Referat
Kun høydepunkter
Førde ligg framleis over streken, og vil gjere det etter denne runda også, med mindre Hødd2 vinn med 14 mål (eller noko slikt) i kampen som starter 16.30. Det er kjekt å lese tabell, og det blir ikkje mindre spanande utover hausten.
Neste kamp for Førde er borte mot Molde 2 på "Røkkeløkka", 8. oktober, medan Hønefoss tek i mot Volda, på Aka Arena samme dag.
Kampen er slutt og det ender 2 -3 til bortelaget Hønefoss.
Ser ein på sjansestatistikken er det vel fortent. Ser ein på fyrste omgang kan ein ikkje klage, men ser ein på andre omgang kunne Førde fort fått med seg noko.
For Hønefoss vil ein nok kalle dette ein "Ugly Win" og begynne å sjå farmover mot neste helg. For Førde vil ein sitte med blanda kjensler. Ja - ein kunne tapt stort og det gjorde ein ikkje. Ja - ein skulle så gjerne fått med seg noko meir. Når resultatet har komme litt i bakleksa så må ein gjerne sei at dette var positivt med tanke på å ha kvalitet nok til å skaffe seg nok med poeng i dei siste kampane. Her tok ein etter kvart føre seg av den ubesigra serieleiaren. Liknande trykk, iblanda litt meir sjølvtillit og kvalitet, vil kunne gi gode resultat ut over slutten av sesongen.
"Bua" ynskjer alle involverte god tur heim, og minner om at Førde sitt Damelag speler heime mot Fyllingsdalen 2 i morgon klokka 15.00. Ny dag i parken, med lokalfotball. Vonar vi ser deg der også.
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+10'
Pedersen over frå 22 meter. Vil ha offside der Flatjord, men det er det ikkje . Kunne punktert kampen der, bortelaget.
90+8'
Ay ay ay. Der kom sjansen, men volleyen frå Bergset frå om lag 16 meter sklir av og går til femmeter. Nydeleg legg av Ammelfot til Savland osm legg att.
90+7'
Kast til Førde høgt i bana. Kan dei spele seg til ein siste sjanse?
90+6'
6 minutt på overtid. Går mot bortesider dette, sjølv om Førde nå presser det dei kan. Skaden på Vilnes er nok med å prege lengda på overida.
90+5'
Larsen stopper Helgheim, men speler ballen i ryggen på eigen speler. Førde tek over att.
90+5'
Bergset er kåra til Førde sin beste spelar i dag. Annonsert 3 sekund før Savland satte sitt andre for dagen. Kanskje dei må dele pizzaen for to frå kampsponsor Peppes Pizza.
90+4'
Assistentrener Dalen for Hønefoss får gult kort etter at S. Aamelfot får frispark mot seg.
90+1'
Trollebø med eit forsøk frå 30 meter. Dupper fint, men Byttingsvik held ballen.
88'
Savland med ein enorm moglegheit, via keeper til corner.
Bergset slit seg forbi til høgre i bana og slår eit strøkent legg. Savland med eit perfekt medtak og ei god avslutning, men Byttingsvik er med på notane. Ballen har like fullt retning mot mål, men skruen gjer at ballen havner utanfor stolpen i staden for i nota.
85'
"Liten sjanse" til Sander Aamelfot. Spring seg fri, og kjem åleine mot Hanssen. Sett den forbi keeper, og på innsida av stolpen. Diverre for den tidlegare Førdespelaren sprett ballen på tvers av streken og på utsida av den andre stolpen. Der beinar Nistad ballen til corner.
82'
Godt Hønefoss-spel til høgre i bana, ender til slutt med avslutning skrått frå 8 meter. Avslutninga er så dårleg at Hanssen hamner i ubalanse, og må bruke beina. Får heldigvis ballen langt nok vekk, til at det blir ufarleg.
81'
Etter to minuttar har Førdefysio Øverås teipa Vilnes nok til at vi kan sette spelet i gang att.
