TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Kampen er over og Førde vinn 10 - 0. 10 - 10. Det var klasseforskjell på laga, sjølv om bortelaget stod godt i mot i ein halv omgang. Når fyrste målet kom var det derimot ingen veg attende. Det blir ein lang tur over fjellet for gutane frå industribyen. Så får vi sjå om dette var kampen som snudde sesongen til Førde? Det får vi sjå neste helg når dei skal møte Spjelkavik på bortebane. Rongsø er nok veldig nøgd med at laget begynner å sette ballen i mål. 4 mål av Aamelfot, 2 av Savland, 2 av Aarøen, og mål av Østvik og Rognebakke let høyre frå seg. Dødballmål, gjennomspel, defensive brudd, og gode samspel er mykje å bygge vidare på. Må skryte litt av keeper Hooshangi, som etter å ha slept inn 10 mål tek turen og takker alle heimelaget sine spelarar for kampen. Var nok bortelaget sin beste spelar også. Vel møtt til neste kamp på stadion, 25.06, mot HamKam2.

Referat

Kun høydepunkter
Hagen og Løseth i bua ynskjer alle ein fortsatt fin søndag. Nyt det fine været.
Kamp slutt Slutt (10-0)
90+3'
Offside
Hårfint, men rett, i det Helgheim er på veg gjennom.
90+3'
Raufoss 2 har fått litt rom dei siste minuttane, men det stopper før det blir farleg. Der fekk bortelaget eit legg, på tvers av boksen, men ingen klarer å få hovudet på ballen.
90+2'
Helgheim får seg ein smell og ligg nede. Vanskeleg å sjå kva som har hendt, men det er ankelen som får tilsyn.
90'
Vi speler på overtid, i det Raufoss 2 skyt 2 meter over.
90'
Styre kaller inn supportergjengen. Når alle på laget kan forsvare tittelen "bana sin beste", får dei siste ordet. Det blir Magne Aarøen som vinn denne kåringa. Vel fortent.
88'
For ei redning! Savland åleine, men ein spagat frå keeper held ballen ute.
88'
"Styremøte" i bua nå. Storevik, Hagen, og Folkestad, konkluderer punkt1 på agendaen med at det blir tre poeng til heimelaget. Verre er punkt 2, kven blir banens beste?
86'
Offside
86'
God ball frå Aamelfot mot Trollebø, som er på tur inn bak Raufoss 2 sitt backledd. Godt innhopp av debutanten.
84'
Frispark
Savland lager frispark i duell med stopper Magomadov. Ikkje veldig stygt, men nok til at Magomadov får krampe og må ta teljing i eit lite halvminutt.
84'
Aase prøver på ein vanskeleg stikker på eit Raufoss 2 som nå ligg veldig djupt. Blir brudd i mot. To balltap på kort tid nå av Aase, men dei andre kvite tek fort over ballen att.
83'
Førde er plutseleg over streken, dog med ein kamp meir spela.
82'
Hjørnespark
Aamelfot får Hooshangi ut i full strekk, og stjel ballen føre Savland. Corneren bokser også den unge keeperen vekk.
81'
Spillerbytte
80'
Mål!
10-0
Savland - til Aamelfot, og mål. Men her skal vi berømme eit kjempearbeid av Trollebø, som bryt ballen på 22 meter med ei sugande takling. Åleine med keeper sett Aamelfot sitt 4. for dagen,
77'
Førde førebur keeperbytte. Det ser du ikkje ofte i ein seriekamp, når det ikkje er snakk om skader.
76'
Hjørnespark
Nå er Raufoss 2 gått heilt opp i liminga. Alt går Førde sin veg. Her kan det fort bli meir for heimelaget, som før kampen starta med 12 minusmål.
75'
Førde treff "krysstanga"
75'
Aase skyt knallhard frå 18 meter. Hooshangi har ikkje gjort seg vekk, til trass for 9 i sekken. 4 kvalifiserte redninga til unguten så langt.
74'
Litt mindre rytme i kampen nå, etter 7 bytter. Naturleg det. Førde framleis laget som fører kampen.
73'
Hjørnespark
Treff... Bergset...nok...ein...gong... og ... nok ... ein ... gong ... over....
