TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Førde vinn fortent 5-0, og mannskapet til Rognsø har opna sesongen meget bra. Takk for følget.
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+2'
Rundt 300 tilskodarar ser kampen.
88'
Hjørnespark
Keeper Hanssen boksar ut.
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
81'
Cone skyt - rett på keeper.
79'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
75'
Mål!
5-0
Cone nikkar inn inn 5-0!
72'
Spillerbytte
71'
20 minutt att, og begge lag veit kor dette endar. Desse tre poenga blir att i Førde.
68'
Spillerbytte
64'
Lite som skjer akkurat no.
61'
Kjem nok til å sjå fleire innbytter frå Førde no. Fin kamp og gi heile troppen speletid dette.
60'
Halvtime att, og det skal svært mykje til om Hødd skal ta poeng her.
55'
Mål!
4-0
Cone finn Aamelfot som enkelt set inn 4-0!
54'
Skikkeleg kalddusj for det unge Hødd-laget, som har opna andre omgang best.
53'
Mål!
3-0
Bergset tar seg av ein andreball inne i feltet, og bankar inn 3-0.
52'
Hødd 2 med svak medvind denne omgangen.
49'
Dette Hødd-laget knuste Førde i juniorkamp i påska. Tydeleg at Førde har fått bytta ut nokre juniorspelarar med eldre karar. For Hødd er laget mykje det samme.
48'
Hødd sitt A-lag spelar kamp søndag, så ingen av reservane derifra er med i dag.
48'
Vi kan minne om at Hødd 2 låg under 4-1 mot Florø i første serierunden, og scora to mål på to minutt heilt på tampen.
47'
Innbytar Aske viser seg fram med en gang. Men skotet går over.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause, på stillinga 2-0 til Førde. Fortent utifra spel og sjansar.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
43'
Hjørnespark
Avslutning over.
40'
Fin sjanse for Hødd, men avslutninga går over!
37'
Hjørnespark
Ufarlig.
37'
Førde har framleis god kontroll på kampen, sjølv om Hødd er noko betre med no enn dei første 20 minuttane.
35'
Stor sjanse for Bell og Førde, men han set ballen utanfor!
30'
Hødd noko betre med no.
28'
Gjestene vil ha straffe, etter at dei meiner ballen går opp i ei Førde-hand inne i feltet. Vrient å sjå kven som hadde rett der, Hødd-laget eller dommaren. Straffe vart det i alle fall ikkje.
24'
Hjørnespark
Østvik nikkar utanfor.
24'
Hjørnespark
NY corner.
23'
Gult kort
Legg Cone i bakken.
21'
Rognsø trente Florø til OBOS-ligaen for nokre år tilbake. No har han stor suksess som trenar for Førde.
20'
Hjørnespark
Fleire skot, og like mange blokkeringar inne i feltet. Hødd slepp unna.
17'
Og medan Førde-spelarane jublar, så samlast Hødd-spelarane til krisemøte i ein ring i forsvaret. Må opp nokre hakk her gjestene - viss ikkje blir dette stygt.
16'
Mål!
2-0
Aamelfot blir spelt gjennom, og er sikker aleine med keeper. 2-0!
13'
Sævik dempar på brystet og skyt på direkten! Men Hanssen reddar skotet som ikkje er alt for hardt.
11'
Førde toppar tabellen akkurat no, rett nok før fleire av dei andre laga er i gang med sin tredje kamp.
10'
Østvik slår inn frå venstrekanten, og ballen går over heile feltet og til Aamelfot. Han skyt frå skrå vinkel - over!
9'
Heimelaget har festa grepet om kampen. Tre hjørnespark på dei første åtte minuttane. Men også Hødd har hatt sin sjanse.
8'
Hjørnespark
Over heile feltet.
6'
Hødd stormar rett i angrep, og det bør stå 1-1! Vrient å sjå kven som nesten kom aleine med keeper der, men den sjansen burde dei utnytta langt betre.
5'
Mål!
1-0
Innøvd variant frå Førde som gir 1-0! Slår 45 grader ut i feltet til Sagevik som hamrar ballen i mål!
5'
Hjørnespark
3'
Hjørnespark
Over heile feltet, til innkast for Hødd ved motsatt hjørneflagg.
3'
Østvik vinn en corner for heimelaget.
1'
Då er kampen i gang.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana.
Hos heimelaget er Aamelot i bra form, og en mann Hødd må sjå opp for. 6 mål på 4 offiselle kampar for vertene så langt i år. Hos bortelaget er Filip Mardal ein lokal kjenning. Han starta karrieren på Sandane, før han gikk innom Sogndal-systemet. No er han i Hødd for å utvikle seg vidare.
Laga er i full gang med oppvarming på Førde stadion. Graset ser meget bra ut, til å være i april månad.
Hei, og velkommen til Førde - Hødd 2!