Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Då takkar Knut Olav Halseth for følgjet frå Førde stadion og nyttar høvet til å gratulere Florø med eit velfortent opprykk til OBOS-ligaen! Ha ein strålande laurdag vidare!
Då takkar Knut Olav Halseth for følgjet frå Førde stadion og nyttar høvet til å gratulere Florø med eit velfortent opprykk til OBOS-ligaen! Ha ein strålande laurdag vidare!
Kristoffer Haaland Iversen vart kåra til dagens Førdespelar og krona ein solid kamp med ei pen skåring. Christoffer Skårn var og solid med skåring og målgjevande som høgdepunkta. På Lørenskog var 2-målsskårar Omar El Ghaouti sjølvsagt sentral, men vi fikk og sansen for kvikke Andreas Nordby på venstrekanten, som spesielt i 1. omgang fora spissane med fleire gode innlegg.
Frisparket blir stussa ut av ein forsvarar og dommar Haugland bles av. Då endar det 2-2, eit greitt resultat mellom to jamngode lag.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Kvalvågnes får frispark på høgre, på sida av 16.
90+3'
Førde avvinka for offside.
90+1'
Skårn i full fart ned mot kortlinja og legg ut til Lund Holm som får strømpetreff over. Der skulle det stått 3-2!
89'
Lund Holm med nytt legg, Lørenskog får klarert. Førde pressar på for eit sigersmål no og det er faktisk bra stemning på tribuna no i sluttminutta.
87'
Lund Holm med fint legg inn i 16, Solberg får ei tå på ballen og hindrar Skårn i å sette sitt andre for dagen!
86'
Lund Holm kjem ned på venstre, men innlegg over og utanfor.
81'
Førdefrispark frå venstrekanten inn i feltet, der får Lørenskog frispark.
80'
Melhus går ned i duell med Rfifi, publikum ropar på straffe, men til ingen nytte.
78'
Førde trykkar på for utlikning no, har mykje folk i 16, men får ikkje ballen inn dit.
77'
Kvalvågnes driblar seg fri med lekker hælflikk, mistar så ballen, Roti mislukkast med å halde i spel.
76'
Då speaker nett opplyste om at Florø har tatt leiinga mot Nest-Sotra kom det nokon spredte rop som begynte på f og slutta på n frå publikum.......
73'
El Ghaouti er på hattrickjakt og kjem seg fri i 16, men keeper Løseth er fint nede og redder.
71'
Harviken klønar det nesten til i duell med Skårn, men får gitt ballen til keeper til slutt.
65'
Skårn skyt rett utanfor, fleire såg den i hjørnet og jubla!
64'
Iversen blir lagt ned ein centimeter utanfor 16, farleg frisparkposisjon!
60'
Savland legg utover, men Lørenskog vinn ballen.
59'
Fint kombinasjonsspel av Førde, Spurkeland får ballen av Taule og skyt like utanfor. Men Drevland ser ut til å ha bra kontroll.
58'
Spurkeland slår inn med utsida, inn til Drevland igjen.
58'
Spurkeland på høgre, men innlegget er keepermat.
57'
Roti ladar kanonen - like utanfor!
55'
To Lørenskogspelarar spring i kvarandre innanfor 16 og øydelegg ein sjanse til å ta leiinga.
53'
Lørenskog har opna friskt etter kvilen, innlegg, men skotet blir blokkert.
50'
Lørenskog med skot i blokka.
50'
Engh driv fram i midten, men blir stoppa effektivt.
48'
Savland fossar fram på venstre, men innlegget har feil adresse.
46'
Lørenskog rett i angrep og det blir panikk i Førdeforsvaret, men dei får til slutt klarert.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause og 1-1 etter ein rimeleg jamn 1. omgang. Eigentleg ikkje noko å seie på at det er uavgjort. Men Førde må i 2. omgang prøve å få demma opp for kjappe Andreas Nordby på venstrekanten, han har stor fart og har kome til fleire farlege innlegg, eit av dei endte då og i skåring.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
44'
Nordby på farten igjen, får kårner i duell med Melhus.
42'
Iversen med markkrypar utanfor.
41'
Nordby kjem i full guffe inn i 16 på venstre og skyt, god redning av Løseth.
41'
Overlegg via ein Lørenskogforsvarar til Savland på venstre i 16, han legg inn til Skårn som brenn ballen høgt over.
39'
Lørenskog er gode no, men heldigvis for Førde er Iversen der og bryt angrepet.
35'
Nordby kjem ned på venstre, lkegg 45 ut, men rett til ein forsvarar. Førde kontrar, men det renn ut i frostrimen.
34'
Skårn haltar etter ein tøff duell, men er i sving att.
31'
Kjempesjanse Førde, Taule slår 45 ut til Spurkeland som skyt, retningsforandring og avklaring på strek av gjestene!
