Oppsummering
Kampen er slutt, Sogndal tek eit steg vidare på vegen mot Ullevål medan Førde må fokusere på serien. 604 tilskodarar fekk trua på ei cupbombe etter at Førde tok leiiinga etter 24 sekunder ved Nistad. Det gjekk like fullt fort frå draum til mareritt og Sogndal tok seg etter kvart enkelt vidare. Særskilt Baidoo, Nundal og Hinsta var ein håndfull for heimelaget sine forsvararar. Det blei aldri ein finspelt kamp, men vi hadde nokre fine enkeltprestasjonar. Baidoo sine raid, Trollebø sitt frispark, og Silja sitt smil når ho fekk att I-phonen sin, for å nemne nokon. Fokuset på at dette var ein bonuskamp for Førde virka å prege laget for i tæl og trøkk mangla det diverre mykje, men så skal vi hugse på divisjonsforskjellen. Trollebø får provet på banens beste av speaker Hagen, og vi ynskjer Sogndal lukke til vidare i sesongen. Vi vonar vi ser publikum att fyrstkommande søndag, kloka 17..00 mot Askøy. Ein kan då varme opp med damekamp, Førde mot Åsane 2, i "Parken" frå klokka 14.00. Vel møtt!
Referat
Kun høydepunkter
Tore Andre Flo har nå ein time på å nå Kick-Off i Dale. Vi vonar politiet er klar med fartskontroll i fjorden.
Kamp slutt Slutt (2-6)
90+2'
Vi er godt inne på overtida, og Førde må vel erkjenne at "intet tre veks inn i himmelen". Må mobilisere inn mot neste kamp, søndag mot Askøy, om det skal bli poeng der. For Sogndal fortsett den gode sesongstarten, og det kan bli ein god sesong i saftbygda - sjølv om dei to føregåande kampane gir ein betre indikasjon enn kveldens kamp.
90'
Nikolas Trollebø får pizza for to hjå Peppes Pizza, etter eit nydeleg frisparkmål. I ein kamp der det kollektive ikkje kan seiast å ha vore fullgodt blir gode enkeltprestasjonar lønna,
90'
Kjempesjanse for Nundal etter at Sogndal kjem seg rundt på venstrekanten. Ballen sprett litt feil, og sleiven frå 7 meter høyrer heime i ei pondusstripe.
86'
Høynes kjem seg endeleg fri til høgre i bana etter å ha dratt av Twum, men innlegget blir stoppa kontant av Olugbe.
83'
Med ti minutt att på klokka kan vi byrje å snakke om at Førde i alle fall har spelt uavgjort i denne omgangen. Vi kan også sei noko om duellkraft, og vi kan og sei at Savland tidvis har fungert godt i oppspelsfasen etter at han kom inn.
81'
Sandal redder Hanssen. Fyrst kjem det ein lang ball over Førdeforsvaret som Hallstensent timer dårleg på. Tefre er heldig som treff ball i det han takler, for han tek også mann, som bakerste. Ballen hamner hjå Hanssen som skal sette enkelt i gong, men ballen hamner rett i beina til ein Sogndalspealr på 35 meter, med ope mål. Heldigvis er unge Sandal på plass og får ein fot framfor ballen.
77'
Tefre går knallhardt til og Stavø må ut på tertandekket. Slikt trykk vil vi ha meir av, og Tefre legg inn ein god søknad om meir speletid.
76'
Silja er overlukkeleg når ho får utlevert sin I-phone, lettare knust skjerm, i speakerboda. Vi sett den på kontoen som vil gi løn frå julenissen ni månadar fram i tid.
74'
Meir Førde nå, og Nistad kjem til avsluting frå 14 meter litt skrått. 2 meter utanfor i ein god posisjon.
73'
Savland på veg gjennom og forsøker chippen. Keeper får akkurat opp lanken, og plukker ned ballen.
70'
Hallstensen spring opp Stavø på veg gjennom. Ein god defensiv prestasjon av Førde sin stopper.
67'
Hadde dette vore ein kamp som hadde vippa hadde Høynes blitt vist ut. Ligg nede, og har fått fordel, men vel å sparke Nundal knallhard i leggen som hemn. Dommer Søgnen let det gå.
