Oppsummering
"The boys are back" Førde med 7 - 0 siger over divisjonskollega Florø, og fjoråret er ettertrykkeleg revansjert. Faktisk fekk ein også revangert det sviande 7- 0 tapet på Florø Stadion i 2016.
Etter kvart var det ingen tvil om kva lag som skulle få være med i NM. Så får vi sjå korleis det går når laga møtast 16. mai.
Sjølv om Herstad og Agberhiere viste prov på solide dugleikar var det etter kvart Helgheim, Høynes, Brattreit og Indrebø som viste vegen til mål. Berre smil hjå Førdianarane, medan Stimen må ta den relativt lange turen heim avensement.
Førde må på si side ikkje bli blinde på resultatet, for det var ingen finspelt tiki-taka kamp, men forskjellen låg i meir trykk, meir tempo, litt flaks, og gode enkeltprestasjonar. Alle viktige ingredienser for å få med seg mange poeng utover i sesongen.
Vi ynskjer vel møtt til fyrste seriekamp, andre runde, mot Askøy 13.04. Mogleg det også blir ein ny heimekamp i NM før den tid.
Vel heim.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (7-0)
90+1'
Dagens mann, Indrebø, rett utanfor via eit Florøbein etter nok eit glimrande angrep.
90'
Simen Indrebø er kåra til dagens Førdespelar, i det han og Høynes vinn eit frispark i god prosisjon. Var særs delatig i at Førde sleit i stykker Florø utover i fyrsteomgang. Det einaste Indrebø ikkje har klart er å sette ballen i mål.
84'
Mange spelerbytter dei siste minutta. Det gher at rytmen forsvinn litt ut av kampen, og dei store hendingane er det lengre og lengre mellom. Førde har like fullt full kontroll på kampen.
71'
Bergset kliner til frå stilleståande. Rett utanfor lengste stolpe frå 25 meter. Særs uvist om Gjertsen hadde tatt den om den gjekk på andre sida av stolpen.
69'
Fyrste skot på mål frå Florø. Midt på keeper, men det kunne fort blitt endå farlegare om avslutninga hadde kome før. Grimeland blir litt usikker og taper ein duell i eigen 16, men Førdespelarane kaster seg i vegen for avslutningsforsøka. Vil halde nullen, heimelaget.
65'
Nistad og Hanssen held på å vise at hybris er kjempefarleg.
Fyrst skal Nistad dra av ein mann feilvendt, noko som ikkje går. Så skal Hanssen plukke den lause ballen men vel å nytte beina framfor å plukke den enkelt. Ballen ender då fritt på 22 meter, og Florø får nesten chippa ballen inn i lengste. Rett utanfor.
62'
Florø på ein skjelden visit i Førde sin 16-meter, men innlegget går bak alle.
58'
Gjertsen får tilsnakk av Skjerven. Uvist av kva grunn.
56'
Indrebø i tverrligger. Nydeleg framspel sentralt i bana gir fleire mogelgheiter for avslutning. Til slutt fell ballen til ein upressa Indrebø på 6 meter, som sett ballen i tverrligger og over.
52'
Høynes nok ein gong i bakrom, men blir stoppa i det han prøver å dra ballen attende inn i bana. Stor nestensjanse.
49'
Høynes brenn åleine med keeper etter eit langt framspel, men også her kjem offsideflagget opp.
46'
Nesten rett frå avspark, og Bergset chipper inn 5 - 0 åleine med keeper. Veldig roleg og fin avslutning etter eit djupt løp inn i boksen. Langt utspel frå Hanssen mot Indrebø og Bergset som begge er på veg inn bak Florø si backrekke. Dei går ikkje i vegen for kvarandre, og Bergset let Indrebø ta med seg ballen. Han betaler for tilliten med ein fin liten stikker gjennom til Bergset som enkelt overlister Florø sin keeper. Om det var "hope in a hanging snore" før den andre omgangen blei det knust i løet av eit lite minutt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er på veg attende på bana. Florø før Førde. Spanande å sjå kva laga legg i potten den neste omgangen.
Tenestestadleiar i Fjaler, Askvoll og Hyllestad Åge Løseth meiner at Førde viser seg klart best trena, og at intensiteten i kampen imponerer meir enn kvaliteten. Som mangeårig keepertrener poengtere han også keeperspelet på mål to og tre.
