Oppsummering
Kampen er slutt, og nå har Førde verkeleg gjort det vanskeleg for seg sjølv.
Førde var det beste laget offensivt i fyrste omgang, men skapte lite. Som kjent er det i motbakke det går oppover, og Førde får verken hjelp av dommer eller motstandar. To kjempetreff, og ein ligg under, til pause.
I andre omgang er det eigentleg aldri kamp. FuVo har lukta blod, og det er meir spelarglede, trøkk i duallane, og vilje til å vinne enn det heimelaget klarer å framvise.
Utan å imponere med ballen imponerte FuVo som lag.
I løpet av det fyrste kvarteret er kampen pungtert. Deretter er det jamnare, men utan at Førde nokon gong får moglegheiten til å komme attende.
FuVo stabiliserer seg høgt på tabellen, medan Førde nå må vinne dei neste tre kampane om det ikkje skal bli ein veldig tung haust. Vi avslutter med å merke at FuVo sine innbyttarar er att på bana og spring intervallar, medan alle Førdespelarar har gått slukøyra i garderoben.
Neste helg er det ny heimekamp. Då kjem Raufoss 2 på besøk.
Hagen og Løseth i bua ynskjer alle ein fin dag i godt vestlandsver, og håper alle nyt livet med fotball.
Referat
Kun høydepunkter
For alle som vil sjå meir lokalfotball kan vi, i Førde, friste med:
Førde 2 - Bremanger (søndag klokka 14) Kretsligaen
Førde 3 - Florø 2 (måndag klokka 19) 5. divisjon
Førde - Eid (fredag klokka 19). 3 divisjon. Dette er også seriefinale i 3. divisjon kvinner.
Kamp slutt Slutt (1-5)
90+1'
Berre reservekeeper Rønningen som ikkje har komme inn for bortelaget. Det ville vere å verkeleg strø salt i såret med eit keeperbytte i tillegg.
90'
Vi speler på overtid.
88'
Hauståker fyrer. Ein kjempesjanse, men der står keeper "perfekt" plassert og blir skutt god.
84'
Annulert mål for Førde. Kjempespel på høgresida, men legget frå Aarøen til Bergset blir dømt offisde på.
81'
Førde med kast høgt i bana, og får corner.
80'
Førde får bruke ball nå.
Rognebakke chipper gjennom Savland. Den glir forbi spissen, men marginane stemmer ikkje.
77'
Holsæter blir flata, veldig likt situasjonen på 0 -1, men Håkonsen vil ikkje blåse. Fører til ein kjempemoglegheit for bortelaget, men for ein gongs skuld er det eit umotivert skudd frå Hauge.
74'
Kjempeinvolvering av Aarøen på bakre. Får ein fot på ballen, framfor Hauge.
71'
Hanssen flyger når FuVo sin stopper Holmestrand tar rennafart og dryler Førde sin kaptein ned.
Linjedommer Fugved kjem inn frå sida, og skal gi ein beskejd til dommer., som enn så lenge har nøgd seg med to gule kort.
Det ender med tre gule kort. Vi skal prøve å halde tunga rett i munnen.
67'
Der sitt samspelet. Holsæter trer ein 20 meterspasning langs bakken, til Berset som legg att. Der kjem Aamelfot rundt og avslutter. Rett på keeper. Beste angrepet til Førde i omgangen.
65'
Vi er halvvegs i omgangen. Bortelaget let Førde bruke meir ball nå, men det blir mykje ein og ein i forsøket. Venter berre på at FuVo skal få seg gode kontringsmoglegheitar.
61'
Hauståker runder Karlsen, og blir tatt, i god posisjon. Aamelfot slår inn, men keeper Sæther kjem flygnade, og bokser ut. Tek også returen frå Flatjord.
Skuddet frå Flatjord er faktisk den fyrste redninga Sæthre må gjere, på ein ball som kjem på mål. Alt anna har blitt brutt, blokkert, eller gått utanfor.
60'
Hauståker kjem til innlegg og Bergset kjem på ball. Klarer ikkje presse ballen under tverrliggeren.
58'
Førde prøver å løfte seg, og trykke til i duellane. Diverre er dei ofte seint ute, og lager frispark i staden. Noko bortelaget har utnytta til gangs så langt.
55'
Innlegg inn i feltet. Nok ein gong er det Rismoen og Finstad-Hemma som er involverte.
Denne gongen header fyrstnemnte ballen vidare. Førde vil ha offside, men det er i så fall marginalt. Figved held flagget nede og Finstad-Hemma dryler ballen i nærhjørnet. Hanssen rekk berre å løfte foten før ballen ligg i nota.