73'
Trollebø nesten gjennom igjen. Nydeleg løp og stikker, men keeper Hooshangi kjem akkurat ut og får handa på ballen. Lenge sidan førre corner nå, så det passa.
72'
205 er tilskodertalet i dag.
70'
Spillerbytte
68'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
67'
Mål!
9-0
Midt i byttebonansaen kjem Førde på nytt. Nedover høgrekanten, men nå er det Savland som ligg der ute. Inne i feltet ligg Aamelfot, og han tupper ballen forbi keeper, og 9 - 0.
66'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
65'
Spillerbytte
63'
Gult kort
Den er grei. Hauståker kjem alt fir sint inn i Hosainy, og lager frispark, djupt inne på Raufoss 2 sin halvdel. Soleklart gult kort.
63'
Frispark
Rognebakke får Bakar i ryggen, og får frispark.
61'
Frispark
Løfter inn, og Bergset, klarerer. Blir og dømt offside i duellen.
61'
Gult kort
Lager frispark, og stopper ein overgang, 50 meter frå eige mål.
61'
Må berre beklage til alle som følgjer kampen med bortelaget sine auge. Det skjer så mykje, at underteikna ikkje alltid får med seg kva spelar i gult og svart som er involverte.
60'
Aamelfot gjennom, og under hardt press vil han ha straffe. Får ikkje den på 8 - 0. Savland skyt langt over på neste forsøk.
57'
Mål!
8-0
Eit nydeleg angrep. Etter å ha brutt ballen i bakre rekker trer Flatjord fint inn i midten. Rognebakke snur seg, og trer gjennom Bergset. Han fører fram og slepp ballen gjennom til Aamelfot. I staden for å skyte legg han ballen på tvers. Savland har ingen problem med å dempe ballen, og sette den i nota.
57'
Østvik og Helgheim har funne tonen utover i kampen. Speler fint vegg, men innlegget med feil fot tek i ein mann, og Hooshangi får kontroll
55'
Frispark
Raufoss 2 får vere med å leike litt, men når dei nærmar seg Førde sin boks er både Bergset og Aarøen oppi shortsen til Bakar. Førde får og frispark i neste situasjon.
54'
Aamelfot skyt - 1 meter utanfor - frå 18 meter. Kunne tatt med ein nydeleg overlapp der, frå Hauståker.
53'
Frispark
51'
Mål!
7-0
Den blir godkjent.
50'
Vilnes annulerer målet. Holsæter er åleine på bakrestolpe og header på tvers av mål. Han finn Savland som kjem langt bakfrå, og er rett og slett for rask for forsvaret. Det kan ikkje vere offisde på Savland, men kva med Holstæter? Skjerven tek ein prat med assistenten.
50'
Frispark
Frispark midt på halvdelen til Raufoss 2. Aamelfot står klar.
49'
Savland kjem gjennom, og legg 45. Aamelfot bommer på fyrsteballen, men smell til på nummer to. Kjemperedning, og påfølgande blokkering.
48'
Mål!
6-0
Corneren blir klarert, men på andre forsøk kjem legget til Østvik. Knuser oppassaren sin, og header kontant inn 6 - 0
47'
Hjørnespark
47'
Skattebo header i eigen tverrligget, under press frå Savland.
46'
Førde rett i angrep, Helgheim til Aamelfot som legg at til Savland. Treff ikkje reint, og ballen ender enkelt til keeper.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Blir spanande å sjå korleis denne kampen utvikler seg. Vi Raufoss 2 fortsette å prøve? Er Førde nøgd? Får unggutane prøve seg? Vil ein rette opp heile målskilnanden, som før kampen var 12 mål i minus?
Tidligare førdespelar Kristian Bell, og skadeplaga Mathais Sagevik, synast det er godt at kompisane endeleg får det til å flyte. Har vore vondt å følgje med dei så langt i år, og håper dei nyter å spele fotball i varmen.
"Førdianarene" seier at dette er fyrste gong i år at Førdelaget ser ut til å ville spele ball, og kose seg. Sjølvsagt ser ein det på 5 - 0, men det gjaldt også fram til fyrste målet. Må sei at det er ein god observasjon av supportergjengen til heimelaget.
