Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin sundag vidare!
Avslutningar: 12-20. På mål: 5-7.
Chelsea tek tre meget viktige poeng på Craven Cottage. Alle scoringane kom før kvilen, i ein omgang der Sarri sitt mannskap var klart best og burde hatt fleire mål. Higuain sendte Chelsea i føringa, før Chambers utlikna nokre minutt etter. Bortelaget svarte derimot umiddelbart då Jorginho ordna 2-1. Scott Parker sitt mannskap gjorde ein god innsats etter pause, men til trass for fleire gode sjansar klarde dei ikkje å få ballen forbi ein kanongod Kepa i Chelsea-buret. Det var nok godt for spanjolen å få ein skikkeleg opptur etter mykje kritikk den siste tida. Chelsea heng dermed bra med i kampen om CL-plassane, medan ting ser om mogleg endå mørkare ut for Fulham. Det må eit mirakel til om det skal bli Premier League-spel på Craven Cottage neste sesong også.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+6'
Mitrovic blir for tøff i ein duell med Rüdiger, og Chelsea-stopparen får frispark. Då er det nok gjort.
90+6'
Frispark til heimelaget. Flyttar opp det meste av spelarar.
90+5'
Fulham set ballen i mål, men det blir umiddelbart vinka for offside på målscorar Sessegnon. Hårfint, men korrekt.
90+4'
Chambers lobbar ballen i bakrom, men uheldigvis for heimelaget endar den berre opp i nevane til Kepa, kampens beste spelar.
90+3'
Så går Willian i bakken. Blir veldig oppstykka kampen no.
90+1'
Det blir lagt til minimum fem minutt på Craven Cottage.
90+1'
Ein Fulham-spelar ligg nede og vi får ein stopp i spelet.
89'
Veldig nære 2-2! Fulham kontrar på utsøkt vis. Ayite får ei langpasning inne i boksa og flikkar ballen vidare inn i feltet. Der kjem Mitrovic stormande, men spissen klarer ikkje å overliste Kepa i Chelsea-buret. For ein kamp Kepa har hatt!
88'
Avslutning, Aleksandar Mitrovic - Fulham
87'
Loftus-Cheek viser fram litt driblekunstnar inne i Fulham si boks, men klarer ikkje å få nok plass til å avslutte. Fulham tek over.
86'
Fulham klarer ikkje å stå etter med laget slik dei gjorde det i den gode perioden for ei stund sidan. Chelsea ser nokså komfortable ut igjen.
85'
Emerson slår farleg inn frå venstre, men ingen i blått når fram på innlegget.
84'
Christensen går i bakken etter ein duell og vi får ein stopp i spelet.
82'
Offensiven frå Fulham har roa seg no. Men det er framleis nok av tid igjen.
78'
Nære på at Higuain og Barkley lukkast med eit veggspel. Fulham tek over.
76'
Chambers vinn ballen høgt i bana og får lagt inn, men Azpilicueta får klarert.
75'
Chelsea bør absolutt ikkje føle seg trygge her. Fulham har vore veldig aktive det siste kvarteret.
70'
Litt knuffing i det Willian blir felt av Bryan. Sistnemnde med eit klart spark, men samtidig hjelper brasilianaren til veldig mykje sjølv.
69'
Veldig høgt press frå heimelaget no. Chelsea klarer likevel å spele seg ut.
67'
Grei sjanse for Fulham! Cairney avsluttar frå langt hald, men Kepa reddar. Sessegnon plukkar opp returen nede ved dødlinja og får etter kvart slått inn. Nok ein gong får bortelaget ordna opp.
66'
Langt betre takter frå Scott Parker sitt mannskap dei siste minutta.
65'
Sessegnon blir spelt fri til høgre og får lagt inn i boksa, men Rüdiger får rydda vekk kula framfor Mitrovic.
65'
Fulham rullar opp eit angrep. Det avgjerande innlegget blir klarert til kast.
