TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Kampen er over og det ender 0 -0. Fyrsteomgangen var veldig jamn, og det kunne blikka begge veger. I andre omgang var bortelaget klart best fram til dei blei ein mann mindre. Med 10 mann, og Sander Aamelfot på bana blei det veldig spanande, og Førde skapte 3 -4 kjempemoglegheitar dei siste 15, Slik sett kan ein gjerne sei at uavgjort er greit, men begge lag vil nok føle at dei skulle hatt med seg alle tre poenga, og at 0 - 0 ikkje skildrar sjansane som kampen gav dei frammøtte. Frå bua såg det ut som om Molde 2 fekk spele litt enkelt i den andre omgangen, og Førde blei vel mykje ein mot ein, særskilt offensivt. Kampen levde heile tida, og det var ein spanande affære for alle som likar fotball. For Molde 2 er det nå ferie, kanskje med unnatak av Nyheim som imponerte nok til at han kan vere aktuell for å supplerere troppen til fyrstelaget. Førde tek turen til Raufoss neste helg, og tek ein ekstra kamp denne våren. Vi er attende frå Førde Stadion i august, for meir lokalfotball frå Førde. Før den tid skal heimelaget ha med ein bråte lag til Norway Cup. Det er berre å komme og helse på dei kvite og svarte på Ekebergsletta. Bua ynskjer alle involverte, og publikum, vel heim. Køyr forsiktig.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Hjørnespark
Molde 2 vinner ein corner i det eit skudd tek via Larsen og går ut.
90+3'
Frispark
Holsæter lager eit heller unødig frispark høgt i bana.
90+1'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
90+1'
Molde 2 roer nå ned, og ser ut til å vere nøgd med eit poeng. Ballen inn til Hanssen som banker den mot Savland. Skuseth får kontroll.
90'
Vi speler på overtid i Førde, i det Eirik Flatjord blir kåra til bana sin beste spelar. Full kontroll på alt i område sitt i dag, veteranen.
90'
Savland skyt utanfor frå 18 meter. Vender seg fint der, men kunne kanskje tatt med seg ballen?
89'
Hjørnespark
Myklebust bommer på ballen, men ingen kvite klarer å pirke ballen i mål.
89'
Hjørnespark
Resultatlaus, men ny corner etter fine dragningar av Holsæter.
88'
Hjørnespark
Hanssen får i feltet og får så vidt tre fingrar på ballen. Førde kontrer etter Hvidtsen viser fin ro, og Aamelfot vinn ein corner.
88'
Flatjord spring opp to blå, som er på veg åleine mot mål, og vinn ballen med seg. Rutine og fart er stikkord hjå veteranen, samt eit par godt knytte fotballsko.
86'
Frispark
Bergset lager frispark på midten. Moøde flytter opp, men header ballen til side for mål ved Skuseth.
85'
Aarøen med ein magisk utsidepasning mot Aamelfot. Det våte graset speler på lag med bortelaget der.
85'
Kristoffersen mot Aamelfot. Du treng ikkje sjå andre stadar på bana. Det er der duellen står. Denne gongen kjem fyrsnemnte seg akkurat på rett side, og får dytta Aamelfot i ubalanse.
84'
Frispark
83'
Aamelfot bryt ballen og finn nesten Savland. Tenk for ein avskjed det vil bli om han avgjer kampen, anten direkte eller indirekte.
82'
Flipperspel, beinparadel, balle som ligg laus på 3 meter, og klarering er stikkord i neste situasjon. Molde 2 heng i taua nå, med 10 mann.
81'
Aamelfot er nesten målscorer med ein gong, men dempinga blir litt hard.
80'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
79'
Hjørnespark
Savland mot Myklebust igjen. Denne gongen vinn Savland, og ballen ender hjå Holsæter på dødlinja. Prøver å legge den opp og inn i mål, men der er Kristoffersen på plass og header til corner. Den går nok ein gang ut i intet.
78'
Gult kort
Savland satser alt for å nå ein ball etter eit innoøvd Førdetrekk. Klinker til, men Myklebust har allereie ballen i fast grep. Då blir det gult kort til Førde sin spiss.
78'
Frispark
78'
Då fekk Førde ei skikkeleg livline, og storebror Aamelfot intensiverer oppvarminga.