Det er tydeleg at det er ei heilt anna rolledeling i midtbaneleddet til Førde i dag. Rognebakke tek duallane, og speler enkelt fotball. Bergset og Aarøen spring som nokon galleislaver, og gir gode tilhøve på kantane og mange brudd. For Raufoss ser vi eit lag som prøver å spele ball, og når det stemmer med ein og to pasningar er det gode dugleikar. Diverre for bortelaget blir dei oftare spist opp enn noko anna. Fullt fortent leiing til heimelaget. 11 - 3 i avslutningar seier sitt.
Slutt 1. omgang Pause (5-0)
45+2'
Frispark
Frispark på 26 meter. Skotet går 40 cm utanfor målet til Hanssen som har god kontroll.
45'
Mål!
5-0
Aarøen med ny sveis, scorer sitt andre for dagen. Var veldig lik Savland bakfrå ettersom han tok alt håret i skammen etter tapet mot FuVo, noko som satte ut bua. Han legg ballen til venstre for keeper, på ein touch, etter assist frå Helgheim. Har vi sett det før?
45'
Frispark
Midt på bana. Sett i gang motsatt, og Førde kan klarerer etter kvart.
43'
Hauståker skyt over, frå 16 meter. Før det har Østvik, Helgheim, og Aarøen leika ute på venstresida i 10 trekk.
40'
Mål!
4-0
Aarøen banker inn 4 - 0, til venstre for keeper. Helgheim spring opp redninga frå Hooshangi, og legg tilbake. Aarøen sluttar aldri å springe, og treff ballen klokkereint. Utagbart.
40'
Kjemperedning av Hooshangi. Aarøen er arkitetkt og speler ball i hatt med Raufoss 2. Finn Aamelfot på 11 meter, og tvinger fram ei kjemperedning.
38'
Aamelfot finn Helgheim på bakre, men dårleg vinkel gjer at ballen sklir utanfor.
37'
Speler med nyvunnen sjølvtillit Førde. Speler av press langt inn på eigen halvdel. Ikkje alltid hjartet til speaker Hagen har godt av slikt, men enn så lenge har det fungert.
36'
Der... har vi fått laga til "Førdehymenen" att, og skulle det komme eit mål til skal musikken nok ein gong ljome.
35'
Frispark
34'
Frispark
Bergset får frispark, og Østvik prøver med ein innøvd variant til Aamelfot. I staden for å skyte på direkte tek han ein touch, og Raufoss 2 får klarert.
33'
Raufoss 2 prøver å svare, men skuddet frå 18 meter går langt over og til sida.
31'
Mål!
3-0
Bergset speler gjennom Aamelfot, og det er 3 - 0. Kontrollert ned i lengste. Gjer det ikkje enkelt for ein stakkars skribent Førde. Som skildra tidlegare er brudd farleg, og her fører brudd til at Aamelfot kan springe gjennom som kniv i varmt smør. Avslutninga, i lengste hjørne, er av godt gamalt varemerke.
30'
Mål!
2-0
Her går det fort. Akkurat når vi sit og skryt av mål nummer ein, så smell mål nummer to. Denne gongen small det på motsatt side, og vi kjem attende med målscorer. Vi rakk ikkjke ein gong gjere klar att "Førdehymnen" mellom måla.
28'
Mål!
1-0
Drikkepausen gjorde susen. Lang ball som Helgheim akkurat når nede ved cornerfalgget. Han tek med Østvik som finn Aarøen på eit kjempeløp. Han tek inn ballen og speler tilbake. Du skulle tru Man City supporter Aarøen hadde sett CL-finalen i går, for som Rodri kom Rognebakke spurtande. Med innsida sett han ballen, bak ryggen på forsvarar og inn i hjørnet bak keeper.
27'
Bakar kjem gjennom , og det kunne blitt ein god sjanse for bortelaget. Ærleg jobb av heimelaget gjer at sju spelarar kjem på rett side, og ein får klarert relativt enkelt.
26'
Godt sikringsspel av Flatjord når Holsæter ikkje går i duell med Bakar. Det er slike involveringar vi treng frå dei eldre karane.
