Oppsummering
Kampen er slutt og utbruddet til Førdekeeper Hanssen summerer det veldig godt; "Faen altså!".
Førde klart best utover i kampen, og har dei største sjansane fram til vi bikker 75 minuttar. Grepa som blir gjort frå bortelaget sin benk endrer kampbilete. Spjelkavik har nok sjansar til at dette er fortent, men Førde vil kjenne at dette var ein kamp dei skulle avgjort og vunne. To skudd i stolpen, og fleire gode sjanser, anført av spydspiss Savland kunne fort gitt både to og tre mål til for heimelaget.
Ingen av laga er nok nøgd med eit poeng, men for heimelaget er det i alle fall eit poeng til i banken i ein serie der alle tek poeng mot all. For bortelaget kan det fort ha vore litt for lite?
16 - 7 i avslutningar, og 7 - 3 i store sjanser er eit godt bilete på kampen. Førde styrer, medan Spjelkavik følgjer ein kampplan til hundre.
"Bua" takker for kampen og ynskjer vel møtte til neste kamp. For dei som vil sjå meir fotball i Førde kan ein ta turen i Hafstadparken i morgon og sjå Førde2 spele kamp mot Stryn i kretsligaen. Kampstart 17.00
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90'
Vi speler på overtid.
90'
Helgheim gir vekk ballen og Østvik må lage frispark midt på bana. Heldig som unngår kort der, Østvik. Dommer Tvedt blåste nok litt tidleg då Spjelkavik kunne komme 4 mot 3.
83'
8 minuttar pluss tillegg att av dette oppgjeret. Leandersson kjem mot Østvik, men kjem ikkje til avslutning. Er ikkje avgjort denne kampen.
81'
Spjelkavik nå ei ein 4 - 4 - 1 - 1, med så offensive kantar at ein gjerne kan tenkje 4 -2 - 3 - 1.
80'
Førde i tverrligger, ned på strek, og ut. Gjennomløp til høgre i bana fører til sjansen, men i motsol som krev solfaktor 30 var det ikkje lett å sjå kven som avslutta angrepet.
79'
Savland rett utanfor. Hanssen bryt eit god gjennomspel og slå langt. Wojtalik bommer på ballen og Helgheim får kontroll inne i 16. Han finn Savland. Feilvendt med mann i rygg får Savland vendt seg, og skyt. 20 cm til sidan frå lengste stolpe. Den var ikkje Finseth i nærleiken av.
77'
Høynes nesten gjennom, men sklir.
Har vore eit veldig friskt pust for heimepublikumet, den nye Eidaren.
77'
Innbyttar Tafjord sitt nede, og halter etter kvart heimatt. Duell med Hvidsten som gjorde at han blei sittande.
76'
Høynes, Helgheim, Aarøen, Indrebø og nesten Savland. Godt spel av Førdegutane, men legget frå Indrebø kjem rett bak Førdespissen.
75'
Solskjær vinn stussen, men berre for at Hanssen kan plukke den enkelt.
74'
God legg frå Meyers, men verken Solskjær eller Leandersson er i nærleiken til å bryte det mot mål. Har løfta seg kraftig opp i bana dei siste minuttane bortelaget. Som nå vinn eit nytt kast høgt i bana. Langt skal det kastast.
73'
Bergset og Aarøen stel ballen får Myers, som går ned og har kjempevondt. Frå frispark og sprett opp att. Der var Savland og Bergset på veg åleine mot keeper.
71'
Gjermundstad sett seg ned, og Østvik får beskjed om å gjere seg klar saman med Helgheim
69'
Den såg vi i mål....
Etter ei god kontring frå Førde konterer bortelaget. Ballen havner hjå ein upressa Duran som fyrer til frå 14 meter.
Rognebakke kaster seg så lang han er og presser kanskje skuddet dei to cm til venstre som skal til. Stryk utsida av stolpen til Hanssen.
67'
Indrebø drar seg inn frå kanten medan vi speider etter kven som blei bytta ut for bortelaget. Han dryler til. Nærare kjem du ikkje, men framleis 1-0 i målprotokollen.
Det hadde vore ein måte å presentere seg i skadecomebacket.
64'
Slått på bakre, men headinga frå Alnes tek i eigen spelar, og går til femmeter frå Hanssen.
63'
Aamelfot har fått ein betre start på andre omgang enn slutten på fyrste skulle tilseie. Flink i det høgre presset, og vinn nesten ballen inne i 16, 10 meter frå mål.
61'
Ny stor sjanse for Førde og Savland.
