Referat
Kun høydepunkter
Då takkar vi for kampen. Førde tar ein komfortabel 4-0 seier, å heng endå med i toppen av NT ligaen avd. 2. Kampen i dag vart dekka av Hallvard Sommer og Mathias Indrebø. Ha ei fortsatt flott helg!
Kamp slutt Slutt (4-0)
83'
Innbytteren brukar ikke lang tid på å markere seg. Mathias Helgheim kjem aleine med keeper, men får ikke pirka ballen i mål. Veldig nære 5-0 til Førde no.
75'
Begynner å bli ein del tunge bein utpå matta no, spørs om ferien har tatt litt på for spelarane på begge lag. Førde leder komfortabelt 4-0 og det skal vere mogleg å dra dette i land.
64'
Stoooor sjansen for Lillehammer, Kasper Bern vert spelt igjennom aleine med keeper, men klarar ikke overliste sisteskansen til Førde
48'
Førde brukar ikke lang tid etter kvilen på å skape farlegheiter. Førde er nok ein gong gode på corner, og etter mykje klabb og babb inne i femmeteren til Lillehammer landar ballen på tverrliggaren heile to gonger før keeper får klarert.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er kome på bana, og det er staks klart for 2. omgang. Tilsynelatande ingen endringar på nokon av laga i pausen.
Det er pause på Førde Stadion, stillinga er 3-0.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
38'
Flott angrep av Førde! Aamelfot drar nok en gang frå sin mann på høgrevingen, legg ut 45 til Savland som ikke scorar.
26'
Sjanse for Lillehammer! Rahhaoui trekker inn frå høgre men avslutninga går over mål.
20'
Nok ein stor sjanse for Førde! Endeleg stemmer det, Savland speler Cone igjennom, denne gangen er lynvingen onside. Avslutninga vert for svak, midt på keeper.
18'
Lillehammer får annulert ei scoring, ballen var tydeleg over dødlinja meiner dommer. Fortsatt 1-0.
17'
Førde prøver stadig å slå ballen inn bak den bakre rekka til Lillehammer, men vert blåst for offside gang etter gang. Litt betre timing frå Førde, så kan det fort stå 2-0.
13'
Frispark til Lillehammer i noko farleg posisjon. Rasoli prøver å duppe ballen over muren, men ballen endar opp over mål.
11'
Førde best i opninga av seriestarten etter sommaren, men Lillehammer viser at dei kan vere farlege også.
2'
Sjanse for Førde! Allereie før minuttet er spelt er Førde frampå, Hauståker legg inn langs bakken mot Savland, men innlegget vert blokkert og klarert.
1'
Då er kampen i gang!
Avspark Start 1. omgang
Det er for augneblinken opplett på Førde Stadion, spelarane er i full oppvarming. Med dette er vi straks klare for restartet av NT ligaen avdeling 2, og Førde- Lillehammer. 'Tid leger alle sår' vert det sagt, og Førde har i løpet av ferien fått att 3 av sine verkelege store spelarar. Stefan Aase, Sander Aamelfot og Elias Rognebakke er alle tilbake frå skade og startar kampen i dag! I tillegg til dette har Førde med seg ei nysignering på benken, vi håpar å få sjå Peter Aase på bana i løpet av dagen. No er det berre 10 minuttar til kampstart, stay tuned!