Referat
Kun høydepunkter
Hødd tek seg vidare til neste runde! Dei fekk ei tidleg scoring frå Mikhail, og med ein slik start er det mykje som skal gå gale for at det ikkje blir avansement. Hødd hadde overtaket gjennom heile kampen, men skapte ikkje enormt mange sjansar i forhold til Førde. Ei tidleg scoring etter pause frå Holte avgjorde kampen, og då går Hødd vidare til runde to. Førde kjempa hardt, men nivåforskjellen mellom laga vart til slutt for stor.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+3'
Ei siste avslutning frå Ola Rognebakke. Hardt skot, men den går utanfor målet.
90+1'
Aske prøver seg på ei ny avslutning. Går utanfor målet, og Elias Rognebakke kjenner på krampe. Kampen er nok avgjort, men Førde kjempar framleis.
89'
Roppen slår gjennom til Holte, som prøver å slå inn i boksen. Der står det ingen, og Førde får eit innkast til slutt.
86'
Corner til Førde. Dei har sendt Hallstensen opp som spiss.
85'
Hødd rotar det til, og Savland får ballen på ope mål, men vinkeleg er veldig spiss. Då trillar den rett utanfor streken, og går ikkje mellom stolpane! Nesten 1-2 på Førde stadion.
80'
Laga tek seg ein drikkepause medan Bergset får behandling for krampe.
79'
Bergset ofrar seg når han taklar i boksen for å stoppe ein sjanse. Får krampe i situasjonen.
78'
Aske prøver seg frå 20 meter. Hanssen heng med, og slår den vekk. Brukbar sjanse for bortelaget.
77'
Frispark til Førde relativt høgt i bana.
77'
Roppen slår inn mot Holte som prøver å avslutte. Han får ikkje eit reint treff, og ballen sklir inn til Hanssen.
76'
Savland prøver seg, men det blir blokkert. Tida renn ut for Førde, og Hødd nærmar seg avansement til neste runde.
72'
Aamelfot og Savland prøver å finne kvarandre i boksen, men dei blir stoppa av Roppen som har spelt ein god kamp.
68'
Roppen og Mikhail skaffar ein corner for Hødd.
62'
Hødd prøver å kontre etter corneren, men klarar ikkje å kome seg til ein stor sjanse.
60'
Bra spel frå Førde. Resultatet blir corner.
58'
Corner til Hødd etter at dei prøver seg på ei kontring.
57'
Mikhail slår inn ute til venstre, men ballen går fleire meter over dei som står i boksen.
54'
Savland blir teke rett utanfor boksen, men får ikkje frispark. Hallstensen prøver seg frå distanse, men han sender ballen rett i hendene til Alme.
49'
Førde prøver å utfordre ute til venstre, men Helgheim går i bakken, og ballen går ut til utspel.
47'
Robertsen viser fram innleggsfoten sin, men Førde får kontroll over ballen.
46'
Hødd har gjort ei endring på laget, og den andre omgangen har starta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd har leiinga før pause, men det er framleis liv i kampen. Hødd har hatt eit par sjansar på dødball, men utanom det har det ikkje skjedd alt for mykje. Førde har moglegheitar til å snu dette, men dei må også skape fleire store sjansar då.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Førde slår høgt mot Lorgen, men han treff ikkje reint på headinga si. Den går svakt utanfor målet, og Alme kan plukke opp ballen utan problem.
44'
Førde prøver seg på eit par innlegg, men Hødd står bra i eigen boks.
41'
Bergset stoppar Mikhail i boksen. Bra forsvarsspel, og ingen straffespark.
37'
Førde klarar nesten å spele seg inn i boksen, men Blikstad er på plass, og stoppar den siste pasninga.
33'
Sandal kjem seg inn i boksen, og skal slå inn. Ballen går forbi alle i boksen. Dette kunne blitt ein stor sjanse for Førde, men kvaliteten på den siste ballen til Sandal var ikkje god nok.