60'
Sogndal prøver på akkurat det same, men denne gongen stopper det i Rognebakke.
59'
Førde kjem rundt til høgre i bana, og vitjar Sogndal sin 16 meter. Stær-Jensen plukker det harde legget, sjølv om han treng to forsøk.
54'
Søgnen bles når ein Sogndalspelar ligg nede. Dropper ballen til Sogndal, som ikkje speler ballen til Førde. Uvist om det er fair, eller ikkje.
50'
Sogndal slår attende med ein gong. Baidoo parkerer Grimeland på fart etter at Sandal er uheldig og sklir. Legg inn mellom forsvar og keeper, og der kjem 5 -6 spelarar. Ballen går i mål, og vi trur det er Eriksson som er sist på ballen. Hanssen er sint og meiner det er frispark, og kanskje har han eit poeng om vi ser når ballen hamner i nettet. Ballen er like fullt over målstreken i den fyrste situasjonen, og VAR kan ikkje gripe inn.
Start 2. omgang Start 2. omgang
604 tilskodarar i dag.
Vi er straks klare for andre omgang, og rykta seier at det blir fleire byter på begge lag. Gode høve, for begge lag sine innbyttarar å vise seg fram nå. For Sogndal med låge skuldrer og postivitet, medan Førde sine innbyttarar vil vil gjerne vise at dei er betre enn dei som gjekk ut.
Dommer Søgnen tenkjer at nok er nok. Laga tusler i garderoben, og det blir spanande å sjå korleis Førde responderer på denne kalddusjen. Olav Flatjord ser lynande forbanna ut i det han passerer "bua". Aggressivitet er stikkordet som trenar Lekva må få laget til å forstå. Uansett om ein ligg lågt eller står høgt. I nabogarderoben kan nok Flo begynne å tenkje på korleis han skal motivere Dale-fotballen etter kamp.
Slutt 1. omgang Pause (1-5)
45+1'
Førde på ein sjelden visitt, og ballen går ein god meter over målet til Stær-Jensen. Eit lite lyspunkt i ein omgang der Førdelaget har rygga og rygga, etter å ha tatt leiinga gjennom god aggressivitet.
45'
Hvidsten misser ballen sentralt, og Sogndal konterer. Steinset fører framover med tempo og slepp Baidoo. Nok ein stor sjanse for heimelaget i det vi går inn i tilleggstida. Denne gongen kjem eit Førdebein i vegen.
43'
"Det blir nok ingen pizza i dag" sukker speaker Hagen, og referer til utdelinga av "heimelaget sin beste spelar" i det fleire vel å ta turen heim. Han har eit poeng for Førde har blitt veldig passive i det låge presset. Fråværet av rutinerte spelarr som seier kva som skal skje ute på bana og gir instruksjoner er heilt tydeleg. Bonuskamp eller ikkje, betre motstadenr eller ikkje. Dette held ikkje om ein vil konkurrere.
39'
Cupfesten er på mange måter avlyst, men Bergset, Nistad og Trollebø viser nokon fine kombinasjonar i det ei regnbyge er på veg inn fjorden.
32'
God sjanse for Sogndal, men ingen får skikkeleg kontakt med ballen, og den sprett ut til utspark frå Hanssen.
29'
Duellen Grimeland mot Baidoo har vore stille ei stund, men der kom den attende. Panikk i Førdefeltet, men avklaring til slutt.
26'
Rognebakke trakker, uheldig, på keeper, og får tilsnakk.
Låg variant etter kvart, som Bergset ikkje får mot mål.
23'
Nemnte Twum header også corneren, men denne gongen har Førde kontroll og kontrerer.
20'
Målscorer Nundal fyrer laus, men Rognebakke står i vegen. Godt skothold for Sogndal der, men fjellstøtt stoppararbeid.
15'
Trollebø vinn ein laus ball på 35 meter og fyrer av gårde eit skot. Langt hald, og fem meter over. Merker oss like fullt at presset til Sogndal var halvhjerta, og det vil bli moglegheitar for heimelaget også.