78'
Assistentdommer Vilnes med overtrakk/strekk.. Treng hjelp til å bli teipa opp.
71'
Hanssen stopper S. Aamelfot med ei nydeleg beinparade.
Nistad gir vekk ballen på eigenhalvdel, og S. Ammelfot kuser Gjermundstad på fart. Berre ein touch att før ballen ligg i mål, men der kjem Hanssen og redder. Corner Hønefoss.
71'
Førde, med Trollebø, skal kaste langt. Då er det godt at Edvin Brattreit står rett ved, med kvit t-skjorte. Den gjer seg godt som handkle. Kastet treng vi ikkje sei så mykje om, når det fyrst kjem, og Hønefoss speler ballen i bakrom og heilt inn til Hanssen.
Vonar dei har vaskepulver som gjer kvitvasken skinande kvit i heimen.
69'
Førde kontrer i gode høve, men Søgnen bles av kampen for hovudskade etter ein duell på midten. El Amrani fekk trøkken, og speaker Skreien som er begynt å bli engasjert undersøker om høgtaleren er av før han begynner på "grav han ned, grav han ned, grav han ned", og mimrer attende til gamal supporterkultur.
66'
Kikkerten til speaker Skreien kjem til nytte. Det virker som om det blir støtta opp om fotbladet/leggen til Nestaker. Overtrakk?
63'
Ny skade, og speler som må ha hjelp. Denne gongen er det Hønefosspelar Nestaker som skader seg i det han stekk seg etter L.Aamelfot. Kan sjå ut som ein overstrekk i kneledde. Blir rulla ut av bana og får tilsyn.
El Emarani speler høgreback til Hønefoss har gjort klart eit bytte.
62'
N. Hvidsten sitt nede, og må ha hel av bana frå fysio. Anklen har vore eit problem for N. Hvidsten lenge, etter eit mindre brudd med påfølgande nærve i klem denne våren.
Jonas Nistad gjer seg klar, også han attende etter eit langt skadeavbrekk.
56'
N. Hvidsten gjer ein god sikringsjobb på Grimeland i det S. Ammelfot er på veg gjennom. Får også kastet av assistentdommar Vilnes.
52'
L. Aamelfot blir liggande etter å ha fått ein alboge/skulder i andletet. Kjem seg på beina att. Bua ser ikkje om det var grunnalg for å be om meir enn berre tilsyn.
51'
Kjempesjanse for Trollebø.
Legget frå Grimeland blir flikka vidare, og Byttingsvik må i full strekk for å halde den ute frå lengste hjørnet. Meget kvalifisert redning, og godt utført heading.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er attende på bana, og dommer Søgnen er klar for å blåse i gang andre omgang.
Vi kan ikkje sjå nokon endringar på nokon av laga i løpet av pausen.
For mange er dette nå ein kamp utan nærve, som er avgjort, men det er langt frå sanninga.
For Førde handler det om å ikkje få ein for dårleg målforskjell, medan bortelaget treng alle mål dei kan i kampen mot Eidsvold Turn. Denne kampen kjem difor til å leve, uavhengig av stilling, til vi har bikka 90 minutt og tillegg.
Vi gler oss til ein ny omgang med lokalfotball.
I sjansestatisitkken er det eit enormt overtak til bortelaget, og tal lyg ikkje.
I analysen si ånd så vil vi frå bua peike på to høve der forskjellen viser på bana. Den fyrste er fyrstetouchen. Hønefoss er mykje betre til å få ballen, med kontroll, ut av situasjonen. Det gjer at ein kan løfte spelet oppover når Førde har vore på besøk på deira halvdel. Det andre er duellspelet, særskilt på dødballar.
Ein og ein trøkker Førde godt til, men i faste situasjonar og bak fyrsteduellen er Hønefoss klart best. Skaffer seg gode tilhøve, og ender i 70/30-situasjonar i staden for 50/50.
Heimelaget må, men det er vanskeleg i situasjonen, spele med meir sjølvtillitt samstundes som ein må tole å få endå meir vondt.