76'
To gule kort
Gult kort nummer to for VIken, og rett ut. Tøffe duellar på midten, og ei glatt bane, lurer Viken. Kjem inn bakfrå og klipper ned Trollebø. Uheldig, men stygt, og heilt rett.
75'
Gult kort
Dagens klaraste gule kort, då Rognebakke stopper nok ei kontring. Frispark, skrått , frå 40 meter.
74'
Molde 2 kontrer og kontrer og kontrer på Førde. Denne gongen kjem dei tre mot tre, men Tjåland er nok litt satt ut av førre situasjon og sleiver ballen fem meter bak mål. Nå må heimelaget konsolidere innstatsen, for ein og ein taper dei denne kampen.
72'
Gult kort
Molde 2 kjem åleine mot Hanssen, og Tjåland er fyrst på ball. Det ser både Tjåland og Hanssen, og sistnemnte trekk seg unna. Det gjer ingenting for spissen som stuper inn og over duellen som ikkje finnast lengre, og får gult kort.
72'
Myklebust skyt over frå 14 meter, etter nok eit 45 graders innlegg frå Molde 2 sin Ohr.
71'
Spillerbytte
70'
Østvik og Flatjord har si fylle hyre med å halde innlegga til bortelaget vekke frå Hanssen sit mål. Blir fleire og fleire legg av dei innlegga etter kvart.
67'
Spillerbytte
67'
Molde 2 kontrer, og kjem rundt på venstrekanten. Tek med intreløper, og slå på bakre. Ballen ut til femmeter. Der var Østvik åleine mot to blå, og fekk det aller beste resultatet han kunne vente.
64'
Store sjanser for heimelaget. Dette må vi ta i tur og orden. Fyrst bryt Bergset ballen inne i 16 meter og legg inn. Balle går rett over luggen til Savland. Deretter tek Trollebøballen og sender den inn att i feltet. Der blir det panikk. Aarøen får ballen og fyrer. Den blir blokkert. Ballen nok ein gong til Trollebø som skyd, elendig, men ballen hamner hjå Bergset på bakre. Han skyt mot lengste, men der er Myklebust med ei sterk hand. Savland header returen mot mål, men Myklebust kjem seg opp og held den på andre forsøk.
63'
Hjørnespark
Venstresida til Førde har vore veldig lite involvert i dag, og det er fyrst når Østvik kjem opp dei skaper noko som helst. Som der, der det blir corner. Corneren blir slått ut på 25 meter, til Trollebø, som avslutter langt utanfor.
62'
Hjørnespark
Aamelfot klarerer, litt umotivert til corner. Ballen går akkurat over Bergset, men det blir inga avslutning.
62'
Nyheim er sterk mot Aamelfot, og får sende Hovland i bakrom. Flatjord er både rask og sterk. Hanssen kan plukke ballen enkelt som ein følgje av den gode forsvarsjobben.
60'
Frispark
Nyheim lager frispark mot Rognebakke, i god prosisjon for legg. Innlegget blir stussa, og Molde 2 får kast djupt på eigen halvdel.
59'
Frispark
Prøver ein kort variant, men Skjerven vil at Aamealfot skal vente på føyta, som er vanleg etter gule kort. Det andre forsøket fell ned på 11 meter, men utan at nokon kvite kjem på ballen.
58'
Gult kort
Bergset på veg framover, og vi ser heile six-packen under drakta. Gult kort til Molde 2 sin Viken for trøyehalding, og frispark til Førde 40 meter frå mål.
58'
Aamelfot slår inn, men headinga frå Hasutåker snik seg ein halvmeter til side for målet. Savland lukta på lengste.
57'
Frispark
Østvik vin ballen høgt på Molde 2 sin halvdel og blir klipt ned bakfrå i det ballen er på veg mot sidelinja. Frispark, men ikkje noko kort.
57'
Nyheim åleine på bakre. Ohr med eit kjempelegg, og Nyheim skal berre sette ballen i mål. I augekroken ser han nok stolpen og trekk seg litt. Ballen ender 5 cm på feil side av målet, og skuldra treff metallet. Nå lev Førde farleg.
56'
Molde 2 har starta denne omgangen klart best i det Holsæter, Lilleaasen, Hvidsten og Kapstad byrjer å røre på seg.
55'
Gult kort
Fekk kort for den involveringa.
54'
Hjørnespark
Prøver kort til Hauståker, men bommer på ballen i det han skal fyre frå 20- meter. Lager frispark etterpå, og hindrer ei kontring.