64'
Babel finn Chambers på bakerste stolpe. Den utleigde Arsenal-spelaren prøvar å slå inn på direkten, men Christensen får blokkert.
63'
Frispark til heimelaget i brukbar innleggsposisjon.
62'
Sessegnon avsluttar langt med kula og blir til slutt felt av Jorginho. Chelsea og Willian med ein brukbar sjanse i forkant.
60'
Brukbar sjanse for Fulham! Mitrovic vender vekk ein Chelsea-forsvarar og avsluttar over frå 17-18 meters hald. Beste forsøket frå heimelaget på ei god stund.
59'
Panisk i Fulham sin sekstenmeter no. Hazard med eit skummelt innlegg som går langs femmeteren og ut.
57'
Hazard avsluttar på nytt. Forsøket blir raskt blokkert.
54'
Kante slår inn, men treff Ream i ahnda frå éin meters hald. Franskmannen får corner og ikkje straffe.
53'
Willian på farta igjen! Blir spelt fri på høgresida og avsluttar på halvvolley. Skotet går i nettveggen. Rico hadde nok grei kontroll.
53'
Nordtveit prøvar å slå direkte opp på Mitrovic, men pasninga frå nordmannen når aldri fram.
51'
Brukbar Chelsea-sjanse! Willian dreg seg innover frå høgrekanten og avsluttar frå spiss vinkel. Rico har god kontroll, men held likevel på å rote det til. Misser ballen til Higuain som avsluttar over under hardt press.
49'
Chambers slår inn mot Mitrovic som er på veg inn i feltet, men ballen endar berre opp i hanskane til Kepa.
48'
Hazard skjer innover og avsluttar, men skotet går rett på Rico som enkelt kan halde ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Chelsea leiar 2-1 over Fulham etter ein meget artig 1. omgang i Vest-London. Higuain ordna 1-0 til gjestane i det 20. minutt, trass i at Fulham styrte mykje i kampen. Chambers ordna derimot 1-1 etter ein corner, men like etterpå var bortelaget på ny tilbake i føringa då Jorginho styrte ballen elegant i mål frå 16 meters hald. Det ligg endå fleire scoringar i lufta, så heng med!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+1'
Nære på for Higuain igjen! Nesten ein kopi av 0-1-målet. Willian trillar ut til Azpilicueta som slår flatt inn i feltet. Der kjem den argentinske spissen stormande, men nok ein gong vartar Rico opp med ei god redning. Corner.
44'
Lang ball i bakrom til Babel. Den tidlegare Liverpool-spelaren tapar duellen med Christensen.
43'
Småskummelt når Fulham angrip. Har vore like før ved fleire tilfelle.
41'
Endå ein stor sjanse for Chelsea! Odoi rotar vekk kula langt inne på eigen halvdel. Hazard tek over og avanserer inn i boksa. Han sender i veg eit godt skot, men Rico vartar opp med ei god redning.
38'
Hazard blir spelt fri inne i boksa, men Ream kjem stormande til og får blokkert skotforsøket. Kunne ha blitt veldig farleg.
34'
Kjempemoglegheit for Chelsea! Higuain blir spelt fri i bakrom, men sender skotet over målet til Rico. Ei dårleg forsvarslinje gjer slik at han ikkje blir avvinka for offside.
33'
Fulham vil ha frispark for ein situasjon i forkant av målet, men domar Scott vinka uansett spelet vidare.
31'
Fulham er svært aggressive i presset og vinn ballen høgt i bana. Heimefansen bidreg også med sitt.
27'
Stor sjanse for Fulham! Sessegnon slår inn til Mitrovic som avsluttar på volley frå 10-11 meters hald. Kepa vartar opp med ei strålande redning.
18'
Utruleg situasjon! Kepa går ut i feltet og skal plukke eit tilsynelatande enkelt innlegg foran nasen på Babel, men målvakta misser taket på kula like raskt. Babel fyl derimot ikkje skikkeleg med og Kepa får plukka den igjen.
