TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Kampen er slutt og Sogndal tek seg vidare i NM. Sogndal løfta seg fleire hakk i andre omgang, og vinn slik sett fortent. Førde skal vere særs stolte av fyrste omgang, og av innsatsen i andre omgang. Kunne fort leia med eit eller to mål til pause. Til slutt så måtte det ei særs kontroversiell straffe til for at Sogndal skulle bryte gjennom og då blei det tungt for dei kvitkledde førdegutane. Bua takkar for følgjet og ynskjer publikum vel heim, Sogndal lukke til vidare, og vonar vi ser alle tilbake på Førde Stadion ved neste høve. Det er laurdag 03.06 mot FuVo.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Gult kort
90+3'
Frispark
Frispark til Førde, Midt på bana. Flytter opp alt, og Hanssen slår inn. Enkelt klarering.
90+2'
Dagens Førdespelar, Ole Petter Hjelle Larsen. Har frå speakerbua, vore fyrst på alle ballar i dag, og spelt særs solid i sikringsspelet.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
90'
Mål!
1-3
Der er det avgjort. Endeleg får Sogndal eit innlegg gjennom feltet, og der møter Nessø ballen på bakre stolpe. Sikkert i næraste hjørne.
89'
Førde får kast høgt i bana, og løfter laget. Skal vi få ein sluttspurt, i det regnet nok ein gong kjem over stadion?
88'
Men der bryt han fint eit gjennomspel, og dreg i tillegg av andrepresset. Skal ha skryt når ein fortener det, og det var både offensivt og kontrollert keeperspel.
87'
Nemnte Hanssen, som vanlegvis er veldig sikker med beina, har ikkje vore venn med underlaget i denne omgangen. Ved fleire høve har ballen ikkje komme langt eller presist nok., under delvis press.
86'
Hanssen klipper ned Nessø som er på veg gjennom. Blir utvist i situasjonen, før Ohrheim ser at linjemannen er oppe med flagget. Bør jo vere råd å kikke ut på linjemannen før ein tek slike avgjersler. Det raude kortet blir gjort om.
84'
Spillerbytte
83'
Nå blir det 8 tunge minutt, samt tillegg for Førde.
83'
I banespelet er det ikkje ufortent at Sogndal får eit mål, men at dei skal ha så mykje hjelp er nesten skammeleg sett med Førdeauge.
82'
Ny sjanse for Sogndal, men sistepasningen er upresis. Sprett inn til Hanssen.
80'
Gult kort
80'
Gult kort
Larsen får også kort i situasjonen.
80'
Mål på straffe!
1-2
Sikkert i mål. Hopper i tilløpet og slepp ballen enkelt ned til høgre for Hanssen som blir ståande.
79'
Straffe!
Sogndal er åleine gjennom. Larsen kjem flygande og treff, frå vår posisjon, klokkereint på ballen. Tek med seg mannen i ettertid, og Ohrheim dømmer utruleg nok (nok ein gong... frå vår posisjon) straffe.
77'
Spillerbytte
76'
Rognebakke ligg nede etter å ha fått ein ball i andletet. Helgheim nyttar tida til å få vekk litt krampe i leggane. Sogndal har kast høgt på Førde si høgreside.
74'
Sjansane har, sjølv om det har vore fleire gode tilløp, uteblitt i denne omgangen. Siste forsøk frå Sogndal er symptomastisk, då ballen stoppast kontant i det den kjem inn i 16 meteren.
73'
Helgheim har fått mange gode involveringar etter at han kom ut på kant. Får tid å rom til å ta ned ballen og nytte god nærteknikk.
72'
Nydeleg overlap frå Grimeland. Timinga mellom Helgheim og Grimeland stemmer diverre ikkje og stikkaren går ut til fem-meter. Modig av den nye venstrebacken, å dundre slik oppover kanten.
71'
Hanssen sleiver på eit tilbakespel, og Sogndal kan puste ut. Flyttar laget langt opp for å låse av Førde sitt innkast.
70'
Hjørnespark
Keeper bokser, men ikkje langt. Nå er Førde attende som i fyrste omgang. Har Sogndal øydelagt med for mange bytter for fort?
69'
Frispark
Bergset fyrer ballen langs bakken. I eigen spelar som forlenger muren. Neste skot drar via ein svartkledd sogndalspelar, og til corner.
