TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kampen er slutt, og det ender 3 - 0 Førde. Solid gjennomføring, kjekt å være attende på graset, og ein live-ansvarleg som missa heilt oversikt over kor mange sjansar Førde skapte. Det må bli ein lang video når Firda skal lage video med høgdepunkta seinare i kveld. Hagen og Løseth i "bua" takker for seg. Vi ynskjer spelarar, dommarar og publikum vel heim.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Russen har ikkje møtt opp i dag, skuffande for unge samlarar av russekort. Vonar dei møter til 16. maikamp mot Florø om 2 veker. Hadde vore kjekt med litt eksta liv bak eine målet. Kanskje Storevik og Førde Fotball kan friste med gratis inngang for russen?
90+1'
Edvin D. Brattreit er utnemnt som dagens førdespelar. Godt å få med seg ein pizza frå Peppes til Russefeiringa på Langeland. Kjekt for guten som knapt har gjort ein feil i dag, scora eit nydeleg mål, og endeleg virker å vere attende etter lagvarig skadeproblematikk.
90'
Vi speler på tilleggstid.
90'
Gult kort
Stopper ei kontring rett etter å ha komme inn.
90'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
88'
Spillerbytte
88'
Hanssen i Førdemålet har vore meir i aktivitet dei siste to minutta enn resten av kampen. Sikkert godt av å få litt varme i kroppen, men ikkje så bra at Førde har slept seg ned etter 3 - 0
87'
Hødd 2 prøver seg nå. Fleire skudd mot Førdemålet, men det blir ikkje farleg. Siste skuddet rett i fanget på Hanssen, som har full kontroll. Godt teknisk utført redning.
86'
Frispark
Kunstgraslag på grasbane. To gonger bommer Hødd 2 på ballen inn i 16. meter. Der kunne det fort blitt farleg.
85'
Spillerbytte
85'
Tellevik speler nesten gjennom Aske. Larsen med ei kjempetakling rett før avslutning.
84'
Nok ein gong er det nesten at Helgheim vinn ball høgt i bana. I kamp mot keeper etter tilbakespel her det rett før Helgheim er på blank. Puster nok letta ut der Jensen.
82'
Frispark
Østvik blir tatt i det han skal legge ballen framover. Fyrste gong i kampen vi kan snakke om kort, men kortstokken forbli i lomma til dommer Hansen.
80'
Mål!
3-0
Kjempejobb av Helgheim som stel ballen inne i 16. til Hødd 2. Kjem åleine med Jensen og legg ballen til Aarøen som putter frå 5 meter. Kall meg Nostradamus. Flaksa er opna.
78'
Mål!
2-0
Kontant nede i venstre hjørne. Jensen går feil veg. Det må gjere godt for Førde, og skamme på dei som meiner at mannen som blir tatt ikkje skal ta straffesparket. Årets 3. mål for Bergset. Då spørst det om vi kan få ein effekt kjent som ketchup?
77'
Straffe!
Straffe til Førde. Soleklart i følgje "bua". Bergset blir tatt og skal ta den sjølv.
77'
Flatjord kjem opp frå backen, og kvifor ikkje satse på at dette er dagen for årets mål? Dundrer til rett på keeper.
75'
Tverrligger, for Hødd 2. Aarøen misser på veg framover, og frå 25 meter fyrer Akse (?) av. Skuddet dupper over Hanssen på 3 meter, og dundrer i tverrligger.
73'
Hjørnespark
Fyrste corner til Hødd 2 i det sola viser seg. Bergset header vekk.
73'
Spillerbytte
73'
Østvik misser ballen på veg fram, og ein god moglegheit for Hødd 2 til å kontre. Brattreit og Aarøen sping opp att Flø , og Rognebakke kan stjele ballen attende.
70'
Spillerbytte
68'
Spillerbytte
68'
Innlegg frå Flatjord lander oppå tverrliggar.
67'
C-moment av Flatjord. Slår ballen på eine sida, og spring på andre. Det har han gjort før veteranen.
67'
"Der, nei!", "Der, nei!","Der, nei! Lyden frå tribuna er ikkje å ta feil av. Førde beleirer Hødd 2 nå, og nå må målet snart komme. "Eit kongerike for ein avslutter" lyder frå speaker Hagen.