Hvidsten og Trollebø speler seg fint framover, og endeleg treff stikekren Savland. Kriger seg forbi Duran og får til ei god avslutning. Finseth får to heder på ballen, og fanger deretter sin eigen retur. Hardt skudd, men ikkje det best plasserte noko som gir keeper moglegheit til å redde.
59'
Førde med god giv etter målet. Aamelfot med eit farleg legg, men Trollebø mangler litt i trua når han skal starte inn bak.
56'
Stolpe ut frå Aamelfot som gjer alt sjølv! Stel ballen frå Finnøy på veg framover og krummer nakken. Prøver å ta keeper på feil fot og skyt i nærhjørnet. Finn berre stolperota.
55'
Finseth sklir idet han skal ta femmeter. Aarøen stel ballen, men ingen andre kvite oppfatter det raskt nok.
55'
Frisparket blir klarert, og avslutninga frå Trollebø går mange mange meter utanfor.
52'
Bergset fører fint framover og slepp Trollebø gjennom. I det han skal slå hardt inn, eller vende inn, sklir han diverre og ein strålande sjanse går fløyten for heimelaget.
52'
Speaker Sunnervik har diagnosen klar; "feriefotball"
50'
Stor sjanse for Spjelkavik.
Bergset taper ballen, men kriger seg inn att. I taklinga takler han ballen gjennom til Myers som skyt ballen, frå veldig god posisjon, ein halvmeter til side for Hanssen sitt mål.
50'
Førde går seg fast sentralt og Solskjær kan kontre. Leandersson trikser ballen på 16. meter, men skotet går rett på Rognebakke.
49'
Spjelkavik kjem litt høgare ved eit høve, men Bergset, Hauståker og Hanssen speler det fint av.
48'
Eit lite regnskyll i pausen har vatna bana fint. Raske, gode tilhøve for å sparke/spele ball her.
47'
Lant innkast til bortelaget. Over fyrste dyellen og klarert. Når ballen kjem inn at er tre raude spelarar i offside. Førde tek over.
46'
Førde speler mot Hafstadkleiva og Jølstra denne omgangen, som starter likt den fyrste slutta. Spjelkavik ligg lågt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
242 er dagens tilskodertal.
Laga er tilbake på bana. Det ser ikkje ut til å vere nokon bytte på laga.
Stemninga på tribuan er unison. Her treng ein trøkk, og bestemte løp inn mot målet til Spjelkavik. Står ein og stanger vidare vil det til slutt komme eit avgjernade brudd i mot.
Ingenting å legge til i denne omgongen.
Førde treng nok litt hjelp til å finne ut korleis dei skal trenge gjennom forsvarsblokka.
Spjelkavik sitt trenarteam vil nok vere godt nøgd med korleis laget har kjempa seg tilbake i kampen.
Heilt opent dette.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
41'
Dommer Tvedt vel å blåse frispark mot Høynes, som er i ryggen på Alnes. Ingen hard dytt, og ein kan forstå frustrasjonen. Hadde nasa mot eige mål, under press, på 16 meter der, Alnes.
39'
Førde slit med 5-backslinja til Spjelkavik. Speler seg enkelt til det er 25 meter att. Der er det som regel stopp, og litt fantasilaust.
38'
Wotjtalik gir nesten frå seg ballen inne i eigen 16. Slepp med skrekken mot Trollebø, som satte inn eit voldsomt press der.
36'
Myers stjel ballen frå Hvidsten, og sett fart. 2 mot 1, men stikkeren mot Leanderson er for lang. Hanssen kan plukk eenkelt.
35'
Dødballar til Spjelkavik har tre gonger ført til gode moglegheitar for heimelaget til å kontre. Denne gongen slepper Høynes ballen gjennom til Aamelfot, men denne gongen blir han for svak og lager eit heller unødig frispark.
31'
Gjermundstad på raid, men blir takla. Høynes vinn andreballen og forsøker å curle ballen i lengste. Kanskje om det hadde vore rugby, for den er langt over mål.
29'
Førde bytta som kjent trenar rett før ferien. Om ein skal driste seg til ei analyse så er den største endringa rolla til spydspiss Savland. Mykje meir deltakande i det oppbyggande spelet under Folland enn under Rongsø. Gir betre rom for djupe gjennomløp, i det nemnte Savland skyt 3 gonger. To gonger i blokka, og siste forsøk går himmelhøgt over.
24'
Spjelkvavik er nå spelt ned i 5 - 3 - 2. Trur ikkje det er planen, men kantspelet til Førde har gitt dei problem, på begge sider.