54'
Frispark
Nok eit frispark på midten for Førde.
53'
Frispark
Førde får fispark midt på Modle 2 sin halvdel. Aamelfot slepp Flatjord gjennom, og innlegget fører til flipperspel i Molde 2 sin boks, før bortelaget klarerer.
52'
Nyheim i tverrliggar for andre gong. For tredje gong på eit par minutt misser Førde ballen. Denne gongen på eigen tjuemeter. Nydeleg samspel, ut på høgrekanten, og inn att gir Nyheim ein kjempesjanse. Med innsida kjem han seg ikkje nok over ballen, og heldigvis for heimelaget syng det i metallet.
51'
Nok ein gong slå Bergset vekk ballen, denne gongen langt inne på Molde 2 sin halvdel. Flatjord får stoppa ei farleg kontring i fyrste omgang, men i bølgje to kjem Molde 2 og Solheim til skot. Rett på Hanssen som held ballen fast.
49'
Skuseth bryt ballen frå Bergset og fører framover. Fyrer til frå meir enn tredve meter, og Hanssen slepp ballen kontrollert utanfor.
48'
Frispark
Østvik på tur opp i bana, men lager frispark. Førde låser av og Molde 2 må slå langt.
47'
Høg ball inn i feltet, etter at Østvik bryt ballen djupt inne på Molde 2 sin halvdel. Duell mellom Savland og Myklebust, då keeper lar ballen sprette. Sisteskansen held ballen fast, men hamner i "garnet". Tviheld på ballen, og Skjerven dømmer fordel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga kjem på bana att, Førde skal spele mot Jølstra og Hafstadkleiva. Begge lag sine innbyttarar har vore i aktivitet, men det ser ikkje ut som det er nokon bytter i pausen. Holsæter for heimelaget er nok den som har varma mest intensivt.
278 er tilskodertalet i dag.
Ballgutane får fortent nye vestar i pausen. Dei var nok gjennomvåte. Nær halvparten av publikum måtte kapitulere i det voldsame regnveret, men nå spelar vergudane meir på lag. Vi håper dei held seg på godsida i den andre omgangen.
Der bles dommer Skjerven til pause. Ein tett og jamn omgang er over. Førde opna best, før Molde 2 hadde midtparten av omgangen. Etter 30 minutt var det heimelaget som tok meir og meir over. Molde 2 er like fullt godt med, og med slitne bein får dei sine moglegheitar. 3 - 2 i sjansar, om vi snakker store. Molde 2 prøver å spele ball, og er gode til det. Førde på si side er klart best nedover si høgreside, og når dei kan sette press høgt i bana. Litt meir "killer" frå dei tre i front hjå Førde vil kanskje vere det som vippar kampen? Med tre stopparar er det særs viktig at særskilt Savland gjer sitt ytterste for å bryte ballen framfor stopper to. Nyheim hjå bortelaget har imponert stort, og er Molde 2 sin klart mest kreative og farlege spelar.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Frispark
45+1'
Frispark
45'
Hjørnespark
45'
Molde 2 si fyrste avslutning på mål, jf dommer. Ei klarering frå Østvik ender hjå Hovland som demper ballen på brystet og klemmer til. Rett på Hanssen, langs bakken, som må gi til corner.
45'
Savland involverer seg djup i bana. Via Bergset kjem ballen til Hauståker. Innlegget ender hjå keeper Myklebust.
44'
Hanssen ute på nok eit dribleraid, og nok ein gang lykkast han, sjølv om bua har hjartet i halsen.
43'
Lang ball i bakrom, som Tjåland nesten når. Ender med femmeter.
42'
Hjørnespark
Kort, resultatlaus. Flatjord stopper Molde 2 sitt forsøk på å kontre.
42'
Hanssen bokser ut og Trollebø kjem 1 mot 1. Ender i corner til Førde.
41'
Frispark
Bergset lager frispark midt på eigen halvdel. Godt hold for ein god innleggsfot. Myklebust står klar.
40'
Bergset fyrer hardt frå 16 meter, litt skått. Ballen stusser og keeper Myklebust må gi ein farleg retur rett ut i feltet. Heldigvis for sisteskansen er det berre blå spelarar der ballen hamnar.