Siste som skjer i omgangen er at Savland nesten snapper ein ball frå keeper Byttingsvik.
Aarøen er på andreballen, men symptomatisk for heimelaget i denne omgangen blir det nok eit panisk fyrstetouch i retning mål. Då ebber omgangen ut i 0 - 2 til bortelaget. Med to redningar på strek er det ikkje noko å sei på.
Føredekeeper Hanssen får med seg nokon velvalte ord frå far og tidlegare førdekeeper Hanssen senior inn i garderoben,
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
43'
Der viser Hønefoss litt teknikk og klasse på kanten. Groven, Lambi, og Petersen speler ballen nydeleg framover. Hanssen glepp innlegget, men tek det att uten motstandarar i nærleiken. Svensson var allereie framfor duellen.
42'
Trollebø med Førde si fyrste avslutning på mål. Hardt , frå 18 meter, med "feil" fot. Byttingsvik må også gi ein liten retur, men tek den lett att.
38'
Frisparket er godt slått, men Førde får med nød og neppe klarert.
Til slutt kjem ballen ut til Savland som er issolert mot Rydje. I staden for å sjå motsatt på Aamelfot som er på veg gjennom skyt han frå 66 meter. Det er å tru på julenissen.
33'
Benken til Hønefoss får tilsnakk etter at Lembi går ned rett ved sidan av bortelaget sin benk. Førde speler ballen attende til Hønefoss og spelet er raskt i gang att.
33'
Artig studie i løpsstil når Lasse Aamelfot spring opp broder Sander Aamelfot. Mogleg å sjå at dei var i slekt der...
31'
Pedersen prøver å finn Svensson med ein god stikker inn frå kanten. Når akkurat ikkje ballen Svensson, og Hanssen kan plukke. Sett kjept i gang mot Savland som går i offside.
30'
Langt kast til Hønefoss, frå motsatt side denne gongen. Nå vinn Bergset duell nummer 1.
28'
Hanssen må gi vekk corner, med ei god redning, etter sjølv fyrst å ha gitt bekk ballen uten særskilt press. Rett opp i midten, halvhøgt er det samme som brot. Gjer opp for seg sjølv, då skuddet kjem mot lengste kryss frå nesten 30 meter, men Hønefoss er sterke på dødball.
25'
Nesten da capo, men eit Førdebein redder avslutnigna frå klynga, på streken. Skikkeleg trøkk på desse innkasta, bortelaget, til glede frå eit relativt stort tal med bortesupportarar som har tatt oppstilling ved Hønefoss sin banehalvdel/lagleiarbenk.
25'
Nytt innkast til Groven, høgt i bana. Vi hugser kva som hendte sist. ..
24'
L. Aamelfot og Aarøen samhandler fint nede på venstresida til Førde. Får til slutt ballen inn til Bergset som vipper gjennom Savland. Rydje kjem seg mellom og får hindra skudd. Fyrste virkelege tilløpet frå heimelaget.
23'
Nestaker kjem langt opp i bana, men frå nokon å 20 meter, litt skått, fryrer han langt over målet til Hanssen.
17'
S. Aamelfot gjennom til høgre. Stopper nesten opp, og i desperasjon prøver han eit skudd. Snik seg nesten i lengste hjørne, og Hanssen må gjere ei kvalifisert redning til corner.
15'
Annulert mål, til Hønefoss. S. Aamelfot slår inn og Svensson header i mål frå 3 meter. Fyre er opp med flagget og redder Førde frå ein ekstrem motabakke. Nå er det berre ein "tung" oppoverbakke.
12'
Medan vi skriv om fyrste målet kjem Hønefoss gjennom nok ein gong. Åleine med Hanssen sett Wangballen over forsøket på beinparade frå Hanssen og i lengste hjørne. Fint spel opp i midten, og vidare rulla ut til back/kant. Handballrulling. 2 mål på 1 minutt av ein venstreback. Har det hendt før?
