TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kampen endar 0-3 til Lysekloster, ein heilt fortjent seier. Dei flytta beina raskare og ville meir enn FKF i denne kampen, imponerande. FKF-spelarane går skuffa i garderoben, naturligvis. Klarar ikkje å sette noko trykk på Lysekloster, og spesielt i 16-meteren var det alt for lite FKF-spelarar.Ha ein fortsatt strålande lørdag, takk for meg.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+1'
Mål!
0-3
Innlegg som ein umarkert Ljubovic scorar sikkert på. Stor jubel nede ved Lysekloster-benken. Tydeleg at desse 3poenga betyr mykje
90'
Gult kort
Ettersleng
87'
Gult kort
Får gult fra benken fordi han klagar på linjedommar.
85'
Spillerbytte
85'
Dårleg slått av Huseklepp. Enkelt for forsvaret til Kloster å forsvare seg mot
84'
Bergset får ball på kant og er god. Passerar Ljubovic som må bruke ulovlige midler for å stoppe kanten. Frispark FKF
81'
FKF prøvar men sender ikkje nok folk inn i boksen. Innlegga blir derfor enkle for Lysekloster å forsvare seg mot
79'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
71'
Ikkje mindre enn 3 stk lysekloster-spelarar ligg nede med krampe/skade. Kjem seg på beina etterkvart. Fortsatt 20min igjen her
67'
Spillerbytte
65'
Mål!
0-2
Eit formidabelt innlegg som Szymon sett kontant i mål. 0-2 blir tøft å hente for FKF
62'
Spillerbytte
62'
Stor sjanse for Lysekloster! Vetås tar ein god touch forbi stopparen, men skuddet sklir av foten. 5-meter til Eikum
60'
Denne omgangen har starta akkurat slik Lysekloster vil. Mykje stopp i spelet og svært lav intensitet. FKF-trenar Hiep bør ta grep for å endre kampbildet.
56'
No er det Eikum som nesten slurvar den i mål! Eit enkelt skudd frå 25meter, som han mistar bak seg. Nærme!
53'
Rojas skyt håplaust frå 45 meter. Raniowski ser skuddet og skal bare plukke enkelt. Presterar å miste den ut av fast grep. Kunne blitt ein god mulighet for FKF
48'
Hjørnespark
Godt slått, men Eikum er god når han boksar den
48'
No har eg sett det også. Huseklepp med eit heftig returløp på drøye 60meter. Blir corner til Lysekloster
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen bytter i pausen
Laga går til pause på stillinga 0-1 til Lysekloster. Totalt sett er det fortjent at bortelaget leiar. Har virka meir på hugget enn FKF. Huseklepp har x-faktoren til å snu dette her, men blir litt for aleine i 1 omg. Vi gledar oss til 2omg!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+4'
FKF kjem 3 mot 2. Alme har driv med ball, men har skal du sleppe tidligare til Huesklepp/Kampenes. Overgangen dør ut
43'
Gult kort
Held Kampenes. Klink gult
40'
Hjørnespark
Garbacik får gå opp heilt upressa på 5-meter men sett ballen over! Der var Eikum på bærtur
39'
Hiep Tran er ute og gir instruksar. Ikkje fornøgd med denne omgangen
34'
Hjørnespark
I tverra frå Ljubovic! Returen landar i eit skummelt område, men FKF slepp med skrekken
34'
Lysekloster ligg godt organiserte og får gode kontringsrom når FKF ikkje er presise nok. Simen Næss plukkar opp ein ball på 30 meter og slår på bakerste. FKF slår ut til corner. Nærme der
30'
Stor sjanse! Huseklepp er god på kanten og får slått inn. Der står Kampenes som akkurat ikkje rekk ballen. 10cm unna 1-1 på Varden Amfi
28'
Drikkepause etter 25 min! Tydeleg at varmen bidrar til at intensiteten ikkje er heilt på topp. Har sett begge laga mykje meir 'på' tidligare i år
26'
Ikkje mykje som skjer utpå her no. Begge lag for slurvar siste 3-del
20'
Gult kort
Stoppar ei kontring 50 meter ifrå mål
20'
Huseklepp med ein god involvering. Nydelig skuddfinte etterfulgt av eit godt skudd. Keeper Raniowski forlenga den bare vidare ut av farleg sone
16'
Huseklepp utfordrar på kant og får slått 45grader inn i feltet til Henrik Nyland. Han brukar innsida, men skuddet blir blokkert. Uvisst om den hadde gått i mål
12'
Gult kort
Alme blir takla bakfrå. Klart frispark, men før dommar rekk å blåse så plukkar han opp ballen og skyt mot Harris som satte inn taklinga. Haudemist etter 13min
10'
Mål!
0-1
Vakkert! Næss blir spelt gjennom og aleine med Eikum sett han den mellom beina. Massiv jubel hos Lysekloster, som viser at denne kampen betyr mykje
8'
Dommar Anders Bjerk brukar fordelsparagrafen godt, og unngår unødvendig stopp i spelet. Meir av dette, Bjerk!
7'
Sebastian Bruvik slår ein lang ball i bakrom på Huseklepp som har starta. Blir akkurat litt for lang. Går inn til keeper
5'
Lysekloster går høgt på FKF i starten her. Skal det lykkast må dei gå samla i press, da FKF er gode på å spele av press
2'
Begge lag har 16 poeng på 9 spelte kampar. Viktig med 3 poeng her i dag for å henge med Djerv 1919 som vant 1-10 borte mot Valdres tidligare i dag
Avspark Start 1. omgang
Trond Gausemel frå Hordalandsfotball er sjølvsagt på plass for å dekke kampen. Ei legende som spelarane set stor pris på å sjå på kampane
Til tross for at både Stormyr og Bergset har vore gode i det siste, er dei plasserte på benken. Trenar Hiep har fokus på det kollektive, og veit at Huseklepp/Kampenes kan avgjere kampar på eigahand
FKF har virkelig funne formen etter ei svak opning på sesongen. Dei står med 4 strake sigrar, og på dei to siste kampane har laget scora 9 mål. Skal Lysekloster få med seg poeng fra Varden, må dei være på hugget!
Velkommen til live-dekning av kampen mellom Fyllingsdalen og Lysekloster! Sola skin og vi er straks klare for ein viktig kamp for begge lag