TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kampen er slutt, og Florø vinn enkelt 3-0.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90'
Straks slutt her.
84'
Spillerbytte
83'
Det går mot tre sikre poeng til Florø.
69'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
65'
Sjanse for Frigg. Bakromsball der spissen kjem gjennom. Avslutninga går over frå 16 meter.
65'
Spillerbytte
63'
Gult kort
Fekk kortet i første omgang, like før pause.
62'
Nok ein stor Florø-sjanse! Husa vipper Kupen gjennom som klinkar til på heil volley. Rett på keeper!
62'
Gjestene spelar langt betre no enn før pause. Meir aggressive i presset og vinn andreballane også.
61'
Florø er langt nærmare 4-0 enn det Frigg er redusering. Denne gongen feilbereknar keeper eit innlegg, og han mister den nesten inn i eige bur. Får den unna i siste liten.
60'
Dommeren i ferd med å miste grepet om kampen. Hårreisande takling mot Rashad som ikkje blir dømt på. Erlend Hove lager frispark rett i etterkant, som kan likne på ein hevnaksjon. Frigg får frispark - men utruleg nok slepp Hove unna det gule kortet. Frigg-treneren blir rasande på sidelinja, og blir utvist i diskusjon med dommer!
56'
Svært nære 4-0! Runar Hove heng høgst i feltet etter ein corner, men avslutninga går rett i tverra!
54'
Mål!
0-3
Kupen er maskin! Vinn ballen høgt i bana, slepp den ut til Aase. Han skyt i det lengste hjørnet, men keeper leverer ei god redning. Der dukker Kupen opp, og set inn sitt tredje for dagen. Frigg-forsvaret ropar på offside - til inga nytte.
48'
Mål!
0-2
Stikker gjennom på venstre sida, og vipper ballen elegant over keeper og i lengste hjørnet.
46'
Kampen om opprykk står mellom Nest Sotra og Florø. Bergensarane har følgjande kampar att: Lysekloster (h), Fana (b), Sola (h), Vålerenga (b), Vidar (h), Lørenskog (h), Florø (b) og FYllingsdalen (h). Florø skal avslutte sesongen med følgjande kampar: Førde (h), Lysekloster (b), Fana (h), Sola (b), Vålerenga 2 (h), Vidar (b), Nest Sotra (h) og Lørenskog (b).
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går i garderoben på stillinga 0-1. Frigg prøver seg enkelte gonger, men er ikkje allverden som blir skapt foran målet til Frenderup. Laget må framover om det skal bli poeng, som igjen kan gi meir rom for Florø. Blir ein spennande andre omgang - følg med!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
44'
Stor sjanse for Florø! Kupen kjem aleine gjennom og kan avslutte sjølv. Det gjer han ikkje, men leverer isteden til Erlend Hove. Midtbanespelaren skal berre sette inn 2-0, men kjem i ubalanse - og avsluttar like utanfor!
41'
Kampen har roa seg og ingen av laga produserer nokon målsjansar. Det går mot 0-1 til pause.
26'
Heimelaget har tatt over litt etter scoringa. Florø slit med presset sitt, og det er jamnt for augneblinken.
16'
Mål!
0-1
Kupen scorer på Florø sin første sjanse! Rashad legg inn frå høgre, og toppscoraren vender opp - og klinkar til. Ballen fyk i det lengste hjørnet og det står 0-1!
14'
Sjanse til Frigg! Får berre corner.
9'
Roleg opning på kampen. Florø slit med å få igang spelet sitt.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane på veg inn på bana til stor jubel. Mange florøværingar på tribunen i dag! Omlag 50 tilskodarar så langt.
Hei, og velkommen til Firda live si oppdatering frå Frigg - Florø!