15'
Førde får løfta ballen opp i bana for fyrste gong på eit par minutt. Brattreit vinn duellen, men kan ikkje hindre at det blir eit kast til bortelaget.
12'
Ballen ligg i mål, etter nok ei fri heading frå midt framfor mål. Men Søgnen har blese lenge før ballen passerer streken.
11'
Baidoo viser prov på god fart, og parkerer Grimeland. Hallstensen rydder opp når legget kjem 45 grader.
8'
Skulle nok hatt den leiinga litt lengre Førde, men... Då er vi attende til utgangspunktet.
4'
Sogndal må nå framover, og gjer det. Hardt legg frå høhgre, frå Baidoo, som spielführer Hanssen plukker lett.
1'
24 sekund og heimelaget tar leiinga!
Høynes og Nistad jager høgt i det Sogndal tek over ballen (Førde starta med ballen). Stær-Jensen nyttar alt for lang tid med ballen når han skal slå den langt. Der kjem Nistad med ei lang tå, og blokker ballen i ein høg boge ned att i målet. For ei opning!
Avspark Start 1. omgang
Lyden av skuknottar mot asfalt lyd i det fjerne, og fokuserte blikk skode mot bana der eit av laga skal avansere mot Ullevål. Tom Cruise og Top Gun hymen må vike for lokale heltar i det Skreien gir eit signal og fanfaren går. Publikum, dommarar, trenarar og spelarar er klar til kamp, og det er vi også. Mindre enn 5 minutt til avspark! Har vi nemnt at dette er vårens vakraste eventyr?
Etter eit par fine dagar i Førde har været snudd det siste døgnet. Regnet har gjort bana både blautare og jamnare, og det blir spanande å sjå korleis grasmatta takler dagens batalje. At det blir raske tilhøve er det ingen tvil om, og så står det att å sjå korleis spelarane takler årets fyrste graskamp. Skruknottar blir det i alle fall, og lengselen etter å snøre på seg skoa aukar for kvart minutt som går mot kampstart.
Regnet er også på veg vekk - sola skin faktisk nå! -, og det er for tidleg på året til at myggen har begynt å vise seg. Ein nydeleg kveld for fotball!
Sogndal på si side rullerer kraftig, og vi får sjå mange unge spanande spelarar i dette oppgjeret. Også på benken har dei meir rutinerte fått fri, og benken består i hovudsak av unge lovande. Er det undervurdering, eller har Flo rett i at gutane hans er klare for dyst? Vi får i alle fall ein reprise av duellen mellom Twum og Bergset sentralt på midten frå fjorårets NM-kamp.
Lagoppstillingane er klar og vi merker oss at Førde gjer mange, og store endringar på laget.
Frå førre kamp er Vegard Gjermundstad og Simen Indrebø ute. Dei er ikkje ein gong i troppen. Om det er skader, eller eit føre var prinsipp, veit vi ingenting om.
I tillegg går må Mathias Helgheim finne seg i å starte kampen på benken, der vi blant anna finn Vegard Savland som blir involvert i ein førdekamp for fyrste gong i år. Inn på laget kjem Nikolas Trollebø, Jonas Nistad, og Svenn Ove Gjøringbø. Laget til Førde er veldig dynamisk, og utan å flytte nemneverdig på spelarane kan ein sjå dette som ein 6 – 4 – 0, 5 – 5 – 0, 5 – 4 – 1, eller ein 4 – 5 – 1 formasjon. Til noko anna er sagt vel vi å tru på det siste alternativet.
Spelarane Flatjord og Aarøen er framleis ikkje å finne i troppen til heimelaget.
Kampstart er klokka 17.30. Det er berre å sluke middagen og innfinne seg på Stadion der heimelaget jagar ei god gamaldags cupbombe. Skulle det være uråd å finne tid skal vi på «liven» prøve å gi eit fyldig referat.
Du kan også sjå kampen, og «glo på Flo», via Firda og Direktesport.
Vi er attende frå Førde Stadion om lag ein time før kampstart med lagoppstillinga og meir.