31'
Ny corner for Hødd! Det kjem etter eit bra angrep ute til venstre.
28'
Mikhail slår inn til Holte, som vinn ein corner.
26'
Aamelfot får ballen i bakrom! Han er rask, og kjem seg inn i boksen. Avslutninga er ikkje god nok, og går over målet. Førde får sin første store sjanse i kampen, og Aamelfot viser at han er ein spelar Hødd må passe på.
23'
Frispark til Hødd i brukbar posisjon for innlegg.
21'
Brandal slår inn i boksen, og ballen går ut til Skotheim. Han får eit svakt treff på ballen, og den går langt utanfor målet.
19'
Riise slår inn i boksen, men innlegget er alt for høgt, og Førde tek over ballen.
17'
Venstreback Lorgen viser fram fine detaljar ute til venstre, men Førde klarar ikkje å kome seg forbi det siste leddet til Hødd.
12'
Elias Rognebakke sklir inn i eigen boks, og sender ein ball ut til corner. Bra stopparspel.
11'
Heimelaget prøver seg på ei kontring, men pasningane blir ikkje presise nok til at dei kjem seg langt nok fram i bana.
9'
Aamelfot kjem seg inn i boksen, men Blikstad er sterk, og klarar å stoppe han før det blir farleg.
8'
Brandal prøver seg på ei avslutning når han blir pressa. Ballen sklir av foten, og ut til utspark for keeper.
7'
Det er eit lite stopp i spelet etter at Heggheim har fått seg ein smell.
3'
Førde slår langt opp mot Helgheim. Ballen går for langt, og keeper Alme slår den ut til innkast.
1'
Tidleg corner for bortelaget!
1'
Hødd tek avspar, og den første runda i cupen har starta!
Avspark Start 1. omgang
Laga går ut på grasmatta medan den gamle hymna til Eliteserien blir spelt på anlegget. Sunnfjordingane har møtt opp, og har trua på ei cupbombe.
Lagoppstillingane er ute, og Førde stiller som venta i 3-4-3. På papiret står Hødd oppført med det same, men med denne lagoppstillinga er det vanskeleg å sjå kven som skal fylle kva slags rolle. Fleire unggutar får sjansen medan ein del av dei som stort sett startar kvar kamp ikkje er med til Førde denne gangen.
Freek van Herk er hovuddommar i dag. Han har med seg Petja Cink og Kjell August Ytre-Eide som assistentar.
Førde har hatt ein god sesong i 3. divisjon, og ligg på 2. plass bak Bjarg. Hødd skal altså møte eit lag som tek med seg mykje sjølvtillit inn i denne kampen. Men det er ikkje berre Førde som har hatt ein brukbar sesong. Nyopprykka Hødd har klart å ta steget opp til OBOS-ligaen, og held nedrykkskampen på god avstand. Det er sju poeng ned til Stabæk på nedrykkskvalik, og det er fem poeng opp til Lyn på opprykkskvalik.
Me vil truleg sjå to lag som stiller i formasjonen 3-4-3 i dag, og det er ikkje tilfeldig. Førdetrenar Alexander Lekva har Manchester United som favorittlag, men det er faktisk Marius Bøe, og ikkje Ruben Amorim som er grunnen til at han har begynt å spele 3-4-3 med Førde i år. Lekva var på besøk hjå Hødd før denne sesongen, og kunne hente mykje inspirasjon frå det Marius Bøe og Hødd held på med.
Dette blir det tredje oppgjeret mellom desse laga i cupen. Første kamp var i 2003, og då vann Hødd heile 7-0. Neste kamp var i 2022, og det vart også ein komfortabel siger for laget frå Ulsteinvik då også. Då vart resultatet 1-5 på Førde Stadion. Hødd må naturlegvis bli sett på som favorittar i dag også, men det har ikkje vore lett å møte Førde på Førde Stadion i år. Dei har berre tapt ein kamp der i år, og det var mot topplaget Bjarg.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Førde og Hødd i den første runda i cupen 2025/2026!