Svenske Elmander har for øvrig vore veldig lite delaktig i det som har skjedd her.
49'
Godt forsøk frå heimelaget! Albert Riera får bra treff på halvvolley, men Lindegaard har grei kontroll og held kula.
49'
Heimelaget er friskast også i starten av denne omgangen.
48'
Amrabat prøvar å dra seg forbi Rafael, men endar berre opp med å skaffe Lindegaard eit utspel. Galatasaray-spelaren burde moglegens hatt frispark i trekket før.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause her på Turk Telekom Arena etter ein variabel omgang. Galatasaray hadde lenge initiativet og dei beste sjansane, men Manchester United vakne dei siste 10 minutta og var også veldig nære på å ta leiinga, men Nick Powell si heading gjekk i metallet. Vi håpar på ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Hernandez med eit farleg innlegg mot Powell. Ballen blir litt for høg for United sin nr 25.
45+2'
Eboue ligg nede. Den tidlegare Arsenal-spelaren held seg til låret.
45+1'
Riera kjem seg fri på kanten sin og får lagt lågt inn framføre mål. Bortelaget får klarert.
45'
Ein litt meir open kamp på Turk Telekom Arena no!
44'
Anderson prøvar å dra seg laus, men misser i staden ballen.
44'
United trykkar på no.
43'
Welbeck set i gong ei kontring frå United, men han blir litt for ubesluttsom og får ikkje sendt frå seg ballen. Han får derimot corner.
42'
Altintop kjem seg fri til venstre og skyt, men forsøket går rett i Buttner.
41'
Litt meir United no, men framleis har dei ikkje hatt ein brukbar sjanse.
39'
Powell riv seg laus og avsluttar frå distanse. Via ein motspelar og til corner.
38'
Galatasaray ville for øvrig ha straffe på ein situasjon i etterkant av skotet frå Altintop. Ballen gjekk rett nok i handa på Buttner, men det var frå kort hald og domar Carballo gjorde rett i å vinke spelet vidare.
36'
Bra slått frå Anderson. Endar til slutt med corner.
36'
Frispark til Manchester United no. Brukbar posisjon for innlegg. Anderson står klar.
35'
Bra trykk frå heimelaget! Altintop avsluttar bra, og Lindegaard må gi nok ein farleg retur. Galatasaray-spelarane er nære på å kome til endå eit skot, men dei kvitkledde får rydda unna.
33'
Frispark til heimelaget i bra innleggsposisjon igjen. Inan slår inn, men United får rydda unna.
32'
Vanvittig mange frispark og påfølgjande stopp i denne kampen. Domar Carballo har også slitt med å ta dei rette avgjerslene hittil.
31'
Nok ein gong er det Amrabat som er i aksjon. Han vender nydeleg vekk ein United-spelar får han sender i veg eit skot som blir blokkert.
30'
Like før for heimelaget. Amrabat kjem seg inn i United si boks og får klart ein dytt i ryggen frå Jones. Kunne fort ha blitt blåst straffe der!
30'
Nok eit frispark laga av Melo. Utruleg at han framleis ikkje har fått sjå eitt kort endå.
29'
Galatasaray med 57% ballinnehav hittil denne omgangen. United med 43.
28'
Melo får tilsnakk frå eitt eller anna.
28'
Yilmaz spring rett i domar Carballo og Galatasaray misser ballen. Då ventar det sjølvsagt massiv buing frå tribunene!
25'
Amrabat skyt via ein motspelar og inn til Lindegaard.
23'
Det er definitivt Galatasaray som har vore det beste laget så langt. Forventa roleg start frå United.
21'
Nære på for heimelaget! Frisparket er bra slått, men Yilmaz klarar ikkje å få headinga på mål frå bra hald.
21'
Frispark i bra posisjon for innlegg.
19'
God sjanse for Galatasaray! Ballen dett ned framføre mål, men ingen frå heimelaget klarar å få avslutta skikkeleg.
19'
Altintop slår bra inn, og Lindegaard fistar unna. Amrabat slår inn igjen, men får berre corner.
18'
Anderson prøvar å finne Hernandez, men heimelaget får ordna opp.
16'
2-0 til CFR Cluj no. Rui Pedro er målscorar.
13'
Uorden i United sitt forsvar, men Büttner er kjapp og får takla ballen til innkast.
12'
Cleverley prøvar å chippe fri ein medspelar bak heimelaget sitt forsvar, men forsøket når aldri fram.