38'
Hjørnespark
To dårlege klareringer på rad gjer at Førde får moglegheitar til eit fint samspel . Veggspel og dragningar ender i corner, som blir resultatlaus. Flott Førdespel.
37'
Offside
Tollebø er nok ikkje i offside, men skrika frå Molde 2 sine forsvarspelarar overtyder linjedommer. I samme sekvens sklir Trollebø, og begge knottane går opp og fram. Spørst om han ikkje skal bytte sko i pausen, for det er ikkje fyrste gong guten er nedpå graset i dag.
35'
Frispark
Hauståker lager frispark etter at Aamelfot har lagt inn ein søknad om det same. Der var nok Førde heldige som ikkje fekk i alle fall eit gult kort, for Molde 2 hadde gode rom å kontre i.
35'
Larsen med eit godt brot og finn Bergset. Pasninga langs bakken finn Aamelfot som kjem seg inn i 16. Ei takling i siste liten hindrer eit farleg legg frå 8 meter, ved dødlinja.
34'
Aamelfot gjer noko som ikkje er vanleg i den familien og drar seg inn (!) i bana. Det fører til panikk, og samspelet med Savland bærer nesten frukter. I ubalansen held Førde trøkket og Trollebø får ein sjanse til å skyte frå eit par og tjue meter. Gode 5 meter over.
30'
Frispark
30'
Nyheim i tverrliggaren. Molde kjem seg opp på Førde sin halvdel, og vinn 50/50 duellane, ballen går ut til høgre der Hovland legg inn. Nyheim smell ballen i tverligger frå 12 meter, og Skjerven dømmer femmeter. På reprisen (som vi har på direktesport) ser det ut som det er ei kjemperedning av Hanssen.
28'
Aamelfot og Solheim må begge smile litt i det dagens tiande ball i bakrom, på deira side, sklir ut til kast.
26'
For ein enorm moglegheit for Savland og Bergset. Ein lang ufarleg ball får stusse i bakken, og sprett over alle. Savland er heilt åleine, litt skrått med keeper. Han skyt i lengste, men Myklebust redder godt. På returen kjem bergset, men på heilt ope mål bomemr han på ballen. Ikkje ein enkel ball å treffe skikkeleg, men like fullt dagens klart største sjanse.
25'
Nyheim leiekr seg inne i Førde sin 16-meter, og slår blant anna ein tunell. Det er like fullt tett med spelarar i kvitt og svart, og til slutt leikar han ballen ut til femmeter for Hanssen og Førde.
24'
Hjørnespark
Over alle, og Førde kan overta sjølv om det blir ropt om halding i feltet.
24'
Hjørnespark
Skuseth gjennom til høgre, i ein kjempeposisjon, men med nyknytta sko gjer Flatjord ei kjempetakling. Corenren frå Ohre blir til ein ny.
23'
Hjørnespark
Treff Østvik, men headinga går godt utanfor.
23'
Aamelfot legger inn, og Molde 2 må klarere til corner.
23'
Nå er det faktisk overvatn enkelte stadar på bana.
22'
Offside
21'
Frispark
Vil har gult kort på Rognebakke, som Silseth meiner hindrar han i å ta frisparket raskt. Skjerven lyttar ikkje øyre.
21'
Flatjord må knytte skoa. Då må alle stå å sjå på. Håper ikkje det blei for kalde lyskar på gjengen, for småbarnspappaen nytta god tid for å gjere det skikkeleg.
20'
Bergset skyt eit innlegg gjennom feltet, men den går ein halv meter over luggen til Savland. Litt marginer der, så kunne det verkeleg blitt ei draumescoring for spydspissen til Førde.
19'
Hasutåker med eit godt raid. Slår inn, men legget blir blokkert. Ikkje verre enn at ballen kjem til Savland. Åleine med keeper og ein forsvarer må han vente litt på ballen og det gjer at keeper får blokkert avslutninga. Aarøen forsøker på returen, men treff ein liggande Savland.
18'
Molde 2 meir med i kampen nå dei siste minutta. Har prøvd å spele ball, laget frå Romsdalen, og der Førde braut ballen gang på gang dei fyrste 10 minuttane speler dei seg nå opp på Førde sin halvdel gong på gong. Førde søker nesten utelukkande bakrom, men enn så lenge sklir ballen inn til keeper, eller ut til femmeter kvar gong.
