TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og den ender 1-1. Begge måla kom i andre omgang. Gjestene måtte avslutte kampen med ti mann, etter at Spurkeland vart vel tøff i ei takling. Dermed må både han og Øy sone karantene i neste serierunde. Førde er nok mest nøgd med resultatet. Firda takkar for følget, og ynskjer velkommen tilbake!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Frigg med 10 spelarar inne på Førde sin banehalvdel. Berre keeper står att på eigen halvdel.
90+2'
Vi er på overtid.
90'
Frigg jaktar 2-1 no!
89'
Spillerbytte
88'
Rødt kort
Spurkeland får direkte rødt, etter knallhardt takling på Mork. Avstand frå mål: 16,5 meter!
88'
Gjestene i angrep. Innlegg frå høgrekanten og Myrkaskog kjem til avslutning. Ballen går rett i rumpa på Frigg-kapteinen.
86'
Kven vil mest på slutten?
85'
Vertene kjem gjennom på kanten, slår inn i feltet. Ballen går forbi alle, og Førde prøver en kontring. Ender i frispark til Frigg.
84'
Frigg etablerer spel på Førde sin banehalvdel. Vrient å spå korleis dette skal ende.
83'
Førde blir einige om å spele meir langt dei siste minuttane.
81'
Mange byter har ført til ein del stopp i spelet siste perioden.
80'
Spillerbytte
80'
Frigg med megasjanse! Speler seg gjennom og innbytar Ferrer skyt rett på Førde-keeper Bjerke. Der bør det stå 2-1.
77'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
74'
Førde har jobba seg bra inn i kampen. Heilt opne siste 15 minutt!
74'
Myrkaskog får avslutta etter eit frispark lavt i bana. Ballen går så høgt at den lander på t-bana..
70'
Får vi snart sjå Kvalvågnes på bana? Ungguten som nesten vart jaga til toppklubbaane av trener Madsen etter cupkampen mot Brann kan bli kveldens joker.
66'
Spillerbytte
65'
Førde er bedre i duellespelet enn Frigg akkurat no.
65'
Ny Frigg-corner, og heimepublikum roper på reprise på 1-0 scoringa.
62'
Myrkaskog med skot i nettveggen! Gjestene er betre med no!
61'
Dermed må Øy sone neste kamp, etter at dette var hans tredje gule kort for Førde denne sesongen.
60'
Gult kort
Øy får korrekt gult kort, men stemperaturen stig på Førde-benken. Assistenden på benken får tilsnakk.
58'
Mål på straffe!
1-1
Myrkaskog set straffesparket sikkert i mål. 1-1!
57'
Straffe!
Melhus blir felt, og Førde får straffespark!
55'
Gult kort
54'
Myrkaskog er sterk og tøff i duellane. Spissen skaper problem for Frigg-forsvaret og gir dei juling. Denne gongen er det kaptein Helguson som blir liggjande.
53'
'Hvorfor gjør vi dette? Vi gir jo bort ballen', ropar Førde-trenar Madsen inn på bana.
53'
Andre gong denne sesongen at Bjerke slepp inn hjørnespark som går rett i mål.
49'
Mål!
1-0
Strømme skur hjørnesparket rett i mål! Ser ut som keeper feilbereknar ein høg bue.
48'
Nesten sjølvmål av Førde! Ender i corner til heimelaget.
47'
– Vi er offensive, og går for tre poeng. Skal vi vere med blant dei sju øvste laga, så er det trepoengarar som tel. Og sjølv om det å møte Frigg på bortebane er ei tøff oppgåve, så må vi gå for siger, sa Førde-trener Madsen til Firda før kampstart.
46'
Andre omgang er i gang. Ingen av laga har gjort byter så langt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då går laga til pause på stillinga 0-0. Frigg har hatt dei største sjansane og hadde fortent scoring. Myrkaskog viser seg som den giftigaste på Førde, men verken han eller resten av laget har fått dei heilt store sjansane. Gjestene ligg lavt, og forsvarer seg med mange bak ballen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Vi er på overtid. Straks pause.
42'
Stor sjanse for Frigg! Nok ein gong kjem Strømme rundt på høgre kant, og innlegget treff Eie som set ballen like over mål!
39'
Gult kort
Ufin. Frispark til Førde som ender i ingenting.
38'
Førde-trener Madsen virker forholdsvis roleg på sidelinja, medan Frigg-sjef Aadland roper og maner mannskapet sitt framover og høgare opp i bana.
37'
Gjestene litt betre med no, og det blir fleire dueller rundt Frigg sin 16-meter.
36'
Førde kjem til innlegg frå høgrekanten. Myrkaskog er farleg frampå, men Sindland bruker styrken sin og held spissen unna.
34'
Førde ligg fremdeles meget lågt, og prøver seg med direkte spelestil. Slår gjennom til Myrkaskog, men keeper Evensen les spelet godt og fpr avklart til innkast.
26'
Årsbeste på tribuneplass for Frigg. Mange av desse er Førde-fans som har møtt opp. Mest truleg er desse fastbuande på Austlandet.
24'
Gult kort
Riv ned Frigg-spelar som er på veg gjennom på 20 meter.
21'
Førde med avslutning på mål, men linjemann er også oppe med flagget.
19'
Frigg prøver å spele bredt, og kjem oftare rundt på kantane dei siste minuttane. Gjestene ligg lavt og komprimert, og jobber med å halde avstandane i laget korte.
18'
Stort tempo og jevnt banespel det første kvarteret.
7'
Gjestene står med fire strake tap på bortebane. Einaste poenget kom mot Fana i opningskampen.
6'
Dvergsdal måtte melde forfall for Førde grunna sjukdom. Inn kjem Bjelde på venstreback. Debutant frå start, og ny posisjon for sogningen.
5'
Ny stor Frigg-sjanse! Denne gongen ved venstreback Wormdahl. Hadde fortent 1-0 no heimelaget.
4'
Frigg med kjempesjanse alt etter nokre få minutt! Det er Mork som får muligheten, men det blir ikkje nettkjenning denne gongen for spissen.
3'
Solskinn og flotte speletilhøve.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg ut på bana.
Viktig kamp for begge lag som står med ni poeng. Før dette oppgjeret har begge laga seks poeng opp til trygg plass.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Frigg - Førde.