Det er det siste som skjer i denne omgangen. Florø stod ikkje noko attende for Førde i starten av omgangen, og hadde eigentleg meir trøkk i spelet sitt. Etter kvart kom skuldrane til heimelaget ned, og sjølv om finsplelet har uteblitt har det etter vist seg å bli klasseforskjell på laga. Bortelaget har ei avslutning over mål i løpet av omgangen, medan Førde har fire skot på mål. Alle fire har gått inn. Elles har Førde hatt ein ball i tverrligger og to skot rett utanfor.
Så langt må vi sei at dette lover godt for fotballfeberen i Førde.
Vi kjem attende med andre omgang etter at vi har fylt på med kaffi.
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
44'
Ny dødball over forsvarlinja til Florø. Ny dødball som sprett i nærleiken av 5meteren, og der får Rognebakke hovudet på ballen. Avslutninga er ikkje hard, men den snik seg under Gjertsen som fomler ballen vidare inn i mål. Nesten så ein kan byrje å fable om eit sjølvmål, men vi let det stå på Førdestopparen. 3 - 0 og vi kan begynne å snakke om at kampen er avgjort til pause.
40'
Indrebø vinn ballen på 30 meter, og fører framover. Med feil fot, frå nokonogtjue meter, dupper ballen over Gjertsen og i tverrligger. Nærare 3 - 0 enn 2 -1 nå.
38'
Florø får nesten ein gratismoglegheit når Hanssen prøver å spele Hvidsten feilvendt, men Hvidsten har balanse i kroppen og klarer å avverge saman med Rognebakke og Hallstensen.
Spelt ein solid og usynleg rolle sentralt på midten Hvidsten.
34'
Hanssen prøver å toppe keeperkollega Gjertsen og drar ei finte under press. Nok ein gong slepp den med hansker unna situasjonen.
34'
Brattreit bommer på ballen i det innlegget blir slått på bakre og Nordal får klinke til på volley frå 10 meter, litt skrått. Ballen flyr 2 meter over målet til Hanssen. Treff han mål der skal det vanskeleg gjere å halde den ute. Fyrste sjansen til Florø.
31'
Hvidsten med eit strålande brudd, men Høynes vel feil kant å sleppe gjennom. Burde nok heller sett den enkle løysinga til ventre i bana. Frispark til Førde på 40 meter i det Florø bryt. Unnskylder valet etterpå, Høynes.
30'
Leversund med innlegg som går rett utanfor næraste stolpe. Hanssen viser med heile kroppen at den går ut.
25'
Helgheim rett utanfrå frå 8 minutt.
Langt kast frå Flatjord mot Indrebø og Herstad er for ein gongs skuld ute av posisjon. Indrebø finn Helgheim langsbakken med ein nydeleg ball på 8 meter. 30 cm utanfor.
23'
Duellen mellom Indrebø og Herstad blir tettare og tettare. Ekstremt mykje vilje i begge to.
23'
Mykje duellar og lite finspel. Når eit lag endeleg tek inn ballen blir det raskt til at ballen går rett fram, i blokka, heller enn at ein starter å bearbeide motstanderen.
18'
Flatjord med eit nydeleg brudd, og slepp Indrebø gjennom. Herstad på Florø viser særs god fart og spring opp att situasjonen.
15'
Førde kjem seg nesten gjennom til venstre, men Skjerven trekk situasjonen attende for å gi heimelaget eit frispark. Heldig at det ikkje blir kort der, bortelaget, sjølv om det ikkje var noko særskilt stygt spel.
13'
Florø prøver seg på direkten, og med hælspark på 16 meter kjem Agberhiere seg fri til venstre. Vel å legge inn i staden for å "dryle" til, og Førde får klarert.
9'
Lang ball gjennom mot Indrebø som spring seg fri frå backen sin. Gjertsen klarer nesten å avverge når den siste touchen blir for lang. Men Indrebø får kasta fram ei tå, og på returen kjem Helgheim på 7 meter og sett ballen i det tomme buret. Verken Hovland eller Omerovic klarer å få kroppen mellom. 4. mål i cupen så langt for Helgheim,
6'
Florø kjem nedover høgrekanten og legg inn. Nordal blir litt hard i touchen og ballen inn til Hanssen.