17'
Emerson misser ein enkel ball utover sidelinja. Luggar litt for Chelsea i starten her.
16'
Ny duell mellom Higuain og Nordtveit inne i boksa, og nok ein gong er nordmannen raskt oppi argentinaren og hindrar han i å få avslutta.
14'
Sessegnon tek seg enkelt forbi oppassaren sin, men det påfølgjande innlegget blir blokkert.
13'
Det har vore ei frisk opning på oppgjeret. Heimelaget viser at dei har tenkt å gå for alle poenga i dag.
12'
Fulham-spiss Aleksandar Mitrović hadde ei bra opning på sesongen med fem mål på dei seks første kampane, men sidan har det gått tråare for spissen. På dei 15 siste kampane har det berre blitt tre scoringar på serbaren.
8'
Higuain får ballen inne i feltet, men brukar altfor lang tid og Nordtveit får rydda opp.
7'
Nære på for bortelaget! Babel slår først flatt inn i feltet, men det påfølgjande skotet frå Cairney blir blokkert. Ballen går så til Bryan som avsluttar like utanfor.
6'
Bryan kjem seg til dødlinja med kula, men innlegget blir nokså enkelt plukka opp av Kepa.
4'
Bra sjanse! Fulham får først klarert frisparket, men Hazard sender ballen inn i feltet igjen. Han finn Higuain inne foran mål, men spissen sender headinga utanfor målet til Rico.
4'
Gjestane med frispark. Willian skal slå inn.
3'
Chelsea med mykje ball i starten, akkurat som venta.
2'
'Insomnia' med Faithless har blitt spelt ferdig over høgtalaranlegget, og vi er i gong på Craven Cottage!
Avspark Start 1. omgang
Det er også stort Chelsea-behov for poeng i dag. Laget ligg i augneblinken på 6. plass, fem poeng bak Solskjær og Manchester United på den viktige 4. plassen som gir spel i Champions League. Sarri har derimot to kampar til gode.
No kjem dei to laga utpå grasmatta, anført av dagens domar Graham Scott.
Sidan 1963 har laga møttest 40 gongar. Statistikken er grusom for Fulham sin del, med siger i berre to av desse oppgjera. Chelsea har vunne 24 og 14 har enda uavgjort. Sist The Cottagers vann var i 2006 då Luis Boa Morte ordna målet i 1-0-sigeren.
Heimelaget må unnvere blant andre Alfie Mawson, Marcus Bettinelli og Andre Schurrle til kampen.
Kepa Arrizabalaga Revuelta er også på plass mellom stengene for bortelaget igjen etter å ha blitt utelatt førre kamp etter skandalen i ligacupfinalen der han trassa manageren og regelrett nekta å bli bytta ut. Han skal ha fått ei bot frå Chelsea tilsvarande ei vekeløn i tillegg.
Chelsea og manager Maurizio Sarri held også på å finne forma igjen etter ein del svake resultat den siste tida. Totalt på dei seks seinaste har dei 3-1-2. Sist blei det ein solid 2-0-siger over Tottenham på Stamford Bridge.
Kampen i dag blir ekstra spesiell for Fulham sin vikarmanager Scott Parker. Han har ansvar for ein klubb for første gong i karrieren, etter å ha teke steget opp frå å vere førstelagstrenar i Fulham. Claudio Ranieri fekk som kjent nettopp sparken etter mange svake resultat og ei påfølgjande dårleg plassering på tabellen. Ekstra interessant blir det at Parker sin første kamp som manager blir mot Chelsea, klubben han spelte for i 2004-2005. Han fekk derimot inga stor karriere på Stamford Bridge, og enda til slutt opp med berre 15 kampar og eitt mål for klubben.
Det er duka for Vest-London-derby på Craven Cottage i dag. Stadion tek om lag 25.700 tilskodarar, og det er nok liten tvil om at det blir nokså fullt her.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Fulham og Chelsea!