Oppsummering
Kampen er slutt og verken Førde eller Volda kan vere nøgd med dette resultatet. Førde framleis eit poeng framfor Volda på tabellen. Volda har ikkje scora mål på 4 kampar, men i dag var det utelukkande grunna Førde sin kaptein. Fredrik Hanssen stod ein kjempekamp, og er eigentleg den einaste Førdespelaren som ein kan sei levde opp til det ein venta gjennom 90 minutt.
Hadde Førde allererie begynt å tenke på 16. mai og lokaloppgjer mot Florø? Det kunne nesten virke slik, for det var ikkje vanlege takter i duellar/løp i dag.
"Bua" ynskjer velkommmen attende til stadion/liven 16. mai og vonar de får ei nydeleg helg i finværet.
Takk for oss.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+4'
Kjempesjanse 3 minutt på overtid for Volda. Speler Hole åleine på blank kasse, men nok ein gong er Hanssen der. Etter nok ei "stjerne" ebber det ut med femmeter til Førde.
90+1'
Kompetente fotballsjåarar har kåra Spielfüherer Fredrik Hanssen til heimelaget sin beste spelar. Heilt kalrt matchavgjerande med sine 3 solide redningar.
90'
Såg ikkje i farten kven som reiv ned Bergset. Var i Skorge sin posisjon. Kjem attende med det etter å ha lese dommerrapporten. Enn så lenge står kortet på han, etter at scora i siste serierunde for Eid (2019) mot underteikna.
Etter å ha konferert med fleire blir vi einige om at Skorge var uskyldig, og at Ervik enn så lenge står som synderen.
Skulle det framleis vere feil får vi hugse at "dei siste skal bli dei fyrste".
88'
Nå er det langt frå begge lag, for alle penga. Taktiske vurderingar og finspel er lagt vekk i jakta på tre poeng.
Ut i frå det ein har sett i andre omgang er nok det fordel Førde.
86'
Johannes Bischoff kaster tydelegvis langt, om enn med ei hand...
Førde får klarert fyrste ballen, og neste gong den kjem inn er Baodu i offside.
79'
"Laget som vinn 60 prosent av duellane vinn 90 prosent av kampane".
I så fall ligg Volda veldig godt ann i skrivande augenblikk. På den andre sida ligg det to grønne menn nede med krampe, og det er også viktig å springe mest i fotball. Balanserer på ein knivsegg denne kampen.
78'
Volda ruller fint kring Førde sin 16-meter. Til slutt løyser Boadu skot, men det går rett i blokka. Litt meir kvalitet i oppspelet så kunne det blitt veldig farleg.
76'
Etter Førde sitt bytte har Helgheim gått ut til venstre. Holsæter skal fordele ballar på midten, og sjølv om han akkurat der ikkje fekk det til, har det med ein gong blitt meir ro over det offensive spelet til Førde.
69'
I det Aamelfot sitt nede merker bua at forsvarlinja til Førde tidvis ser ut som eit øydelagt trekkspel. Når Volda treff med ein pasning fram i bana kan det bli farleg kvar gong. I tillegg er trioen på midten til Førde veldig framoverretta, og etterlet store rom.
Tidlegare Førdespelarar, Skorge og Evebø, har gode tilhøve nå.
66'
Bergset ned i partere og tar seg til hovudet etter ein duell. Raskt tilbake på beina.
66'
Ny kjemperedning av Hanssen, ein mot ein. Volda kjem gjennom i midten etter at begge Førde sine midtstopparar fell av. Slepp ballen til Hole, men nok ein gang er Hanssen der. Legg att handa/låret i det Hole prøver å sette ballen over han. Volda bit seg fast, men neste avslutning er lett match for keeperen.
61'
Hanssen må skjerme ein veldig svak ball ut over sidelinja. Får Pijus i kroppen og må ta fem sekund teljing etter at ballen gjekk ut.
59'
Nydeleg dragning av Hole (7) gir ei nær fri avslutnign med Hanssen. Ballen sprett litt, og det blir ekkelt for begge innvolverte. Hanssen får like fullt to hender på ballen, og Østvik tek seg av returen.
53'
Østvik med ei enormt viktig takling, etter fyrst å ha blitt spelt over/ut på midtstreken. Nær 16 tek han att Dahlberg og får takla til kast.
52'
Volda prøver seg med ein frekkis, etter eit frispark på midten. Hole (10) er plutseleg gjennom, men er ikkje orientert, og headinga går ikkje mot mål. Hanssen kan plukke enkelt.
48'
I andre enden er Bergset gjennom og avslutter, men han har måtte dra seg innover og avslutninga med venstrefoten er i beste fall eit svakt tilbakespel.