23'
Solskjær header mot mål, men det er ikkje veldig farleg. Tendensen er like fullt at Førde slurver litt mykje i oppbyggande spel, og i kontradekninga. Det kan vere ei livlinje for laget frå Sunnmøre. Med ball er Førde ein del kvassare, så langt.
21'
Høgt på bakre, og Savland vinn duellen. Header ned til Gjermundstad som ikkje får kontroll.
19'
Høynes på Leoløp bak Savland som er med å bygger opp. Lang ball gjennom forsvaret til Spjelkvavik, men medtaket blir litt langt og innlegget/avslutninga går rett på keeper.
19'
Spjelkvavik med sin fyrste avslutning. Førde slurver, og gir vekk ballen. Skuddet frå 23 meter går godt utanfor.
18'
Folland krev meir av Aamelfot som har begynt å slå legg utan å utfordre fyrst. Då er det enkelt å klarerer. Tommel opp frå Aamelfot, så får vi sjå om det er ciatching verdensklasse.
16'
Langt innkast frå Spjelkavik. Trollebø sklir og Spjelkavik kan skyte. Rett i blokka, noko som gir Førde ei kjempekontring, men touchen til Savland er akkurat litt for hard. Åleine med keeper kan keeper til slutt plukke ballen.
15'
Førdekeeper Hanssen og stopper Gjermundstad lukter blod. Skrik spelarane fram i bana opp i press.
12'
Hauståker rundt på kanten, og legg godt inn. Spjelkvaik klarerer panisk.
10'
Kjempesjanse for Aamelfot.
Brudd på brudd, og kombinasjonen mellom Arøen og Trollebø er sterk. Ballen vidare til Trollebø som legg inn med utsida. På bakre spring Aamelfot seg fri. Med innsida legg han ballen tilbake i hjørnet, men ei kjemperedning frå Finseth gjer at det ikkje står 1 - 0. Tek også eigen retur, sisteskansen.
9'
Savland til linja og slå inn, over alle og ut til fem-meter.
7'
Spjelkavik prøvde seg dei fyrset to minutta, og pressa Førde hardt. Nå har derimot heimelaget tatt totalt over og pressser Spjelkavik inn i eigen 16 -meter.
Spesielt Hvidsten på venstrebacken er offensiv, og gjer at Førde kan overfolke til høgre i bana.
5'
Utoverskudd cornerer som finn Bergset. Fri volley på 6 meter, men relativt rett på keeper. Den var stor.
4'
Hanssen ute og sweeper. Vinn ball, men er og blåst offside.
3'
Hardt innoverskrudd, men Spjelkvavik klarerer. I neste bølgje kjem ein lang ball bak i feltet mot Savland som prøver eit C+-moment. Over mål, og Finseth i målet har god kontroll.
Avspark Start 1. omgang
Spielführerane (Hanssen og Olsen) får sine instruksjonar av dommar Tvedt.
Spjelkavik speler fyrsteomgang mot Hafstadkleiva og Jølstra, og starter med ballen.
Laga er klare. Skreien gir signalet, og vi er klare for innmarsj. Kampstart er mindre enn 5 minutter vekke.
"Førdianarane" har heist flagget på vollen, Stig Høynes frå Haugenfotball.no og Stig Roger Eide frå " Førdepatrioten" er klar for dyst. Dommarane køyrer sine drag rett framfor "bua", som nå har fått kaffi. 15minutt til kampstart.
Laga er godt i gang med oppvarminga. Spjelkvavik veldig disiplinerte, medan Førde tek det litt meir med ro i oppstarten.
Ei nydeleg grasbane ventar spelarane, og lyden av metallknottar mot asfalt på veg inn på bana får nesten tårene til å presse på.
20 grader og lett overskya i Førde. Ingen mygg! Det er berre å ta turen.
På bortelaget ser vi at nysigneringane begge speler. Duran på backen, og Leanderson som spydspiss.
Elles har bortelaget gjort eit bytte til der Amdam tek plassen til Bakke-Hareid.
Per nå er bortelaget sett opp i ein 4 - 4 - 2, så får vi sjå når kampen starter.
Lagoppstillingane er klare!
På heimelaget ser vi at det er gjort ein del endringar frå førre kamp.
A Hvidsten er komme inn og starter på venstreback. Eit reint backbytte. Hauståker er også attende, og starter på høgreback.
Rognebakke skal tydelegvis spele stopper saman med Gjermundstad. Dette gir plass til Aarøen, som måtte spele kant førre runde, i midtbanetrearen. Trollebø og Aamelfot på kvar sin kant.