15'
Frispark
Østvik får frispark i duellen med Ohr.
15'
Myklebust bryt ballen saman med Tjåland djupt inne på Førde sin halvdel. Vel å skyte frå nokon å tjue meter. Ein god meter eller to utanfor målet til Hanssen. Skal ikkje ha for mange slike brot, heimelaget.
13'
Offside
13'
Hjørnespark
Nå bles det kraftig og, og den innoverskrudde corneren kunne blitt farleg. Dreg seg rett over Østvik, og ut til fem-meter.
12'
Hjørnespark
Aamelfot vinn ein corner. Slår den høgt inn i feltet, og den blir stussa til ein ny corner frå motsett side.
12'
Meir og meir heimelaget, i det været blir verre og verre. Kaptein Kristoffersen får tilsnakk etter å ha proterstert høglytt på eit kast som han meinte bortelaget skulle hatt.
11'
Savland nesten gjennom , men blir stoppar av Kristoffersen i siste augenblink. Ein touch til og det hadde nok stått 1 - 0.
8'
Hjørnespark
Slår inn i feltet, og keeper går over ende med mange folk rund seg. Vel å blåse der, kampleiaren, men frå bua var det vanskeleg ¨å sjå at det var noko anna enn vaksne folk som dreiv idrett.
8'
Stor sjanse til Førde, men Aamelfot vel å slå i staden for å skyte. Lang ball i bakrom som verken keeper eller forsvar vil ta ansvar for sender Aamelfot pleine mot keeper. Savland lurer framfor mål, men det valget ville ein nok ikkje gjort på nytt. Ohr kjem seg akkurat inn i ballen, og corner.
7'
Frispark
7'
Gult kort
Lager frispark i duellen med Hauståker. Tupper litt i ballen, slik ein har lært at det er lov i Premier Leuague. Det er ikkje liv i Skjerven si bok - gult kort etter 7 minutter.
7'
Hauståker stusser gjennom Bergset, som får lagt inn. Kaptein Kristoffersen er godt plassert og klarerer. Molde 2 kan kontre, og vinn eit kast langt inne på Førde sin halvdel, til venstre.
6'
Aamelfot på tur i bakrom, men regnet har gjort bana skikkeleg glatt og verken han eller broren ville kunne hindre den ballen i å gå ut til kast djupt inne på Molde 2 sin halvdel.
4'
Molde 2 med eit frekt, skjult skudd, på baksida av Larsen. Hanssen kan berre sjå på at ballen går utanfor målet. Nære der Molde 2. I alle fall ein halvsjanse for Nyheim.
3'
Bergset med store klyv på midten for Førde før han slepp ballen vidare. Trollebø fyrer, men i blokka og høgt over via ein duell.
2'
Keeper Hanssen drar ei cruyff-finte i kampens andre minutt. Kaldt, men det fungerer.
1'
Offside
1'
Kampen er i gang, Førde går i offside med Trollebø, og himmelen opnar seg. Store cummulusskyer over stadion slepp alt innhaldet ned over gutane.
1'
Både Stig Roger Eide frå Førdepatrioten og Stig Høynes frå haugenfotball.no er til stades og skal krige om kva kameralinse som er størst. Det fyrste dei får sjå er at Førde Fotball ved styreleiar Arild Sandvoll overrekker ei merksemd til Sander Aamelfot med lykkeynskjer for framtida.
Avspark Start 1. omgang
Kirster Smaadal gir signalet og fanfaren går. Vi er klare for fotball på Førde Stadion. Det kribler i beina til samtlege i "bua". Laga entrar bana anført av Spielführer Hanssen og Kristoffersen,
Laga trekker inn i garderoben i det ei ny byge bygger seg opp over Halbrendsnipa. Framleis plass til fleire på stadion, så det er berre å finne fram ei vasstett jakke og ta turen når Barne-TV er over. Ta med ungane også. Det er sommarferoe og lov å vere litt lengre oppe. Treng de lokkemiddel så blir det salg av is og kaker på stadion.
"Førdianarane" heiser flagget og er klare, i det dommertrioen gjer sitt inntog. Dommer Skjerven i prat med speaker. Kanskje er det planlagt ei markering for Førde sin fyrste "eksportartikkel" sidan Ruben Holsæter tok turen opp i divisjonssystemet? Det begynner å bli ei stund sidan.