55'
Nå er det oppoverbakke for heimelaget. I høve innstats og trøkk, som tidlegare nemnt, er det like fullt ikkje ufortent i denne andre omgangen. Må starte der, Førde, om dei skal få med seg noko.
50'
Du skulle tru at det var Førde som kom til andre omgang med fullt trøkk, og ny giv. Faktisk er det bortelaget som fører kampen på dei områda.
48'
FuVo har satt heile benken i oppvarming.
Førde sine spelarar sitt framleis i ro.
46'
Både Rognebakke og Bergset trekk seg i den fyrste duellen, og berre godt sweeperspel av Hanssen hindrer ein stor mogelegheit rett frå avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga kjem attende på bana. Vi er straks klare for andre omgang. Førde får nå sola i ryggen, og speler mot Hafstadkleiva.
228 tilskodarar i dag.
Ein av dei Odd Helge Vågseth, som har vore aktiv trenar i Førdefotballen i mange år, lurer på om det er spelarar på bana som heller vil drive med volleyball. Meiner ballen har vore alt for mykje opp i lufta, og at det er det bortelaget som profiterer på. Få ballen opp på siste tredjedel og sett fart.
Bua nytter direktesport til å sjå måla frå motsett vinkel. Eit nydeleg treff av Rismoen på fyrstemålet, men Hauståker har ei kjempesak når han vil ha frispark. Blir først dytta ut av balanse før han får ein mann rett i ryggen. Elles må ein påpeike at det har vore tre kjempemål i denne kampen.
Der er det pause.
Det har vore ein jamn kamp så langt, men FuVo er hakket kvassare i dei avgjerande situsjonane.
For heimelaget må ein opp i kvalitet, særskilt tidleg i oppspelsfasen. Her er det mykje unøyaktig. Når Førde får ballen opp på siste tredjedel blir det ofte farleg. Problemet er berre at på vegen dit blir det ofte farleg når FuVo bryt.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+3'
Gode sjansar for Førde, heilt på slutten av omgangen. Både Bergset og Helgheim er nære ¨få ballen på mål.
45+2'
Vi speler på overtid, og nå er det lite flyt i spelet. Minner meir om dei fyrste 5 minuttane av kampen.
38'
Aamelfot på raid. Tunell, og forbi to forsvarar, men ballen går akkurat ut før han kan legge inn til Savland og Hauståker. Assistendommer Figved har full kontroll på linja.
35'
Rett etter frisparket får FuVo løsna skudd. Hanssen må ned i venstre hjørne og redde.
31'
Kjempesjanse for Førde. Østvik header 10 cm tilside for mål etter corneren.
26'
Hanssen med ei nesten klarering. Slepp med skrekken.
23'
Van Basten, Rismoen, på direkten frå kast. Finstad er sterk mot Hauståker. Så sterk at Førde vil ha frispark. Det går dei ikkje, og FuVo får kast. Nok ein gong får dei ikkje gehør hjå Håkonsen. Det tek dei kjemperaskt, og på ein touch, med Holsæter i rygg, fyrer Rismoen ballen over Hanssen og i lengste kryss.
21'
Nytt langt kast ved Karlsen. Denne gangen er det Bergset som klarerer.
Aarøen blir trakka på hælen når han prøver å skjerme ballen ut, men Håkonsen vurderer det til corner.
19'
Førde bruker alt for langt tid, og må til slutt klinke ballen ut til kast på eigen halvdel.
Har vore eit par høve der oppspela tek for lang tid, og FuVo sitt frontledd kjem inn i veldig gunstig press.
30 sekund seinare skjer akkurat det samme. Er heimelaget begynt å slappe (for mykje) av?
18'
Kast til FuVo høgt i bana. FuVo kaster langt, ved Karlsen, men heilt inn til Hanssen.
17'
Kjempeangrep frå Førde. Frå å bryte ballen på eigen halvdel speler ein attende til keeper. Hanssen finn Helgheim i midten, vender og slepp gjennom Aamel. Han tek med stopper på løpetur. Speler tilbake, og legget kjem, Holmestad bryt rett framfor Hauståker, nok ein gong.
14'
Hauståker sterkt, og vinn ballen gunstig. Ender i frispark til Førde. 28 meter rett føre mål.
Knallsterk i kroppen der, Hauståker.
13'
Der kjem stussen frå Bergset gjennom, men Westerheim sikrer godt, og Aamelfot kjem seg ikkje rundt. Meir og meir Førde nå, utan at dei store sjansane har kome.