12'
Altintop får seg ein smell etter sjølv ha varta opp med ei tøff takling. Den tidlegare Real Madrid-spelaren kjem seg på beina.
11'
Welbeck prøvar ein stikkar mot Hernandez, men førstnemnde blir for hard på labben og Muslera får overta kula.
10'
Nordin Amrabat får avansere med ballen og avslutte, men skotet går godt tilside for buret til Lindegaard.
8'
Bra angrep frå United. Pasninga blir slått femogførti grader inn i boksa, men ingen kjem til skot.
8'
Då har CFR Cluj teke leiinga i den andre kampen i denne gruppa. Galatasaray er dermed nede på 3. plass.
7'
United med ein fin kontringssjanse, men Welbeck brukar for lang tid og får aldri spelt fri Hernandez.
6'
Massiv piping til tider her, og ein god del har blitt retta mot domar Carballo.
5'
Burak skyt frå distanse. Lindegaard ser ut til å ha kontroll, men dansken gir ein farleg retur rett ut i feltet. United får klarert.
5'
Melo med ei stygg takling på Powell. Er heldig som slepp unna kort der.
4'
Lang ball mot Hernandez, men pasninga frå Fletcher endar berre inne hos Muslera.
1'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
Forholda i Istanbul er gode. Temperaturen ligg på 15 grader og bana er tørr.
Dagens domar er spanske Carlos Velasco Carballo.
For oss nordmenn er det også svært gledeleg at Joshua King er aktuell for innhopp i dag. King, som også har slått til på det norske landslaget i det siste, kom til United i 2008 og står så langt med berre eitt innhopp på førstelaget. Det kom på tampen av Ligacup-oppgjeret mot Wolverhampton i 2009. King fekk omlag 10 minutt speletid den gongen, men klarde likevel å gjere seg bemerka. I løpet av si tid hjå Manchester-klubben har han vore på lån til Preston North End, Borussia Mönchengladbach og Hull City.
For Manchester United sin del er det svært gledeleg at Phil Jones endeleg kan ikle seg den raude drakta igjen etter å ha vore skada i lang tid. Elles har Ferguson valt eit relativt rutinert lag, med unntak av Nick Powell og Alexander Büttner. På innbyttarenbenken ser det derimot heilt annleis ut, med berre Ashley Young av aktuelle førstelagsspelarar.
Då er dei to laga ute. Galatasaray stiller med velkjende profilar som Johan Elmander, Emmanuel Eboue, Albert Riera og Hamit Altintop, fleire av dei kjende frå opphald i Premier League.
Møtet mellom laga tidlegare denne sesongen enda med ein knepen 1-0-siger til United på Old Trafford. Eit hardtkjempande Galatasaray gjorde sitt til at kampen blei meir jamn og open enn mange hadde trudd på førehand. Michael Carrick scora kampens einaste mål, medan Nani bomma på straffe. Galatasaray og Manchester United møtte kvarandre også i 1993-94- og 1994-95-sesongane. Dei tre første møta enda uavgjort (3-3, 0-0 og 0-0), før United slo til med 4-0 på Old Trafford i desember 1994. Davies, Beckham, Keane og eit sjølvmål av Korkmaz sørgja for scoringane.
Med 4-0-0 på dei fire første kampane har Manchester United lite å spele for i dag, noko som også gjenspeglar seg i troppa som Sir Alex Ferguson har teke med seg til Istanbul. Patrice Evra, Rio Ferdinand, Robin van Persie, Wayne Rooney, Paul Scholes, Ryan Giggs og David de Gea er blant dei som har blitt att i England. På dei seks site kampane i alle turneringar har United 4-1-1. Førre ligakamp enda med eit 0-1-tap mot Norwich.
Laget til Faith Terim har fire poeng etter 1-1-2 hittil, det same som rumenske CFR Cluj. Braga ligg poenget bak. Climbom har teke alle poenga mot Cluj, med henhaldsvis uavgjort heime og siger borte. Forma til tyrkarane er bra, med 3-2-1 på dei seks siste i alle turneringar.
Dagens to motstandarar har eit heilt ulikt utgangspunkt for denne kampen. Manchester Untited er allereie gruppevinnarar etter fire sigrar på fire forsøk, medan Galatasaray må knive med Braga og CFR Cluj om den andre kvalifiseringsplassen.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Galatasaray og Manchester United!