New Jordal Swingers ynskjer seg "god gamal rock'n'roll" i det laga kjem på bana for å varme opp. Så spørst det kven som byr opp til dans, og om det blir "[...] i dur eller moll" kampen vil gå føre seg i. Hanssen har beholdt kapteinsbindet med Folland og er fyrstemann på bana for heimelaget. Molde 2 køyrer eit heiltproft opplegg, og er godt i gang med førebuingane allerie.
Himmelen opna seg over Førde for halvannan time sida. Då bøtta det ned. Nå har det derimot løya, og grasmatta seg både rask og jamn ut. "It is a lovely day for football". 20 grader i lufta og minimalt med mygg bør heller ikkje skremme vekk publikum.
For bortelaget er det som venta få endringar frå førre kamp. Vi ser at Albert Tjåland er kommen inn i startelvaren til fordel for Magnus Løvik som har satt seg på benken. Det ser eit som eit reint spissbytte, og vi vonar framleis at 3 - 5 - 2 er det mest nærliggande. Elles ser vi at eldstemann på Molde 2 sitt lag er født i 2004, så dette er eit utviklingslag. Vi gleder oss til å sjå kva dei unge frå Romsdalen har å stille opp med i kveld.
For heimelaget ser vi eit par interessante høve. For det fyrste er det eit brødrebyttte på høgrekant. Lasse Aamelfot er klar til å ta over stafettpinnen frå bror Sander, i Folland sin fyrste startelvar. Trollebø er attende på venstrekant, noko som gjer at Hauståker er attende på høgrebacken. Andreas Hvidsten tek plass på benken. Elles har dei fleste som fekk tillitt under Rongsø fått lov å vise seg fram for Folland. På benken er det framleis mykje ungt for Førde, men vi merker oss spelar nummer 11 og spelar nummer 18 som heilt klart kan komme inn og prege eit kampbilete.
Lagoppstillingane er klare, og vi er klare til ei aldri så lita analyse.
Kampstart er 19.00 på Førde Stadion. Vi ynskjer alle hjarteleg velkommen. Om du ikkje kan ta turen skal vi prøve å gi deg fyldig dekning, med minimalt med skrivefeil, her på «liven». Har du eit abonnement på Alt+ kan du også sjå kampen frå stova via direktesport. Vi kjem attende frå Førde Stadion, med troppar, lagoppstillingar, og anna, ein time før kampstart.
Pipeblåser i dagens kamp er Tommy Skjerven (Kaupanger IL). Han blir flankert på linjene av flaggkyndige Kjell August Ytre-Eide (Stryn T&IL) og Andreas Skeistrand Bakkelid (Sandane T&IL). Førre gong Tommy Skjerven var hovuddommar på Førde Stadion var ein kamp av historiske dimensjonar då Førde sette rekord og vann sin største siger i manns minne (jf. Stig Roger Eide og Førdepatrioten) då dei slo Raufoss 2 med heile 10 – 0.
Kampen i kveld er fyrste moglegheit til å teste seg for heimelaget etter ei turbulent veke. Fyrst melde Førde sin fremste angrepsspelar dei siste åra, Sander Aamelfot, overgang til ligarival Hønefoss kvelden før dei to laga skulle møtast. Følgjeleg spelte ikkje Aamelfot kampen mot Hønefoss noko. I sin tur førte dette til at hovudtrenar Terje Rongsø takka for seg, sa opp vervet som hovudtrenar for Førde, med nokre kraftig gloser i retning av styrerommet i Hafstadparken. Etter eit par dagar med spekulasjonar blei det klart at tidlegare Førdetrenar Knut Erik Folland trenar mannskapet ut sesongen og gjer i dag «comeback» som hovudtrenar. Seinare blei det klart at også Gisle Isane og Øystein Vetti, som trena Førde tilbake i 2018, skal vere med kring laget som assistenttrenarar. Det blir spanande å sjå korleis dei disponerer mannskapet, og om det blir mange endringar i høve forgjengaren sine laguttak. Det lille vi veit allereie nå er at Folland ikkje vil nytte Sander Aamelfot frå start, noko Molde 2-leiren gjerne sett pris på, men at angrepsspelaren blir involvert i sin siste heimkamp på ein eller annan måte. Elles har «lokale trenarar for lokale spelarar» gitt gjennklang i lokalpressa denne veka, så det kan gjerne legge nokon føringar? Dei som hugsar Folland sin førre periode vil nok ikkje vente mange taktiske endringar, allereie fyrste veka, då både Rongsø og Folland er godt kjende med 4 – 3 – 3.