65'
Helgheim header rett på keeper, etter innlegg får Østvik .
64'
Hjørnespark
Østvik header, rett over.
64'
Etter fleire år som høgreback er ikkje venstrefoten FLatjored sin sterkaste. Men... den blir ekstremt farleg. Via et høddbein og eit høddhovud ender ballen like utanfor stolpen.
62'
Hjørnespark
Slått på fyrste. Hauståker stusser gjennom feltet, men der er det ingen.
61'
Frispark
Brattreit med show på sida. Finter 4 mann på rygg. Slepp gjennom Helgheim som må skyte med feil fot. Litt skrått er det ikkje verste redninga Jensen har måtte gjere i dag. Førde held trykket, men lager frispark.
60'
Frispark
Bergset litt tøff i ryggen, og Hødd 2 får frispark.
58'
Spillerbytte
58'
Østvik legger inn med venstre. Det fungerer dårleg, men han får ein ny sjanse. Med høgre finn han Hauståker på motsatt side. Knallhardt inn på tvers av mål, men ingen resultat. Skulle ikkje vore ein stor touch for å at det ville vore 2 - 0
57'
Hjørnespark
Ender til slutt hjå keeper.
57'
Ny stor sjase for Førde. Bergset avslutter frå 8 - 10 meter, blokkert til corner.
56'
I det regnet/snøen trekk seg litt attende begynner ein å tenke at nå bør Førde snawrt sette ein sjanse. Elles vil Hødd 2 contre inn ei utligning.
55'
JENSEN!!!! Fyrst curler Helgheim ein ball heilt nede i motsett hjørne. Der ligg han. SÅ kjem Savland frå to meter, og fyrer returen mot mål. Der er Jensen endå ein gong. Enorm dobbeltsjanse, og redning.
54'
Helgheim avslutter, relativt rett, på keeper, etter flott ettertykk frå Østvik, Savland og Bergset. Skulle ikkje mykje ut til sida før det hadde sett Jensen på ei stor prøve. Relativt upressa får 16 - 18 meter.
51'
Frispark
51'
Hjørnespark
Brattreit tvinger fram ein corner. Helgheim slår innover, men dommer bles frispark utover/nordover (til Hødd 2). Hadde bestemt seg før corner var slått, tenkjer "bua", for det var ikkje mykje knuffing i den situasjonen.
51'
Langt oppsett til Brandal, men Larsen spring opp forsøket.
49'
Hauståker akselerer nedover høgrekanten og slår inn. Keeper Jensen har kontroll, men må gi ein liten retur til seg sjølv. Eit teikn på at bana har begynt å bli sleip?
48'
Frispark
Frispark til Hødd 2, midt på bana. Roleg og fin kamp å dømme - så langt -ingen kort eller stygge taklingar.
48'
I kategorien I-landsproiblem kan vi nemne kommentatorbua. Drivet inn fjorden har tatt all sikt utvindauget, og vi får berre gjere vårt beste.
46'
Hjørnespark
Slått inn, men for låg.
46'
Savland sparker i gang andre omgang, og det tek 20 sekund før Helgheim skyt over frå god posisjon. Dommer dømmer coner så den må ha vore via ein blå mann.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Førdespelarane, anført av Mathias Helgheim, entrer grasmatta for andre omgang. Hødd 2 kjem i samla flokk. Vi er straks klare til nye 45 minuttar med fotball.
Ein skulle ikkje tru det snart var mai. Vinden har snudd til nord /nordvest, og iskald snødriv kjem inn fjorden. Med førdeauge tyder dette i alle fall tendensar til medvind i den andre omgangen.
Vi merker oss ein liten barnestormer. Dotter til veteran Eirik Flatjord prøver å komme seg ut på bana med ein fotball. Spørsmålet er om neste generasjon etter kvart vil få like mange kampar i Førdedrakta som far? Motivasjonen skal det ikkje stå på, og per nå har jenta blitt stoppa 3 gonger. Fotball er kjekt!
Speaker Odd Hagen gratulerer, styreleiar i Førde Idrettslag, Arne Helgeheim, med 54-årsdagen. Vi heng oss på og vonar han får ny fotballhall i Førde til bursdagpresang.