68'
Frispark
Slår langt inn i feltet. Bergset er klar bak i feltet. Header inn at i feltet. Der er Hvidsten tøff og stikk fram håvvet. Høg for frå Sogndal og frispark, på 16-meterstreken. 3 meter til venstre for midten.
68'
Savland jager ein ball i bakrom, og Sætren må slå langt. Larsen får frispark i duellen.
67'
Spillerbytte
67'
Helgheim legg seg ut venstre, og Hvidsten blir indreløper.
66'
Hjørnespark
Østvik header vekk, nok ein gang.
66'
Spillerbytte
63'
Savland i nydeleg driv speler gjennom Aamelfot. Lukter blod i dag Førde sin målscorer, sjølv om situasjonen renn ut i ingenting. Friskare enn vi har sett han på lenge.
62'
Frispark
62'
"Det er bra, altså" lyd frå tribuna. Aarøen, Larsen og Rognebakke speler leikande lett av det høge topppresset til Sogndal.
61'
Hauståker og Aamelfot har bytta kant nå. Vil ham meir defensiv løpskraft til høgre og meir kreativitet til venstre, Rongsø.
60'
Som sagt så gjort. Helgheim og Aamelfot kjem seg rundt på venstresida, og slår knallhardt inn. Sogndal klarerer, men eit skremmeskot der frå heimelaget.
59'
Gode kombinasjonar av Sogndal på venstresida. Speler gode veggspel, og kjem til slutt til innlegg, 45 grader. Der kjem Førde seg mellom, og får til slutt klarert. Må klare å løfte presset og intensiteten nå heimelaget. Elles blir det veldig tungt den neste halvtimen.
56'
Frispark
Savland blir stoppa kontant, nok ein gong av Flo, og denne gongen var det ikkje kamp om ballen. Førde hadde ein god moglegheit til å kontre der, og at det ikkje kjem opp eit kort der er heller rart. Heldig der Sogndal sin kaptein.
55'
Frispark
Savland får ein lanke i aniktet frå Flo. Utilsikta men vondt.
55'
Frispark
Hauståker lager frispark når han presser hardt 5 meter inn på eigen halvdel.
55'
Spelt 8 minnutt av andre omgang, og denne omgangen har vore berre Sogndal så langt.
53'
Hjørnespark
Slår på fyrste , og nok ein gong header Østvik vekk.
53'
Hjørnespark
Kommunikasjonssvikt mellom Larsen og Hanssen, og Førde må gi vekk ein unødig corner. Blir tatt kort, men Aamelfot speler ballen ut til ny corner.
51'
Kupen blir spelt gjennom og legg hardt inn. Ingen, for dagen svarte, sogndalspelarar jakter og ballen ender til Førdekast.
49'
Frispark
Hasutåker feller Hoven i fin posisjon. Flo legg inn, men Østvik klarer enkelt.
49'
543 tilskodaarar i dag, i det vi registerer ei heil ny venstreside i denne omgongen. Tek grep mot Førde sin dominans, Flo.
48'
Helgheim avslutter utanfor. God start for Førde i denne omgangen.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga kjem på bana att. Det blir bytter i pausen, frå begge lag.
Førde sin assistentrenar Knut Erik Folland er tidleg på bana att etter pausen. Kan det tyde på at vi får eit Førdebytte i pausen? Går i retning av Nikolai Hvidsten og Ruben Holsæter. Er det problem i den sentrale trioen til Førde? Sogndal har også to mann i meir intensiv oppvarming. Tydeleg at ein ikkje har tenkt å gi ved dørene.
Pausen kunne ikkje komme på eit betre tidspunkt. Sommaren i Førde er over, og nå er det skikkelg haustvær. Vonar Storevik har rukke å telje alle tilskodarane før ein spring under tak.
Laga tek ein pause, og for Førde må ein i alle fall sei at det er vel fortent. Sogndal har tydeleg kvalitetar, men samspelet sit ikkje, og ein treng enkeltprestasjonar for å få med seg noko frå Førde Stadion (slik det ser ut i fyrste omgang). Trioen Bergset, Aamelfot og Savland har herja, og ein må berre håpe for Førde sin del at dei har bein til å stå heile kampen.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+2'
Frispark
Bergset lager frispark på midten, og det er nok noko av det siste som skjer. Eg tørr påstå at Førde har vore best denne omgangen.
45'
Mål!