47'
God sjanse for Volda, rett frå avspark. Nedover høgrekanten, og innlegg på bakre av Dahlberg. Der venter Hole (7), men klarer ikkje treffe mål.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er på veg ut att på bana, og då må til og med Oslo Ess ryke for lokalfotball. Vi gler oss til andre omgang.
Speaker Førde med eit subtilt hint om meir trøkk og kvalitet, når han minner spelarane om at dagens førdespelar etter kvart skal premierast.
"Bua" har fått oppvartning, og må passe på å ikkje søle kaffi over tastaturet.
Speaker Hagen opplyser, også interesserte på "Liven", om at før heimekampen mot Florø 16. mai blir det oppladning på Scandic Sunnfjord med musikk, god stemning, og fotballprat. Dette er eit gratisarrangement, og vi vonar alle fotballvenner i Førde vil ta turen.
Dette kan de lese meir om i Førde sitt eige skriv, "Førdepatrioten"
Mangeårig trenar i Førdefotball; Jan Taule, deler sine tanker med Firda-Liven. "Her kunne det fort vore mange mål", og "dette bør/må Førde vinne" er ekspertkommentaren. Familien Hvidsten har på si side endeleg kunne puste litt, og konstaterer at Hvidsten på høgrebacken har komme godt frå det i debutten sjølv om han ikkje har fått lette tilhøve å prestere under.
Der bles Søgnen til pause.
Moglegheitar for begge lag, og vi tel 3 - 2 i sjansar til Førde denne omgangen. Når det er sagt trur eg begge lag vil ynskje ein del meir kvalitet i pasnings-, press-, og duellspelet.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Oy oy oy Hanssen. Lykken står den kjekke bi. Eit enkelt tilbakespel slaø klarerast høgt, men ballen sprett rett føre touchen. Ballen lander hjå Volda sin spiss, heretter kalla Pijus, men touchen stemmer ikkje og Rognebakke får kontroll.
44'
Boks til boks.
Fyrst er Volda høgt i bana, før Førde slår kontra. 6 seksund seinare held Bergset på å bryte ballen frå keeper.
Hovdevik slepp med skrekken, og 10 sekund seinare er det eit farleg innlegg i Førde sin boks. Går gjennom alt og alle.
40'
Helgheim bryt ballen for Førde, men blir rive ned av nummer 7, Hole. Klokkeklart frispark, men "nei, nei, nei, nei" er beskjeden frå Søgnen.
Får håpe at spelarane regulerer seg sjølv, for om ein får spele etter det eksempelet kan det fort bli anarki ute på bana.
34'
Det er tydeleg at dei mange endringane som Førde har (måtte) gjort før denne kampen går ut over samhandlinga. To bytter i forsvarleddet, to i midtbaneleddet, og eit bytte på topp, gjer noko med flyten.
Når Førde fyrst får ballen opp blir det ofte farleg. Spørst om ein ikkje må erkjenne at i dag er "det enkle ofte det beste".
32'
Keeper Hanssen bestemmer seg seint og kjem ut, men vinn hovudduellen med Dahlberg nede med kornerflagget. Seint, men godt, keeperspel.
29'
Kjempesjanse for Savland. Etter eit godt frispel på venstresida, kjem legget 45 grader. Aamelfot bommer/hopper over, og Savland skyt ned utsida. Hovdevik i full strekk får slått til corner.
28'
Hauståker sterk i duellen nede ved hjørnet av 16-meter. Slit seg forbi og er plutseleg åleine. Legget finn ingen, men Aamelfot var i nærleiken,
27'
Etter 10 minuttar der Førde var på gang har Volda nå tatt over litt, og har meir trøkk over heile bana,
24'
Ny kjempesjanse. Denne gongen til Volda.
Litt enkelt kjem Volda gjennom på venstresida, og får legge inn. Der står nymmer 9, Dahlberg (?) heilt åleine og får avslutte.
Spielführer Hanssen har komme ut, og i stjerne gjer han ei fantastisk (og viktig) redning, når Dahlberg prøver å legge den tilbake i hjørnet ballen kom frå. Returen blir det lite av, og Førde slepp med skrekken.
22'
Aamelfot, via den lengste fingeren til Hovdevik og i tverrligger.
Nydelege kombinasjonar på Førde si venstreside, og for fyrste gong i kanmpen sitt tre - fire pasningar, i farleg område.
19'
Volda skyt frå 18 meter, litt skrått på høgresida, etter eit godt brudd på midten.
Fyrste farlegheiten dei grønne skaper, men Hanssen virker å ha god kontroll på nærhjørnet.
16'
Tendensen i kampen er klar. Førde vinn duellane langs bakken, på midten, medan Volda er hakket sterkare i bakre rekker, og bryt Førde sine forsøk.
Med ei grøn, humpete garsbane, ser det nå ut som det mest konsentrerte laget vil bryte gjennom fyrst.