Kampstart på Førde Stadion er 14.00.
Håper vi ser alle der (open kiosk, så det er berre å lokke dei små med is og dei gamle med kaffi). Premier League starter ikkje før 16.00, så du rekk begge deler med mindre du held med Bournemouth eller Tottenham.
Kan du ikkje vere der så skal vi gjere vårt beste for å halde "Liven" oppdatert.Fotball er som kjent alltid best på stadion, og i dag er værgudane med Sunnfjord Kommune! Klarer vi 400+ på tribuna? Kom kom!
Kampen i dag blir dømt av Bjørn Tore Tvedt, frå Eidsvåg IL.
Førre gong Tvedt dømte på Førde Stadion var kampen mot Elevrum (1-1) i sesongen 22. Kampen blir hugsa for eit seint mål til bortelaget, og to raske gule kort til Førdespelar Østvik etter at 90 minutt var passert.
Med seg på linjene har Tvedt Diar Omar Masti frå Urædd FK, og Andreas Skeistrand Bakkelid frå Sandane T&IL.
Det er ikkje satt opp nokon VAR-dommer, men heimepublikum vil vonleg kunne hjelpe.
Spjelkvavik har på si side forsterka laget med E. Leanderson og og M. Duran denne sommeren. Dei har endå ikkje spelt for A-laget, men vi vonar at begge er med til Førde Stadion i dag.
Laget vann også bronsefinalen i g19klassen i Norwaycup denne sommeren. Noko som kan tyde på god rekrutering frå dei yngre rekkene.
Dagens kamp er den fyrste heimekampen uten S. Aamelfot, som gjekk til Hønefoss i ein overgangssaga som ein sjeldan ser i 3. divisjon.
For å bøte på dette har V. Høynes signert for klubben etter mange år som ein leiande spelar i andredivisjon for Fana. I tillegg har Gjermundstad endeleg komme på bana etter comebacket i vår. Her er det mykje rutine å hente.
Elles kan vi merke oss at Førde også har eksportert endå ein speler denne sommaren. Teodor Aamot blei denne veka klar for ungdomsavdelinga til Haugesund FK. Vi ynskjer lukke til!
Førre runde tapte Spjelkvavik 4 - 3 heime mot topplaget Eidsvoll Turn. Ein sterk prestasjon, sjølv om ein kom under med to mål tidleg.
Førde på si side tapte 3 - 1 borte mot Ham-Kam2 i det som blir skildra som ein energilaus kamp.
Når laga møttest i vår vann Førde 1 - 4 i det som lenge var ein veldig solid kamp av dagens heimelag. God kontroll defensivt, og veldig effektive framover. Etter 0 - 3 slapp ein seg derimot ned, og den siste halvtimen viste Spjelkvavik at dette ikkje er ein kamp Førde kan rekne med å få gratis.
N. Solskjær scora målet for Spjelkvavik, medan Bergset, Savland og S. Aamelfot (2) scora Førde sine mål.
Dei siste åra har også Førde hatt eit godt tak på Spjelkvavik.
For bortelaget Spjelkvavik er nok dette ein kamp dei må vinne. Avstanden opp til Volda er på 5 poeng før denne kampen, og det er endå lengre opp til sikker grunn.
For heimelaget vil ein nok ikkje vere like bastant i at ein "må" noko som helst, men Førdetrener Folland seier til <Førdepatrioten> at dette er ein kamp heimelaget skal vinne.
Det utgangspunktet bør føre med seg mykje offensiv fotball til kampen i dag.
Etter ein alt for lang sommarpause, som virkar uendeleg lang ettersom heimelaget spelte to ekstra runder i vår, skal ballen endeleg rulle att.
Når alle laga i avdelinga har spelt 16 kampar er status slik: Eidsvoll Turn og Hønefoss leiar avdelinga klart, og det er mellom dei kampen om opprykket skal stå. Elverum ligg i limbo på 3.plass. Deretter finn du 8 lag på ein 8 poengs differanse, og då er du komme veldig nære nedrykksstreken. I denne miksen finn du begge laga frå Sunnfjordområdet, med 18 (Førde) og 19 (Florø) poeng.
Under streken finn du Volda, Spjelkvavik og Raufoss 2. Sistnemnte har like fullt starta hausten knallsterkt og dette blir eit bikkjeslagsmål heile vegen.
Førde Stadion er plassen!
Spjelkavik frå Sunnmøre er motstander!
Førde Fotball, med generalsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane og kampsponsor Enivest, ynskjer deg hjarteleg velkommen til den 17. serierunda i Norsk Tipping-ligaen!