1-1
Det er vel fortent! Aamelfot for n-te gong gjennom på sida. Heilt på dødlinja når han ballen og legg 45 grader. Der kjem Savland og flikker ballen over Sæteren, under hardt press. Kjempekontring av Førde.
45'
Offside
45'
Hanssen med hasardspel som bakre mann. Slepp med skrekken.
42'
Mål!
0-1
Der sitt det for Sogndal, og det er ikkje naudvist fortent. Hoven bryt ein litt lat utsidepasning frå Bergset mot Helgheim og stormer i angrep. Østvik må ut på backen og etterlet eit stort rom inne. Der kjem Kupen på bakre og finter ut både Aarøen og Hanssen. Avslutninga blir like vel blokkert, men ikkje lengre enn til Diaz som er sikker frå 9 meter.
41'
Hjørnespark
Der blei det farleg. Gueye møter ballen på fyrste og header på tvers av mål. Sklir utanfor målet til Hanssen.
40'
Hjørnespark
Ingimardundson prøver seg ein mot ein. Får corner mot 16 åringen Hvidsten.
39'
Hjørnespark
Førde blir tatt i ubalanse for fyrste gong på lenge. Sogndal stuper fram, men ender ikkje med meir enn corner. Dei har så langt vore ufarlege frå Sogndal. Denne er ikkje eit unnatak.
38'
Hjørnespark
38'
Offside
Slår inn , men blir klarert på fyrste. Returen blir etter kvart blese offside på.
38'
Slår heller kort på Savland som kriger seg til skudd. Sætren må i strekk på næraste stolpe. God sjanse.
37'
Frispark
Frispark til Førde i god innleggsposisjon. Stabler inn i boksen, og Østvik peikar påå bakre.
36'
For andre gong i denne omgangen glir Aarøen i ein farleg situasjon. Denne gongen fører det til eit vedvarande press frå Sogndal før Nord fyrer til på heil volley. Godt utanfor målet til Hanssen, men posisjonen var veldig god.
33'
Ville ikkje vere uråd for dommar Orheim å blåse straffe for den haldinga på Aamelfot før han får lagt inn. Vurderte det nok til at det var ein for god posisjon, og at Aamelfot også kunne skyte relativt uhindra sjølv.
31'
For ein sjanse for Førde! Savland og Hauståker speler vegg, og sistnemnte slepp Aamelfot gjennom mot Flo. Flo prøver å skjerme men Aamelfot stjel ballen. Med ein ryggsekk frå rett utanfrå Stryn på ryggen får han lagt 45. Der kjem Savland. Heldigvis for Sogndal får dei ei tå på ballen, og avslutninga går i ein bue over keeper mot mål. Ballen går dog så treigt at Sætren kjem seg opp att før ballen går i mål.
30'
Duskregn, gras, og skitakling. Larsen med dagens mest lekre prestasjon då han kjem flygande og takler ballen klokkeklart frå Ingimundarson på veg framover.
29'
Østvik prøver ein lang ball framover. Går rett i fyrsteforsvarer. Sogndal kan kontre, men heldigvis frå Førde har linjemann Akse settnoko ureglementert.
28'
Tore Andre Flo uttalte til Firda før kampen at det ikkje var nokon Førdespelarar som var aktuelle for Sogndal på kort sikt. Uvisst om Skorve og Flo (Per Egil) er einige i det. Høgresida til Førde herjar til tider med Sogndal.
27'
Nytt skudd, denne gongen Helgheim. Utan skikkeleg tilløp går den rett på Sogndal sin keeper.
25'
Frispark
Frispark Førde i meget god posisjon. 22 meter litt skrått. Aamelfot og Østvik står klare. Det blir Aamelfot. Rett utanfor i keeperhjørnet. Uvist om Sætren hadde teke den.
24'
Hjørnespark
Hoven dreg seg inn frå midten og skyt. Hanssen er i stolperota og gjer ei ggod redning. Corneren blir det ingenting av.
24'
Må Sogndal vise Førde respekt? Ser ut som dei har lagt om til ein rein 4 -3 - 3 etter kvart. Meir folk i midten.
23'
Frispark
Nemnte Kupen riv ned Aarøen inne i 16, og Førde kan spele ballen fram att.
22'
Frispark
Kupen får frispark på veg framover, i ein heilt rein skulder mot skulderduell med Bergset. Blei rett og slett for lett der, Kupen.