Dommer Hansen vil ikkje legge til noko som helst. Kanskje han ser snøbyga som kjem inn fjorden? Laga går i garderoben. Førde klart best, men kan ikkje sleppe seg nedpå.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
44'
Frispark
Flatjord lager frispark på midten. Blir spelt bakover. Hødd 2 etablerer seg på Førde sin halvdel.
44'
Etter total Førdedominans dei siste 30 minutta har Hødd 2 tatt over inn mot pause. Med berre eitmålsleiing kan ikkje Førde sleppe seg for mykje ned. Imponerande av ungguttane til Hødd å samle seg.
43'
Rognebakke med ein viktig fot. Beste angrepet til Hødd 2 heile omgangen på deira høgreside. Trokler seg nesten heile vegen, og ballen blir med, til ein kjem fram til 16.meteren.
41'
Spørsmål om 5-backslinja til Hødd 2 er ei utfordring. Det er godt med rom bak fyrste pressleddet til Førde, men det kalrer ikkje Hødd 2 å nytte seg av. Spørst om ikkje ein ekstra spelar i det rommet er ein ide til andre omgang?
38'
Offside
38'
Usikker på om ein skal registrere skudd eller klarering på Aase der. Uansett så er det viktig å få ballen mot mål, og ikkje hamne i ubalanse. Så får ein heller trene avsltningar i neste veke. Ballen himmelhøgt ut av bana.
35'
Offside
Store bakrom når Hødd 2 får brudd, men brudda kjem langt inne påaeigen halvdel, og linja til Førde er god.
35'
Bergset / Hasutålker med eit fint veggspel. Hauståker går ned, men dommer Hansen vinker han opp att. Det hadde vore posisjon for målscorer Brattreit...
33'
Aase med eit godt brudd på midten, men i samspelet med Savland blir det trøbbel. Brudd på bruddet og Hødd 2 kjem i angrep. Ender med ei avslutning frå Brandal (7), men langt over. Skremmeskot frå Hødd , og ei påminning til Førde om å vere konsentrert.
30'
Helgheim viser prov på god teknikk. Etter ein litt anonym fyrste halvdel av den lovande indreløparen dreg han seg plutseleg gjennom eit nålauge , og kipper ballen inn med feil fot. Ingen som er i boksen og kan sette den.
28'
Hjørnespark
Østvik klarerer.
27'
Frispark
Hødd 2 får frispark på 16. meter. Roppen skyt, og Hanssen må i full strekk nede i hørnet. Solid redning av Førde sin kaptein.
26'
Er det råd å bomme der Savland?^ Eit mindre godt skot frå Hauståker finn hanskane til keeper som må gi retur. Savland er på den, men frå 3 meter kjem Jensen seg opp att og redder. Enorm mogelgheit.
25'
Frispark
Umotivert i ryggen, på midten. Litt ueining Høddvingen.
25'
Savland er ikkje heilt venn med ballen, og Gjerde bryt. Prøver ein direkte ball mot Akse, men den går heilt inn til Hanssen. Der var det rom, om ballen var presis.
23'
I skrivande stund slit Hødd 2 med både underlag og presset som Førde sett inn. Når det er skrive så forsøker dei å spele ball, og vi har ikkje fått eit "Stoke-Wolverhampton" som enkelete frykta dette kunne utvikle seg til, der ballen er meir opp i lufta og tenna er meir nedi graset, enn omvendt.
21'
Savland! Nesten! Åleine gjennom, frå 6-7 meter, dryler han ballen rett utanfor næraste kryss. Nå er det Førde for alle penga, i det sola kjem fram att.
20'
Enorm sjanse for Brattreit til å sette sin andre. Bergset og Hasutåker speler rundt med venstresida til Hødd 2. Speler inn til Savland, men skuddet glir av. Der kjem Brattreit heilt åleine, men også han sleiver til ballen. Over og til sida.
17'
Mål!
1-0
I vinkelen er det alltid ledig! Over muren, og rett i næraste vinkel. Jensen er etter ballen, men mangler litt på å nå bort. Ein god grunn til ikkje å gå hardt i ryggen på feilvendt spelar rundt 16. meter.
16'
Frispark
Frispark Førde - akkurat på hjørnet av 16. Hødd er lei av Bergset sin dominans, og bestemmer seg for å gå alt for hardt i ryggen. Soleklart frispark.
