Referat
Kun høydepunkter
Sogndal går vidare til 3. runde i NM-cupen. Fortent utifrå banespelet, sjølv om også Førde hadde sine store sjanser. Vi takkar for følget, og ynskjer velkommen tilbake!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Dvergsdal skyt eit Førde-frispark frå langt hold. Rett på keeper!
90+1'
Vi er på overtid. Lagt til minimum fire minutt.
90'
Heimelaget slit med å score mål, og har berre to nettkjenning på sine tre serie- og to cupkampar så langt i år.
90'
Rygh er flytta opp som spiss for Førde, for å jakte 1-1.
88'
Langt innkast frå danske Pedersen. Opseth stussar vidare, og Ramsland skyt på volley. Over!
84'
Førde-trener Madsen har enno ikkje gjort nokon byter. Får vi sjå nokre unggutar på slutten av kampen?
82'
Savland får sjansen på 20 meter. Han klinkar til, men ballen sklir av foten i det han skal skyte. Utanfor.
78'
Frisparket blir slått inn i boksen. Der kjem Rygh i stor fart, men Sogndal-forsvaret får kontroll.
77'
Flatjord i fint driv, lurer Kjemhus, før Teniste legg han i bakken. Frispark ved hjørneflagget.
77'
Ramsland skal inn for Sogndal om litt.
76'
Dvergsdal ligg nede for telling. Har vondt. Får trøst av Snapchat-Bjerke. Sisteskansen hart styrt TV2-sporten sin snap i dag.
73'
Tidligare Førde-spelar Sondre Laugsand har akkurat scora for Senja mot Tromsdalen. Førde skulle trengt han no.
71'
Kjemhus signaliserer at han vil byte.
70'
Koomson har fått seg ein trøkk. Straks tilbake på bana att.
66'
Pausepraten i Sogndal-garderoben har ikkje nådd fram.
65'
Myrkaskog er nære på å komme aleine med keeper. Berre ein god Patronen hindrar det!
64'
Opseth går i bakken inne i feltet. Vil ha straffe, men får det ikkje.
64'
Lukter litt 0-0, ekstraomganger og straffespark.
63'
Savland på fint løp inne i feltet, men bommar på ballen i det han skal skyte! Myrkaskog får etterkvart ballen, og han skyt høgt over.
62'
Det meste handlar om Sogndal no. Men Førde forsvarar seg godt.
59'
2875 tilskodarar ser kampen.
58'
Sogndal held oppe trøkket. Fleire innleggsforsøk, men ingen av Sogndal-spelarane kjem først på ballen inne i boksen.
56'
Langt oppspel mot Savland. Han får ballen på 16 meter og skyt. Utanfor.
55'
Sogndal har opna klart best etter pause.
54'
Opseth skyt - rett i muren!
51'
Sogndal prøver seg. Både Holsæter og Koomson med kvart sitt innlegg, men Førde får kontroll.
50'
Den kraftige vinden er like sterk etter pause. Denne gongen bles den i ryggen på Førde-spelarane. Omlag 6 m/s.
48'
Kvalvågnes driv framover, men har Sarr jagande like bak. Blir nok litt stressa, for avslutninga var det ikkje dreis over.
46'
Opseth vandrar langs sekstenmeteren, men skyt ikkje. Ufarlig.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga på veg ut på bana igjen.
To lokale helter blir hylla med "gratulerer med dagen" over speaker-anlegget, framført av to lokale jenter med bra guts. Usikker om det hadde holdt til avansement vidare til finalerunden i Idol, men tanken var i alle fall klasse over.
Då går laga i garderoben på 0-0. Sogndal har hatt ballen mest, men Førde har hatt den største sjansen. Den kom då Kvalvågnes bles ballen over frå kort hald. Det står att minst 45 minutt spennande minutt i Hafstadparken!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
15 sekund att av tilleggstida.
45+1'
Godt frispark frå Dvergsdal, men ingen Førde-spelarar får endra retningen på ballen. Utanfor.
44'
I 1. runde i 2012 rauk Sogndal ut mot Florø. Frå det laget som spelte då er Holsæter og Teniste på bana i dag. I tillegg var trener Bakke med på den cupbomba.
42'
Avslutning frå Otoo. Utspark frå Bjerke det neste som skjer..
41'
Nærmar seg pause. Førde har fått kampen inn i sitt spor: 0-0.
39'
Melhus heng på slep på Koomson i 4-6 sekund. Ikkje kort, meiner dommaren. Bakke fortviler på Sogndal-benken.