Dommar i kveldens kamp er Jakob Sande Søgnen frå Gaular IL. Han får med seg Kjell August Ytre-Eide frå Stryn T&IL, og Andreas Skeistrand Bakkelid frå Sandane T&IL. Førre gong Søgnen dømte Førde var 6 – 0 sigeren heime mot Sogndal 2 mot slutten av førre sesong.
Bortelaget vil nok rotere litt på troppen til denne kampen, og det blir fort spekulasjonar. Kanskje blir det debutt for den nye lånespelaren Emmanuel Olawafemi Olugebe, eller får vi sjå eit lag med lokalt ungdomspreg der spelarar som Johannes Konstanti-Lødemel, Mathias Øren, eller Kristoffer Steinset får prøve seg frå start? Ser ein benken til Sogndal i kampen mot Mjøndalen ser ein flust i lokale spelarar i slutten av tenåra. Ein får nok ikkje ein betre sjanse til å vise at ein kan prege ein kamp på A-lagsnivå enn fyrste runde i cupen.
Heimelaget kan nytte seg av Magne Aarøen og spelande assistenttrenar og superveteran Eirik Flatjord. Begge var utilgjengelege i seriepremiera. Vegard Savland er også byrja å røre på seg etter ein vinter prega av skader og kontraktstrøbbel. Elles har det vore eit spennande kjennskap i Thomas Hallstensen, medan Simen Indrebø og Edvin Brattreit begge har vore å sjå som nye signeringar etter å ha vore ute med skade dei siste åra. Kampen mot Bjarg viste også at Førde har begynt å implementere nokon nye spanande mønster under hovudtrenar Lekva og det blir spanande å sjå om ein også får sjå dei mot kveldens motstander. Sogndal må også være obs på Mathias Helgheim som har scora fire mål på to kampar i cupen så langt i år.
Førde starta serien førre helg, og vann 3 - 4 mot Bjarg i Bergen. Etter å ha vore under med to mål tidleg i andre omgang viste Førdelaget moral og kjempa seg attende med ei avgjerande scoring langt inne i overtida. Sogndal har spelt to seriekampar og fekk med seg eit imponerande 1-1 resultat på bortebane mot Vålerenga samt 3 - 1 heime mot Mjøndalen laurdag. Begge lag skal i aksjon att til helga. Førde møter Askøy søndag, medan Sogndal møter Åsane til "Monday Night Football". Så blir det spanande å sjå korleis trenarane Lekva og Flo disponerer troppane sine i dag. For Førde er dette ein bonuskamp, medan det for Sogndal er ein kamp som skal vinnast. Rykta seier at Tore Andre Flo skal rett vidare til Dale og delta på Kick-Off etter kampen. Han ynskjer gjerne at kampen er avgjort før eventuelle ekstraomgangar og straffespark.
Dette er ei reprise av fyrste runde i 2023. Då vann Sogndal 1 ? 3 etter å ha avgjort kampen med to seine scoringar. Vegard Savland scora Førde sitt mål, medan Diaz (2) og Nessø scora måla til Sogndal. Sjølv om Sogndal tidvis var litt skarpare enn Førde denne kampen var det overraskande jamt, til trass for ein vårsesong der Førde sleit stort.
I nyare tid har Førde og Sogndal møttest tre gonger. 2010, 2016, og 2023. Alle tre gongane har vore i ordinære rundar, og alle tre gongane har Sogndal gått sigrande ut av kampen. Kampane har vore særs tette og moglegheita for ei lite cup-bombe er difor heilt klart til stades.
Sogndal kjem sjølvsagt direkte inn i fyrste runde, medan Førde så langt har slått ut Høyang (1 – 5) og Florø (7 – 0) på sin veg mot Ullevål. Ettersom Sogndal er rangert over Førde i klubbhierarkiet går 1. runde i Førde. Kampen er sett opp på Førde Stadion, og vi håper grasmatta er klar for ny fotballsesong. Vekstduken har fått ligge i nær ein månad og gode temperaturar i påska har vore til god hjelp.
Førde Fotball, saman med generalpartner Sparebanken Sogn og Fjordane og kampsponsor BDO, ynskjer hjarteleg velkommen til Førde Stadion og fyrste runde i NM mellom Førde og Sogndal.