Førre sesong vann heimelaget begge gongane laga møttast. Førde vann 4 – 0 heime i vårkampen, etter mål av Bergset, Bell, Cone, og Savland. På hausten vann Molde 3 – 2 på «Røkkeløkka» i ein kamp som fekk nasjonal merksemd grunna tredjemålet då Albert Braut Tjåland (ja … det er noko slekt) scora frå eigen banehalvdel. Dei andre målscorarane i denne kampen var Silseth og Kjørsvik, samt S. Aamelfot og Aarøen for hhv heime- og bortelaget.
Som fotballspelar blir ein gjerne fortalt at ein ikkje skal lese tabell og heller fokusere på prestasjon. Vi vanlege dødlege treng ikkje å tenke på det, og når sportssidene og fotballtabellar er det som får folk til å lese aviser er det på sin plass med ein liten merknad i høve tabellen. Før kampstart ligg Førde under streken, på 12. plass, medan Molde 2 ligg på 4. plass. Etter resultata denne helga kan vi komme ein veldig spesiell situasjon. Ein siger på to mål til heimelaget (eksempelvis 2-0, eller 3-1) vil medføre at Førde går forbi Molde 2 på tabellen etter kampen. Det vil sei eit tabellhopp på 8 plassar. Med andre ord er dette ein divisjon der alle poeng tel, og sjølv om du synleg er høgt på tabellen er du lang frå sikra mot nedrykkspøkelset. For ordens skuld; Førde og Florø har ein kamp meir spela enn resten. Samstundes har HamKam2 og Brumunddal ein kamp til gode, som blir spela fyrstkommande onsdag.
Molde 2 på si side ynskjer nok å avslutte ein sterk fyrste del av sesongen på Førde Stadion i kveld. Før avspark har laget frå Romsdalen 16 poeng og er med det plassert på ein fjerdeplass på tabellen, som ligaens beste andrelag. Ein kjapp gjennomgang av laget sine prestasjonar denne sesongen viser at dei har vore særs solide på heimebane. Det er berre Elverum og Eidsvoll Turn (hhv nr 3 og 2 på tabellen) som har tatt poeng i Molde. På bortebane er det derimot meir blanda drops og Molde 2 har berre teke fire poeng. Begge gongane laget har teke poeng borte har vore mot andre andrelag (Hødd 2 og HamKam 2). Førre kamp, også i det gamle fjordfylket, blei det tap 0 - 4 mot Sogndal 2. Den blei spelt onsdag førre veke. Så blir det spanade å sjå kva lag hovudtrenar Magnus Ellevold Strand har tilgjengeleg i dag, berre fem dagar etter turen til Sogndal og med eit tett kampprogram for fyrstelaget som inkluderer kvalifisering til Champions League. Mest truleg er det ikkje mange endringar frå førre kamp. Då merker vi oss namnet Gustav Kjølstad Nyheim som er laget sin toppscorer (9), og at Molde 2 stilte med samme forsmasjon som fyrstelaget mot Bodø-Glimt og Brann. Det vil sei å spele med ein 5 ? 3 ? 2 / 3 ? 5 ? 2 formasjon.
Heimelaget Førde hadde ein tung start på sesongen, men det har etter kvart snudd. Tre sigrar på rad gjorde dei kvite og svarte til eit av formlaga i divisjonen før det blei bråstopp mot serieleiar Hønefoss førre helg. Like fullt var den kampen også ein opptur, og lenge pressa Førde den ubesigra serieleiaren, før to raske (og unødige) mål imot øydela kampen ti minuttar før pause. Det er to kampar att av «vårsesongen» før Førde får ferie. Skulle dei ta seks poeng til før feriene vil dei ha 20 poeng, og ha eit godt utgangspunkt for å kjempe om tittelen «best of the rest» etter Eidsvoll Turn og Hønefoss som er suverene i denne avdelinga og etter alle solemerker skal kjempe om opprykket.
Førde Fotball med generalsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane og kampsponsor Firda ynskjer hjarteleg velkommen til Førde Stadion og «Monday Night Football!». Førde ynskjer Molde 2 velkommen til den 13. runda i Norsk Tippingligaen.