38'
Myrkaskog set ballen like utanfor. Linjemann Håre var hårfint oppe med flagget.
36'
Psyche nede for telling. Heldigvis oppe å går att.
34'
Otoo skyt frå 18 meter. Bjerke med FIFA-redning!
32'
Koomson får ballen inne i feltet av Kjemhus. Han skyt - like utanfor!
32'
Myrkaskog klinkar til frå 20 meter. Rett på Dyngeland.
31'
Kjemhus står for ein av Sogndal sine første avslutningar i retning mål. Skotet frå åtte meter går over. Vinkel var skrå der.
31'
Tøffe tak ute på bana. Kaptein Kvist trøkker til, og Opseth får frispark.
29'
Gjestene har tatt over meir av banespelet, men produserer framleis ikkje målsjanser.
28'
Kjemhus slår inn frå venstre, men Kvist nikkar unna.
26'
Er ikkje tippeligastandard over det Sogndal har levert dei første 25 minuttane.
24'
Førde spelar i kraftig motvind i denne første omgangen.
24'
Tilbakespel til Bjerke, som han slår rett til Opseth. Gjestene får corner.
22'
Teniste slår eit frispark rett i klypene til keeper Bjerke. Svakt.
18'
Førde er fullt på høgde med tippeligalaget Sogndal så langt.
17'
Flatjord kastar inn, og Myrkaskog stussar vidare. Der får Sogndal klarert.
15'
Kvalvågnes får frispark i duell mot Psyche. Er ikkje den første som har fått det.
14'
Melhus slår inn i feltet, men Dyngeland er sjefen der.
10'
Stor sjanse for Førde! Flatjord kjem seg rundt på høgrekanten og slår inn i feltet. Der er Lund Holm på rett plass. Han vender og skyt - og Dyngeland reddar! Returen går rett i beina på Kvalvågnes - men han bles den over frå sju meters hald!
8'
Jamn kamp så langt.
5'
Halvsjanse for Førde. Skot like over frå 22 meter!
4'
Melhus får frispark på midten.
4'
Dvergsdal slår inn til Kvalvågnes, men han klarar ikkje å få kontroll.
3'
Hands i Førde-forsvaret, og Bakke reiser seg då Sogndal ikkje får frispark. På samme tid sklir linjemann Håre, og blir liggjande 20 meter på etterskot.
3'
Han slår inn i feltet, men Opseth ryddar opp.
2'
Dvergsdal skal ta det.
2'
Myrkaskog får frispark i duell mot Psyche. Flyttar opp laget.
1'
Kampen er i gang!
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana.
Begge lag er i gang med oppvarming og publikum strøymer til Hafstadparken!
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart.
Sogndal stiller med følgjande tropp i kveld: Mathias Dyngeland, Mahatma Otoo, Stefan Hagerup, Kristian Fardal Opseth, Ruben Holsæter, Magnus Pedersen, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Fredrik Flo, Taijo Teniste, Eirik Birkelund, Gilbert Koomson, Simen Brekkhus, Rune Bolseth, Martin Ramsland, Babacar Sarr, Ole Amund Sveen og Lars Christian Kjemhus.
Etter onsdagens cuprunder er følgjande 2. divisjonslag vidare til 3. runde: Brattvåg, Nardo, Stjørdals Blink, Bærum, Vindbjart og Nest Sotra.
Kristoffer Hagenes er dommar i dagens kamp. Han representerer Hovding og er vanlegvis hovuddommar i OBOS-ligaen.
Kampen går i Hafstadparken ettersom bana på Førde stadion er stengd. NFF var nyleg på besøk for å sjå på forholda på grasmatta der. Resultatet av besøket vart at seriekampen mot Vidar 1. mai er utsett. Men denne cupkampen får altså gå på kunstgraset i Hafstadparken.
Hos Førde er Spurkeland ute med skulderskade som han fekk i kampen mot Vålerenga II på måndag. I tillegg ser Edin Øy kampen frå tribuneplass, ettersom han er på utlån frå Sogndal.
Førde sjokkerte Brann og Bergen i førre runde. Sunnfjordingane vann etter straffespark-konkurranse, og stod for den aller største cupbomba i Fotball-Norge i 1.runde. Lysta til å gjere det same i 2. runde er nok like stor hos vertane. Sogndal hadde få problem med å sende Valdres ut av cupen i deira første kamp i årets NM.
Hei, og velkommen til livedekning av NM-cupen og oppgjeret Førde - Sogndal i 2. runde!