Referat
Kun høydepunkter
kampen endar 1-1. Ein jury har kåra Simen Melhus til Førdes beste spelar i dag. Ein jamn kamp med periodar til begge laga. Ein vanskeleg åker og etablere noko skikkeleg fotball på, så det vart slått mykje langt i dag. Alt i alt eit greit resultat. Keeperduoen vil med det takke for oss og ynskjer dokke alle ein fin søndag vidare.
kampen endar 1-1. Ein jury har kåra Simen Melhus til Førdes beste spelar i dag. Ein jamn kamp med periodar til begge laga. Ein vanskeleg åker og etablere noko skikkeleg fotball på, så det vart slått mykje langt i dag. Alt i alt eit greit resultat. Eg vil med det takke for meg og ynskjer dokke alle ein fin søndag vidare.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+1'
Vi er inne i tilleggstida. Kan nokon kapre alle poenga her?
89'
Iversen blir liggande nede etter ein duell. Men er kjapt oppe igjen.
85'
Mykje Sola og lite Førde siste 10 no.
85'
Langt innkast frå Rasmussen igjen. Veldig klart feilkast, men dommar dømmer ikkje. Kastet endar på hodet til Maldal som ikkje får trøkk i headinga og tar seg til hovudet etterpå. Spørst om kapteinen sliter litt med hovudet.
76'
Myrkaskog tar ned ballen på 40-45 meter og vendar opp. Ser keeper står litt langt ute og prøvar seg. Men forsøket er langt i frå farleg.
66'
Simen Melhus lagar frispark mot gamleklubben på ca 30 meter. Sola prøvar seg, men langt langt i frå mål.
62'
Kvalvågnes prøvar seg, heilt ufarleg.
62'
Myrkaskog setter fart og utfordrar og ordnar frispark på 30 meter.
57'
Rasmussen prøvar seg hardt langs bakken i keeperhjørnet, og Bjerke slår greit til corner.
56'
Sola frispark på 25 meter.
54'
Frisparket er dårleg slått, men klareringa er enda dårlegare! Trillar perfekt til Caledron som setter breisida til. Eit bra treff men Bjerke henger fint med på notane og slår til corner.
53'
Lund Holm med ein liten ettersleng på Calderon. Slepper det gule.
50'
Sola småfarleg frampå etter eit innkast. Rødtoppen Rasmussen med eit kast i rein Riise stil.
48'
Øvernes i Sola buret skal ut og plukke ein ball langs bakken, men får problemer når ballen plutselig skfitar retning i ei torv. Må ut på 20 meter og sklitakle ballen til kast. Ikkje enkelt å behandle ballen på dagens åker.
46'
Andreomgang blir sparka i gang av gjestane.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Av andre kampar i 2. divisjon avd. 3 har vi: Vard Haugesund - vidar. Den enda 4 - 1 til heimelaget og begge laga står med ein seier og eit tap på dei første to kampane sine. Egersund tar også imot Nest-Sotra i dag, og den kampen starta også 16.00. Av det underteikna kan sjå så er det 0-0 etter første 45.
Da går vi til pause med stillinga 1-1. Heimelaget eit knapp betre, men ei vanskeleg bane å spele på gjer at dei ikkje heilt får utnytta det lille overtaket. Sola med ein god sjanse midt i omgangen, medan Førde har hatt eit par store og små. Heilt åpen kamp, så vi ser fram til dei siste 45.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Førde slår ein lang ball i bakrom, Lund Holm jagar men Øvernes kjem ut og drar av lynvingen før han klarerar.
45'
Walaker og Kvalvågnes kombinerar opp langs høgresida, legget frå Walaker går gjennom feltet og der dukkar Øy opp. Avslutninga er ikkje bra, men Savland får ei lita styring, men ikkje nok til å overliste Øvernes i Sola buret.
44'
Litt meir fart og spenning i kampen i sluttminutta av omgangen her. Dei har blitt litt meir vande med bana og spelet sitt litt betre.
42'
Frispark til Sola frå 50 meter, blir for langt og Bjerke plukkar enkelt. Skal sette i gang tidleg, men igangsettinga er ikkje så presis. alikevel få Kvalvågnes pressa fram eit innkast. Det blir tatt kjapt og det kjem eit innlegg med retning Savland. Savland ladar opp eit brassespark, men Maldal får akkurat hovudet på ballen.
34'
Kvalvågnes med korridorfrispark på bakerste. Der er Kvist, men headinga inn i feltet blir enkel for Øvernes og plukke.
32'
Walaker prøvar seg på ein stikkar mot Savland. ballen har god retning, men blir desverre litt for lang.
30'
Sola kjeme til avslutning skrått frå ca 10 meter, men Rygh får blokkert. Klareringa er ikkje god og endar på 20 meter. På full volley prøvar Sola seg, men ballen går langt over mål.
20'
Første 20 har stort sett vert ein midtbanekrig med nokon halvsjansar begge til begge laga.
16'
Sola kjem til skot på ca 20 meter ved Rasmussen, men skotet endar 5-6 meter utanfor.
13'
Lund Holm setter fart på ein Førde overgang, men pasninga på siste tredjedel er ikkje god nok.
12'
Savland får ein ball som ikkje er enkel og få kontroll på. Savland krigar med forsvaret til Sola, men dei får klarert til innkast.
7'
Ein del lange baller her i starten. Kan sjå ut som laga vil føle seg litt fram på den ujavne grasmatta.
1'
Førde tar avspark i årets første heimekamp. Det viser også på bana at det er tidleg i sesong.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga spelte 1-1 i første serierunde. Og medan Førde slo ut Brann, så tapte Sola 3-1 i sin cupkamp.
Hei og velkommen til liveoverføring av 2. divisjonskampen mellom Førde og Sola. Julian Madsen har gjort to endringar på laget som slo Brann i 1. runde av NM. Iversen kjem inn og Spurkeland går ut, Walaker kjem inn og Dvergsdal går ut.