9'
Ny duell mellom dei to samme personane. Denne gongen vinn Pedersen eit frispark mot A. Hvidsten djupt inne på Hønefoss sin halvdel.
8'
Lang crosser frå Hønefoss mot Pedersen, men A. Hvidsten kjem seg på rett side. Vinn i tillegg ein femmeter for Førde.
7'
Bergset og Savland skviser Lembi, og frispark til Hønefoss på midten.
7'
Førde, med Savland, tek eit raskt frispark i retning L. Aamelfot. Nestaker får eit kne på ballen, og header deretter ballen attende til eigen keeper. Med 12 mål slept inn ila årets sesong ventar nok ikkje Hønefoss at Byttingsvik får mykje å henge fingrane i idag.
5'
To svake igangsetjinngar frå Hanssen på rad, fyrst med venstre og så med henda, gir Hønefoss to moglegheitar til brudd, men Grimeland gjer ein god jobb. Ender med eit forsøk på gjennomspel mot Trollebø. Hønefoss tek over.
4'
Førde står vesentleg høgare på Hønefoss enn dei gjorde då Eidsvold Turn var på besøkt. Vil det gi resultat? Tida vil vise.
3'
Savland flikker gjennom Trollebø etter at Aarøen vinn nok ein 50/50 duell. Til slutt blir Trollebø avvinka for å halde i drakta.
2'
Førde med avspark, og speler fort fram i bana. N. Hvidsten vinn fyrste 50/50 duell, og ballen hamner hjå L. Aamelfot som legg inn, Etter kvart jager Aarøen ein ball som ender til femmeter.
Avspark Start 1. omgang
Innmarsjfanafara går, og laga entrer bana. Vi er straks klare for kamp.
Spielführer Hanssen skipper Muqkurtaj får instruksjonar av dommartrioen. Førde skal spele fyrste omgang mot Hafstadkleiva, og byrjer med ballen.
Laga trekk i garderoben. Assistenttrenar Isene, Newcastlesupporter, har bede om å få "Local Hero" som innmarsj i dag. Vi aksepterer eit lite stykke sportsvasking i "Parken" - det er jo ikkje så stor forskjell på St. Jamse's Park og Hafstadparken.
Mindre enn ein halvtime til kampstart.
Speakervikar Skreien er på plass i "bua" og, ettersom den er plassert litt lengre vekk frå bana, han har med kikkert for å vere sikker på at alt blir rett.
Det kan vere lurt, for i dag er det ikkje råd å følgje kampen live på direktesport. Ein har ikkje hatt tid til å flytte alt utstyret mellom stadionanlegga. Då er alternativet så sjå kampen live, eller å følgje den på "liven".
Halvtime til kampstart, og alle aktørar er i gang med oppvarminga. Dommertrioen gjennomfører Fair-Play møtet med trenarane Halle og Folland. Lukta av svette fotballkle, regntungt fotballlær, og nysteikte vaflar ligg over "Parken".
Nobby Holder og Slade ynskjer Førdekeeperane Hanssen og Johansen, som saman er med Bergset er fyrst ute på matta, velkommen til fotballaurdag. "Wall of Sound" runger ut over anlegget, og held regnet vekke frå Førdegryta. Akkurat nå er det strålande tilhøve for fotball (og publikum) i Førde.
Heimelaget gjer som tidlegare anonsert nokon endringar.
Rognebakke og høynes er ute, og inn kjem N. Hvidsten og Aarøen. Vi ser og at Hauståker er ute av troppen, og inn kjem A. Hvidsten på høgreback.
I tillegg blir det gjort to endringar då Helgheim og Østvik må finne seg i å sitte på benken til fordel for Aamelfot og Grimeland. Då blir det brødreduell på kantane, medan den "nye" landslagsaktuelle (g16) Grimeland skal spele mot den tidlegare Førdestjerna S. Aamelfot. Mykje å glede seg til.
Lagoppstillingane er klare, og Hafstadparken er gjort klar til kamp.