12'
Hauståker drar seg nydeleg inn i bana, men finn ikkje skuddposisjon. Må til slutt overlate ballen til Aarøen og Rognebakke. Ender med nada, og spørst om ikkje "Hausten" skulle fyrt av gårde sjølv.
11'
God kommunikasjon mellom stopper og back, når Aamelfot slår ein gjennombruddspasning mot Hauståker. Kunne fort blitt både sjanse, sjølvmål, og mål, om ein ikkje var tydelege med kvarandre.
10'
Hanssen sender eit tilbakespel ut over sidelinja. Det var heller ein umotivert "feil"
10'
Førde slår konsekvent dødballar mot høgresida, der Bergset plasserer seg. Savland og Aamelfot jakter kring. Ikkje resultat endå, men ein tydeleg plan.
6'
Etter fem minuttar med mykje duellar og brudd ser det ut som Førde begynner å feste eit grep om kampen. Nytt forsøk på gjennomspel, denne gongne mot Savland og Aamelfot. Ballen hamner midt mellom, og keeper Sæther kan overta.
4'
Aamelfot nesten gjennom på kanten til Førde, men når ballen 20 cm for seint. Går ut til 5 meter. Flott rulla av Førde, og nesen at gjennomspelet til Rognebakke treff perfekt.
4'
Hanssen er kald når han skjermer ein lang ball in til seg sjølv. Får akkurat plukka den opp framfor skotuppen til Boumlali.
Førde ruller fint opp, men legger frå Østvik blir for svakt.
2'
Rismoen blir spelt fri til høgre i bana. Legg attende til Karlsen som støtter opp. Innlegget ufarleg, og Førde klarer lett, men ikkje lengre enn til kast på midten.
Avspark Start 1. omgang
Spielführer Hanssen og Rismoen får sine instruksjonar av dommer Håkonsen.
Det er for øverig ein interessant duell i kampen også. Keeper mot spiss.
FuVo skal spele mot Jølstra og Hafstadkleiva i fyrste omgang. Førde starter med ballen.
Skreien gir signalet, og innmarsjen kan starte. Ein fantastisk dag for fotball venter.
Laga går i garderoben for å gjere sine siste førebuingar.
Lite folk på stadion, endå, men folk skal få gjere ferdig laurdagshandelen fyrst. "Førdinarane" er uansett klare på vollen, med flagg og lur.
Laga er godt i gang med oppvarminga.
Det er rett i underkant av 20 grader på stadion, og når er det lave skydekket vekke. Sola skin, og eventuelle bleikansikt bør tenke på å ta med solfaktor.
Ildvatnet kan ein legge att heime, og heller nyte når ein kjem heim og skal sjå finalen i FA-cupen, eller finalen i CL for kvinner.
Kampen i kampen kan gjerne stå mellom dei to lags nummer 9.
Kristian Hauståker for Førde og Nickals Karlsen for FuVo. FuVo sin høgreback har, etter det ein kan sjå på video av høgdepunkt, ei ekstremt offensiv og fri rolle i FuVo sitt spel. Det gir enorme kontringsrom til venstre i bana for Førde, og Hauståker har fart...
FuVo på si side gjer og ein del endringar.
I dei to siste kampane har FuVo som nemnt møtt sterk motstand, og då har laget gjerne stilt i ein litt meir defensiv formasjon enn dei elles ville gjort. Samanliknar vi med kampen mot Spjelkavik, borte, som kan samanliknast med dagens kamp, stiller vi laget opp i ein 4 – 3 – 3 formasjon, med eit tydeleg anker og kantar som søker opp og inn i bana, for å gi rom til overlappande backar. Nesten ein 2 - 3 - 4 - 1 formasjon. Spanande.
Då ser vi at Westerheim er komme inn i midtforsvaret, Øian er komme inn på venstreback, medan el Boumlali og toppscorer Finstad-Henna er inne i frontleddet. Ein del endringar for austlandslaget også, og det tyder gjerne at dei vil offensivt til verks.
Eit større sjukdomsutbrot har fått Førde til å finne att Coronarestriksjonane gjennom treningsveka. Garderobeanlegget har blitt stengt, og spelarane har fått fleire dagar fri til å bli friske. Det ser ut til hjelpe for i dag stiller heimelaget med nær full tropp.
Frå førre kamp ser vi at Jacob Bergset, Elias Rognebakke, og Kristian Hauståker er attende i troppen. Alle starter dagens kamp. Vi ser også at superveteran Eirik Flatjord har meldt seg klar og er tilbake frå start. Det er også Ruben Holsæter som starter sin fyrste kamp etter comebacket tidlegare i vår.