24'
Drikkepause på Stadion nå. Kan vere naudsynt, og kanskje heimelaget får diskutert nok til å finne det siste giret for å få ballen i mål. Hjå bortelaget treng ein gjerne pausen for å samle seg, og fortsette det defensive arbeidet.
22'
Frispark
Aarøen får frispark midt på bana.
22'
"Nå er det mykje rart her" lyd det frå speaker Hagen. Etter ein lengre periode med overtak til Førde har ein nå begynt å komme litt ut av flyten. Ballen hoppar, sprett, og det blir ikkje veldig god fotball av slik.
20'
Offside
Prøver å spele Aamelfot rett gjennom, men linja til bortelaget er god.
20'
Frispark
19'
Hjørnespark
Raufoss med sitt beste angrep, nedover venstresida fører til dagens fyrste cornet, den andre vegen. Holsæter header ut, og Savland får frispark.
18'
Førde med mange gode tilløp til oppspel så langt, men anten unøyaktigheit, eller val, gir Raufoss 2 tid til å komme inn i blokk og taklingar. Nøyaktigheit er stikkordet, for Førde er hakket kvassare enn bortelaget så langt.
16'
Frispark
Heilt inn til keeper, via Østvik.
16'
Hauståker er unøyaktig på høgresdia, og Raufoss 2 kan kontre. Kjem seg inn at i situasjonen og lager frispark.
15'
Førde bryt høgt i bana, med Østvik og Bergset. Sender ballen til Aamelfot, som blir blokkert ned. Godt forsvarsspel i boksen til Raufoss 2
14'
Hjørnespark
Og der treff han nok ein gong Bergset, som header 20 cm over målet.
14'
Hjørnespark
Hauståker med eit farleg innlegg, som blir stussa til corner nummer 6 (på 15 minutt), i farleg område. Inga bombe, men det fører til corner nr 7.
12'
Frispark
Frispark til Raufoss 2 på 50 meter. Flytter opp og løfter inn, ut til 5 meter.
12'
Savland med ein nydeleg stikker, på heil volley, til Aamelfot. Diverre for heimelaget glir ballen vidare ut til femmeter.
11'
Raufoss 2 med si fyrste avslutnign for dagen. Utanfor frå 25 meter.
11'
Raufoss 2 kjem nedover høgresida, men Aarøen spring opp både ballfører, og bakcken som overlapper. Virker som bedre balanse i midtbaneleddet til Førde denne kampen enn tidlegare. Aarøen og Bergset tek godt føre seg.
9'
Frispark
Veteran flatjord skaller i duell med Hosainy, som blir liggande. Såg uforskyldt ut, men får ein så vondt så blir det fort frispark.
9'
Østvik får beskjed av Hanssen om å dempe ned eit gjennomspel. Det var ikkje den beste vurderinga for Somesi stjel ballen. Heldigvis har Førde mange spelarar på rett side, og det ender utan farlegheitar. Når vi veit kor slurvete Førde tidvis har vert i år, skal ein ikkje ha mange slike.
7'
Hjørnespark
Bergset, over.
7'
Hjørnespark
Til nok ein corner.
6'
Hjørnespark
Denne gongen finn ein Holsæter, og får heada mot mål. Helgheim spring opp ballen etter klarering og vinn endå ein corner.
6'
Hjørnespark
Lågt slått, og klarert til ny corner.
6'
Brudd på brudd er farleg. Aarøen bryt og slepp gjennom Aamelfot. Nok ein corner.
5'
Frispark
5'
Østvik får ei hand i ansiktet når han skjermer vekk Gashnjagi. Uforskyldt, men frispark.
4'
Ny avslutning frå Førde. Denne gongen har Hooshangi grei kontroll.
4'
Innøvd variant, som Helgheim avslutnign frå 10 meter. Kjempeblokk av fyrsteforsvarer. Førde kjem igjen, og Aamelfot finn Bergset i lufta. Frå 6 meter går ballen over. Store moglegheitar for heimelaget.
2'
Hjørnespark
Aamelfot med dagens fyrste raid ned høgresida. Får corner.
2'
Raufosss 2 med ein tydeleg 5 - 3 - 2 formasjon frå start. To spissar som presser hardt, og tvinger fram ein lang ball frå Flatjord. Førde går også høgt, og det er ein tydeleg duellfase i dei fyrste minuttane av denne kampen.