21'
Offside
21'
Per Egil Flo går over ende med Aamelfot i ryggen, vil ha frispark men det får han ikkje . Linjedommer Paulen får der i mot ikkje med seg at det skal vere dødball til Førde i god posisjon. Ender med kast til Sogndal.
19'
Aamelfot fri på høgre, og det er berre marginar frå at samspelet med Bergset og Savland ber frukter. Sogndal kontrer, men der viser Østvik ein anna vektklasse og stopper Dias kontant.
17'
Frispark
16'
Frispark
Aarøen lager frispark på 35 meder ved sidelinja. Flo slår inn, utoverskrudd. Der kjem Hanssen og er sikekr i klypene. Blir ein kollisjon og Hanssen tek teljing i 10 sekund. Godt keeperspel.
16'
Fyrste avslutning i kampen frå Sogndal. Frå 25 meter langt over målet til Hanssen.
15'
Førde legg seg lågt att, og Sogndal slurver ballen upressa ut over sidelinja 10 meter inn på Førde sin halvdel. Har fått kampen inn i sit bilete nå Førde
13'
Frispark
Førde får frispark på eigen halvdel, til venstre. Speler ball rundt, og opp på høgrekant. Heilt inn til keeper.
12'
Tverligger frå Hauståker. Førde bryt og kjem framover. I midten tek Hauståler over ein laus touch, og hamrer ballen over keeper. I "krysstanga" og ned på streken. Sætren kjem seg opp att og fanger andreball føre Savland som var klar til å dryle til.
11'
Sogndal konterer, men får lite ut av den. Slår til slutt ein lit håplaus ball ghebbin feltet. Aarøen er heilt åleine, men ballen sklir under foten. Steinset er plutseleg åleine, men nemnte Aarøen kjem seg inn at i situasjonen.
10'
Stor sjanse for Førde. Nok ein gong på høgrekanten. Denne gongen finn Savland Hauståker, som sett ballen langs bakken mot mål. Diverre for Førde får Hoven ein fot mellom, og ei god avslutning som ville satt Sætren på prøve går ut i ingenting.
9'
Førde vinn eit kast midt på bana, Aamelfot tek ansvar og kaster Savland gjennom. Legget når nesten Hauståker.
8'
Helgheim får to hender på skuldrane rett utanfor Sogndal sin 16.meter, og går i bakken. Går lett i bakken der, og dommer lar seg ikkje overtyde. Ville vore eit veldig fint hold det.
7'
Bergset plasserer seg høgt til høgre i bana når Førde har ballen i bakre rekker. Savland og Aamelfot er tett på duellen kring han. Tydeleg plan frå Førde, i det offensive.
5'
Hjørnespark
Tek den kort, og får etter kvart ballen mot mål. Ender med 5-meter.
5'
Nesten kluss i forsvaret til Førde. Hvidsten blir ubesluttsam og det fører til 3 - 4 halvvegs duellar kring 16.meteren før Førde får unna ballen. Må vere konsentrerte i slike situasjonar Førde
4'
Glatte tilhøve på Førde Stadion i dag. Rett og slett sleipt. Voanr alle spelararne har skikkelege knottar under skoa.
2'
Frispark
Sogndal får frispark på kanten av 16. meteren, nede ved sidelinja. Hoven slår inn frå farleg posisjon, men Førde klarerer enkelt.
1'
Frispark
Bergset lager frispark på midten. Kan bli viktig med sin fysiske kapasitet i dag Bergset.
1'
Sogndal med avspark, og Førde legg seg med ein gong lågt. Flo fører opp i midten, men Aarøen bryt fyrste stikkaren fram. Førde tek over.
Avspark Start 1. omgang
Spielführerane Hanssen og Flo får sine instruksjonar. Sogndal speler mot Jølstra og Hafstadkleiva.
Ikkje like mange folk på tribuna, som på 16. mai endå. Uansett er det begynt å komme ein del folk, og laga er klare i "spelartunnelen" Skreien vifter i gang signalet, og laga kjem på bana til NT-fanfaren. Vi ynskjer alle involverte lukke til. Livet er herleg med fotball.
10 minuttar til kamp, og laga spaserer mot garderoben for å få nokon siste visdomsord. "Førdianarane" planter flagga sine på vollen, medan Saftkoraradn heiser sitt flagg på sittetribuna. Alt er klart for kamp!