Av dei som starta førre kamp er Ole Petter Hjelle Larsen og Nikolai Hvidsten ute av troppen. Her er det rapportert om småskader.
Elles må Jonas Nistad, Henrik Lilleaasen, og Andreas Hvidsten starte denne kampen på benken.
Så spørst det korleis Terje Rongsø disponerer mannskapet. Han har i alle fall tydeleg gått for ein rutinert profil på dagens fyrsteelvar.
Vi kjem attende, om lag ein time før kampstart, med troppar, lagoppstillingar, og andre godbitar som ein treng for ein god fotballkamp.
Kampen kan du følgje live på stadion, du kan følgje med her på «liven», og om du har eit abonnement som gir tilgang til direktesport.no kan du sjå kampen frå stova med direktebilete. Fotball er uansett best på stadion, så speakerbua vonar alle som kan tek turen til Førde Stadion i dag. Kampstart er 13.00. Vel møtt.
Kampen i dag skal dømmast av Yngve Håkonsen frå Fjøra FK. Assistentdommarar er Kjell August Ytre-Eide og Therese Figved frå hhv Stryn T&IL og Bjerkreim IL.
Førre gong Håkonsen dømte Førde var lokaloppgjert 16. mai, heime mot Florø. Då ende det 1 - 2 til bortelaget.
Førde på si side har nå rota det skikkeleg til for seg sjølv. Med ein kamp meir spelt enn dei andre laga er Førde under streken med 5 poeng. Førre kamp blei det totalslakt 6 – 1 borte mot serieleiar Eidsvoll Turn. I cupen rauk også Førde i fyrste runde, med same siffer som FuVo, mot Sogndal. Førde kan like fullt sjå fram til fire kampar på rad på naturgras. På dette underlaget har dei kvite og svarte levert gode prestasjonar på rekke og rad.
På tabellen ser vi at FuVo så langt i år har tatt 9 poeng, og finn seg på ein sjuandeplass. Verdt å merke seg at laget ikkje har spelt uavgjort så langt i år. Førre kamp var eit hederleg 0 - 2 tap heime mot tabelltoer Hønefoss. I cupen rauk laget 1 - 3 for Sarpsborg 08 i runde 1.
Laget kom til Førde fredag kveld, og har budd på Førde Hotell. Underteikna møtte laget medan dei spasserte rundt over elver og mellom kjøpesentre i morgontimane i dag. Så står det att å sjå om laget kjem mannsterke til Vestlandet, eller om laget tek dette som ein bonuskamp og reiser med absolutt minimum av spelarar.
FuVo står for Funnefoss/Vormsund. I 1967 blei klubbane Funnefoss IL og Vormsund IL slått saman. Funnefoss, som for øverig er frå Opakermoen, var den eldste klubben, og offisielt er difor klubben stifta i 1924.
FuVo si heimebane, Funnefoss stadion, er i naturgras og du finn den i Nes kommune i Viken (tidlegare Akershus). Om lag midt mellom Lillestrøm og Kongsvinger, langs E16.
Laget speler til vanleg i raude og kvite drakter, blå shorts, og raude sokkar, og har heilblå bortedrakter.
Klubben har på heile 2000-talet vore fast inventar i 3. divisjon, før dei i 2017 måtte ta turen ned ein divisjon. Det blei ein kort tur ned i divisjonssystemet for i 2019 rykka dei opp att. Akkurat i tide før pandemien satte fotballen på vent. I 2021 unngjekk dei så vidt nedrykk, medan laget i 2022 plasserte seg på ein fin sjuandeplass.
I år er Mats Rismoen og Preben Finstad-Hemma lagets toppscorera, i ligaen, med 4 mål kvar. På adelskalenderen finn vi at samme spelar topper både adelskalender og toppscorerlista. Kjell Engeflaen har 441 kampar, og 350 mål for klubben over ein periode på 3 tiår. Heldigvis for Førde har han lagt opp, og er ikkje med vestover i dag.
Dette et fyrste møtet i historia mellom dei to laga. Sjølv om underteikna har reist mykje mellom fotballbaner på Austlandet har ein aldri vore innom FuVo, verken i ligaen, cupen, treningskampar eller Norway-cup. Det høver seg difor med litt historie og informasjon før dette møtet.
Førde Fotball og dagens kampsponsor Åsen & Øvrelid AS ynskjer hjarteleg velkommen til Førde Stadion og den 8. runda av Norsk-Tippingligaen, avdeling 2 mellom Førde og FuVo.