4'
Høynes dreg seg rundt tre blåkledde Florøspelarar, men sklir og ballen får ut til utspel for keeper Gjertsen.
3'
Florø med ballen i dei innleiande minuttane, og presser Førde ned mot eige cornerflagg. Veteran Flatjord skal vise korleis ein kaster ball på fotballbana.
Avspark Start 1. omgang
Spielführer Hanssen og kaptein Omerovic får in strukser av dommer Skjerven som har satt seg i respekt og undersøkt utstyret til samtlege involverte. Førde speler mot Hafstadfjellet i fyrste omgang, medan Florø starter med ballen.
Folket siger til "Parken" og det byrjer å bli ei nydeleg ramme kring kampen. Vi her klare!
Ei endring på Florølaget inn mot kampstart. Aarønes har kasta inn handkleet og inn har Hovland komme.
Laga er klare i tunellen, og fanfara byrjer. Det er klart for ein ny sesong med lokalfotball!
Flomlys, duskregn, og rivaloppgjer.
Begge lag er i gang med oppvarminga og tonen er (enn så lenge) gemytteleg.
Stimen og Førdianarane er begge i gang med sine førebuingar, medan direktesport (via Firda) rigger seg til med livesending. Fotball er like fullt best på stadion, og kaffien er kvalitetsikra. Det er berre å komme seg ut når det er 30 minuttar til kampstart.
Førde på si side gjer også nokre bytte frå førre kamp. Vi ser at Vebjørn Høynes skal spele spydspiss medan Helgheim, som kom inn frå benken og scora hat-trick mot Høyang, skal spele på kanten frå start. Superveteran Flatjord skal bekle høgrebacken (som han har gjort dei siste 20 åra i kvitt og svart) medan Rognebakke tek turen ned som stopper. Det opner for N. Hvidsten sentralt på midten i ein midtbanekonstelasjon med snittalder kring 20 år.
Kampstart nærmar seg, og med fyrste heimekamp for herrelaget til Førde må «bua» nesten nytte den store hitten til nyleg avdøde Steve Harley i Steve Harley and the Cockney Rebels når lagoppstillingane blir plasser framfor oss. «Make me smile (Come up and see me)» runger over høgtalerane i det vi ser at Florø stiller med nokre endringar frå førre kamp.
Liseth og Hodanu må vike til fordel for Omerovic og Langedal. Laget er per nå satt opp i 4 - 3 - 3, slik Florø pleier å spele. Så skal vi heller endre etter at vi ser tendensane i kampen.
Kampstart i Hafstadparken er 19.30. Open kiosk og god ramme rundt "vårens vakraste eventyr". Vonar vi ser absolutt alle som er glad i fotball, og i dei to laga, i «Parken». Om du er hindra frå å møte skal vi prøve å gi eit fyldig tekstreferat. Vi kjem attende frå Hafstadparken vel ein time før kampstart med lagoppstillingar, vurderingar og andre observasjonar.
Vel møtt!
Kampen skal dømmast av Tommy Skjerven frå Kaupanger.
Med seg på linjene får han Mathias Lesto Larsen frå Selje og Adel Muranovic-Kahrimanovic frå Fri.
Førre gong Skjerven dømte Førde var 0 – 0 kampen heime mot Molde 2 førre haust. Skjerven var og dommer i sesongopninga mellom dei to laga i 2023 sesongen.
I tillegg til dei vanlege spaningsmomenta som vær, vind, fysisk form, nervar, skader og rivalisering som ein finn i starten av kvar sesong må ein også nemne banetilhøva. Etter ein lang og frostig vinter gjekk referenten over Hafstadparken for vel ein månad sidan og tenkte at her var det farleg å sleppe vaksne spelarar utpå. «Parken» var rett og slett full i telehiv. Førde har flytta sine treningar vekk frå bana for å unngå slitasje og skader, og byrja fyrst å nytte heimebana i førre veke. Dette blir difor fyrste høvet til å sjå laget på heimebane dette kalenderåret. Korleis ballen flytter seg gjennom kampen blir veldig spanande å sjå. Damelaget til Førde fekk æra av å starte seniorsesongen førre helg, med 4 - 0 siger heime. Då gjekk det fint å nytte bana, og det må være eit godt omen.