15'
Bergset avslutter frå nesten 30 meter. Savland jakter ein retur, men her har Hovdevik full kontroll. Ingen hjelp frå banetilhøva der, for Førde.
8'
Kjempesjanse for Volda. Begge stopparane til Førde går i samme duell, og bommer. Marcinkvevicius kjem åleine med Hanssen, men trakker på ballen. Heimelaget slepp med skrekken.
7'
Ei humpete grasbane innbyr ikkje til mykje finspel, endå. Duellane på midtbane er det viktigaste å skrive heim om nå. Der er laga jamngode.
5'
Hauståker med dagens fyrsteavslutning på mål. Dreg seg inn frå kanten og avslutter, rett på keeper. Farlegare posisjon enn avslutning om ein får sei det sjølv.
4'
Vi merker oss tildelg at Hvidsten, med sin debutt frå start, er plasser på høgreback. Aamelfot og Hauståker har bytta kant, jf oppstillinga.
I høve Volda såeøer Gudmundson og Bischoff stopparar, flankert av Hånes (venstre) og Pedersen (høgre)
Avspark Start 1. omgang
Spielführer Hanssen og Skipper Evebø får sine instruksjonar av dommer Søgnen.
Volda starter med ballen og speler mot Jølstra og Hafstadkleiva i fyrste omgong,
Laga er klare i døra på Førdehuset, og Per Øyvind Storevik gir signal om at innmarsjen kan starte.
Ein nyedeleg dag for fotball nærmer seg, og sjølv om det er nok ein konfirmasjonsdag i Førde så sig det til med publikum.
Speakerlegende i Førdefotballen Odd Hagen har komme attende frå sommarhuset i Ålfoten, og har inntatt speakerbua. Vi ser og at Førdianarane har begynt å rigge seg til på vollen, og at Benny Rivedal er klar på kommentatorplass for Firda/Direktesport.
Elles er Stig Roger Eide observert med linsa si ute på graset. Med andre ord er det tydeleg at Førde Stadion er plassen å innfinne seg.
15 minuttar til kampstart.
I lagoppstillinga til Førde er det mykje å ta tak i.
Vi merker oss at det er to endringar i bakre linjer. Både Ole Petter Larsen og Eirik Flatjord er ute av laget, og heller ikkje i troppen, frå førre kamp. Inn kjem Kristian Henrik Kårstad Lilleaasen og Andreas Hvidsten.
Deretter merker vi oss at Peter Aase som har starta dei siste kampane heller ikkje er å finne i dagens tropp. Det gir rom til russeduoen Helgheim og Aarøen.
På topp er Savland attende etter ein kortvarig skade. Det blir spennande å sjå om lysluggen frå Naustdal har stilt inn siktet denne veka.
Den største overraskinga finn vi like fullt på benken. Den gamle kapteinen Ruben Digernes Holsæter er attende etter ein lengre pause som sauebonde. Sitt på benken med drakt nummer 18, og vi er særs spente på om vi får sjå han på graset i dag.
På bortelaget merker vi oss særskilt to namn i lagoppstillinga.
Både Johan Skorge (2018) , og Tobias Evebø (2012) er attende på kjente trakter og har spelt i kvitt tidlegare.
Elles har "bua" tenkt seg fram til at Volda kjem til Førde Stadion i ein 4 - 3 - 3 formasjon.
Bortelaget kjem til kampen i Førde med fire poeng.
Etter ein solid siger i fyrste kamp, med heile 6 -1, og eit hockeyresultat utan like (5-5) i andre kamp har det blitt tre kampar utan mål i dei tre siste kampane.
Førde har på si side tatt eit ekstra poeng, og ligg plassen føre Volda på tabellen. Dette er difor eit særs viktig oppgjer for begge lag. Laget som taper i dag vil gjerne finne at det blir ein tung sesong i Norsk-Tipping Ligaen.
Førre serierunde tapte Førde 1-3, etter å ha leia 0-1 til pause, mot Sogndal sine nest beste.
Volda på si side tapte 0 - 2 heime mot eit hardtsatsande Hønefoss.
Dommar i degens kamp er Jacob Sande Søgnen frå Gaular.
På linjene har han med seg Andreas Ytredal Akse frå Hyllestad og Asbjørn Kjetil Grinde Håre frå Fjøra FK
God dag og velkommen til Førde Stadion og den 6. runda i Norsk Tipping Ligaen, 2023.
Ein skulle ikkje tru at det berre er fjorten dagar sidan vi satt her og nordvesten blåste snøføyka inn fjorden.
16 plussgrader, og strålande sol, venter Førde og Volda som i dag skal gjere opp om poenga.
50 minuttar for publikum til å finne fram solfaktor og komme seg på stadion!
For dei som ikkje kan følgje kampen kan ein lese seg opp her, eller sjå kampen live på Firda/Direktesport.