Avspark Start 1. omgang
Speilführer Hanssen og skipper Hooshangi, for øverig begge lag sine keeperar, får sine instruksjon av kampleiar og pipeblåser Skjerven. Laga bytter side, noko som tyder at Førde skal spele mot Hafstadkleiva og Jølstra frå start, og får også starte med ballen.
Skreien vifter i gang innmarsjen, fanfara går, og vi er strakts klare til fotball! Kan det bli betre? Håper alle på stadion har klar solfaktor, for her blir det skikkeleg temperatur. Heldigvis er det ein liten trekk frå nord, som kan hjelpe på for alle som skal ha puls over 55 i dag.
Laga trekk inn i garderoben, og det er 10 minuttar til kampstart. Mariell Rørstadbotnen tek siste spurten på vegne av Førde og overleverer caps til Førde-keeper og sambuar Hanssen. Tydeleg at vi ikkje er vekkskjemt med fint vær her på Vestlandet. Stig Roger Eide er på plass på vegne av "Førdepatrioten". Førdianarane har som alltid heist flagget, og vi er klare til kamp!
Raufoss tek ein "Inter" og er tidleg på bana, medan bua speler "Pazza Inter". 45 minuttar oppvarming før kamp er den nye standarden kan det virke som. Heimelaget Førde nyttar litt lengre tid i garderoben, og her er det berre keeper Hanssen som er komme ut på matta. Litt meir som Man City førre kveld. Så får vi sjå om det er noko å gå etter - jf resultat.
Bortelaget kjem til Førde med 14 spelarar. Dette er langt på veg det samme laget som stilte i Florø for to veker sidan. Frå denne kampen er det berre eit keeperbytte, med Nima Hooshangi inn i målet, og eit bytte på midtbana der Somesi kjem inn for Løberg. Kampen mot Florø var ein kamp Raufoss tapte 2 - 0. Så då er lista lagt for heimelaget.
Lagoppstillingane er klare. I høve heimelaget ser vi at det fort kan bli nokon endringar frå førre kamp. Kristian Hauståker ser ut til å vere attende på høgrebacken, der han gjorde ein god figur i førsesongen. Magne Aarøen er flytta fram i bana, og er attende i midtbaneleddet. Det skyv Mathias Helgheim ut på kanten. Elles merker vi oss at stopperparet Holsæter og Flatjord får ny tillit til trass for resultatet i førre kamp.
Både Førde og Raufoss 2 er på plass på stadion, og inspiserer grasmatta. Ei grasmatte som har blitt handsama som om ein skulle spele cup-finale. Baneansvarleg, Kåre Holsæter, var på jobb klokka 05.00 i natt for at ein skulle vatne godt nok, og i skrivande stunde er det 6 mann i sving for å få dei siste vassdropane ned i røtene. Det skulle difor ikkje stå på tilhøve, for at dette blir ein god fotballkamp.
Dommar i dag er Tommy Skjerven frå Kaupanger IL. Med seg på linjene har han Therese Figved frå Bjerkreim IL og Vilde Mattevik Vilnes frå AHIL. Førre gong Skjerven var hovuddommar i ein kamp med Førde var i serieopninga borte mot Florø. Her enda det 2 - 1 til heimelaget Florø.
Så blir det spanande å sjå kva lag som klarer å snu trenden i dag. Uavgjort er kanskje ikkje godt nok for nokon? Vi kjem attende, ein time før kampstart, med tropp og lagoppstillingar. Vel møtt til kampstart, klokka 13.00!
Førde på si sida tapte førre kamp 1 ? 5 heime mot FuVo i det som av mange blir omtala som den svakaste kampen laget har spela sidan sesongen 2018. Dette var sesongen laget rykte ned til 4. divisjon sist. Tapet mot FuVo førte seg inn i ei rekke, med 6 ? 1 tap borte mot Eidsvoll Turn og 1 ? 3 heime mot Sogndal (cup), som gir 14 mål imot på 3 kampar.