30 minutt til kampstart. Laga er på bana, der begge keepergruppene allereie har vore ei stund. Sogndal varmer opp rett framfor "bua". Ser konsentrerte ut gutane som Flo har valgt ut. Samstundes tek tidlegare Sogndal og Førde-spelar Benny Rivedal, som skal kommentere kampen live, notater frå assistenttrener Bolseth hjå Sogndal.
Det er gløtt av sol på stadion. For alle som diverre ikkje kan komme på stadion, så skal vi gjere vårt beste for å halde dykk oppdatert på utviklinga i kampen. Om det skulle falle mellom to stolar kan ein også følgje kampen på Firda og direktesport. Om ein har abonnement kan ein sjå livebileter frå stadion. Frå klokka 18.00 blir det også arrangert fotballstudio i samband med denne kampen.
For Førde ser vi to endringar frå laget som tapte mot Florø. A. Hvidsten har komme inn på venstreback, og Østvik tek plass som stopper. På høgrekanten er S. Aamelfot tilbake frå start, for fyrste gong sidan serieopninga i midten av april.
Lagoppstillingane er klare. Sogndal gjer 8 endringar frå laget som spelte søndag. Berre Hoven, Twum, og Ingimundason er att frå laget som tapte 2-0 for Ranheim. Vi merker oss også at både Kupen og Diaz speler frå start. Om dette blir 4 - 4 - 2, eller 4 - 3 - 3, er vanskeleg å lese.
Vi kjem attende ein time før kampstart med lagoppstilling. Følg med!
Dommar i kveldens kamp er Sivert Endestad Orheim frå Florø FK. På linjene har han med seg Andreas Ytredal Akse frå Hyllestad IL og Anders Paulen frå Breimsbygda IL. Geir Arne Kvam (Hafslo IL)er dommervegleiar.
Førde har på si side hatt ein relativ mager poengfangst i ligaen. Seinast på fotballen sin nasjonaldag tapte ein 1- 2 heime mot Florø i eit skikkeleg vestlandsderby. Kampen var like fullt eit stort steg framover spelmessig for dei kvite og svarte. I Førde er fleire spelarar på veg attende frå skade, ei skadeliste som har vore lang som eit uår, i det siste. Korleis Terje Rongsø prioriterer denne kvelden blir også spanande å sjå. Er dette ein rein bonuskamp, eller vil han gå for å detonere ei bombe mot sin gamle arbeidsgiver?
Sogndal FK har dette året prestert veldig godt i 1. divisjon, og plukka poeng jamnt og trutt. Førre kamp for Sogndal var det derimot stopp. Søndag tapte Sogndal 2 - 0 borte mot Ranheim. Konsekvensane av det er at det er, i skirvande stund, Noreg sitt 18. beste fotballlag som vitjar Førde i kveld. Så er det alltid spanande å sjå korleis Tore Andre Flo prioriterer sitt mannskap etter ei lang bussreise, og kort restitusjonstid. I tillegg er dette ein midtvekekamp på naturgras før ein skal vidare til nok ein bortekamp på kunstgras neste helg på Gjemselund.
I nyare tid har Førde og Sogndal møtt kvarandre ved to høve i NM. Dette var i 2010 og i 2016. Eldre høve må gjerne diskuterast kring kaffikoppen ut over ettermiddagen. Ved begge høve vann gutane frå saftbygda med eit mål (hhv 2-3 og 0 - 1). Førdianarane hugsar nok med glede NM 2016, då dei detonerte ei god gamaldags NM-bombe og slo SK Brann ut av turneringa. Spørsmålet er som alltid... kvar smell det i dag?
Førde Stadion har bada i sol dei siste dagane, og endeleg har graset verkeleg begynt å vokse skikkeleg. Banemannskapet har vore i sving og preparert bana så godt som råd. I tillegg har naturen vore til god hjelp det siste døgnet. Godt med nedbør har jamna bana fint, og det er gode tilhøve for ein kjempeflott NM-kamp. Regnet skal nok ikkje skremme vekk publikum denne kvelden. Skodda og regnet har løya, og yr lover til og med solgløtt kring kampstart. Med andre ord kan det nesten ikkje bli betre tilhøve for kombinasjonen spelarar/publikum.
God dag og velkommen til Førde Stadion. Fire dagar etter at NM 2022 er ferdig, og SK Brann er blitt meister, starter NM 2023 for alvor med fyrste ordinære runde og vårens vakraste fotballeventyr.