29'
Spurkeland dreg seg fri og skyt i blokka.
29'
Kast Lørenskog av Følstad, spelar vegg med Rfifi og sistnemnde blir avvinka for offside.
27'
Engh med innlegg via Flatjord til kårner.
26'
Kaptein Solberg fyrar - utanfor, Løseth har god kontroll.
25'
Rfifi vinn ballen frå Iversen, driv framover og får frispark i farleg posisjon etter halding frå Rygh.
24'
Ein susar frå Flarjord frå like utanfor 16, Drevland reddar med beina og Skårn avblåst for offside.
23'
Idrissi pløyar Iversen overende, frispark Førde litt inn på gjestene sin halvdel.
22'
Kaldt og roleg av Dvergsdal som dreg av ein angripar før han får frispark.
20'
Innlegg Lørenskog, Rygh heddar utover. Gjestene med eit lite overtak no.
19'
Flatjord med viktig takling til kårner i duell med Nordby.
18'
Lang Lørenskogball inn i feltet, Løseth feilbereknar og det blir slått farleg 45 ut, men Førde klarear til kårner.
15'
Flatjord legger eit legg bak mål.
14'
Lørenskog med framspel, men der har tidl. Lørenskogspelar og no Førdekaptein Vetle Rygh god kontroll.
14'
Iversen med god ball ut mot Spurkeland på høgre, det blir ein del att og fram etter innlegget og Førde får kast og bit seg fast.
12'
Frekk tunnel av Taule, spelte vidare til lagkompis men etterkvart avklart.
11'
Savland har vore frisk i opnionga av kampen.
11'
Lørenskog betre med i kampen no.
10'
Roti med rimeleg håplaus ball framover, heilt inn til Drevland.
9'
Lørenskog prøvar ein ball opp mot høge Idrissi som går i duell med ein forsvarar og keeper, og det er sistnemnde som tar hand om ballen.
7'
Lang befriande ball frå gjesteforsvaret, heilt inn til keeper Løseth.
6'
Taule prøvar skot, men i ein forsvarar.
6'
Savland driblar seg fri og får lagt inn frå kortlinja, men rett i armane på keeper Drevland.
5'
Lørenskog prøvar seg for første gong, men blir felt av linjedommars vinking.
4'
Førde som har tatt tak i kampen frå start.
3'
Innlegg Førde, ein forsvarar tar ballen ned på kassa og klarerar. Førde kjem tilbake, men går i offside.
2'
Lang Førdeball opp mot Savland på høgrekanten av 16, men der er det frostrim og han får ikkje kontroll.
1'
Lørenskog tok avspark.
Avspark Start 1. omgang
Vi får håpe at sola etterkvart får tak då det er frostrim rundt det sørlege målet.
Då er og Førde sitt lag klart og vi merkar oss at Martin Dvergsdal får fornya tillit som stoppar etter ein god A-lagsdebut frå start mot Frigg sist.
Laget til Lørenskog er klart, og gjestene kjem til Førde med ei tropp på 13 mann.
Vi kjem attende med lagoppstillingar og anna småsnacks når vi nærmar oss avspark på Førde stadion!
Dagens hovuddommar er talentet Vebjørn Nord Haugland frå Eid. Han har med seg på linjene Andreas Sandal frå Haugen og Runar Hageland, Tornado Måløy.
Lørenskog fikk to raude kort mot Nest-Sotra og det betyr at Imad Ouhadou og Youssef Mahnin sonar karantene i dag.
Førde har Joakim Kvist og Eirik Lund Holm attende etter karantene, men fikk litt mannefall etter serieavslutninga til 2. laget fredag kveld. Der pådrog Elias Rognebakke seg ei skade medan Brage Sandvoll, som hadde eit innhopp mot Frigg sist fikk direkte raudt kort. For å vere på den trygge sida kan dei ikkje ha med Sandvoll før det blir stadfesta frå Fotballkrinsen at han får berre ein kamps karantene. Får han det kan han spele på A-laget før han sonar for 2. laget, men dette blir ikkje handsama før over helga.
Det er fleire i Førde som har linkar til Lørenskog. Vetle Rygh og Christoffer Skårn har begge spelt for klubben, ja ifjor var dei lagkameratar der. Trenar Julian Madsen har vore kollega med Lørenskogtrenarane Raymond Mikkelsen og Tom Høgåsen i Vålerenga og har og trent ein del av spelarane på gjestene.
Dette er ein kamp mellom to lag som må ned i 3. divisjon neste år. Førde har visst det nokre veker medan Lørenskog fikk det stadfesta grundig sist runde då dei fikk rundjuling med 0-9 mot opprykksjagande Nest-Sotra.
Hei og velkomne til laivdekning av kampen mellom Førde og Lørenskog i nestsiste runde i PostNordligaen avd. 3!