For bortelaget har trenar Gunnar Halle tatt ut eit lag som ikkje er så veldig endra frå tidlegare kampar. Nokon endringar er det like fullt, og for publikumet i Førde er det ei endring som står fram. Sander Aamelfot skal spele på vingen mot gamle lagkameratar.
Elles ser vi at el Ghaouti får "kvile" denne kampen, men er i bakhand på benken.
Vi bryt inn i laurdagsføremiddagen, ostesmørbrøda og gullrekka i reprise for å informere om at kampen er flytta frå Førde Stadion til Hafstadparken. Dommer Søgnen har vore på synfaring og sett at nattas regn har lagt bana under vatn.
Vi oppmoar alle om å møte i Hafstadparken og heie fram laget ditt. Det er mindre sitteplassar i "Parken", men det er råd å ta med eigne stolar o.l. Då oppmodar vi om å plassere desse mellom dei to kunstgrasbanene. På den positive sida er det fantastiske kioskfasilitetar i "Parken", så ein vil aldri lide noko naud i regnet.
Vel møtt!
Vi kjem uansett attende om lag ein time før kamp. Då har vi lagoppstillingar og anna informasjon til alle interesserte.
Dommarar i dagens kamp er Jacob Sande Søgnen (Gaular IL).
På linjene får han med seg Vilde Mattevik Vilnes (AHIL) og Jørgen Fure (Breimsbygda IL).
Førre kamp Søgnen dømte Førde var førre heimekamp mot Eidsvold Turn, som til slutt enda 3 – 7 til bortelaget etter at Førde tidelg i andre omgang leia 3 – 2.
Vi veit allereie at det blir endringar på Førde denne kampen. To spelarar er ute med karantene etter førre kamp. Det opnar moglegheita for nye, unge ansikt. Så står det att å sjå om trenarane Folland/Isene/Vetti eksprimenterer meir enn dei må, og nyttar kampen mot serieleiaren som ein bonuskamp? Det er fleire spelarar som står i fare for å få karantene ved eit nytt gult kort.
Laga var også i same divisjon førre sesong. I sesongen 2022 vann Førde 4 -3 på heimebane. Måla til heimelaget blei scora av Savland (2) og S. Aamelfot (2).
Vårkampen på Hønefoss enda 4 – 0 til Hønefoss. Då scora Svensson, el Ghaouti og Nestaker, samt eit sjølvmål av Førdespelar Bergset, måla.
Hønefoss har vist seg som eit enormt hardtsatsande lag, og er ikkje framand for å hente spelarar som dei har trua på. Dette fører til at ein finn kjente ansikt i Hønefosstroppen. Lars Larsen (Florø) og ikkje minst Sander Aamelfot (Førde) er ein del av serieleiaren sin tropp. Så spørst det om ein får sjå dei i løpet av kampen.
Hønefoss har denne sesongen vore ekstremt imponerande. Enn så lenge har ein ikkje tapt ein seriekamp dette året. I ein vanleg sesong ville laget klart vore klare for opprykk, men som med Liverpool og Man. City i Premier League eit par sesongar tilbake har det blitt eit enormt rotterace om fyrsteplassen. Hønefoss har leia serien sidan dag ein, men for 14. dagar sidan kom årets fyrste poengtap. Førre runde var ein attende på sigerssporet med ein enkel 4 ? 1 siger heime mot Hødd2.
Førde Fotball kjem til denne kampen med eit surt bortetap mot Volda i bagasjen frå førre helg. Det var ein kamp heimelaget gjerne skulle vunne. Med 5 kampar att i serien blir det nå ein ekstrem kamp for å ta nok poeng til å overleve i ligaen. Alle dei resterande kampane er mot lag som i dag ligg over Førde på tabellen. Underteikna held framleis på tipset om at laga som skal overleve i divisjonen treng 26 poeng. Då treng heimelaget 4 poeng til.
Førde Fotball, saman med generalsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane og kampsponsor Peppes Pizza, ynskjer velkommen til Hafstadparken og den 22. runda i Norsk Tipping-ligaen mellom Førde og serieleiar Hønefoss.