Referat
Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og Førde vinn 1-0. Vard hadde ballen mest gjennom kampen, men hadde problem med å spele seg gjennom Førde-laget som låg svært lågt og kompakt. Gjestene sleit dermed med å spele seg fram til dei heilt store sjansane. Heimelaget hadde to gode sjanser på tampen ved Myrkaskog og Lund Holm, men det ville seg ikkje. Vi takkar for følget, og ynskjer velkommen tilbake seinare!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Lund Holm med stor sjanse, men keeper reddar skotet!
90+1'
Myrkaskog kjem aleine skrått mot keeper, og han prøver å chippe ballen over Kinn. Det klarar han, men det blir for lite kraft bak vippen. Hadde han sentra til Lund Holm som stod heilt aleine, hadde det truleg vore 2-0 akkurat no.
89'
Ser ut som Førde har kontroll, styrer mot tre poeng.
88'
Førde scorer, men keeper får frispark i duellen.
85'
Kan skimte Firda-kommentator Kjøllesdal i liften. Ser ut som han frys i regnværet.
84'
Avslutning frå Vard - to meter tilside for målet til Lillevik.
83'
Førde med sin første sjanse i andre omgang. Lund Holm skyt - keeper reddar!
81'
Vard eig banespelet no, og jaktar 1-1. Langt oppspel i feltet, men avslutninga går over.
80'
Høljregn no! Satser på at teknologien framleis er med oss dei siste ti minuttane.
78'
250 tilskodarar ser oppgjeret.
77'
Innlegg inn i feltet, og ballen blir nikka tilbake til BOB som er nære på å setje inn 1-1.
76'
Småkaldt på fingrane. Kald trekk i Hafstadparken.
72'
Førde prøver seg, men får brudd i mot. Vard-spelarane stormar i angrep, men innlegget frå høgresida går rett på Lillevik.
69'
Dvergsdal skyt eit frispark, rett på keeper.
69'
Ingen av laga produserer målsjanser.
67'
Vard prøver, men slit med å spele seg gjennom forsvarsmuren til Førde, som består av ni-ti mann.
64'
BOB får ballen i feltet, vender og skyt. Over!
62'
Vard med skotforsøk. Rett på keeper Lillevik.
62'
Løvland og Myrkaskog får kvart sitt gule kort. Hadde ein liten krangel.
56'
Halvsjanse for Vard. BOB tester skotfoten frå distanse, men Lillevik får fingertuppane på den. Corner.
50'
Vard slår inn frå venstrekanten, men berre to mann venter inne i boksen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause på stillinga 1-0. Ufortent, meiner nok Vard-trenar Kjell Sture Jensen. Gjestene har hatt ballen mest, og dei største sjansane. Men det er Spurkeland som er kampens einaste målscorar så langt. Vi går ein spennande andre omgang i møte her i Hafstadparken. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Vard i angrep, men Rygh får frispark i eige felt. Straks pause.
45'
Scoringa kom imot spelets gang. Vard har styrt spelet stort sett heile første omgang.
42'
Fin Førde-sjanse! Lang ball opp i feltet, keeper bommar på si utboksing. Ballen lander hos Kvalvågnes som prøver avslutninga, men blir stoppa i ein Vard-spelar. Heimelaget vil ha straffe, men får det ikkje. I mellomtida kastar keeper Kinn seg over kula og gjer det heile godt igjen.
35'
Vard kjem fem mot fire, og Førde er i ubalanse. Men den siste avgjerande pasningen er for upresis. Berre nesten for gjestene, og svakt utnytta.
29'
Rygh går ned for telling, og held seg til hovudet.
28'
Vard styrer alt no.
25'
Kjempesjanse for Vard! Melhus prøver seg med ein dribleserie like utanfor eigen sekstenmeter. Det fungerer dårleg, og avslutter finteserien med å spele støttepasning i eige felt. Der snapper BOB opp, og avsluttar! Lillevik er på den, men ballen har retning mot mål. Der kjem Kvist med nytt tigersprang, og reddar på streken!
23'
BOB blir spelt gjennom for Vard, og stormar mot mål. Kvist legg på sprang, og får akkurat avklart.
20'
Frisparket blir slått heilt i feltet, men over alt og alle. Til innkast på motsett side.
19'
Vard får frispark heilt ute ved sidelinja. Lund Holm vel tøff i duellen der.
18'
Vard har tatt over etter at Førde opna friskt første minutta. Men vertene forsvarar seg i 4-5-1, og ligg lågt og kompakt når gjestene trillar ball.
12'
Vard prøver seg, men Lillevik kastar seg ned over ballen.
7'
Vard-keeper Kinn er født i 1999. Skal leite lenge for å finne yngre førstekeeper i landets tre øvste divisjonar!
5'
Myrkaskog skyt i keeperhjørnet. Sisteskansen tek den enkelt.
3'
Frispark i fin posisjon for heimelaget.
2'
Grunna hjulproblem med eine målet, vart kampen eitt minutt forsinka. Det kan vi leve med.
1'
Førde tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Overskya i Førde, noko vind - men fine forhold for festfotball.
Spelarane i gang med si oppvarming her i Hafstadparken.
Heimelaget må klare seg utan målvakten Christian Bjerke og midtbanespelar Edin Øy. Inn på laget kjem debutant Simen Lillevik, og Kristoffer Iversen. I tillegg er Kristian Walaker ute av laget sidan sist, og Eirik Flatjord er tilbake på sin høgreback.
Hei, og velkommen til oppgjeret mellom Førde og Vard Haugesund!