TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Underteikna må komme seg i bilen for å rekke toppkampen Fana - Djerv 1919 som startar kl 16.00. Ha ein flott lørdag vidare!
FKF eksploderte ut av startblokkene og kom klart best i gang. Vard skapte nesten ingenting, og FKF burde ha scora meir enn 2 mål. I 2 omg sank tempoet litt, og Vard kom meir med i kampen. FKF klarte ikkje opprettholde det høge presset og inviterte Vard inn igjen. Dei fikk ei scoring, men når Stormyr bestemte seg for å score frå 40 meter, var det spikaren i kista.
FKF vinner fortjent 4-1 på Varden Amfi!
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+1'
Mål!
4-1
Publikum reiser seg! Stormyr er lynhurtig og rekk ein ball som ser håplaus ut. Han får ein lang touch og parkera backen. Keeper Kinn står langt ute, og Stormyr lobbar altså ballen inn frå 40meter. Meget bra utført
90'
Stolpeskudd frå Vard! No skjer det mykje her. Langskudd som smell i stolpen bak keeper Eikum. Kvifor har ikkje Vard våkna før no??
88'
Dommar Elias Åsebø har dømt ein prikkfri kamp så langt, men her burde Vard Haugesund fått straffe. Persson blir hekta og går i bakken.
85'
Spillerbytte
81'
Mål!
3-1
Ut av ingenting scora Vard Haugesund. Miljeteig rekk ein ball som ser ut til å gå ut, og slår den 45 grader ut i feltet. Der står Persson og scorar på sin første berøring
80'
Mange bytter som drar ned tempo i kampen. FKF naturligvis fornøgde med det.
79'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
66'
Korleis bomma du der, Myklebust?? Meget bra forarbeid av Hauge som rundar FKF-backen og slår hardt inn framfor mål. På 1 meter står myklebust og skal bare styre ballen enkelt i mål. Bommar på ballen og FKF får kontroll
61'
FKF kjem 3 mot 3. Huseklepp skrik og vil ha ball av Kampenes. Kampenes er gira på fleire mål og skyt sjølv. 3 meter uatenfor. Huseklepp slår ut med armane, fly forbanna
55'
Vard legg om til 3-5-2 for å komme tilbake her. Det skapar store rom for Huseklepp og Alme på kantane. Her blir det fleire mål
50'
Mål!
3-0
3-0! Kampenes får endelig målet sitt. Plukkar opp ein retur og skyt sikkert ned i hjørnet.
48'
Gult kort
Sparka vekk ball etter at dommar har blåst. Håplaust
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause! FKF leiar meget fortjent. Spesielt første 25min var FKF gode og fikk kampen inn i sitt spor. Gode bevegelsar med høgt tempo gjorde det vanskelig for Vard Haugesund. Underteikna er imponert over tempoet i kampen, dette har vore ein knallgod første omg. La oss håpe på ein like god 2.omg!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
44'
Mål!
2-0
Huuuuseklepp! Lang ball fra back som Huseklepp timar bra. Aleine med keeper er han sikker og sett inn 2-0 for FKF. Viktig scoring rett før pause
42'
Vard prøva seg framover, men FKF er tette og kompakte bakover.
36'
Huseklepp får ball innanfor 16-meteren og prøvar som så mange ganger før å curle i lengste. Thomas Kinn er ein god keeper og les skuddet enkelt
34'
Vard med sin første store sjanse. Innlegg på bakerste som forsvaret til FKF akkurat får klarert.
26'
Heilt fortjent slik har vært første 25min. Vard har ikkje lykkast med å ligge lavt og kontre. FKF er gode når dei får rom og tid til å trille ball. Spesielt Huseklepp og Kampenes har vore gode
22'
Mål!
1-0
For eit treff! Strak vrist på hjørne av 16-meteren, knallhard opp i nettaket.
21'
Huesklepp nærme scoring! Kampenes slår ein hard ball gjennom heile feltet, og på bakerste ventar såklart Huesklepp. Skuddet blir blokkert, men dette er fine tendensar frå FKF
18'
Hjørnespark
Blir stanga ut av ein Vard-forsvarar
17'
Hjørnespark
Endar med utspark til Eikum
15'
Huseklepp er god på kanten og kjem seg forbi 2 spelarar før han går i bakken inne i 16-meteren. Får beskjed om å komme seg opp av dommar. Bra dømt
10'
Det er det galnaste. Huseklepp spelar Kampenes aleine gjennom, men keeper reddar glimrande. Kampenes får tak i returen men treff ein Vard-spelar på streken. Ballen endar på straffemerket der Nyland skyt like utanfor. Der skal det stå 1-0
5'
FKF er gode i starten her. Flyttar ball hurtig og Vard Haugesund slit med å komme opp i ballførar
4'
Nære! Midtstoppar Foldnes treff stolpen etter eit godt innlegg av Huseklepp. Meget nærme 1-0
Avspark Start 1. omgang
Vard Haugesund ligg på ein solid 2.plass på tabellen, bare 3 poeng bak Djerv 1919. FKF har variert i prestasjonane så langt i år, og ligg på ein skuffande 8.plass.
Laga er ferdige med oppvarminga og vi er straks klare for kampstart på Varden Amfi
Hei, og riktig så god lørdag! Velkommen skal du være til livedekninga av kampen mellom Fyllingsdalen og Vard Haugesund.