Ein artig kuriositet er at Raufoss berre har tatt poeng mot andre andrelag (0 – 0 mot Sogndal 2, og 3 – 3 mot HamKam 2)
Førre kamp, 03.06, tapte Raufoss 0 ? 3 heime mot Volda, ein av Førde sine næraste konkurentar på tabellen. Det er heller ikkje slik at Raufoss har det enkelt i Obos-ligaen, og berre kan ødsle av spelarar til andrelaget. Seinast i går tapte laget 1 - 0 borte mot Jerv i Grimastad, og ligg difor på ein 13. plass, rett over streken. på målskilnad. Onsdag blei det derimot ein stor opptur då Mjøndalen blei sendt heim med 4 ? 0 tap i cupen. Nå venter eliteseremotstand i form av Viking neste runde. Moglegheita for å delta i denne kampen er kanskje motivasjon for ungguttane som kjem til Førde i dag?
For Raufoss 2 er dette nesten det siste halmstrået i divisjonen. Tap i dag vil føre til at laget er minst 6 poeng bak neste lag på tabellen, og må gå forbi to lag for å berge plassen. Sjølv om Raufoss 2 er eit andrelag, og dei har moglegheit til å supplere laget utover sesongen vil det fort bli vanskeleg. Særskilt om ein, slik som gjerne er tilfellet med andrelag, berre skal styrke laget i heimekampar. Så langt i sesongen ser det ut som om laget har vore trufast mot eigne spelarar, og har i liten grad nytta seg av fyrstelagsspelarar frå Obos-ligaen.
For heimelaget bør det snu allereie i dag. Med 5 poeng, og ein kamp meir spelt enn resten av laga i avdelinga, kan eit tap vere katastrofalt. Skulle alle resultat gå imot Førde vil ein vere 4 poeng bak neste lag, med ein kamp meir spela. Skulle ein derimot slå Raufoss 2, og andre resultat gå vegen, kan ein ha komme seg over streken med utsikter til å sjå vidare oppover på tabellen dei neste rundene
Dei to laga som skal i aksjon var også førre sesong i samme avdeling. Då enda Førde på ein andre plass (55 poeng), medan Raufoss 2 kom rett over streken med 28 poeng (Kongsvinger 2 rykte ned med 25 poeng). Sesongen 2022 enda det 2 - 0 til Førde, då Raufoss kom på besøk i slutten av mai. Då Førde vitja Raufoss i august enda det 2 - 5 til dei kvite frå Vestlandet. At desse laga, berre nokre månadar seinare skulle møtast i eit skikkeleg bunnoppgjer seier noko om at i fotball kan det snu fort. Per i dag har Førde 5 poeng og Raufoss 2 har? 2 poeng.
For dei som er litt usikre på Noregskartet tek vi ein liten «geografihalvtime» i høve bortelaget. Raufoss er ein by (som Førde), og admistrasjonsenter i kommunen (som Førde) i Indre Toten kommune. Den kommunen finn du i Innlandet fylke. Raufoss ligg ein kort køyretur sør for Gjøvik, og Mjøsa, og er i hovudsak kjent som ein industriby. Mest kjent er kanskje «Nammo», som blant anna produserer ammunisjon, romfartsprodukt og raktettmotorar. Denne verksemda har også gitt namn til Raufoss si heimebane, «Nammo Stadion». Stadion ligg på vestsida av Raufoss sentrum, over Hunnselva som renn nordover gjennom sentrum mot Mjøsa. Skal du til Nammo Stadion tek du av frå hovudferdsåra, Riksveg 4, og køyrer i retning Totenbadet som nesten ligg vegg i vegg.
Kampen kan du følgje på stadion. Velkommen skal du vere. Er du hindra frå dette skal vi sækje å lose deg gjennom både utvikling, høgdepunkt, og mål her på «liven». Har du eit abonnement hjå direktesport kan du også følgje kampen live med kommentator, akkurat slik som du kunne følgje finalen i Champions League laurdagskvelden.
«Sola skinner og jeg er så glad […]» Førde Fotball, generalsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane, og dagens kampsponsor Coop ynskjer velkommen til 9. runde i Norsk Tipping Ligaen. Vi rapporterer frå Førde Stadion, som ligg bada i sol og 25 varmegrader. Her skal heimelaget Førde bryne seg på Raufoss sitt andrelag.