Begge lag har møtt sognelaga Fjøra, Årdal og Sogndal i treningskampar denne vinteren. Florø gjekk på tap, hhv 5 - 2, 4 -2, 3 - 0, i desse kampane. Førde slo Fjøra 2 - 1, vann 2 - 0 mot Årdal, og tapte 1 - 0 mot Sogndal. Førde har også spelt 0 - 0 mot Royal Navy FC under treningsleir i Spania, medan Florø har tapt 1-0 mot Askøy. Andre eventuelle treningskampar som kan ha gått referenten hus forbi må unnskyldast mangelen på sosiale medium.
Dei siste åra har Florø hatt eit overtak på Førde i teljande kampar og sesongen 2023 var ikkje noko unnatak. Då vann Florø begge dei to teljande seriekampane mellom laga, hhv 2-1 og 1-2. Dei seks poenga vise seg å bli særs viktige for eit Florølag som etter kvart fekk ein komfortabel haustsesong og eit Førdelag som måtte kjempe med ryggen mot veggen heilt til siste serierunde der ein slo Elverum 1 – 0 og berga plassen i divisjonen.
Florø SK på si side har signert 6 spelarar denne vinteren. Hubert Wdowiak (Aalesund), August Ommedal (Bremanger), Torkil Aarønes (Fana) og Ciaran Hodanu (Longford Town FC) var alle involverte i førre kamp mot Stryn.
Av dei som starta denne kampen for Florø var tre av spelarane 15/16 år. Det gror tydelgvis godt på kysten, og Florø er på veg mot ein meir lokal profil etter nokre år der ein har nytta seg av tilflyttarar. Den same omstillinga har heimelaget også vore gjennom dei siste åra og det er to lag med ein tydeleg lokal profil som skal møtast.
Nemnte Hallstensen er den einaste signeringa som Førde Fotball har gjort denne vinteren, som er ein sikker del av A-lagstroppen. Han kjem frå nettopp Florø og det blir veldig spanande for heimepublikum å stifte kjennskap med mannen som har erfaring frå Odd, Ull-Kisa, Egersund, Florø og Eikefjord. Han kan nok også vente nokon ukvemsord frå bortefansen som tek turen til Førde denne kvelden.
Det kan nok også den nye Førdetrenaren Alexsander Lekva vente seg. Etter å ha vore assistenttrenar i Florø sesongen 2023 bestemte han seg for å takke nei til hovudtrenarjobben for heller å ta den same stillinga i Førde. Vonleg ikkje ei populær avgjersle ved kysten.
Det ligg difor til rette for eit "bikkjeslagsmål" av eit lokalopppgjer med mykje i potten. Kanskje til og med ein heimekamp mot eliteseriemotstand i fyrste ordinære runde av NM?
Førre runde slo Florø Stryn 1 - 4 Mål av Oghenethega Agberhiere, Hubert Wdowiak (2) og Tobias Herstad førte til at Florø leia komfortabelt 4 - 0 før timen var spelt. Ei redusering frå Stryn gjorde lite frå eller til.
Heimelaget Førde slo på si side Høyang 1 - 5 i fyrste steget på vegen mot Ullevål. Mål av Jonas Nistad, Thomas Hallstensen, og Mathias Helgheim (3) gav ein tilsynelatande enkel siger. 4 av måla kom like fullt i løpet av kampens siste 20 minuttar, og det var særs lenge kamp mellom laga ? til trass for divisjonsskilnaden.
Kampen i kveld er satt opp i Førde etter nye reglar frå forbundet. Florø kom over Førde på tabellen sesongen 2023 og er rangert høgare enn Førde denne sesongen.
Regelendringane seier at lågast rangerte lag skal ha heimekamp, heller enn eit reint oppsett som tidlegare. Kampen går i «Parken» då grasbana på Førde Stadion ikkje er heilt klar for fotball endå.
Vi ynskjer hjarteleg velkommen til Hafstadparken og andre kvalifiseringsrunde til NM 2024 mellom divisjonskollegaene Førde og Florø. "Vårens vakraste eventyr" er i gang!