16'
Offside
14'
Hødd med litt ball dei siste minuttane. Gjerde prøve å stikke gjennom Brandsdal, men ballen går ut til 5. meter.
12'
Hjørnespark
Brattreit utfordrer Husø-Johansen og vinn ein corner. Førde stabler inn og der kunne det fort blitt farleg. Ballen ligg heil fri på 5 meter, men fleire spelarar er i vegen. Til slutt ender ballen hjå keeper Jensen.
12'
10 minuttar spelt, og dei har vore todelt. Hødd starta klart best og vann alt av duellar. Etter fristparket som Aase laga etter 5 miniutt har Førde løfta seg mange hakk, og dominerer totalt. Særskilt på høgresida har Flatjord/Hauståker tatt godt føre seg.
10'
Sjanse Førde- Etter ein ball på lykke og fromme inn i boksen , står Førde etter. Til slutt hamner ballen ute til vesntre hjå Helgheim som får avslutte. Litt svakt og rett på keeper. Stor sjanse frå ein god posisjon.
9'
Savland er tilbake! Med ny klipp, og fyrste forsøk på brassespark for sesongen. Rett på keeper.
8'
Hjørnespark
Conrnerbonanza, nå frå høgre. Denne gongen blir den for lang.
7'
Hjørnespark
Nesten rett i mål frå Dvergsdal! Berre ein lanke frå keeper Jensen avverger. Enkelte ville skrike etter VAR og mållinjeteknologi i NT-ligaen etter den.
5'
Hjørnespark
Smart trekk av Hauståker/Flatjord, og Førde vinn corner. Keeper bokser ut. Førde held trykket og vinn ny corner.
5'
Offside
Brandsdal går i offside, og Førde tek over.
3'
Frispark
Aase lager frispark 45 meter frå eige mål. Gjerde slår inn. Bergset header ut.
3'
Hødd 2 går ut i ei tydeleg 5 -backslinje
1'
Hjørnespark
Gjennom feltet, og Førde konter
Avspark Start 1. omgang
Innmarsjen er unnagjort, og laga helser på kvarandre. Vi er straks klare! Kapteinane Hanssen og Rise-Grimstad får dei siste instruksjonane av dommer Hansen. Hødd 2 skal spele mot Jølstra og Hafstadkleiva i fyrste omgang.
Førre sesong vann Førde begge oppgjera mot Hødd 2. 4 - 0 på heimebane i vårkampen, medan ein vann 3 - 0 på Høddvoll i siste serierunde. Her scora Vegard Savland før han seinare fekk rødt kort og 3 kampar karantene. Denne er tilfeldigvis ferdigsona i dag. Elles var også Hødd sitt fyrstelag på besøk her førre sesong, i cupen, og slo då Førde klart. Dette var einaste kampen Førde tapte heime førre sesong.
Det er 5 minutt til avspark, sola kikkar fram, og "Førdianarane" er begynt å rigge seg til. Vi gler oss til kamp!
Hødd 2 er ubesigra så langt i sesongen. 3 - 3 mot Sogndal 2 (b), 5-5 mot Volda (h), og 1 - 0 mot FUMO (h) Førde på si side har endå ikkje vunne. 0 - 2 mot Florø (b), 1-1 mot Brumunddal (h) og 0 -4 mot Elverum (b).
Dommer i dag er Anders Bjerk Hansen, frå Bjarg IL. Med seg på linjene har han Kjell August Ytre-Eide frå Stryn og Therese Figved frå Bjerkreim.
I tillegg til å kjempe mot været må publikum også kjempe med førebuingar til konfirmasjon. For dei som ikkje kan komme seg til stadion kan ein følgje kampen her på "liven", eller ein kan kople seg på firda.no og sjå kampen direkte. Benny Rivedal vil då leie dykk gjennom kampen frå kommentatortårnet over lagleiarbenkane.
Ein merkedag for alle som meiner at Fotball skal spelast på gras. Etter at førre heimekamp for Førde blei spelt på kunstgraset i Hafstadparken er vi endeleg attende på Førde Stadion. Når det er sagt ligg snøen i 50 meters høgde, og det er kald vind frå nord-vest. Det blir spanande å sjå kva lag som handterer desse tilhøva best.
God dag. Velkommen til Førde Stadion og 4. runde i Norsk Tipping-ligaen avd. 2, mellom Førde og Hødd 2.